Astrid Brekken: Kven snakkar i NRK – og kva snakkar mediene om?

Vi veit at mediene påvirkar. Derfor er det viktig at kvinner er synlege i mediene – og det er viktig kva måte dei er synlege på.

NRK hadde ikkje ofra mange tankar på dette da ei gruppe feministar, alle tilsette i NRK, i 1973 laga undersøkinga ”Hvem snakker i NRK”.

Det starta med at ein radiomedarbeidar ein ettermiddag fekk ideen å telle kor mange kvinner og menn ho høyrde i løpet av tre timar. Ho noterte 28 menn og ei kvinne – kvinna var hallodama.

Var dette ei arbeidsulykke, eller sa det noko om korleis det stod til med kjønnsfordelinga i NRK-programma?

Og så rulla snøballen. Vi organiserte eit tellekorps på 60 kvinner, og tok for oss radio- og fjernsynsprogram i fire veker i oktober-november 1973, eit tilfeldig vald tidsrom.  Vi ville ha svar på kven som medvirka i NRK-program – kvinner og menn – men også kva yrke eller rolle dei framstod med i programmet.

5014 menneske snakka i radio i desse fire vekene. Av dei var 78,5 % menn, 21,5 % kvinner.

I fjernsynet medverka 1736 personar. Av desse var 74,7 % menn, og 25,3 % kvinner.

Mennene representerte ein stor variasjon av yrke, frå statsminister til søppelarbeidar. Kvinnene var stort sett å finne i rubrikken for medvirkande utan yrke – oftast som husmødre/koner/mor/ung/ugift.

Mennene var sterkast representerte i rubrikkane for politikarar og leiande stillingar og tillitsverv.

Tellekorpset skreiv notatar i margen. Eit notat gjev assosiasjonar til Big Brother:

Programmet ”Stålmannen Haukeland” viser ”den mest groteske demonstrasjon av såkalt mannlig virilitet og kvinner som objekt for kunstnerens dyrkelse. Haukeland ble framstilt som en kraftfull urmann, naken og med svulmende muskler, slurpende rå egg, spisende rått kjøtt og drikkende øl rett fra flaska. Dynamisk, aggressiv og brutal, med automatisk telefonsvarer som fortalte at han i øyeblikket var opptatt med å ligge med kona. – Vi fikk noen glimt av kona som underordnet medhjelper…”

Vi gjekk til pressa med våre funn, og først da informerte vi leiinga i NRK om undersøkinga.

Ikkje alle mennene – for det var massiv mannsmakt i NRK i 1973 – var lykkelege over jobben vi hadde gjort gratis.  Dei hadde ynskt bli fortalt om tiltaket før pressa fekk vite resultatet.  Undersøkinga skapte debatt.

Men internt i NRK skjedde lite. Derfor telte vi på nytt i 1983. Det viste seg at fordelinga mellom kvinner og menn i programma var lite endra.

Lov om likestilling mellom kjønna tro i kraft 15. mars 1979. Det gjekk seks år før NRK’s likestillingsavtale vart underteikna  4. mars i 1985. Våre to undersøkingar av kven som snakkar i NRK førde til at Likestillingsutvalet i NRK tre gonger i ettertid laga tilsvarande undersøkingar, nå kalla offisielle rapportar til Kringkastingssjefen – i 89, 91 og 95. 

 

Dersom vi tar snitt-tal for radio og fjernsyn, var prosenten kvinner i 1973 22, i 1995 31,5.

Likestillingsutvalet registrerte også taletida for kvinner og menn, og for kvinnene gjekk taletida ned frå 89 til 95 – frå 31 til 28,5 %.

Kven som snakkar i NRK i dag veit vi ikkje. Dersom vi ser på kjønnsfordelinga i medlemsmassen til Norsk Journalistlag var det i 1983 21 % kvinner. I 2006 var kvinneandelen auka til 41,7 %.

Det er fleire kvinner i leiande stillingar i NRK i dag enn tidlegare, og vi er fleire kvinnelege journalistar. 

Har så dette gjort utslag i kven vi intervjuar og kva vi snakkar om?

Det er på tide å lage ei ny undersøking.  I ein periode hadde NRK ein likestillingskonsulent, men stillinga vart fjerna i 1995, trass i 1200 skreiv under på ein protest mot nedlegginga.  NRK har eit Likestillingsutval framleis, sjølv om det lever eit temmeleg anonymt liv. Det står ikkje eingong under bokstaven L på intranetter i NRK.

Så kanskje vi må ta saka i eigne hender – som på 70-talet?

 

Eit lite blikk på nåtida.

Mange forteljingar om kjønn blir fortalde i mediene.

Enkelte er uhyggeleg bakstreverske. Eit eksempel: Pornografi.  Prosessen der pornografi glir inn i kvardagslivet vårt har i medieforskinga fått det lekre namnet ”porn chic”.

Det er kjønnsrollefundamentalisme i mykje av pornografien: Kvinnene viser seg fram, lokkar ved å opptre lidderleg, for deretter å stå til teneste.  Mennene let seg fange inn og er konstant prestasjonsdyktige maskiner. 

Pron chic ser vi særleg i reklame – motereportasjar – ungdomsmagasin – i visse TV-program, i musikkvideoar. Kjønnsidentiteten smalnar, det kvinnelege og mannlege spelrommet blir snevra inn. Dette mediebildet ser vi enda tydelegare i enkelte andre land – i Frankrike kastar mange nå ut fjernsynet på grunn av pornografisering av både programinnhald og reklame.

Forteljingane om kjønn i mediene dreier seg både om korleis kvinner framtrer i mediene, og om kor mange kvinner og menn vi ser og høyrer.  Ei internasjonal undersøking frå 1999 av radio, TV og aviser viste at 18 prosent av kjeldene i nyhendesaker var kvinner, 82 prosent menn.

I artikkelen ”Mannsbastioner med iboende treghet” skriv Elisabeth Eide, førsteamanuensis ved Journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo:

”Mediene har ambisjoner om å 'speile' samfunnet, de vil informere allmennheten om 'det som skjer'. Men hva slags speil er de egentlig? Hvorfor blir noen mennesker borte eller strektynne i nyhetsbildet, mens andre antar voldsomme dimensjoner?”

Artikkelen står i boka ”Til dagsorden! Journalistikk, makt og demokrati” redigert av Martin Eide.

Fleire undersøkingar av kvinners rolle i mediene viser at kvinner først og fremst er interessante som blikkfang. Babe-effekten er eit ord som fortel om ei framstilling av kvinner som forlystelsesobjekt. Eide forklarar framstillinga av kvinner som ”babe” som eit resultat av mannleg maktutøving i redigeringsfasen, og spesielt på underhaldningssidene.

Dette skjer altså samtidig med at vi har fleire kvinner som deltek i samfunnsliv, arbeidsliv og politikk. Vi har fått fleire kvinner i journalistikken. Kvinners deltaking i samfunnet i stort står ikkje i forhold kvinners låge deltaking og måten kvinner bli framstilte på i mediene. Mediene synleggjer ikkje den plassen kvinner faktisk har i samfunnet.

Vi manglar ikkje utfordringar.

 

Syttitalet var eit aktivt tiår – da oppstod også Engebret-bevegelsen.

Engebretbevegelsen hadde sitt første møte 4. nov 1974, og initiativet kom frå to journalistar i dagspressa – Gerda Vislie og Harriet Eide. I starten var tema for møta særleg lønnsspørsmål og arbeidstilhøve for kvinnelege journalistar. Møtereferata viser at i siste halvdel av Engebret-bevegelsens tiår vart kvinnelege stoffområde i pressa debattert. På eit møte i desember 1981 vart framhald av Engebret-bevegelsen grunngjeve blant anna med behovet for å dekke “enkelte stofftyper som rett og slett bare ivaretas av kvinner”. Engebret-bevegelsen stilte også spørsmål ved dei tradisjonelle nyhendekriteriene: Kva er eigenleg nyhende?

For om det er viktig å telle, er det minst like viktig å vurdere innhald og framstillingsmåte.

På det siste møtet i Engebret-bevegelsen 18. mars 1985 las journalistane Gerda Vislie og Eva Braathen Dahr frå journalist Reidun Kvaales bok om kvinnelege journalistar – Kvaale døydde i 1984.:

”Innerst i sjelen min sitter en irritasjon som truer med å bli til ekte forbannelse: Hvem gir mediene våre rett til å slå med knyttnever hele døgnet gjennom? Hvem bestemmer at vi skal være dagevis opptatt av småkrangelen mellom to topp-politikere, og av meningsmålinger som flytter partitilhørigheten noen fattige desimaler hver gang?”

Maria Utheim arbeider med ei hovudoppgave om Engebret-bevegelsen, og ho deltok på seminaret "Opp fra fotnotene" - om kjønn og medier i norsk pressehistorie” 1. nov. 2006, arrangert av bokprosjektet "Norsk presses historie 1763-2010" og Norsk Pressehistorisk Forening.

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.