Kronikk

Teknologifaga skrik etter fleire jenter

Vi ønskjer å få fleire jenter til teknologifag, men korleis får ein dei dit, spør Hilde G. Corneliussen.
Medan berre ein av ti menn meiner at ein rollemodell av same kjønn er viktig, meiner seks av ti kvinner at slike førebilete er viktige, skriv Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforskning i denne kronikken. Foto: Privat/iStockphoto

Denne teksten er en kronikk. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Teknologifaga skrik etter fleire jenter. Det same gjer arbeidsgjevarar innan IT – og slik har det vore lenge både i Norge og andre «likestilte» naboland. Ny forsking har gitt oss svar på kva som kan hjelpe.

Då Vestlandsforsking tidlegare denne månaden runda av eit femårig, nordisk forskingssamarbeid om temaet med ein internasjonal konferanse, var det med ei djupare forståing av kva som skal til for å få fleire jenter til å studere IT. Resultata frå ei spørjeundersøking blant teknologistudentar kan illustrere nokre av svara.

Det er særleg tre faktorar som ser ut til å ha bidrege til kjønnsforskjellar blant dei som i dag studerer teknologi. For det første var mennene gjennomgåande yngre enn kvinnene då dei først fatta interesse for teknologi.

Mange gutar får eit positivt forhold til datateknologi gjennom leik og spel. Derifrå kan vegen til ei IT-utdanning vere kort – kortare enn for jenter som assosierer IT med «gørrkjedeleg Excel» på skulen, eller «han IT-fyren som fiksar PC-ar», som enkelte har fortalt i intervju.

Les også: Gutter bygger byer, jenter bygger hjem

Kvinner blir ikkje oppmuntra

For det andre er det stor skilnad på kor vidt kvinner og menn blir oppmuntra til å studere teknologi. Eit stort fleirtal av kvinnene hadde aldri fått slike oppmodingar.

Og medan få nemner skulen som motivasjonskjelde blant både kvinner og menn, er det ein betydeleg skilnad viss vi snur på det: Ein mykje større andel kvinner er heilt ueinige i at dei har blitt oppmuntra gjennom skule, av lærarar eller rådgjevarar, medan ein mykje større del av mennene stiller seg heilt nøytrale til det same; det betyr liksom ikkje så mykje for dei.

Fleire kvinner eg har intervjua har nesten ei sorg over å ikkje ha lært om teknologi på eit tidlegare tidspunkt.

For det tredje er det stor skilnad på korleis kvinner og menn opplever rollemodellar. Medan berre ein av ti menn meiner at ein rollemodell av same kjønn er viktig, meiner seks av ti kvinner at slike førebilete er viktige. Ei utfordring er at det er vanskelegare å få auge på kvinnelege rollemodellar innan teknologi. «Dei har liksom ikkje eksistert», har vi høyrt mange kvinner fortelje.

Fastgrodde førestillingar om kjønn

Undersøkinga blant teknologistudentar illustrerer at teknologi framleis er prega av stereotypiske oppfatningar om kjønn, altså fastgrodde førestillingar som med brei pensel knyter teknologi til gutar. Jenter treng ein eller annan form for input – noko som kan motvirke stereotypiane – for å velje det som er ei utradisjonell utdanning for jenter.

Dette vesle ekstra kan komme frå mange kjelder: familie som jobbar med teknologi, skulefag, lærarar, rådgjevarar, vener eller det å stifte kjennskap til ei IT-bedrift.

Viss jenter oppfattar IT som kjedeleg og ikkje blir oppmuntra til å studere det, er det kanskje ikkje så merkeleg at dei fleste jenter heller ikkje vurderer ei karriere i IT. Det syns òg ei av kvinnene som verken hadde hatt IT-fag på ungdomsskolen eller på vidaregåande skule: «Det var ingenting. Så då var det ikkje rart at eg ikkje fekk interesse for det».

Les også: Jenter som velger realfag er ikke like

Manglar den ekstra «inputen»

Ho illustrerer den største utfordringa i dag: nemleg at mange jenter manglar den ekstra «inputen» dei treng for at teknologifag skal bli eit like naturlig val for dei som for mange gutar.

Mange jenter treng ei oppmuntring for å velje ei utdanning som framleis blir assosiert med gutar.

Forskinga vår viser at mange kvinner har teknologifag som si andre (eller tredje) utdanning – nettopp fordi teknologi ikkje var eit synleg alternativ for dei, då dei skulle velje studieveg. Mange kvinner oppdagar i staden teknologi litt seinare, gjerne på eiga hand, og kanskje tilfeldig. Og då kan det godt vere full klaff.

Som ei kvinne forklarte det: Ho var heilt blank då ho ganske tilfeldig tok til på eit IT-fag, men allereie den første dagen blei ho fullstendig hekta på programmering.

Kan motiverast til teknologifag

Fleire kvinner eg har intervjua har nesten ei sorg over å ikkje ha lært om teknologi på eit tidlegare tidspunkt: «Viss eg hadde visst om moglegheitene, hadde eg sett meg ned og byrja å programmere med ein gong», sa ei. IT verka så framandt og fjernt frå andre skulefag, men nettopp det ukjende og nye fascinerte mange av kvinnene.

Jenter kan altså motiverast til å velje teknologifag, og det hjelper mykje at nokon dyttar litt eller inviterer dei inn. Vi nærmar oss tidspunktet då årets avgangselevar skal velje utdanningsveg, karriereveg og eit framtidig yrke. Mange jenter treng ei oppmuntring for å velje ei utdanning som framleis blir assosiert med gutar.

Ansvaret kviler på oss alle

Ordtaket «It takes a village to raise a child» viser til at ansvaret for å fostre opp neste generasjon kviler på oss alle. Det kan òg vere eit godt bilete på eit av svara på kva som må til for å auke kvinneandelen ved teknologiutdanningar.

Så her er det berre å brette opp ermane, sjå deg ut ei jente i skulealder, og bidra til at ho veit at IT-fag og IT-utdanningar er akkurat like naturlege val for ho og veninnene hennar som for gutane i klassen.

Vestlandsforsking er med i Nordwit, et Nordforsk-finansiert «Nordic Centre of Excellence» som forskar på kvinner i teknologiske yrke.

Kronikken blei først publisert i avisa Nationen (2. mars 2022).

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.