Unge stemmer manglar i politikken

Unge er underrepresenterte i politiske forsamlingar over heile verda, og årsakene er ofte ulike for kvinner og menn. Jana Birke Belschner har forska på rekruttering av unge til politikken.
I Noreg opererer ungdomsfløyane i partia gjerne med ei øvre aldersgrense for medlemskap på 35 år, fortel Belscner. Bildet viser Andreas Sjalg, Sosialistisk Ungdom, og Ina Libak, AUF, i ungdomspartilederdebatten under Arendalsuka i 2019. Foto Håkon Mosvold Larsen/NTB scanpix

– Det verkar som om vi snakkar veldig mykje om at unge nyttar stemmeretten sin mindre enn dei eldre gjer, at dei lever livet sitt på nett og ikkje er interesserte i politikk, seier Jana Birke Belschner, stipendiat i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

– Men dersom vi snakkar om deltaking, er det viktig at vi også snakkar om representasjon.

Og det er nettopp representasjon av unge gjennom formelle politiske kanalar ho har studert i doktorgradsprosjektet sitt. Det vart nyleg avslutta med ein virtuell, smittevernforsvarleg disputas. For unge er underrepresenterte i politiske organ over heile verda.

ikkje til stades der politikk blir til

– Dersom eg som ung ikkje høyrer mine interesser bli snakka om, og ikkje ser nokon som liknar meg på vallistene, kor sannsynleg er det då at eg får lyst til å delta i den politiske prosessen? Då risikerer vi at ungdom heller søker seg andre vegar, blir meir radikale og at mykje skjer på nett i staden for ved stemmeurnene, seier Belschner.

Jana Birke Belschner, har forsket på rekruttering av ungdomspolitikere i ulike land, blant annet Tunisia og Irland. Foto: UiB

– Det er ikkje dumt å vere aktiv på nett eller på alternative måtar, men eg meiner også det er kjempeviktig at unge deltek i den formelle politiske prosessen og at bekymringane deira blir tekne på alvor av partia, og det heng tett i hop med representasjon.

Det finst mykje forsking på korleis ungdom stemmer –  eller ikkje stemmer. Men vi veit mindre om kvifor unge ikkje er til stades der politikk blir til. Belschner kom til spørsmålet via kjønnsforsking, der ein lenge har debattert og forska på tiltak som kvotering som ein veg til politisk makt for kvinner og minoritetar.

– Eg vart interessert i om alder og kjønn kan samanliknast. Er det dei same dynamikkane som ligg bakom underrepresentasjon i begge tilfella?, spør ho.

–  Samstundes var eg interessert i eit kjønnsperspektiv på unge, fordi eg oppfattar det slik at det ikkje er det same om ein er ein ung mann eller ei ung kvinne og vil inn i politikken, seier ho.

Les også: Hva er kjønnsperspektiver i sammenliknande politikk?

Ikkje så unge ungdommar

Rett nok er ikkje dei unge politikarane alltid så veldig unge. I avhandlinga problematiserer Belschner omgrepet og korleis det blir brukt. Ofte blir ein rekna som ung dersom ein er under ei bestemt aldersgrense, typisk 35 eller 40 år. I Noreg opererer ungdomsfløyane i partia gjerne med ei øvre aldersgrense for medlemskap på 35 år.

– Ein politikar vi oppfattar som ung, er oftast mykje eldre enn det vi elles tenkjer på som ungt. I heile verda er berre 2 prosent av parlamentsmedlemmane under 30 år, seier ho.

Det er eit demokratisk problem at dei unge har så lite påverknadskraft på politiske avgjerder.

Men ein kan også definere ungdom på andre måtar, til dømes som representantar for ein generasjon.

– Tek ein utgangspunkt i aldersgrenser, så kan ein seie at underrepresentasjon av unge ikkje er så farleg fordi ungdom har sjansen til å oppnå betre representasjon etter som dei blir eldre og passerer aldersgrensene, seier ho.

– Men dersom ein tenkjer i eit generasjonsperspektiv, så er det jo faktisk slik at dei som er unge i dag, må greie seg med politiske avgjerder tekne av politikarane som sit ved makta i dag, og som typisk er mykje eldre.

Dette er velkjent når ein til dømes diskuterer klimapolitikk. Dei politiske avgjerdene som blir tekne i dag, kan ikkje endrast når dagens ungdomsgenerasjon blir gamle nok til å bli representert i nasjonalforsamlingane.

– Og då kjem ideen om rettferd inn, at det er eit demokratisk problem at dei unge har så lite påverknadskraft på politiske avgjerder.

Kvotering verkar raskt

Så er då også kvotering eit verkemiddel som er blitt teke i bruk for å auke representasjonen av unge. Belschner peikar på at innføring av kvotering gjennom lovverket hovudsakeleg har skjedd i afrikanske land der ungdom gjerne utgjer ein stor del av folkesetnaden. Og det skjer gjerne i samband med, eller som resultat av, ein demokratiseringsprosess. I europeiske land blir ungdomskvoter nokre stader prøvd ut av partia, på frivillig basis.

– Kvotering har den fordelen at verknaden kjem raskt. No finst det ti-elleve land som har innført ungdomskvotering gjennom lovverket, seier ho.

Men det er ikkje eintydig kva verknaden blir. Belschner har mellom anna sett på Tunisia, som har hatt ei sterk politisk omkalfatring etter revolusjonen som tende gnisten til den arabiske våren i 2011. I samband med demokratiseringsprosessen har landet innført både kjønns- og ungdomskvotar.

– Tunisia er veldig demokratisk på regionalt nivå no, og kvinner har tradisjonelt vore ei sterk kraft i sivilsamfunnet. Men det er likevel eit konservativt land, og det største partiet er islamistane, fortel ho.

–  Så der er ei spenning mellom progressiv politikk, implementert av parti som ikkje nødvendigvis vil gje opp makt. Ein ting er å gje plass til noko nytt, men så skal jo også makta omfordelast, og der oppstår det gjerne dilemma.

Alle statar som har ungdomskvotar, har også kjønnskvotering. Dermed blir unge kvinner ettertrakta kandidatar fordi dei kan fylle begge kvotane. Ein kan lure på, meiner Belschner, om dei unge kvinnene som kjem inn i parlamenta får reell makt, eller om dei berre er der for å gje inntrykk av at partiet er ungt og friskt.

– Kvoteringsreglane i Tunisia er nye, så desse kandidatane har ikkje nødvendigvis noko nettverk eller politisk erfaring, og dei andre parlamentsmedlemmane er stort sett eldre menn, seier ho.

– Kan du då som ung kvinne sette agenda eller påverke politiske avgjerder? Dette treng vi generelt meir forsking på.

Les også: Ulike veier til likestilling i Norden

Må samle politisk kapital

Sjølv har ho funne at dei viktige posisjonane i det tunisiske parlamentet, som parlamentarisk leiar eller komiteleiar, framleis tilhøyrer middelaldrande og eldre menn.

– Men det er uansett bra at dei startar med kvoteringsreglar. No er mange unge valt inn i dei regionale forsamlingane, ofte som uavhengige kandidatar, fortel ho.

– Der kan dei samle erfaring og bygge nettverk over dei neste åra, og lære korleis systemet fungerer. Så kan dei i neste omgang bli attraktive kandidatar for partia ved nasjonale val.

På lengre sikt kan Tunisia dermed bygge eit system med nokre likheitstrekk med det norske, der ungdom kan melde seg inn i ungdomsfløyen til eit politisk parti. Her kan dei lære det politiske handverket gjennom partiorganisasjonen og lokalpolitikk, og samstundes ha reelt høve til å påverke politikken til moderpartiet. Dermed kjenner dei systemet godt når dei etter kvart får plass på listene til stortingsvalet.

Veljarane var positive til dei unge kandidatane, særleg dei over 30.

– Det er nok eit mål i Tunisia å bygge eit slikt system. Men sidan det tunisiske demokratiet er nytt, er det lite institusjonalisert, seier ho.

–  Så akkurat no leitar mange parti berre etter kandidatar overalt, og mange av dei unge kjem frå ikkjestatlege organisasjonar og frå sivilsamfunnet. Dei blir valt inn i lokalpolitikken utan å vere partimedlemmar, og då er det vanskeleg å vite korleis dei skal gå fram for å byggje ei politisk karriere.

Ein annan ting er at Tunisia opererer med ei aldersgrense på 35 år for ungdomskvotering, og fleire av dei som er valt inn gjennom ungdomskvota, er rett under aldersgrensa. Ved neste val må dei stå på eigne bein, utan hjelp frå kvotereglane.

– Så det kan jo skje at dei unge berre blir bytta ut ved kvart val, og aldri får sjansen til å byggje seg opp den politiske kapitalen som trengst.

Unge menn står utanfor

Sidan Tunisia altså har kvotering for både kvinner og ungdom, så er det no dei unge mennene – dei som dreiv revolusjonen i 2011 – som verkeleg er underrepresenterte. For partia er det strategisk lurt å nominere unge kvinner som kan fylle begge kvotene, men som også kanskje er lettare å halde unna den verkelege makta. Revolusjonen starta grunna misnøye med arbeidsløyse, høge matprisar og låge framtidsutsikter.

– Det spørst om dette er noko som kan løysast med kvoteringsreglar, og om det er representasjon i politiske fora dei unge mennene verkeleg vil ha, seier Belschner.

Tunisia er eit nytt demokrati og på eit vis ein ønskesituasjon for ein statsvitar, men Belschner har også studert etablerte demokrati i det globale nord, spesielt Irland. Irland har ikkje kvotering for ungdom i det politiske systemet. Som i Noreg er det vanleg å bygge politisk erfaring lokalt før ein stiller til parlamentsval, og Belschner har sett på korleis partia rekrutterer unge kandidatar til lokalpolitikken. Er dei unge populære kandidatar?

– Ein kunne jo vente seg negative stereotypiar mot unge, førestillingar om dei manglar erfaring. Men dei eg intervjua, sa alle at veljarane var positive til dei unge kandidatane, særleg dei over 30, seier ho.

Men ho fann også – kanskje ikkje uventa – at for veljarane er det viktig å ha kjensla av at dei kjenner kandidatane. Når kandidaten er ny i politikken, hjelper det difor om dei har eit kjent namn. Ein får meir merksemd om ein tilhøyrer eit politisk dynasti.

Kjønnsskilnaden slår inn i 30-åra

– Eg prøvde å finne ut kva for faktorar som hjelper unge kandidatar, og kva som hindrar dei. Er du ung og allereie har eit politisk verv, eller har familieband til kjende politikarar, så har du statistisk sett betre sjanse enn ein kandidat som er eldre og har dei same strukturelle føresetnadene, seier Belscner.

–  Men det gjeld berre unge menn, ikkje kvinner. Så det må vere noko med det å vere ung kvinne, som gjev deg ei ulempe i irsk politikk.

Intervjua viser at når unge menn og kvinner passerer 30, blir kjønnsskilnadene større. I 20-årsalderen fortel både menn og kvinner dei same historiene i intervju: Dei fortel om å vere studentar og ha lite pengar, men mykje tid som kan brukast til politikk.

Det hjelper ikkje å vere ung og kjempeengasjert om ein ikkje har påverknadskraft.

– Men frå 30 år og oppover har dei starta i sin første jobb, har funne ein partnar og tenkjer på barn. Og frå då av blir utviklinga veldig kjønna.

I Irland er foreldrepermisjon berre for kvinner, og far kan ikkje ta permisjon, fortel ho. Og er ein politikar, kan ein ikkje ta permisjon, fordi ein ikkje kan forlate vervet. Det vil seie at kvinner i 30-åra fort blir sett i skvis mellom karriere og barn.

– Medan for unge menn er fasen mellom 30 og 35 ei tid der du kan bygge mykje politisk kapital som dei kvinnelege kollegaene dine ikkje har moglegheit til.

Difor er det lurt å gje rom for at ungdom kan starte den politiske karrieren tidleg, meiner Belscher.

– Det meiner eg fungerer bra i Noreg. Det er fint at unge som har tid, og enno ikkje har barn, kan engasjere seg tidleg i dei politiske partia, men det er like viktig at partia gjev reell makt til ungdomsfløyane. For det hjelper ikkje å vere ung og kjempeengasjert om ein ikkje har påverknadskraft, seier ho.

– Så partia må våge å spørre unge kandidatar om å stille til val, gjerne medan dei er tidleg i 20-åra, og gjerne i lokale kontekstar. Og så må ein sjølvsagt skape eit system der unge ikkje må velje mellom politisk karriere og foreldrepermisjon, seier Belschner.

Les også: Høy andel kvinnelige politikere gjør kvinner og menn mer likestilte

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.