Kan kvinner valdta menn?

Har ein mann sex med ei kvinne som ikkje vil, blir kvinna eit overgrepsoffer. Kva om kvinna ville, og ikkje mannen? Kva blir mannen då? Slike spørsmål strir dei med, mennene sosialantropolog Rannveig Svendby har intervjua til masteroppgåva si.
Illustrasjonsfoto: Istockphoto

«Det ser ut som det er sosialt akseptert at damer tar seg til rette på mannen sin bekostning, mens når mannen tar seg til rette på en dame, så er det helt forferdelig grusomt. Og når det er motsatt, da er det egentlig bare latterlig. Fordi det ’eksisterer ikke’. Men ut fra min erfaring så kan en dame utnytte en mann seksuelt […]»

Det seier ein av dei 13 mennene som Rannveig Svendby har intervjua til masteroppgåva i sosialantropologi. Dei har opplevd seksuelle overgrep, frå både kvinner og menn. Svendby har spurt seg korleis menn i Noreg opplev det å bli utsette for seksuelle overgrep, og korleis kulturelle formeiningar om kjønn og seksuelle praksisar fargar forståinga av overgrepa. Mennene får ikkje mannsrolla og rolla som overgrepsutsett til å gå i hop.

– Spesielt vaksne menn som hadde blitt utsette for overgrep frå kvinner blei ikkje trudd. Ein av informantane fortalde om den psykiske belastinga som ligg i at han som mann ikkje passar inn i førestellinga om eit overgrepsutsett menneske, fordi valdtekt er noko som berre skjer med kvinner. Vi har ikkje eit omgrepsapparat for å definere kvinners seksuelle misbruk av menn som noko anna enn sex, seier Svendby.

Ho fortel at fleire av informantane opplevde at overgrepa dei hadde opplevd ikkje «eksisterte». Informantane var opptekne av å få fram at vaksne menn faktisk kan bli seksuelt misbrukt av kvinner og at historier om slike overgrep ikkje er synlege i samfunnet vårt.

Utruskap, ikkje overgrep

– Ord som valdtektsmann, overfallsmann og gjerningsmann er godt innarbeidd i det norske språket. Slik blir kvinner implisitt fritekne frå desse rollene gjennom språket vi nyttar. Informantane sine historier viser at kva kjønn du har, har mykje å seie for om du blir rekna som ein truverdig overgrepsutsett, fortel Svendby.

– Av dei 13 mennene eg intervjua hadde ingen meldt overgrepa til politiet, og dei som hadde kvinnelege overgriparar rekna ikkje politimelding som eit reelt alternativ.

Ho fortel om «Eskild» som blei misbrukt av mora si i barndommen og sidan pressa til sex i vaksen alder over ein lengre periode. Overgriparen var «Iris», ein kvinneleg kollega. Ein dag kom ho inn på kontoret hans, naken under ytterkleda. «Eskild» fortel:

«På en måte svartner det for meg. Jeg vet ikke hvor jeg er, jeg vet ikke hvem jeg er […] Det blir et fullbyrdet samleie, som avslutter med utløsning og at jeg kaster opp».

Etter denne hendinga kom Iris ofte innom kontoret hans med seksuelle hensiktar. Om han ikkje låg med ho, trua ho med å skulde han offentleg for å ha misbrukt stillinga si for å utnytte ho seksuelt. «Eskild» var sikker på at ingen ville tru han om han fortalde sin versjon av saka.

– Sjølv om «Eskild» opplevde overgrepa som traumatiske, var han redd  omverda skulle tolka det som utroskap – fordi han var ein gift mann og overgriparen var ei kvinne, fortel Svendby.

Heldige gutar?

Fleire forskarar har merka seg at overgrepsutsette gutar og menn ofte blir gjort til latter i populærkulturen og at opplevingane deira blir bagatellisert.

– Filmen og litteraturen er fulle av forteljingar kor unge gutar blir «innvia» i seksuallivet av ei vaksen kvinne, seier Svendby. Ein treng ikkje grave djupare i bokhylla enn til Lillelord av Johan Borgen, kor unge Wilfred mistar møydomen til tanta si.

– Dersom kjønnsforholdet var omvendt, ville hendingane ofte klart blitt stempla som overgrep. I staden blir det gjerne framstilt som at gutar og menn er heldige og bør vere takksame for å ha sex med kvinner, fortel Svendby.

Slik er «Alexander» si historie. Han blei seksuelt trakassert og misbrukt av venninna si «Nina» då han var i 20-åra og ho var i slutten av tenåra. 

«Hun ga seg bare ikke, og begynte etter hvert å bli ekstrem på at hun hadde lyst til å ha sex med meg. Jeg husker hun sa at hun var jente, og når hun tilbød sex, så burde jeg jo bare ta imot, ikke sant» fortalde «Alexander».

– Kjønnsrollene gjer det mogleg å bruke kjønn som strategi under seksuelle overgrep.  Då Nina kom med ei rekke fysiske tilnærmingar, sjølv om ho visste at han ikkje ville, utnytta ho dei kulturelle forventingane til hans seksualitet. Slik reduserte ho høva hans til å avvise ho utan å samstundes «svikte» som mann, seier Svendby.

Den symbolska valda

Svendby blei overraska over at dei fleste overgrepa mennene fortel om skjedde utan fysisk vald eller tvang. Likevel opplevde ikkje dei utsette at dei gjekk inn i situasjonane av fri vilje. Korleis heng det saman? Svendby forklarar:

– Maktforholda i mange seksuelle overgrep ligg på eit anna nivå enn det reint fysiske. Fleire av informantane var fysisk sterkare enn overgriparen og var både fortvila og overraska over at dei ikkje hadde nytta muskelkraft for å kome seg ut av situasjonen.

Når overgriparen ikkje tvinger den utsette fysisk, men det likevel er makt og vald involvert, definerer Svendby det som symbolsk vald. Sosiologen Pierre Bourdieus skildra symbolsk vald slik: «Dominansen virker naturlig, fordi dominerte konstruerer virkelighetsforståelsen sin på samme grunnlag som de dominerende [...] Dermed bidrar de dominerte aktivt til sin egen underordning».

Overgrepet kunne skje av di «Nina» og «Alexander» delte oppfattinga om at menn alltid skal ha lyst på sex og ikkje skal seie nei om kvinner tilbyr det.

Tillitsbrot

Fleire av informantane til Svendby blei utsett for seksuelle overgrep i barndommen og ungdomstida – av foreldre, nære slektningar eller folk dei kjende i nærmiljøet.
 – Ofte var det slik at den utsette kjende overgriparen og hadde stor tillit til vedkomande, til dømes som vaksenperson eller storesysken. Slik fekk overgriparen eit overtak som ikkje var basert på fysisk vald, men på vilkårslaus tillit, seier Svendby.

Det er et viktig funn i oppgåva at informantar som blei seksuelt misbrukte i ung alder, opplevde hendingane som uproblematiske da dei skjedde.

«Are» fortel: «Vi spilte spill […] så havnet vi i sengen, og der var det masse pornoblader, og det gikk litt sånn … han spurte: ’Kan jeg få se på tissen din…’ Alt skjedde på mine premisser. Jeg syntes aldri han var slem, ekkel eller teit».

«Are» fortel at han kjende seg ivareteken under overgrepa. Tykte han ei seksuell handling var ubehageleg, aksepterte han å få ein hundrelapp for det. Var handlinga svært ubehageleg, slutta dei med ho.

Den seksuelle relasjonen «Are» hadde til den vaksne mannen framsto som «naturleg» av di han tolka hendingane innafor røyndomsrama som overgriparen presenterte for han. Fleire av informantane fortel at det ikkje var før i ettertid at det gjekk opp for dei at dei bar på erfaringar som samsvarar med den kulturelle forståinga av seksuelt misbruk. 

I sakte endring

Eit viktig premiss for Svendby er at seksuelle overgrep må forståast som ein sosial konstruksjon, der meiningsinnhaldet varierer med tid og stad.

– Det er meininga som dei seksuelle hendingane blir fylt med som har noko å seie for opplevinga, ikkje dei seksuelle hendingane i seg sjølv. Det dei tidleg utsette informantane slit mest med i ettertid er ofte ikkje hendingane, men tillitsbrotet. At den vaksne overgriparen visste at det var eit overgrep, og utnytta at gutane ikkje visste det.

Svendby har òg publisert somme av resultata på sin blogg på aftenposten.no og i andre medium. Problemstillinga møtte motstand. Lesarane reagerte på at ho skreiv om overgrepsetsette menn, dei var skeptiske til at kvinner kan vere i stand til å misbruke born og tvilte på om kvinners seksuelle overgrep mot menn i det heile kan kallast overgrep. Men samstundes fekk ho epostar frå menn som ville fortelje om sine erfaringar med overgrep.


Svendby trur haldningane endrar seg, men sakte.

– Den nye krisesenterlova, som òg krev krisesenter for menn, ikkje berre kvinner og born, viser at menn er i ferd med å få aksept som usette. Ved å nyansere og opne overgrepsomgrepet til å omfatte erfaringane til menn, vil fleire personar kunne oppsøke hjelp og falle til ro med sine opplevingar, håpar Svendby.
 

Masteroppgave

Rannveig Svendby: Fra de stummes leir. Menns beretninger om seksuelle overgrep fra kvinner og menn. Master i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo, 2011.
 

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.