Mexicos tredje genus

Debatt

Mexicos tredje genus

Dei sosiale konstruksjonane av kjønn og genus er endelaust varierte og i konstant endring. Sør i Mexico har ein eit velfungerande tregenussystem, skriver Stephen J. Walton.
Mer om Debatt
Mer om LHBTI
Ein muxe blir ofte forklara som ein mann i kvinnekropp. Bildet viser Lukas Avenadaño, muxe og samtidskunstnar.

I vår vestlege del av verda lever vi i ein kultur som iallfall sidan moderniteten har operert med to kjønn. Thomas Laqueur lærte oss på nittitalet i Making Sex at ein før cirka 1700 ikkje såg på manns- og kvinnekroppen som radikalt ulike. Ein såg helst på kvinnekroppen som ein veikare og mindreverdig variant av mannskroppen.

Etter som anatomilæra skreid fram, ikkje minst med hjelp av mikroskopet som vart oppfunne mot slutten av 1600-talet, forstod ein reproduksjonssystemet betre, og det voks fram ein ny ideologi på grunnlag av dei biologiske oppdagingane om at manns- og kvinnekroppen var grunnleggjande ulike. Etter kvart vart denne læra supplert av ein psykologi som også hevda at manns- og kvinnesinnet var grunnleggjande ulike.

Med moderniteten vart det vestlege tokjønnssystemet til.

Med moderniteten vart det vestlege tokjønnssystemet til. Desse to kjønna fekk seinare lag av to genus. Genus er sosialt kjønn, og i modernitetens vestlege kultur skulle det ideelt sett vere mest mogeleg samsvar mellom kjønn og genus, slik at menn oppførte seg maskulint, og kvinner feminint. Da vart dei fullverdige menn og kvinner.

Tvangsmessig

I alle system går det lett rot. Dei som vi no kallar «interseksuelle» og manglar klare kjønnsteikn, vart stigmatiserte som «hermafrodittar».  Oftast vart dei plasserte tvangsmessig i det eine eller andre kjønnet. I eit binært kjønnssystem kunne ein stort sett ikkje gjere anna.  Dei som fall mellom dei to genusstolane fekk det heller ikkje enkelt.

Historisk kom kjønn før genus, og på 1600- og 1700-talet var det vanleg å kalle også det vi no kallar «homoseksuelle» for «hermafrodittar». Eller dei vart heitande «sodomittar» etter kristendomens namn på den synda dei gjorde. Alle kunne synde, men det var først på 1860-talet desse «mennene i ein kvinnekropp» vart døypte om til «homoseksuelle», etter eit par tidlegare forsøk som ikkje slo an, til dømes Karl Heinrich Ulrichs’ framlegg om «urningar». 

No var ikkje samkjønna sex noko kven som helst potensielt kunne falle hen til. Det danna grunnlag for ein tilstand, og ein diagnose. Det vart til noko ein var, og vart dermed til ein identitet. Grupper med denne identiteten kjenner vi til frå mykje tidlegare enn 1860-åra. Dei ser ut til å ha vakse fram i kulturmøtet mellom europearar og urfolk i Amerika. Det finst dokumentasjon på dette frå Brasil så tidleg som 1609.

Les også: Tøft å være trans, også i litteraturen

Les også: Skeive med etnisk minoritetsbakgrunn usynliggjøres

Protohomoseksuelle urfolk


I likhet med samfunnet, er genussystemet i stadig endring, skriver Stephen J. Walton. Foto: Ragnhild Fjellro

Ideen om «menn i ein kvinnekropp» (og sjeldnare «kvinner i ein mannskropp», men dei var det jo få som brydde seg noko særleg om) nærma seg de facto ein genuskategori i hundreåret frå 1869, da ordet «homoseksuell» vart brukt for første gong, til 1969, da Stonewall-opptøyane i New York synte ei overraska verd at homoar kunne gjere det genuskategorien tilsa at dei ikkje skulle kunne gjere, nemleg å slåst som «menn». I hundre år i vår kulturkrins gjekk homoseksuelle menn over genusgrensa, og var forventa å oppføre seg som kvinner. Lesbene kryssa hin vegen. Slik sett kan ein seie at vi i hundre år faktisk hadde eit firegenussystem i vår del av verda. 

I dei nedbrende ruinane etter us-amerikanaranes folkemord på urfolka fann dei også restar etter både tre-, fire- og femgenussystem.

Seksualantropologien oppstod som vitskapsgrein om lag samtidig som den første organiserte homorørsla voks fram i Tyskland på 1890-talet, og det var stort sett meir eller mindre ope homoseksuelle som dreiv han fram. Motivasjonen deira bestod i å prøve å leite fram samfunn som forvalta homoseksualiteten på ein betre måte enn den vestlege moderniteten gjorde. I dei nedbrende ruinane etter us-amerikanaranes folkemord på urfolka, fann dei også restar etter både tre-, fire- og femgenussystem. Desse gamle forteljingane frå folkegrupper som i mellomtida var blitt oreigna og audmjuka, og som langt på veg hadde mista kunnskapen om sine eigne tradisjonar, vart henta pietetsfullt fram att av den første organiserte homorørsla i USA, som kom til først på 1950-talet.

I overleveringane av antropologanes funn gjorde ein transgenuspersonane i dei nordamerikanske urfolkssamfunna til ein slags protohomoseksuelle, noko dei slett ikkje var. Dermed mista ein lett or sikte det kulturelt spesifikke ved dei, og ein hadde lett for å sjå bort frå dei materielle vilkåra som i kvart tilfelle hadde gjort genusrollene til ein del av eit samanhengande sosialt system.

Tregenussystem

Eg har no arbeidt i nokre år med eit samfunn langt sør i Mexico som har eit velfungerande tregenussystem. Det vil seie at dei to kjønnskategoriane mann og kvinne blir utfylt av dei tre genuskategoriane maskulin, feminin og muxe. Ein muxe blir ofte forklara i dette samfunnet – eg sit der no, og skriv dette – med uttrykket til Ulrichs, som menn i ein kvinnekropp. Eg høyrde uttrykket seinast i dag ved frukostbordet.

Når det gjeld sex, trumfar genus alltid kjønn her.

Ordet muxe er zapotekisk, og er avleidd anten av det spanske ordet for kvinne, eller av eit zapotekisk ord for feiging: Den første forklaringa er langt den mest populære her, men det er påfallande at i mange urfolksspråk i Nord-Amerika tydde nemninga for transgenusmenn nettopp «feig». Det var dei som ikkje brydde seg om barske maskuline tidtrøyter som krigføring. 

Samfunnet her er interessant fordi det er eit moderne, urbant samfunn med ei levande og oppegåande transgenusgruppe. Dei blir kort sagt definerte med dei tre vanlege kriteria: Dei gjer kvinnearbeid, dei har ein feminisert sjølvpresentasjon langs ein skala frå lettare feminisert mimikk til heiltidsbruk av kvinneplagg med mange mellomsteg, og dei er seksualpartnarar til heteroseksuelle menn. Når det gjeld sex, trumfar genus alltid kjønn her.

Høg sosial status

Tradisjonelt har homogenusforhold vore uglesette, såleis sex mellom to maskuline menn, mens heterogenusforhold har for det meste vore aksepterte. Det verkeleg uvanlege her er at transgenusmennene har hatt høg sosial status. Dette heng saman med at også kvinnene her har hatt ein annan sosial status enn i resten av Mexico. Dei har vore økonomisk aktive, og er aktive som kulturberarar, og har såleis forvalta både økonomisk og kulturell kapital. Dette har skapt ein habitus som sjølvbevisste og sterke.

Dette er eit av relativt få samfunn i Latin-Amerika der menn som blir til sosiale kvinner, ikkje rykkjer nemneverdig ned i sosial status. I tillegg er muxes nyttige. Dei jobbar ute, tener pengar, og utfører omsorgsfunksjonar i familien. Og dei er jo menn. Dermed blir det ofte sagt at dei gjer alt det kvinner gjer, berre betre enn kvinnene. Dette gjeld ikkje minst sex, seier ikkje minst dei heteroseksuelle mennene etter eit par øl med eit synleg glimt i auget.

Les om forfatteren i vårt portrett.

Les også: Nye tider for spanske lesber

To kjønn, ett genus

I Norden er vi no godt på veg mot eit system med to kjønn, og eitt genus: Mange av oss meiner at vi som samfunn og ikkje minst som foreldre, ikkje bør behandle gutar og jenter ulikt, og vi forventar at dei skal oppføre seg likt. Genussystemet i dette samfunnet i Mexico har ikkje kome dit, og det er ikkje sjølvsagt at det kjem dit heller. Samtidig er genussystemet her dynamisk, slik alle genussystem er, fordi samfunnet endrar seg raskt overalt, og genussystemet alltid er ein del av ein finstilt sosial mekanisme.

Det eit samfunn som dette lærer oss, er kor intrikate dei sosiale konstruksjonane av kjønn og genus er.

Muxe-rolla blir no utfordra av tre faktorar: Kvinnerolla endrar seg, slik at kvinnene no går inn på arenaer så som politikken, der dei har vore fråverande før. Samtidig mistar muxes den økonomiske dominansen dei hadde som menn. Mogelegheita for kjønnskorreksjon gjer at det no finst ei gruppe muxes som endrar kjønnsteikna, og får ein annan morfologisk status. Og det finst ei synleg og aktiv gruppe middelklassemenn som praktiserer ein homoseksualitet av den likestilte, globaliserte typen som vi straks kjenner att frå Europa. Desse tre faktorane vil garantert endre dei performative aspekta av muxe-rolla i åra som kjem.

Det er ikkje forskarens oppgåve å spå, og både vårt genussystem og systemet her kan utvikle seg på uføresette og dermed overraskande måtar. Det eit samfunn som dette lærer oss, er kor intrikate dei sosiale konstruksjonane av kjønn og genus er. Dei løysingane som samfunn finn for at folk skal kunne leve saman, er mangfaldige og endelaust varierte, iallfall dersom dei ikkje blir valsa ned kapitalistisk uniformering og biologistisk nonsens.