Ikkje verre med skilsmisse når mor er lesbisk

Ikkje verre med skilsmisse når mor er lesbisk

Barn til foreldre som går frå kvarandre fordi mor «kjem ut» som lesbisk, opplever ikkje samlivsbrotet annleis enn andre skilsmissebarn, ifølgje Jorid Krane Hanssen.
Mer om LHBTI
Hanssen peiker på at det framleis finst få studiar av barns emosjonelle reaksjonar på samlivsbrot, anten dei veks opp i skeive familiar eller ikkje.

– Det er samlivsbrotet dei snakkar om, ikkje grunnen til det. Det at mor var lesbisk, var underordna i deira forteljingar, seier Jorid Krane Hanssen.

Hanssen er professor emerita i sosiologi og har lenge arbeidd med det ho kallar «regnbogefamiliar».

Det som først og fremst slo meg, var mangfaldet av forteljingar.

I ein ny artikkel har ho analysert intervjumateriale frå ein tidlegare kvalitativ studie av oppvekstforteljingar frå barn med homoseksuelle foreldre. Denne gongen har ho valt å rette søkelyset mot eit tema som var blitt liggjande medan ho arbeidde med andre sider ved datamaterialet.

– Det var eigentleg ikkje meininga mi å sjå spesielt på samlivsbrot, men det var mange av intervjuobjekta som snakka om dette uoppfordra, og eg tykte det var interessant, seier ho.

Emosjonelt mangfald

Dermed sette ho seg ned og analysert elleve forteljingar om å vere barn i skeive familiar, og å ha opplevd samlivsbrot mellom foreldra. Deltakarane var mellom 16 og 31 år då dei vart intervjua, men samlivsbrotet skjedde då dei var barn.


Jorid Krane Hanssen har analysert oppvekstforteljingar frå barn med homoseksuelle foreldre. Foto: Nord Universitet

– Det som først og fremst slo meg, var mangfaldet av forteljingar, seier ho.

– Dette er jo eit kvalitativt materiale som ein ikkje kan generalisere frå. Men det får fram kor store skilnadene er når det gjeld korleis dei opplevde samlivsbrota emosjonelt – det var alt frå glede til djup fortviling.

Felles for opplevingane, var at mors seksuelle orientering som lesbisk, ikkje spelte noka stor rolle for barnas reaksjonar – sjølv om alle dei elleve meinte at dette var bakgrunnen for at foreldra gjekk frå kvarandre. Berre éin av deltakarane hugsa det som eit sjokk å få vite at mora var lesbisk, og ho var tenåring då samlivsbrotet skjedde.

– Ho oppfatta det som noko skammeleg, fordi ho sjølv ikkje visste kva det var for noko, seier Hanssen.

– Elles var det ingen av informantane som uttrykte at dei opplevde forventingar om at dei skulle reagere på mors seksuelle orientering på nokon bestemt måte, seier Hanssen.

Relasjonar avgjer

Ho publiserte funna i ein artikkel i tidsskriftet Fokus på familien tidlegare i vår. I artikkelen nyttar ho Sara Ahmeds idear om emosjonar som rammeverk for å analysere forteljingane. Ifølgje Ahmed er emosjonar ikkje noko som finst i individet eller i fellesskapet, men dei er «mediet» som skapar eit skilje mellom «eg» og «vi» – det psykiske og det sosiale – gjennom måten dei verkar på.

– Eg tykte det var ei interessant teoretisk tilnærming. Men samstundes kanskje ein litt kronglete omveg til målet, sett frå ein psykologs ståstad, seier Aase Prøitz, som er spesialist i klinisk familiepsykologi.


Korleis barn oppfattar seg sjølv i verda, er generelt heilt uavhengig av foreldras seksuelle orientering, meiner Aase Prøitz. Foto: Pia Sønstrød/Sønstrødfotografene AS

– For poenget er jo at det er det relasjonelle aspektet i situasjonen som avgjer korleis folk reagerer. Ved samlivsbrot er det heilt avgjerande korleis foreldra opptrer. Det er deira oppførsel som gjer at barn kjenner seg meir eller mindre trygge og ivaretekne i familien – i tillegg til barnets eigen personlegdom. Slik er det i alle familiar.

Vi veit dessutan frå tidlegare forsking, som Hanssen også nemner i artikkelen, at barn frå «regnbogefamiliar» generelt er akkurat som andre barn, meiner Prøitz.

– Korleis barn oppfattar seg sjølv i verda, er generelt heilt uavhengig av foreldras seksuelle orientering, seier ho.

– Kjem du frå ein svært konservativ familie der det å vere homoseksuell blir oppfatta som slutten på alt, så vil nok det å få vite at mor er lesbisk, vere vanskeleg. Barn vil sjølvsagt reagere på fordømming frå omgjevnadene. Men mi erfaring er at det å ha ein homofil forelder blir sett på som mindre spesielt for kvart år som går.

Veit lite om barns kjensler

I artikkelen peikar Hanssen på at det framleis finst få studiar av barns emosjonelle reaksjonar på samlivsbrot, anten dei veks opp i skeive familiar eller ikkje.

– Det er eit felt som godt kunne bli meir studert, seier ho.

– Konfliktar mellom foreldra er noko som går att i forteljingane, og som har mykje å seie for barns reaksjonar. Barn har synspunkt på slike ting, og det vil få ulike utslag. Det bør vi vite meir om.

Vi treng større forståing for barns ulike emosjonelle uttrykk og korleis dei er relaterte til samlivsbrot.

Ei mogleg forklaring på at det finst relativt lite forsking på samlivsbrot sett frå barns ståstad, er at god forsking på og med barn og unge er ressurskrevjande.

– Ein må sjølvsagt gjere grundige forskingsetiske vurderingar, men sjølve det å få fram barns tankar og måten dei uttrykkjer reaksjonane sine på, er viktig, seier Hanssen.

– Ofte ser ein berre at barnet er sint eller utagerande, utan at ein har noko godt uttrykk for kva det betyr. Vi treng større forståing for barns ulike emosjonelle uttrykk og korleis dei er relaterte til samlivsbrot.

Betre foreldrerelasjon med tida

Alle dei elleve informantane oppgav at dei med tida har fått eit godt forhold til foreldra, sjølv om samlivsbrotet var vanskeleg å handtere. Nokre av dei elleve hadde dessutan opplevd at ein eller begge foreldre hadde vore gjennom brotne relasjonar, noko som vart svært slitamt å handtere.

– Gjer ein fleire studiar av barn, kan det godt at fleire slike historier vil kome fram. Sjølve mangfaldet er viktig, seier Hanssen.

Aase Prøitz er samd i at det ville vere bra med meir forsking på dette feltet.

– Og då på alle barn, ikkje berre dei frå skeive familiar. Det ville vere interessant å sjå om det er noko i konteksten som gjer at barn reagerer ulikt på samlivsbrot. Familievernkontora har utvida tilnærmingane til å snakke med barn, men det er framleis rom for å forske på korleis ein best kan få barn i tale i ein sårbar situasjon, seier ho.