Alle er feministar, men kva hjelper det?

Kaste, etnisitet og religion splittar kvinner i Nepal. Likevel er ein kvinneallianse stiftet etter norsk initiativ. Kva er det som bind dei saman, spør Kjersti Johannessen i si masteroppgåve i Sør-Asiastudiar.
Kjersti Johanessen har fulgt den nye kvinnealiansen i Nepal i sin masteroppgave. (foto: Astrid Sverresdotter Dypvik)

Forskjellane var det første som slo Kjersti Johannessen då ho møtte kvinneaktivistar i Nepal.

– Deira kvinnekamp er veldig ulik inntrykket eg hadde av vestleg kvinnekamp. Det er ekstremt store forskjellar mellom kvinnene, knytt både til kaste, religion og etnisitet. Samtidig var det tydeleg at mange ønskte eit tett samarbeid. Men vilkåra for samarbeid er vanskeleg i eit land som er så etnisk og religiøst delt, seier Kjersti Johannessen.

Ho har følgt kvinnealliansen Women in Alliance for Peace, Power and Democracy trough the Constituent Assembly (WAPPDCA), ein paraplyorganisasjon for 10 nepalske kvinneorganisasjonar. Mange av medlemsorganisasjonane er oppretta for å fremma særinteresser. Alliansen rommar så ulike organisasjonar som ein interesseorganisasjon for enker, dominert av høgkastekvinner, ein organisasjon for muslimske kvinner, og organisasjonen for lågkastekvinnene (dalit).

Det som samlar

Men kva er det så kvinnene i alliansen har til felles? 

– Dei er alle kvinner, dei er feministar og dei er undertrykte av menn. Alle har hatt negative opplevingar. Denne felles erfaringa batt dei saman. Også dalitane, som ofte er dei som har dei vanskelegaste liva, var einige om at også høgkastekvinner slit i det nepalske samfunnet. Det fanst altså empati på tvers av gruppene, seier Johannessen.

I tillegg hadde kvinnene eit felles mål; – Dei ville at nepalske kvinner skulle koma sterkare på banen, både i familien, i lokalsamfunnet og på alle politiske nivå.   

Det var likevel forskjellane som var mest iaugefallande. Ut over den grunnleggjande einigheita var det mykje krangel og harde skuldingar. Mistankane om kva dei andres eigentlege intensjonar var, gjekk på kryss og tvers.

Empati er ikkje nok

Kvinneleg identitet og empati var essensielt, samtidig var det ikkje nok, observerte Johannessen.

– Den tradisjonelle tenkemåten står sterkt, også blant kvinner som er både taleføre og sterke. Høgkastekvinner kan snakka om likestilling dagen lang, men dei fleste ville aldri ha invitert ein dalit heim til seg.

Det er eit stort spenn i kvinners situasjon i Nepal. Forskjellane er store mellom by og land, og frå område til område. (illustrasjonsfoto: istockphoto)

Johannesen meiner det vanskeleg lar seg gjera å snakka om nepalske kvinner på generelt grunnlag. Det er eit stort spenn i kvinners situasjon. Forskjellane er store mellom by og land, og frå område til område. Kvinner frå dei etniske minoritetane har tradisjonelt vore friare enn andre, fortel Johannessen.  

Buddhistar er ikkje underlagt hinduismens strenge reinheitskrav, og har i mange tilfelle ei friare kvinnerolle. I dei låge kastane må alle arbeida, også kvinnene, og dei deltek derfor ofte meir aktivt i lokalsamfunna. Høgkastekvinner derimot blir ofte sitjande heime og tvinna tomlar.

– Kvar gong eg spurde nokon av informantane om kva konkrete tiltak dei ønskte å setja i verk, snakka alle berre om sine eigne særinteresser, seier Johannessen. Samtidig oppfatta ho at kvinnene hadde eit reelt ønskje om samarbeid.

Ho trur at nokre av problema kom av oppstartsvanskar. Johannessen har besøkt landet etter at ho var ferdig med feltarbeidet, og meiner å sjå at alliansen har blitt meir stabil i etterkant.

Sentralt samarbeidsland for Noreg

Sidan 1996 har fjellandet Nepal vore eit av Noregs hovudsamarbeidsland på bistandsfeltet.  

Og det er den norske ambassaden som har tatt initiativ til samarbeidet mellom kvinneorganisasjonar, noko som resulterte i opprettinga av WAPPDCA i 2006. Noreg har støtta alliansen med 2,4 millionar norske kroner i åra 2006-2007. Dette har vore ein heilt avgjerande del av eit totalbudsjett på 3,5 millionar i same periode.

Noreg har også lagt føringar for alliansen. Eit ufråvikeleg krav har vore at også lågkastekvinnene sin organisasjon skulle bli inkludert i alliansen.

– Det er vanskeleg å svara på kva rolle pengane spelte for alliansen, men det er heilt klart at det var sentralt, seier Johannessen.

Nepal har 27,6 millionar innbyggjarar, og er blant dei fattigaste landa i verda.

I oppgåva skriv ho at dei ansvarlege ved ambassaden meiner alliansen er ei plattform for utveksling av informasjon og erfaringar og at dette har gitt positive resultat, sjølv om  arbeidet har teke lenger tid enn både ambassaden og aktivistane hadde håpa.

Men strategien til den norske ambassaden har fått kritikk frå ulike hald. Nokre meiner at utanlandsk engasjement vil kunne legga føringar for kvinneorganisasjonane. Andre hevdar at det er vanskeleg å få ta del i samarbeidet, og at den norske ambassaden i for stor grad stør dei veletablerte høgkastekvinnene, medan nye og meir uerfarne aktørar ikkje klarer å få pengar til sine prosjekt. Dette kan i sin tur føra til vidareføring av dei maktforholdet mellom kastane. 

Høgkastene dominerer

Kor sterkt er kjønn som ankerfeste når så mange andre faktorar splittar? I oppgåva drøftar Johannessen antropologen Andrea Cornwall sine teoriar om pluralisme innanfor kvinnefellesskap. Cornwall kritiserer tenkinga om integrering av kjønnsperspektiv i bistandsarbeid som oppsto i kjølvatnet av FNs kvinnekonferanse i Beijing i 1995.

Konsekvensen av denne tenkinga var at kjønnsperspektiv vart integrert på brei front, og at eksisterande forskjellar mellom kvinner blir ignorerte, noko som har negative konsekvensar for dei mest marginaliserte.

Opp mot dette kritiserer filosofen Naomi Zack interseksjonaliseringa innanfor kvinnerørsla, der etnisitet, klasse og andre faktorar som skil blir lagt stor vekt på. Dette skaper ei oppsplitta og lite slagkraftig kvinnerørsle, hevdar Zack, fordi dei som var marginaliserte no heller ikkje får solidaritet frå dei andre. I lys av dette er det interessant å sjå på korleis Nepals mest marginaliserte kvinner, dalitane, opplevde samarbeidet.

– Dalitane meinte at det var høgkastekvinnene frå Katmandu som dominerte organisasjonen, og som fekk ta dei viktigaste avgjerdene. Dalitane hadde også blitt pressa ut av styret i organisasjonen, fortel Johannesen.

Maoistane står utanfor

Maoistane har vald å stå utanfor kvinneorganisasjonen som dei refererte til som ”kvinnemafiaen”. Dei hadde eit gjennomgåande negativt syn på alliansen, og hevda at dei andre kvinneorganisasjonane berre var ute etter pengar.

Maoistane har i sin eigen organisasjon inkludert kvinner på ein måte som hittil er ukjent i Nepal.

”Vi tener folket. Dei andre snakkar heile dagen, og er berre opptekne av pengar”, hevda dei.

Maoistane har i sin eigen organisasjon inkludert kvinner på ein måte som hittil er ukjent i Nepal. Kvinnene er aktive på alle nivå, også som soldatar. Ein stor del av soldatane er kvinner. I maoistanes sjølvforståing er dei redninga for landets mange fattige.   

– Maoistane har rekruttert breitt blant dei som har lite frå før, fortel Johannesen.

Dalitane har betalt ein høg pris for si deltaking i opprøret.

– Dei blir brukt i mobiliseringa. I maoisthæren har barn, dalitar og kvinner ofte vore dei som har gått først i rekkjene, seier Johannesen.

Ei av Johannessens informantar klagar over at dalitkvinnene får lågaste rang i maoisthæren, at dei blir utnytta og sendt ut på dei farlegaste oppdraga. Mange har også blitt seksuelt misbrukte.

Når det gjelder det vidare arbeidet med alliansen i Nepal meiner Johannessen at det er viktig å vere bevisst på forskjellane mellom gruppene.

– Framover trur eg det er viktig å sjå på kva som kan gjerast ut over samtalar. Kanskje kan ein etter kvart retta seg inn meir praktisk arbeid og kompetansebygging og ikkje berre bruka tida til å snakka om erfaringar?, avsluttar ho. 

Masteroppgåve

Kjersti Johannessen har skrevet oppgaven: Men vi er alle feminister - om samhold og splittelse blant kvinneaktivister i Nepal, i Sør-Asiastudier Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo, 2008.

Nepal
  • Har 27,6 millionar innbyggjarar
  • Nepal er blant dei fattigaste landa i verda
  • Det er registrert 103 ulike kastar og etniske grupper i landet og over 100 språk og dialektar. Nepali er det offisielle språket. Det blir snakka av om lag 60 prosent, det finst 12 andre store språk.
  • 80 prosent av innbyggjarane er hinduistar, 10 prosent er buddhistar. Landet har også ein kristen og ein muslimsk minoritet.
  • Trass i at det vart avskaffa ved lov i 1963, har landet eit høgst reelt fungerande kastesystem der menneskas status, privilegium og plikter er lagt fast før fødselen.

På 1990 talet starta maoistiske opprørarar starta ein geriljakrig . Kong Gyanendra som kom til makta i 2001 førte ein hardhendt kamp mot maoistane under påskot av den internasjonale krigen mot terror. I 2005 sette han parlamentet til side og erklærte unntakstilstand. Dette førte til ein allianse mellom dei demokratiske partia og maoistane, noko som bana veg for ein fredsavtale. I vår vart eit fredeleg val gjennomført der maoistane var den klare vinnaren. I slutten av mai vart kong Gyanendra avsatt.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.