Dei frie fangane

Skal vi tru kriminolog Thomas Ugelvik er norske fengsel stappfulle av fridom. Gjennom kvilelaust entreprenørskap freistar fangane å lure systemet og gjenerobre manndomen.
Den kvardagslege motstanden i fengselet går ut på å tenke utanfor boksen og meistre situasjonen. Slik kan ein fange føle seg som ein skikkeleg mann, ifølgje kriminolog Thomas Ugelvik. (Ill.: www.colourbox.no)

I eitt år har kriminolog Thomas Ugelvik gjort feltarbeid i to varetektsavdelingar i Oslo fengsel. Den ferske boka hans Fangenes friheter viser korleis fangar som sjeldan rømmer over fengselsmuren, stadig er på flukt frå det å vere fange.

I det største mannsfengselet i Noreg  gjer dei kvardagsleg motstand og utforskar mentale fluktruter. Boka er òg eit forsøk på å «kjønne» norsk fengselsforsking: Korleis kan vaksne menn halde på manndomen, når dei har mindre fridom enn ein unge i barnehagen?

Eit hovudtema hos Ugelvik er korleis maktbruk avlar fridom. Fengselet krev at fangen leverer urinprøve, fangen nektar. Fengselet krev at fangen et maten han får servert, fangen steikar kylling på skrivebordslampa. Dei små protestane handlar om meir enn privatlivets fred og lysta på kylling. For dei innsette gjeld det å gjere seg til noko anna, eller meir, enn fangar. Gjennom å omforme og reforhandle statusen sin, jobbar fangen dag og natt for å bli ein fri mann innanfor murane.

– Berre det å planlegge eit rømmingsforsøk kan sånn sett vere vellukka motstand, sjølv om fangen aldri har meint å faktisk rømme. Poenget er ikkje nødvendigvis å vere ein som klarer å stikke av frå fengselet, men å vere ein som kunne ha klart det, seier Ugelvik.

Den kvardagslege motstanden går ut på å tenke utanfor boksen og meistre situasjonen. Slik kan ein fange føle seg som ein skikkeleg mann, trass i at han må spørje om lov til å dusje og ikkje har høve til å syte for familien sin. Ein viktig del av mannsrolla er å meistre og få til ting, ta ansvar og kunne påverke og endre omgjevnadane slik ein sjølv ønskjer. Det har ein få høve til i eit regime som skal kontrollere åtferda di ned til minste detalj.

– Mange opplev fangestatusen som umandig, fordi fengselet gjer det vanskeleg å leve opp til dei kulturelle forventingane om å vere mannen med stor M. Men gjennom å gjere motstand mot fangestatusen kan dei òg gjere manndom gjennom å vise seg som ein unik, kreativ og etisk medviten mann, seier Ugelvik.

Motstandsmat

Manndomen kjem i ulike formar. Ein viktig manndomsmarkør for fangane i Ugelvik si studie var paradoksalt nok matlaging, som utanfor murane er å rekne for eit kvinnedomene. Matlaging på cella er forbode i Oslo fengsel.

– Å lage mat på cella med eit heimelaga og høgst ulovleg kokeapparat er noko av det mest maskuline ein kan gjere av di det er ein måte å lure systemet på. Eit vellykka, illegalt måltid blir noko å vere stolt av, fortel Ugelvik.

Han omtalar dei hemmelege cellekokkane som «brikolørmenn» - oppfinnsame entreprenørar. Til liks med MacGyver og Oskeladden er brikolørmannen utstyrt med kreativitet og ei mengd oppsparte dingsar, som han kan kombinere på uortodokse måtar for å kome seg ut av ein vanskeleg situasjon. Fangen «Florin» trong ein visp og plukka like godt ut alle børstehåra av ein gamal oppvaskbørste. «Tarik» var lei av fengselets pulverkaffi, difor trakta han sin eigen i eit tomt raudbeteglas. Ved å ta tilbake kontrollen over det som skal inn i munnen, stel fangane tilbake ein liten flik av tilværet. «Tarik» seier det slik:

«Selv om vi er i fengsel, så betyr ikke det at vi ikke kan ha det litt ordentlig. Det er viktig å være kreativ, å bruke de ressursene du har. Da blir det bra. Vi har dårlige forhold, vi må improvisere, vi må være kreative. Da blir det bra likevel.»

Ikkje som dei andre fangane

Kva er ein fange? Sett utanfrå står fangen som eit moralsk mindreverdig menneske, ein farleg  person som har gjort noko gale. Difor nyttar fangane mykje tid på å plukke av seg den generelle umoralen omverda klistrar på alle fangar. Ugelvik skriv at dei er fullstendig klare over at dei har gjort noko gale, men at det samstundes er skilnad på brottsverk: Det dei sjølve har gjort, er som regel mindre umoralsk, mindre vondt, enn det dei andre har gjort.

Thomas Ugelvik. (Foto: Beate Sletvold Øistad)

– Ingen av dei er som «dei andre fangane». Dei markerer avstand frå «søppelnarkomane», «tullingar», tystarar eller valdtektsmenn. Dei hever seg over stakkarane som ikkje taklar kvardagen. Dei er alle eldre, meir erfarne, meir profesjonelle eller meir kreative enn den jamne fangen, seier Ugelvik.

Fengselet er fullt av moral. Eit viktig etisk imperativ i mannsfengselet er at ein ikkje skal skade dei som er svakare enn seg, til dømes kvinner. Å vere drapsmann er ille nok. Når ein drapsmann i tillegg har drepe ei kvinne, får han ikkje ei høg stjerne blant medfangane. Han må rettferdiggjere seg, til dømes ved å diskvalifisere offeret frå å vere eit skikkeleg offer eller ei skikkeleg kvinne.

 «Tom» var sikta for drap på ekskjærasten sin. Til Ugelvik kalla han offeret konsekvent «personen», ikkje «kvinna». Offeret tok òg turen innom dyreriket: «Tom» fortalde at ekskjærasten var ein rasande og frådande «pitbull på 50 kilo»:

«[...] det er snakk om en person som har sittet for drap selv, som har drillet folk i leddene med slagbor for å ødelegge dem. Du aner ikke hvor mange kvinnelige torpedoer som jobber i Oslo i dag. Det er ikke noe forskjell lenger på menn og kvinner.»

Sjølv om «Tom» drap ekskjærasten sin, er han likevel betre enn ho: Han er ikkje ein som skadar andre menneske for pengar, han er ein mann med moral.

Å ta det som ein mann

Ugelvik prata med mange fangar som sleit med tanken på offera sine. Dei var fortvila over kva dei hadde gjort. «Henning» var nyleg varetektsfengsla for grov vald mot sambuaren sin og hadde eit behov for å snakke om det. Men måten han gjorde det på, sette både manndomen og fangestatusen hans på prøve. «Henning» grein ute i fellesskapsrommet og skulda på eit rusmisbruk som hadde gått over styr:

«Når jeg er nykter, er jeg verdens roligste kar, vennene mine kan bekrefte det, men når jeg er rusa på amfetamin, da har jeg dårlig impulskontroll, ikke sant?»

Då «Henning» skulda på rusen, opplevde dei andre fangane at han sprang frå ansvaret. Dimed braut han kode etter kode for den mannlege etikken i fengselet, og statusen hans i fangehierarkiet sokk. Etter denne hendinga blei han ein som dei andre fangane vende ryggen til.

– «Henning» fortalde ei historie om ein impulsiv og ukontrollert mr. Hyde som skada forsvarslause kvinner, og som heller ikkje stod for det etterpå; eit monster og ikkje ein mann. At dr. Jekyll var lei seg i etterkant endra ikkje på det, seier Ugelvik.

Frå tvang til fridom

Trass i at Ugelvik skildrar kvardagen til innesperra menneske, er fridom eit grunntema i Fangenes friheter. Ugelvik er inspirert av den franske filosofen Michel Foucault sitt fridomsomgrep, som skil seg frå det vi brukar i daglegtala. Ifølgje Foucault utelukkar ikkje fridom og makt kvarandre, tvert om finst det inga jakt på fridom utan makt. Fangane er ikkje opphavleg frie menneske som så blir underkasta og undertrykka av fengselsvesenet. Ugelvik forklarer:

Fridom finst berre der det er stengsler og grenser som ein kan overskride. Det er fyrst når ein blir hindra, men likevel får det til, at ein kan tale om fridom. Slik sett er fengselet den ideelle staden å studere fridom fordi kontrollen over menneska er så mykje meir omfattande der enn andre stader.

I fengselet er fridom noko ein gjer, ikkje noko ein har. Fridommen må skapast på nytt kvar dag.

– Det er nettopp gjennom å konfrontere dei mange maktformene i fengselet at fangane kan «gjere» fridom i praksis. Fangane tek seg fridom, gjer motstand og blir dimed frie. Den som gjer fridom blir fri. Og den som er fri er på sett og vis ingen fange. Om ein forstår fridom som praktiske resultat av vellykka formar for motstand, er fengselet fullt av fridom.

Forskaren

Thomas Ugelvik er kriminolog, og tilsett ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi, Universitetet i Oslo. Han ga nyleg ut boka Fangenes friheter : makt og motstand i et norsk fengsel på Universitetsforlaget. Boka byggjer på Ugelviks doktoravhandling fra 2010.

Aktuelle lenker

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.