Unge kvinner er dobbelt så utsett for netthets som menn

Kvinnelege journalistar mellom 25 og 35 år får dobbelt så mykje sjikane og truslar som sine mannlege kollegaer i same alder. Hetsen er eit demokratisk problem, hevdar forskar.
Netthets rammar menn og kvinner forskjellig. Kvinner får langt meir seksualisert hets enn menn, viser ny studie.(Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Nær halvparten av norske journalistar og redaktørar har opplevd sjikane i løpet av dei siste fem åra, nesten like mange menn som kvinner. Ein fjerdedel har blitt truga, og blant desse er mennene i fleirtal. Det er likevel tydelege kjønnsforskjellar i netthetsen.

‒ Kvinner får det i ein seksualisert versjon. Dei blir kalla for hore i staden for idiot, og det kan ofte gli over i truslar om valdtekt, seier forskar ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI), Aina Landsverk Hagen.

Ho er aktuell med ei ny bok om netthets og ytringsfridom, basert på ein forskingsstudie med djupneintervju og ei spørjeundersøking blant norske journalistar og redaktørar.

Eit kjønna fenomen

Forskaren meiner at netthets er eit kjønna fenomen.

Det betyr ikkje at det alltid er menn som hetsar og kvinner som blir hetsa, men at det er tydelege kjønnsforskjellar i sjølve hetsen: Menn blir i større grad angripe for meiningane sine, medan kvinner langt oftare får kommentarar knytt til kjønn og utsjånad.

Kjem an på tema og arbeidsområde

Hetsen har også samanheng med kva for tema og arbeidsområde journalistane har, til dømes om dei er på tv eller skriv kommentarjournalistikk.

‒ Mannlege journalistar som skriv kommentarar  får meir hets enn sine kvinnelege kollegaer, medan kvinner får dobbelt så mykje hets som menn når dei er på TV, seier ho.

Sjikane handlar om personleg krenking, hets eller forfølging frå kjelder, intervjuobjekt eller publikum. Sjikane er ofte emosjonelt ubehageleg, men ikkje naudsynleg straffbart. Trakassering er gjentatt hets over tid. Truslar kan vere både indirekte og direkte, i form av represaliar eller hemn for ytringar.

Eit spørsmål om makt

Hagen fortel at seksualiserte truslar spesielt gikk veldig innpå dei ho intervjua. Særleg den første gongen dei opplevde det som alvorleg.

Ansvaret for å takle hetsen ligg på dei som blir hetsa, ifølgje forskar Aina Landsverk Hagen. Ho meiner det er eit demokratisk problem. (Foto: Lene Schou-Andreassen)

‒ Det som er verksamt er ikkje nødvendigvis hetsen i seg sjølv, men det sjokket du får når du opplever at hetsen ikkje har noko å gjere med meiningsytringane dine som samfunnsdebattant. Det er noko som treff deg frå sida, som gjer at du missar fotfestet, seier Hagen.

‒ Kvifor får kvinner så mykje seksualiserte truslar og sjikane?

‒ Det handlar om makt, rett og slett. Kjønna trakassering går ikkje alltid frå menn til kvinner, men handlar om at ei gruppe opplever at dei mistar status i forhold til ei anna gruppe. Det å trakassere nokon på ein seksualisert måte er ein veldig god hersketeknikk. Da veit den som hetsar at det treff. Ein skal vere ganske tjukkhuda for å ikkje bry seg om det, seier ho.

‒ Truslar om valdtekt er eit uttrykk for endringar i statusforskjellen mellom kjønna. Kvinner har fått høgare status i offentlegheita som meiningsberarar. Det finst menn som openbert har problem med det.

‒ Ikkje kall dei for nettroll

Mange har tatt til orde for å ta tak i og eksponere dei som kjem med hets i kommentarfelta på nett, no seinast Arbeidarpartiets Kjersti Stenseng som vil «få nettrollene ut i lyset», ifølgje NTB. VGTV har på si side konfrontert nettdebattantar med kontroversielle meiningar om flyktningkatastrofen i Middelhavet på TV.

Hagen meiner at ei demonisering av dei som hetsar, ved å til dømes kalle dei nettroll eller hevde at kommentarfelta er ein kloakk, ikkje er vegen å gå.

‒ Å kalle dei som hetsar for troll gjer at vi både umenneskeleggjer dei og hevdar at dei ikkje har noko med oss å gjere. Det er problematisk med tanke på at dette er eit fenomen vi som samfunn må deale med, meiner ho. 

Dei sinte, dei gale og dei farlege

Forskaren hevdar at ei betre løysing er å utvikle det ho kallar for sjikanekompetanse, til dømes å lære seg å skilje mellom ulike formar for hets, slik som journalistane ho intervjua gjorde. Dei skilde mellom «dei sinte», «dei gale» og «dei farlege» hetsarane.

‒ «Dei sinte» er personar det går an å svare og kanskje få til å forstå at du er eit menneske som kan bli såra av ytringane deira. Mange opplever faktisk at folk ber om orsaking når dei seier frå. Hetsen frå «dei gale» og «dei farlege» seier journalistane at ein derimot bør ignorere, da eit svar som oftast gjer hetsen verre, seier ho.

Kven er dei som hetsar?

Det finst lite forsking på dei som trugar og hetsar, men mykje peikar mot at eit stort fleirtal er menn, i alderen 35 til 50 år. Hetsen er i dei fleste tilfella knytt til konspirasjonsteoriar, medan rasisme og anti-feminisme pregar mykje av sjikanen, ifølgje journalistane som får hets og truslar.

Dei Hagen intervjua visste ikkje alltid kven som sto bak, men mange hadde blitt gode til å tolke ordlyden og mønstra i hetsen. Slik hadde dei danna seg relativt klare bilde av avsendarane.

Eit demokratisk problem

Hagen trur ikkje at netthetsen kjem til å forsvinne.

‒ Å moderere kommentarfelta og hindre folk i å vere anonyme hjelper kanskje litt, men ikkje særleg mykje, seier ho.

‒ Har ein i debatten om netthets vore for opptatt av hetsarane framfor å støtte dei som blir hetsa?

‒ Debatten handlar mykje om at den som blir hetsa skal tåle det og stå i det. Det samsvarer med dataene mine om at ansvaret for å takle hetsen ligg på dei som blir hetsa.

Det meiner forskaren er eit demokratisk problem.

– Media elskar å løfte fram unge kvinnelege samfunnsdebattantar med minoritetsbakgrunn. Samstundes er det dei som blir hetsa mest. Dei har ei trippelbelasting i form av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Mange av dei har heller ingen arbeidsgivar eller fellesskap rundt seg, noko som gjer det ekstra utfordrande.

‒ Redaksjonane må ta meir ansvar

Hagen tek til orde for at mediehusa generelt må ta eit større ansvar og styrke rutinane, både rundt eigne journalistar så vel som skribentar tilknytt redaksjonane. Viss ikkje mistar dei mange viktige stemmer i offentlegheita.

‒ Ein må førebu dei unge kvinnene spesielt, slik at sjokket ikkje blir så stort når hetsen kjem.

Ho meiner at det å vere ein del av ein fellesskap er ein viktig motstrategi når hetsen rammar.

‒ Dersom ein har nokon å snakke med som kanskje har opplevd det same, blir ikkje truslane og hetsen så verksam. Fellesskapet kan sette ord på opplevingane og gjere det til noko som ikkje er skamfullt.

‒ Sidan hetsen ikkje kjem til å forsvinne, må vi ta på alvor at netthets påverkar somme journalistar så mykje i kvardagen at dei kanskje ikkje får gjort den jobben dei skal, eller skrive dei sakene dei har på hjertet.

Ikkje nok med personlege historier

Debattane om netthets i offentlegheita har ofte utgangspunkt i personlege historier frå enkeltpersonar, nå seinast i samband med #jegharopplevd-kampanjen på Twitter, der kvinner fortalde om seksuell trakassering i kvardagen. Ein liknande debatt oppsto i kjølvatnet av den svenske dokumentaren Män som näthatar kvinnor i 2013. 

‒ Dei personlege historiene har sin funksjon, dei fører til at debatten blir skyvd litt vidare. Men det blir ofte sådd tvil om historiene er sanne. Spørjeundersøkingar er viktige, fordi vi får stadfesta omfanget, seier Hagen.

Flytande grenser

Undervegs i arbeidet med forskingsprosjektet opplevde ho stor interesse for tala frå spørjeundersøkinga om netthets.

‒ Berre 17 prosent av dei spurde har svara på spørjeundersøkinga. Kor representative er desse tala?

‒ Svarprosenten er låg, noko som er eit generelt problem med mange spørjeundersøkingar no til dags. Funna i denne undersøkinga er likevel i tråd med tidlegare undersøkingar om arbeidsmiljø og hets blant journalistar, svarar ho.

Hagen meiner at #jegharopplevd-kampanjen tydeleg viste at overgangen frå seksuell trakassering på nett og det mange opplever i kvardagen, er flytande.

‒ Det er ikkje to skilde fenomen, og for mange blir den seksualiserte nett-trakasseringa ei forsterking av tidlegare opplevingar.
 

Netthets og kjønn - utvalde funn frå undersøkinga
  • Av dei som har svart, har nær halvparten av norske journalistar og redaktørar blitt sjikanert i løpet av dei fem siste åra. Av desse er det nesten like mange menn som kvinner.
  • Ein fjerdedel har blitt truga, dei fleste av desse er menn.
  • Unge kvinner og eldre menn får mest sjikane og truslar i sine respektive aldersgrupper.
  • Kvinnelege samfunnsdebattantar med minoritetsbakgrunn blir utsett for både rasistisk og sexistisk hets, og står ofte utan vern frå arbeidsgivar.
  • Dobbelt så mange kvinner som menn får hets eller truslar når dei opptrer på TV.
  • Det er for det meste menn som hetsar, både menn og kvinner, og fleirtalet av desse er i alderen 35 til 50 år.

(Kjelde: Meningers mot - netthat og ytringsfrihet i Norge)

Forskaren
  • Aina Landsverk Hagen er sosialantropolog og forskar ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI).
  • Aktuell med boka Meningers mot – netthat og ytringsfrihet i Norge.
  • Boka er basert på ei forskingsstudie med intervju med norske journalistar og redaktørar, samt ei spørjeundersøking blant alle organiserte journalistar og redaktørar i landet.
  • Spørjeundersøkinga er gjort i samarbeid med Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforeining.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.