Sammendrag
Det er vanleg å omtale norsk akademia som stadig meir internasjonalt orientert, men det er ikkje alltid like klart kva det mykje brukte ordet internasjonalisering faktisk inneber i akademia. Denne artikkelen utforskar forholdet mellom internasjonalisering, eksellense og balanse mellom kjønna i akademia ved å gjere ein kritisk diskursanalyse av NTNU sin internasjonaliseringspolitikk frå 2006 til 2018. Analysen viser at det manglar ein link mellom internasjonaliseringspolitikken, balanse mellom kjønn og internasjonalt mangfald som viser bevisstheit om korleis desse tema heng saman og påverkar kvarandre i dagens akademia. For NTNU handlar internasjonalisering i stor grad om internasjonal mobilitet for studentar og forskarar, internasjonal rekruttering, samarbeid om forsking og tilknyting til den europeiske kunnskapsmarknaden. NTNU har eit stort fokus på forskingseksellense og mål om å bli internasjonalt framifrå. Internasjonalisering blir strategisk operasjonalisert til å handle om rekruttering av internasjonalt framifrå forskarar, ressursprioritering av dei beste, toppforsking og samarbeid med framifrå internasjonale fagmiljø. Eksellensediskursen formar ein ideell forskar med internasjonal erfaring og internasjonalt nettverk og som driv med toppforsking, og i politikkdokumenta er denne diskursen merittbasert og kjønnsnøytral. Artikkelen viser korleis ein kjønnsnøytral diskurs om internasjonalisering potensielt har sterke kjønna implikasjonar og konsekvensar.
Nøkkelord: Internasjonalisering, akademia, diskursanalyse, dokumentanalyse, politikk, likestilling, kjønnsbalanse, forskarideal
Les hele artikkelen på Idunn.no: https://doi.org/10.18261/tfk.46.3.3
Dette er en Open Access artikkel distribuert under vilkårene Creative Commons CC-BY-NC 4.0