Sammendrag
I denne artikkelen jamfører eg Ryles forståing av knowing how og knowing that med Irigarays forståing av kjønnsforskjellen. Eg finn dei same strukturane i og mellom dualismepara; det er ikkje mogeleg, verken i teori/praksis- eller i mann/kvinne-dualismen, å dedusere seg fram til den eine delen berre gjennom kunnskap om den andre. Likevel er delane i dualismeparet gjensidig avhengige av kvarandre, blant anna for i medvit om den forskjellige andre å kultivere det som er særeige med seg sjølv. I denne kultiveringa kan skulen spele ei avgjerande rolle; ei einsidig utvikling av den eine delen fører til framandgjering og paralyserande konformisme for begge, medan ein representasjon av og formidling mellom partane støttar gjensidig utvikling og intersubjektivitet. I ungdomsskulepraksisen på Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPUY) møtes allmennfaglege og yrkesfaglege kunnskapskulturar i to veker. Ser vi i dette møtet starten på ei gjensidig kultivering saman med den forskjellige andre?
Nøkkelord: Praksis/teori, dualismar, monokultur, intersubjektivitet, avkolonialisering
Les hele artikkelen på Idunn.no: https://www.idunn.no/doi/10.18261/tfk.47.1.4
Dette er en Open Access artikkel distribuert under vilkårene Creative Commons CC-BY-NC 4.0