Å velje keisarsnitt er inga enkel løysing

Å velje keisarsnitt er inga enkel løysing

Når gravide ber om keisarsnitt utan at det er nokon spesiell medisinsk grunn til det, så ligg det ofte ei traumatisk oppleving bakom.
Fleire av kvinnene i studien bad om keisarsnitt fordi dei var personleg overtydde om at dei ville få ein vanskeleg fødsel og kanskje ende med å måtte ta hastekeisarsnitt.

I dag skjer om lag 16 prosent av fødslane i Noreg ved keisarsnitt, eit tal som har vore stabilt i mange år. Nokre av desse keisarsnitta skjer ikkje som følgje av sterke medisinske årsaker, men fordi mor ønskjer det. Kva som ligg bakom eit slikt ønske, har vi visst relativ lite om.

– Keisarsnitt på mors ønske har framstått som eit litt lite forstått og uklart fenomen. Difor valde vi å ta tak i det på ein kvalitativ måte, vi ville undersøke det i djupna for å forstå det betre, seier Kristiane Tislevoll Eide.

Les også: Partnere kan også få fødselsdepresjon

Legen avgjer

Eide fortel at ho vart merksam på problemstillinga knytt til keisarsnitt på kvinna sitt ønske då ho var utplassert på fødeavdeling under medisinstudiet.


Kristiane Tislevoll Eide har skreve doktoravhandling om keisarsnitt på mors ønske. Foto: UiB

– Etterpå såg eg ein del medieoppslag om fenomenet og vart interessert i det som ei kontroversiell etisk problemstilling, seier ho.

– Eg forsto at det ikkje var gjort mykje forsking på det. Og sjølv om fenomenet var mykje diskutert, så var det ikkje godt analysert. Noko av grunnen er at det er vanskeleg å måle presist fordi ein ikkje har eit eintydig diagnosesystem for det.

I Noreg skal planlagde keisarsnitt ha ei medisinsk årsak. Det kan til dømes vere at barnet ligg i eit vanskeleg leie, sjukdom  hos mor, svangerskapsforgifting, eller fleire tidlegare keisarsnitt som kan føre til at livmora toler mindre. Når ei kvinne har eit sterkt ønske om keisarsnitt utan at nokon slike openberre medisinske faktorar er til stades, blir ho vist vidare til spesialisthelsetenesta.

– Kvinnene må altså ha ein inngangsport til spesialisthelsetenesta, seier Eide. 

– Her får dei eit samtaletilbod, og basert på samtalane blir det så lagt ein fødselsplan anten det blir vaginal fødsel eller keisarsnitt. Legen har endeleg ansvar for avgjerda, men kan ofte samrå seg med jordmor.

Tidlegare vond fødsel

Av dei 17 kvinnene Eide intervjua, fekk 10 føde ved planlagd keisarsnitt, medan 7 førebudde seg på vaginal fødsel. Eit par var meir eller mindre motvillig, fordi dei ikkje fekk ønsket om keisarsnitt innvilga, medan andre ombestemte seg i løpet av samtalane med helsearbeidarar.

– I samtalane går ein igjennom årsakene til at kvinna ønskjer seg keisarsnitt, og for mange av dei kom det av ei tidlegare, vond fødeoppleving.

Det er ikkje opplagt kva som er ein indikasjon på om keisarsnitt vil kome til å bli nødvendig eller ikkje.

Fleirtalet av kvinnene hadde fødd før, utan å be om keisarsnitt den gongen. Men vonde opplevingar anten under fødselen eller etterpå, gjorde at dei frykta å gå igjennom same oppleving på nytt.

– Mange av kvinnene fekk keisarsnittet dei bad om. Og då ikkje av fødselsmedisinske årsaker, men av årsaker som gjekk på psykiske bakgrunnsfaktorar og liknande, seier ho.

– Nettopp det at det ikkje alltid er tydelege medisinske indikasjonar, gjer det vanskeleg å studere dette fenomenet. Det er ikkje opplagt kva som er ein indikasjon på om keisarsnitt vil kome til å bli nødvendig eller ikkje.

– Inga enkel løysing

Fleire av kvinnene bad om keisarsnitt fordi dei var personleg overtydde om at dei ville få ein vanskeleg fødsel og kanskje ende med å måtte ta hastekeisarsnitt. Då ville det vere betre og tryggare dersom keisarsnittet var planlagd, meinte dei.

– I alle tilfelle trur eg at for kvinnene eg har intervjua kan eg seie at dette var ei viktig avgjerd for dei. Mykje sto på spel og dei kjende seg plaga og engstelege av avgjerda som skulle takast, seier Eide.

– Og sjølv om nokre til slutt valde å føde på vanleg måte, var dei nok veldig spente, seier Eide.

Ein kan av og til få eit inntrykk gjennom medieoppslag, om at kvinner kan sjå på keisarsnitt som ei enkel løysing for å sleppe ubehag. Ingen av kvinnene Eide intervjua svara til det inntrykket. Alle var merksame på at både kulturen og fagkunnskapen tilrår vaginal fødsel.

Les også: Vårt syn på fosteret er i stadig endring

Vaginal fødsel er gullstandard

– Eg spurde mange av dei: Ville du ha fødd vaginalt dersom det ikkje hadde vore for desse spesielle omstenda som gjer det vanskeleg for deg? Og då svara dei ja, fortel ho.

– Mange som sleit med psykiske vanskar som hindra dei i å føde vaginalt, ønskte at dei kunne det. Dei var veldig klar over at vaginal fødsel var gullstandarden, og kunne uttrykke dårleg samvit overfor barnet.

Det overraska Eide.

– Medieoppslag om unødvendige bruk av keisarsnitt presenterer ofte førstegongsfødande kvinner, og eg trudde eg kom til å treffe fleire førstegongsfødande, seier ho.

Dei fleste har eit ønske om å føde vaginalt, men så er det noko som hindrar dei i å gjennomføre det.

– Men dei fleste eg intervjua var fleirgongsfødande, og ei dårleg fødeoppleving i bagasjen var den viktigaste årsaka. Ofte hadde dette lenge hindra dei i å bli gravide på nytt, eller gitt dei panikk då dei oppdaga at dei var det.

Sidan studien er kvalitativ og berre dekkjer eit lite utval kvinner, kan ho ikkje seie noko om kor utbreidd desse historiene er.

– Men eg hadde stor variasjon og veldig mange ulike opplevingar i mitt materiale. Dei fleste har eit ønske om å føde vaginalt, men så er det noko som hindrar dei i å gjennomføre det. Det låg mykje vanskelege kjensler bak.

Ønskjer felles avgjerd

Korleis bør helsevesenet så møte gravide som ber om keisarsnitt? Korleis vege kvinna sin rett til å delta i avgjerda om hennar eiga helse og behandling, mot helsearbeidaren sitt ønske om å gjere det fagleg rette?

– Dei jordmødrene som dreiv rettleiing og samtalar, var svært opptekne av å finne den rette løsyinga saman med kvinna, seier Eide.

– Helsearbeidaren vil gjerne gjere jobben i tråd med si faglege overtyding, men korleis kan ein vite sikkert kva som er rett for ei kvinne som kjenner sin eigen kropp best? 

Eide trur det er viktig at samtalane kan kome tidleg i gang slik at begge partar får høve til å bli trygge på kvarandre.

– Både legane og jordmødrene ville gjerne ha høve til å følgje kvinnene over tid, seier ho.

– Dei ville sjå korleis tankane deira utvikla seg og prøve å etablere tillit. Noe som kan vere utfordrande og tidkrevande dersom det ligg ei dårleg fødeoppleving i botnen.

Av kvinnene ho intervjua, vart dei fleste i hovudsak møtte av jordmor, og dei kjende seg godt ivaretekne.

– Dei tykte at dei vart forstått, og rapporterte ei positiv oppleving av rådgjevingsprosessen, seier ho.

Av same grunn var både legane og jordmødrene nøgde med ei slik organisering: Begge gruppene meinte at jordmødrer, i kraft av yrket sitt og den viktige posisjonen dei har i svangerskapsomsorga, var best eigna til å få i stand ein god dialog med kvinnene.

Må etablere tillit

I avhandlinga forslår Eide eit rammeverk for medbestemming. Kvinnene bør til dømes ha formell rett til offentleg tilgjengeleg nøytral informasjon, til å bli høyrt, til å få ei uavhengig, ny vurdering og til å klage på avgjerder, meiner ho.

– Mykje av dette er allereie på plass, men eg trur mange kvinner ikkje veit kva tilbod dei kan få. Difor kan dei risikere å møte helsevesenet med mistillit allereie frå starten fordi dei veit dei kjem med eit ønske som strir mot dei offisielle råda, seier ho.

 – Fleire eg snakka med, vart positivt overraska over måten dei vart mottekne på. Så dersom desse tinga hadde hatt form av ein formell garanti, ville det kanskje ha gjort møtet med helsevesenet lettare i starten.

Omfanget av keisarsnitt på mors ønske er lite i Noreg, men vi veit ikkje nøyaktig kor stort det er.

Hennar generelle råd til gravide som er uroa for fødselen, er å vere opne om det så tidleg i prosessen som råd.

– For det er god hjelp å få, men det er viktig å vere ærleg om tankane sine, kome tidleg i gang med prosessen og kommunisere godt over tid, seier ho.

–  I dei få tilfella der kvinnene ikkje hadde ei god oppleving av dialogen, var det nok mykje på grunn av tids- og kapasitetspress.

Samstundes er det framleis mykje meir å lære om denne gruppa, meiner Eide.

– Omfanget av keisarsnitt på mors ønske er lite i Noreg, men vi veit ikkje nøyaktig kor stort det er. Vi veit heller ikkje om trenden er stabil eller stigande. Og vi veit ikkje korleis kvinnene si psykiske helse blir påverka av rådgjevingsprosessen eller av fødselen, seier ho.

– Og nokre kvinner tykte det var nervepirrande å gå og vente på ei avgjerd eller vente på å kome til hos spesialisthelsetenesta. Kunne ein unngå stress i den situasjonen, så ville det vere interessant å sjå korleis det påverka mor og barn.

Les også: Jordmoryrket i Norge: Fra hjelpekone til akademiker