Eit homoeventyr?

På tross av aukande aksept, opplever framleis mange skeive at kvardagslivet ikkje alltid er så enkelt, skriver Helga Eggebø.

I 2010 stilte Solveig Horne spørsmålsteikn ved at barnehagebarn skulle få høyra eventyr om prinsar som giftar seg med prinsar. Som FrP'ar stemde ho dessutan mot då felles ekteskapslov vart vedteken i 2008. Under valkampen i 2013 meinte ho at LLH (i dag Foreningen FRI) var ein uviktig organisasjon.

Alle reknar med at du er hetero til du eksplisitt seier noko anna, skriver Helga Eggebø. Foto: KUN

Men då Horne vart likestillingsminister angra ho sine tidlegare fråsegn, stilte i Prideparade og laga handlingsplan mot diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt-personar). Hornes heilomvending kan på sett og vis vera ein metafor på samfunnsutviklinga dei siste tiåra: På kort tid har me sett ein sterkt aukande aksept – som manifesterer seg både i haldningar og lovgjeving – for at mange av oss ikkje kan eller vil leva hetero. Dette er vår tids homoeventyr.

Les også: Ung trist og homo
Les også: Er du homo, eller?

Gode levekår

Forskinga dokumenterer at utviklinga går i retning av gode levekår for lesbiske, homofile og bifile, og at stadig færre utviser negative haldningar mot lhbt-personar. Ei omfattande levekårsundersøking frå 2013 viste at der er små forskjellar i helse og levekår mellom heterofile og lhb-personar. Ni av ti skeive opplever ikkje diskriminering på arbeidsplassen. Svært få rapporterer om vald og trugsmål, og førekomsten av sjølvmordsforsøk er kraftig redusert sidan 90-talet. Berre 4 prosent av kvinnene og 16 prosent av mennene i Noreg har negative haldningar til lesbiske og homofile, og for mennenes del er det klart færre enn i 2008.

Stadig færre utviser negative haldningar mot lhbt-personar.

Historiske hendingar

Når det gjeld formelle rettar, lovgjeving og institusjonar har det skjedd store og banebrytande endringar på relativt kort tid: I 1950 vart den første norske interesseorganisasjonen oppretta – Forbundet av 1948. I 1972 oppheva Stortinget straffelovens § 213 som forbaud sex mellom menn. Åpen kirkegruppe – som arbeider for aksept for likekjønnskjærleik i Den Norske Kyrkja vart danna i 1976. I 2008 vedtok Stortinget at Noreg – som eit av dei første landa i Europa – skulle ha ein felles ekteskapslov. Med denne fekk homofile og lesbiske rett til å gifta seg og tilgang til adopsjon og assistert befruktning. I 2014 fekk me dessutan ein eigen lov som forbyr diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. I 2016 vedtok Stortinget ein ny lov som gjev rett til å endra juridisk kjønn utan krav om ein bestemt diagnose eller medisinsk behandling. Desse og andre viktige historiske hendingar blir no systematisk dokumentert av Skeivt Arkiv.

Forteljinga om allmenn toleranse

På bakgrunn av omfattande lov- og haldningsendringar er det ikkje så rart at dei fleste har ei oppfatning av at Noreg er eit liberalt og ope samfunn når det gjeld kjønn og seksualitet. Trass i den dominerande forteljinga om allmenn toleranse, har homoeventyret også ei anna og svartare side. Skeive ungdommar rapporterer om meir mobbing enn heteroungdom, og «homo» blir brukt som eit heilt alminneleg skjellsord. Det er heldigvis ikkje så mange skeive som opplever vald og trugsmål. Men blant dei mennene som har slike erfaringar, meiner over halvparten at seksuell orientering var motivet for valden. Dette går fram av rapporten Seksuell orientering og levekår frå 2013.

Skeive ungdommar rapporterer om meir mobbing enn heteroungdom.

Rapporten dokumenterer også at heile 62 prosent – altså eit tydeleg fleirtal av den mannlege befolkninga – uttrykker motstand mot at to menn kysser på ein offentleg stad. Vidare oppgjev 16 prosent av norske menn at dei hadde flytta seg lengre unna ein homofil mann, 50 prosent har fortald vitsar om homofile og 19 prosent stadfestar at «når jeg tenker på transpersoner, grøsser jeg». Denne homo- og transnegativismen – som altså ser ut til å vera særskilt utbreitt blant menn – blir også eksplisitt uttrykt i offentlegheita: I sommar mottok KrF og Knut Arild Hareide ein storm av protestar, utmeldingar og negative reaksjonar då partileiaren tok del i årets Prideparade som ei støtteerklæring etter terroråtaket i Orlando. Ikkje lenge etter vart det kjend at den høgreekstreme nettstaden frihetskamp.net hadde hengt opp bannarar med teksten «Knus homolobbyen» under årets Skeive Sørlandsdager. Dei dødelege konsekvensane av homonegativisme og hat vart brutalt synleggjort for verden etter at ein mann i juni drap 49 skeive på nattklubben Pulse i Orlando.

Alle reknar med at du er hetero til du eksplisitt seier noko anna.

Heteronormativitet og minoritetsstress

Trass i omfattande endringar dei siste tiåra, lever me framleis i eit samfunn der det å vera hetero er det einaste normale. Alle reknar med at du er hetero til du eksplisitt seier noko anna. Det er kanskje, i mange samanhengar, heilt greitt å vera homofil. Men det er heteroane det heile handlar om. Er du open skeiv, så blir du tvungen til å gjera eit nummer ut av det. Og nettopp dette er kjerna i omgrepet heteronormativitet – et nøkkelbegrep innenfor queer-teorien. Det å leva i eit heteronormativt samfunn betyr at anten ein har opplevd direkte diskriminering, trakassering og vald eller ikkje, så må alle dei av oss som lever skeivt forholda seg til at ein bryt med det «normale» og dermed «koma ut» kvar gong ein møter nye folk.

Les også: Gutter rammes hardest av homoskjellsord
Les også: Lengsel etter normalitet

I forskingslitteraturen blir summen av slike erfaringar omtalt som «minoritetsstress». Forskingsrapporten Skeiv på bygda illustrerer kva dette kan handla om: At seksualundervisninga på ungdomskulen berre handlar om graviditet og vaginalsex mellom to personar av ulikt kjønn. Eller at du som 16-åring moter deg opp og fortel helsesystra på skulen at du er lesbisk, og blir møtt med telefonnummeret til Skeiv Ungdom i staden for ein open og lyttande vaksenperson. Forskarar på feltet meiner overrepresentasjonen av depresjon, angst, rusproblem og sjølvmordsforsøk blant lhbt-personar må fortolkast som eit resultat av minoritetsstress – det er ikkje berre uheldige tilfelle av fysisk vald og direkte diskriminering som skaper problem.

At homofile og lesbiske på bygda ser seg nøydde til å flytta til byen så fort dei kan, er liksom noko alle veit.

Eit skeiv paradoks

Forskingsrapporten «Skeiv på bygda» som KUN offentleggjorde vinteren 2015 har vekt stor interesse i media. Kva er det med temaet – det å leva som skeiv på bygda i Noreg – som fenger sånn? Eg trur det handlar om to ting. For det første adresserer rapporten ei utbreitt oppfatning av at det er kjipt å vera skeiv på bygda. At homofile og lesbiske på bygda ser seg nøydde til å flytta til byen så fort dei kan, er liksom noko alle veit. Homonegativisme blir gjerne oppfatta som eit problem i enkeltgrupper der den allmenne toleransen framleis ikkje har slått rot, slik som på bygda, i kyrkja, på Grønland i Oslo og i Sapmi. Men forskinga viser at sjølv om skeive i innvandrarmiljø, på bygda og i Sapmi opplever særskilte diskrimineringserfaringar, så er ikkje dei urbane majoritetsmiljøa heller alltid eit homoeventyr.

Rapporten skildrar dessutan eit sentralt og allment paradoks i samtida: På den eine sida har me vore vitne til ei enormt rask endring i haldningar og lovverk knytt til det å forelska seg i personar av same kjønn. Men på den andre sida opplever mange skeive at kvardagslivet ikkje alltid er så enkelt som ein skulle tru, i eit samfunn kor alle trur at det å vera skeiv er blitt heilt uproblematisk.

Debattserie: kjønnsforskere om samtiden
  • Kilden kjønnsforskning.no har bedt et antall ledende kjønnsforskere å skrive om det de opplever preger deres samtid.
  • Hva er viktig, hva snakkes det om, hva snakkes det ikke om, hvor kommer vi fra, hvor er vi på vei.
  • Serien er inspirert av sosiologen.nos tilsvarende debattstafett fra 2015, Sosiologer om samtiden.

Les debattinnleggene:

Snakk om privilegier

Svak likestilling forverrer oljesmellen

Feminismen og alfakvinnen

Hvithetsalliansen mot velferd

Kjønn i stille endring

Eit homoeventyr?

Vi må lytte til samiske voldsofre

Skal vi leke egg, sæd og embryo?

Mexicos tredje genus

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.