Tradisjonelle yrkesfag løner seg meir for menn enn for kvinner

Ein ny studie viser at menn som vel mannsdominerte yrkesutdanningar, får høgare løn, oftare fast jobb og bruker mindre velferdstenester enn kvinner i typiske kvinneyrke.
– Menn som vel utradisjonelt, gjer det betre enn kvinnene dei vart utdanna saman med, men ikkje like bra som kameratane som valde tradisjonelt, seier Vogt. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

– Interessa mi for denne tematikken går langt tilbake, men vart forsterka av diskusjonar vi hadde då eg sat i UngIDag-utvalet, seier Kristoffer Chelsom Vogt, førsteamanuensis i sosiologi ved Universitetet i Bergen.

Utvalet såg på likestillingsutfordringar mellom barn og unge, og leverte utgreiinga si hausten 2019.

– Under arbeidet i utvalet la eg fram mi tolking av forskinga på dei som vel utradisjonelt på yrkesfag. Mitt overordna inntrykk var at menn i kvinnedominerte yrke svømmer medstrøms, medan kvinner i mannsdominerte yrke svømmer motstraums.

– Problemet er at dette i hovudsak var anekdotisk. Eg tenkte det gjekk an å undersøke om det stemte, ved å studere heile populasjonar, seier professorkollega Thomas Lorentzen.

Glastaket og glasheisen

Som sagt, så gjort. Saman har dei analysert data for alle som avslutta kjønnstradisjonelle yrkesfaglege utdanningar på to ulike tidspunkt (1993 og 2004), og følgt dei i elleve år etterpå for å finne ut korleis det gjekk med dei.

Kristoffer Chelsom Vogt, førsteamanuensis i sosiologi ved Universitetet i Bergen. Foto: Zulfikar Fahmi (UiB)

– På dette feltet er det typisk slik at dei forskarane som studerer kvinner som er i mindretal i mannsdominerte fag, ikkje er dei same som studerer menn som er i mindretal i kvinnedominerte fag. Det er nesten så det er ulike forskingsfelt, fortel Vogt.

– Men det unike for vår studie er at vi har kunna inkludere begge delar, både kvinner og menn, både majoritet og minoritet, i same analyse.

Resultata deira er både eigna til å stadfeste anekdotane, og introdusere nye spørsmål.

– To omgrep har vore mykje brukt i denne samanhengen, nemleg «glastaket» og «glasheisen», seier Vogt.

– Glastaket illustrerer at kvinner blir haldne nede på mannsdominerte felt. Glasheisen fortel at menn i kvinnedominerte yrke blir løfta opp og gitt fordelar.

Analysen deira viser, som forventa, at menn som vel tradisjonelle mannsdominerte yrkesutdanningar og yrke, har den beste utviklinga etter endt utdanning. Dei har høgare løn, sterkare arbeidsmarknadstilknyting og mindre bruk av velferdstenester. Dei som gjer det dårlegast på dei same parametrane, er kvinner i tradisjonelle kvinneyrke.

Les også: Alder påvirker om menn fullfører kvinnedominerte studier

Kjønnsminoritetane liknar kvarandre

Men kva så med dei to minoritetane – kvinner i tradisjonelle mannsyrke, og menn i tradisjonelle kvinneyrke?

– Eit meir overraskande funn er at kjønnsminoritetane har påfallande like forløp. Dei «møtest på midten», seier Vogt.

Menn som vel utradisjonelt, gjer det betre enn kvinnene dei vart utdanna saman med, men ikkje like bra som kameratane som valde tradisjonelt.

Kvinner som vel utradisjonelt, gjer det altså betre enn kvinner som vel tradisjonelt: Dei får betre løn, og er friskare. Men dei gjer det ikkje like bra som mennene dei arbeider ved sida av.

– Medan menn som vel utradisjonelt, gjer det betre enn kvinnene dei vart utdanna saman med, men ikkje like bra som kameratane som valde tradisjonelt, seier Vogt.

Lorentzen legg til:

– Og velferdstenester i tydinga helserelaterte ytingar og sjukefråvær, blir nytta i mykje større grad av kvinner enn menn. Vi reknar med at mykje av dette er knytt til foreldreskap, for vi har sett på den delen av livsforløpet der dei fleste får barn. Men vi ser også at menn i kvinnedominerte yrke er meir sjuke enn menn i mannsdominerte yrke.

Ukjende årsaker

Dei ser på forløp over ein stor del av karrieren, i staden for å gje eit augneblikksbilete på eit spesielt tidspunkt. Då avteiknar det seg eit mønster som ingen har hatt høve til å sjå tidlegare, meiner dei. Men medan det er mogleg å sjå strukturane, gjev ikkje studien grunnlag for å seie noko om kvifor dei er blitt som dei er blitt.

– Men vi gjorde ein sensitivitetsstudie der vi samanlikna menn og kvinner med same utgangspunkt frå grunnskulen. Resultatet viser det same som hovudanalysen, seier Lorentzen.

– Det vil seie at mønsteret ikkje kan forklarast med at menn som tek tradisjonelle mannsdominerte yrkesutdanningar, er systematisk flinkare enn kvinner som tek dei same utdanningane.

Dei siste tiåra ser vi at i den grad kjønnssegregeringa i arbeidsmarkanden kan seiast å ha blitt mindre, så kjem det av at kvinner er gått inn på tradisjonelt mannsdominerte område.

– Sjølv om vi ikkje kan fastslå kva som ligg bakom mønsteret, så er det interessant å sette funna inn i ein større historisk samanheng, seier Vogt.

– Dei siste tiåra ser vi at i den grad kjønnssegregeringa i arbeidsmarkanden kan seiast å ha blitt mindre, så kjem det av at kvinner er gått inn på tradisjonelt mannsdominerte område. Menn vel framleis tradisjonelt, seier Vogt.

– Og no ser vi jo at det er lurt av dei, dersom ein brukar lønsutvikling som målestokk, seier Lorentzen.

Analysen viser at forløpa til dei to gruppene (1993 og 2004) er overvegande stabile. I den grad det er strukturelle skilnader mellom dei, heng det i hop med generelle konjunkturar, som den relativt høge arbeidsløysa midt på 90-talet, og finanskrisa i 2008.

Støttar hypotesane

Ein kan altså seie at funna støttar tanken om både glastaket og glasheisen, men Vogt legg til at internasjonal forsking peikar i retning av at glasheisen ikkje hjelper alle menn i kvinnedominerte yrke. Forsking inspirert av interseksjonalitet kan tyde på at etniske minoritetsmenn ikkje nødvendigvis har dei same fordelane som menn frå majoritetsbefolkninga.

– Dette har ikkje vi studert spesifikt, men det kunne ein ha gjort. Det er viktige spørsmål for vidare forsking. Vi veit dessutan at det er få ikkje-vestlege innvandrarar i dei mannsdominerte yrkesutdanningane.

Harriet Bjerrum Nielsen, professor emerita ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, UiO, meiner studien viser at glastaket og glasheisen er reelle fenomen. Arkivfoto: Ida Irene Bergstrøm

Harriet Bjerrum Nielsen, professor emerita ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo, les studien som ei stadfesting av at glastaket og glasheisen er reelle fenomen.

– Eg tykkjer måten dei har gjort det på, med å følgje både kjønnsmajoritetane og kjønnsminoritetane så ein kan samanlikne på kryss og tvers med oppfølging over mange år, er veldig elegant. Tidlegare har dette med glastaket og glasheisen vore hypotesar som ein ikkje heilt har kunna dokumentere. No kan dei vise eit systematisk mønster, seier ho.

– Samstundes er dei jo tydelege på at dei ikkje kan seie noko om kva årsaka er, men at dei kan identifisere mønsteret, er viktig.

Dersom dette mønsteret skal danne grunnlag for vidare forsking og for politiske tiltak, er det heldig å knyte suksess så sterkt til lønsutvikling og arbeidsmarknadstilknyting som ein gjer her?

– Det tykkjer eg er vanskeleg å seie. I den augneblinken du seier at mønsteret byggjer på ei tradisjonell forståing av kva som gjeld som suksess i arbeidslivet, så kan du indirekte kome til å stadfeste at det er greitt at kvinner jobbar deltid og får lågare løn, seier Bjerrum Nielsen.

– Det er ein viktig diskusjon, men den høyrer ikkje heime i denne typen studiar. Det kan bli til ei bortforklaring av mønsteret som kjem fram.

Les også: Hvilken status har arbeidermannen i dagens Norge?

Strukturelle lønsforskjellar

Vogt og Lorentzen har ikkje planlagt konkrete oppfølgingar av studien, men meiner det kunne vere interessant å sjå på årsakene ved hjelp av meir kvalitative tilnærmingar.

– Ein kan gjere seg fleire tankar om kva som ligg bakom. Skilnaden når det gjeld helse har truleg mykje med foreldreskap å gjere, seier Lorentsen.

Tidlegare har dette med glastaket og glasheisen vore hypotesar som ein ikkje heilt har kunna dokumentere. No kan dei vise eit systematisk mønster.

– Men det ligg også eit tydeleg bilete av lønsforskjellar her. Dei som arbeider i privat industri, tener monaleg meir enn dei som arbeider i den offentlege helsesektoren. Så forskjellane fortel to tydeleg historier som ein kan undersøke vidare. Den eine handlar om helse, den andre handlar om institusjonelle strukturar.

– Men det store biletet av begge majoritetar og begge minoritetar – det er overraskande, og det er første gong vi kan sjå det, seier Vogt.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.