Når tala fortel mange historier

Menn produserer dobbelt så mange vitskaplege publikasjonar som kvinner. Det er i alle fall den tradisjonelle antakinga. Spesialrådgjevar og stipendiat Lynn Nygaard ved PRIO utfordrar denne påstanden i sin nyaste artikkel.
Menn publiserer om lag 50 prosent meir enn sine kvinnelege forskarkollegaar. Men ein studie av 91 forfattarar og 879 publikasjonar viser at ulike målingar gir ulike svar på kjønnsforskjellane. Kjønnsgapet blei nesten borte av å ta omsyn til stilling, fagbakgrunn, bokkapittel og fraksjonalisering for medforfattarskap. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

Mange går ut frå at menn publiserer mykje meir enn kvinner, men kva skjer når du ser litt nøyare etter? Lynn P. Nygaard har undersøkt kva som blir talt med. Påverkar stilling, publiseringsform, medforfattarskap eller fagbakgrunn kjønnsforskjellar i produktivitet?

Forskarar har sidan 1970-talet undersøkt kjønnsforskjellane på produktivitetsnivået frå forskarar. Dei siste 40 åra har resultatet vore konsistent både nasjonalt og internasjonalt: Menn publiserer om lag 50 prosent meir enn sine kvinnelege forskarkollegaar. Dette har blitt grunngjeve med at kvinner prioriterer annleis, har andre preferansar, er perfeksjonistar på forskinga si, eller rett og slett at dei tar mindre risiko når det gjeld publisering. 

I 2015 utfordra Kristoffer Rørstad og Dag W. Aksnes ved NIFU denne konklusjonen om kjønnsgapet, og viste til at posisjon har mykje meir å seie for produktiviteten enn det kjønn har. Det er fleire kvinner i botn av det akademiske stillingshierarkiet, og fleire menn i toppen, der det blir produsert mest. No har også Lynn Nygaard ved PRIO, saman med Karim Bahgat, nyansert bildet ytterlegare.

Berre artiklar undersøkt

– Dei enkle tala viser ikkje forståing for korleis vitskapleg produksjon faktisk blir til. Om ein ikkje tar omsyn til stillingsnivå og disiplin, vil ein få eit feilaktig bilde av kjønn og produktivitet, seier Lynn P. Nygaard. Foto: PRIO.

Dei har denne hausten gitt ut artikkelen What’s in a number? How (and why) measuring research productivity in different ways changes the gender gap. I artikkelen tar forfattarane sikte på at måten du målar produktivitet på, endrar resultatet på forskjellen mellom kvinner og menn. 

 I samanheng med at eg jobba med doktorgraden min, blei eg nysgjerrig på kvifor menn tilsynelatande produserer 50 prosent fleire publikasjonar som kvinner. Kva og kven blir målt? Ofte var det ikkje spesifisert. Er det heile universitetet, eller er det seniorstaben som blir målt? Dette var ganske uklart. Det viste seg at det som blei måla, stort sett berre var vitskaplege artiklar i internasjonale tidsskrift, seier ho.

Bokkapittel blir ikkje talde med

Nygaard og Bahgat studerte eit norsk samfunnsvitskapleg institutt for å finne ut om kjønnsgapet verkeleg er slik som det blir presentert. Dei samla statistikk som gjekk over fem år, og som i datasettet inkluderte 91 forfattarar og 879 publikasjonar. Funnet er at ulike målingar gir ulike svar på kjønnsforskjellane: Bildet er altså langt meir komplekst enn at menn produserer 50 prosent meir.

Eit av funna er at kvinner har ein meir variert publiseringspraksis enn menn. Dei publiserer oftare i bokkapittel, noko som ikkje kjem fram dersom ein berre målar reine artiklar. 

 I samfunnsvitskapen og i humaniora er det meir vanleg å bidra med bøker og bokkapittel enn det er i naturvitskapen. Her er det jo også som kjent kjønnsforskjellar.

 Mange resultat spriker – i dei fleste studiar har menn høgare produktivitet, men i enkelte var det kvinnene som hadde høgst. Så vi ønskte å komme til botns i sjølve målinga. Det viser seg at det er store variasjonar på kjønnsforskjellane ut frå korleis produktivitet blir målt, fortel Nygaard. 

Sidan dei i studien konsentrerte seg om samfunnsvitskap, kunne ikkje Nygaard og Bahgat samanlikne fagbakgrunnen direkte. Men dei samanlikna dei som stort sett jobba kvalitativt med dei som stort sett jobba kvantitativt, for å kunne etterlikne forskjellane mellom til dømes samfunnsvitskap og STEM-fag. Her var det tydeleg at dei to gruppene var skeivt kjønnsdelt.

 I samfunnsvitskapen og i humaniora er det meir vanleg å bidra med bøker og bokkapittel enn det er i naturvitskapen. Her er det jo også som kjent kjønnsforskjellar, det er mange fleire kvinner i dei to førstnemnde enn i naturfaga, også kjend som STEM-faga. Dette tar ikkje dei vanlege målingane omsyn til, seier Nygaard. 

I STEM-faga, som er ei forkorting for science, technology, engineering og mathemathics, er det også meir sampublisering av dei vitskaplege artiklane, enn kva som er vanleg i samfunnsfaga. 

«Feminine» og «maskuline» fagfelt

Sampublisering er eit viktig poeng for Nygaard og Bahgat – mens menn publiserer meir i lag i juniorposisjon og som professor, sampubliserer kvinner like mykje uansett fag og posisjon. Generelt sett sampubliserer menn meir enn kvinner, og særleg internasjonalt. 

I tillegg er bruken av kvantitativ metode mykje meir nytta av menn enn av kvinner, og dette påverkar også målingane. Nygaard meiner at fagfelt som blir sett på som «maskuline» kan nedvurdere kvalitative metodar.

Metodebruken har samanheng med at kvinner er i fleirtal innan samfunn og humaniora, der kvalitativ metode er meir utbreidd.

 Det er altså ikkje slik at kvinner ikkje liker kvantitativ forsking, men at menn både er i fleirtal i fag der kvantitativ metode er vanlegast, og at det er mest sampublisering av kvantitativ forsking, seier Nygaard. 

Menn oftare i toppsjiktet

Det som aukar kjønnsgapet når det gjeld produktivitet, er nivå 2-vekting: Om publikasjonen er i toppsjiktet. Dette vil seie kor mange poeng publikasjonen gir ut frå kombinasjonen av kvalitetsnivå og publikasjonsform. Menn publiserer meir enn kvinner i høgrangerte prestisje-tidsskrift.

 Det tar tid før stipendiatar publiserer, mens det jo for seniorforskarar er publisering som skal til for å bli professor. 

 Det finst forsking på at kvinner undervurderer sitt eige arbeid, men òg at dei blir vurdert hardare enn menn. Vi veit også frå tidlegare forsking at fagfelt som blir oppfatta «feminine», er sett på som mindre eksepsjonelle. Når kvinner skriv om kjønnsforsking eller om seksualisert vald, blir det ikkje alltid sett på som «hard forsking.» 

Professorar publiserer mest

Dei to forskarane ved PRIO undersøkte kva som skjer med kjønnsgapet dersom dei tar høgde for høg prestisje-publikasjonar, fraksjonert medforfattarskap, vekting for internasjonalt samarbeid, sjanger, permisjonar og vitskapleg metode. Nygaard fortel at ingen artiklar tidlegare har peika på om publikasjonen er såkalla fraksjonalisert eller ikkje.

 Fraksjonalisert betyr at ein delar opp og gir brøkdelspoeng for kvar forfattar, i staden for å gi alle poenga til éin forfattar. Får du 50 artiklar i ditt namn sjølv om du har publisert saman med andre, eller blir poenga fordelt?

I tråd med resultata frå NIFU er den akademiske posisjonen avgjerande for kor mykje ein forskar har publisert. Kvinner utgjer fleirtalet blant norske stipendiatar, mens det framleis er mannsdominans på toppnivå i akademia. 

 Kva skjer om vi samanliknar produksjonen innanfor same rang, til dømes juniorforskar, seniorforskar og professor? Ved mange studiar veit ikkje lesaren om dei inkluderer juniorstillingar som stipendiatar, når dei tel publiseringar. Det tar tid før stipendiatar publiserer, mens det jo for seniorforskarar er publisering som skal til for å bli professor. 

Permisjonar minska gapet

Når forskarane til slutt justerte for permisjonar, blei kjønnsgapet mindre. Kvinnene sin produktivitet auka med 12 prosent, og mennene med 4 prosent når forskarane tok høgde for fråværet.  

– Dersom ein målar produktivitet over ein viss periode, utan å ta omsyn til om forskaren har jobba 100 prosent eller 80 prosent, så vil jo resultata bli skeivfordelte. Kvinner tar ut meir foreldrepermisjon enn menn, og då blir det feil at kvinner skårar lågare på produktivitet fordi dei har vore mindre på jobb. 

Så i staden for at menn publiserer 50 prosent meir, ved å berre telje artiklar publisert i tidsskrift, blei kjønnsgapet nesten borte av å ta omsyn til stilling, fagbakgrunn, bokkapittel og fraksjonalisering for medforfattarskap.

– Er det hald i forklaringane om at kvinner har andre preferansar eller prioriteringar? 

 Det er ikkje slik at kjønna får like val, og tilfeldigvis vel forskjellig. Dei får ulike val frå byrjinga av. Verda ser annleis ut for kvinner enn for menn, fordi vi lever i eit kjønna samfunn. Ein kan ikkje forvente at akademia er annleis.

– Det er antatt at alle har eit likt utgangspunkt for å skrive artiklar, og at dersom dei ikkje gjer det, er det deira eigen feil – i staden for at forklaringa er at dei har skrive rapportar eller bokkapittel, meiner Nygaard.

Andre forklaringar i Noreg

– Når ein skal måle forskjellar mellom kjønn, er det viktig å vere klar over at kvinner og menn er ulikt fordelt i akademia, med type stilling, alder, forskingsfelt og metodikk, der ulike former for publisering er meir vanleg, seier Karim Bahgat.. Foto: PRIO.

 I Noreg argumenterer vi annleis. Forklaringane er meir strukturelle, for eksempel at kvinnelege akademikarar har fleire barn enn i andre land, der dei oftare må velje mellom barn og karriere.  

Forskingsproduktiviteten målast i suksessen av akademiske publiseringar. Den norske databasen Cristin samlar og gjer norsk forsking tilgjengeleg, og nyttast til distribuering av forskingsmidlar. 

 Cristin er den mest avanserte databasen i verda. Den samlar og kvalitetssikrar informasjon, ikkje berre om artiklar frå tidsskrift, men også bøker og bokkapittel. Dette gjer Cristin både på engelsk og norsk. Norsk vitskapleg indeks (NVI), som nyttast til å måle produktivitet i Noreg, er meir kjønnsnøytral enn i andre land, fordi den fraksjonaliserer for medforfattarskap, og inkluderer dessutan bøker.

Fann heilt andre resultat

Nygaard og Bahgat konkluderer studien med at kjønnsforskjellane er mindre enn antatt, når ein tar omsyn til målemetode og kven som blir samanlikna.

Kvinner er meir konsentrerte i samfunnsvitskap og humaniora, derfor har dei ein breiare publiseringsprofil. Dette kjem fram ved at dei publiserer andre ting enn berre artiklar, og at dei har andre mønster når det gjeld sampublisering. Når ein ser på dei lågaste og høgste stillingane, er det nesten ingen forskjell: Mannlege og kvinnelege juniorforskarar og mannlege og kvinnelege professorar publiserer like mykje. 

– Når ein skal måle forskjellar mellom kjønn, er det viktig å vere klar over at kvinner og menn er ulikt fordelt i akademia.

Så i staden for at menn publiserer 50 prosent meir, ved å berre telje artiklar publisert i tidsskrift, blei kjønnsgapet nesten borte av å ta omsyn til stilling, fagbakgrunn, bokkapittel og fraksjonalisering for medforfattarskap.

Karim Bahgat, som for tida bur i USA, gir ein kommentar om funna i ein e-post:

– Når ein skal måle forskjellar mellom kjønn, er det viktig å vere klar over at kvinner og menn er ulikt fordelt i akademia, med type stilling, alder, forskingsfelt og metodikk, der ulike former for publisering er meir vanleg. For å sørge for at det ein observerer faktisk er drive av kjønnsforskjellar, er det viktig å tenke nøye over kva slags mål du nyttar, og om du samanliknar kjønn frå same akademiske miljø.

Kan skape eit feil bilde

– Nygaard, kva kan leiarar eller systemet gjere med kjønnsgapet?

 Noreg har kome langt når det gjeld permisjonar og barnehagar. Og det gjer det mogleg å kombinere akademia med familie. Utfordringa ligg kanskje i utdaterte forventningar til kva ein akademikar skal vere. Det ligg ei forventning om at alle skal vere like produktive frå første dag, utan pause. Kanskje skal vi heller tenke at eit akademisk liv byggast opp over ein lang periode, og kan styrkast med litt forskjellige livserfaringar.

– Kvifor er kjønn og forskingsproduktivitet viktig å undersøke?

 Det er viktig fordi vi har lyst til å ha enkle tal som vi berre kan slenge på bordet. Men dei enkle tala viser ikkje forståing for korleis vitskapleg produksjon faktisk blir til. Om ein for eksempel ikkje tar omsyn til stillingsnivå og disiplin, vil ein få eit feilaktig bilde av kjønn og produktivitet. For samfunnet er det viktig at vi ikkje gir folk ei oppfatning av at kvinner er mindre produktive forskarar. Det kan i verste fall skape eit bilde av at kvinner ikkje passar inn i akademia.

Denne artikkelen ble først publisert på kifinfo.no 11. desember 2018.

MEIR OM PRODUKTIVITET OG KJØNN
  • Studien, What’s in a number? How (and why) measuring research productivity in different ways changes the gender gap (2018), samla statistikk over fem år, og inkluderte 91 forfattarar og 879 publikasjonar.

  • Studien målar om stilling, publiseringsform, medforfattarskap eller fagbakgrunn påverkar kjønnsgapet i forskingsproduktivitet.

  • Når forskarane berre måla artiklar frå tidsskrift, og ikkje tok omsyn til stilling eller fagbakgrunn, publiserte menn 50 prosent meir enn kvinner. Men inkluderte dei bøker, bokkapittel og fraksjonaliserte for medforfattarskap, i tillegg til å ta omsyn til stilling og fagbakgrunn, så blei forskjellen nesten borte.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.