Bak mytene om husmora

Husmora på 1950-talet skulle helst vere både solstråle, hushjelp, innkjøpssjef, barnepleier og lidenskapleg hustru. I tillegg meinte fagfolk at mor gjorde mykje gale. Men kven var husmora og korleis oppfatta ho seg sjølv? Boka Husmorhistorier - norske husmødre om menn, barn og arbeid tek oss med bak mytene.

- Jentene som vart husmødre på 1950-talet jobba frå dei var små med å hjelpa mor si med husarbeid. Dersom mor ikkje var heime tok dei på seg hennar arbeidsoppgåver også, fortel Hilde Danielsen, kulturforskar ved Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen, som har skrive boka om husmorepoken. Jentene vart møtte med forventningar om at dei skulle verta husmødrer når dei vart vaksne, og gå i mor sine spor.

Motivasjon

Husmødrene på 1950-talet, som talde 53 prosent av dei vaksne kvinnene, var langt frå ei einsarta gruppe. ’Husmorhistorier’ er skriven på bakgrunn av eit rikt og variert materiale som omfattar både munnlege og skriftlege kjelder. Gjennom Danielsen sine intervju får me direkte kontakt med husmødrer frå industristadane Odda og Tyssedal. Fleire av kvinnene ho møtte syntes det var kjekkare å hjelpa mora med å vaske hus og passe born enn å gjere skulearbeid i oppveksten. Ein god del jenter fekk seg huspost i ung alder og husmorskulane som staten oppretta, var ein veg mange unge kvinner gjekk før dei vart gift.

- Motivasjonen min var å få fram kvardagen til dei vanlege husmødrene. Husmorepoken er ein viktig del av referanseramma i dagens familieliv. Denne delen av historien har ofte blitt gløymt. I tillegg ynskte eg å gå bak mytene og få mangfaldet fram, forklarar Danielsen. Å vere husmor var ein mykje vidare identitet enn me tenkjer oss i dag, og sjølv kvinner med tre jobbar oppfatta seg som husmødrer.

I familien og samfunnet si teneste

Ungdomsåra var for mange kvinner ei ventetid fram mot ekteskapet. Med giftarmål og eigen familie, tok det verkelege livet til. Det var forventa at ekteskapet gav kvinna alt ho ynskte seg. Men ho måtte gje svært mykje av seg sjølv for at det skulle fungere, noko husmødrene oftast var heilt innstilte på etter ei oppseding nært knytt til ordtaket: ”Den største gleda ein kan ha er å gjera andre glad”.

Arbeidet i heimen bestod av mange ulike arbeidsoppgåver, husmora var ofte først opp og sist i seng. Kvar dag skulle stort sett det same gjerast, og mange vart slitne av det tunge arbeidet. Negative forestillingar om husmødrer har difor lagt vekt på at arbeidet i heimen var undertrykkande for høve til sjølvutfalding, og i tillegg var det eit stadig fokus på kva kvinnene gjorde galt.

Arkitektane meinte kvinnene innreia husa sine som ubrukelege søndagshus. Maten måtte vere meir næringsrik for å unngå trøtte born og husmora burde planlegge tida si betre. Det pågjekk også ein sterk kampanje frå fagfolk som Åsa Gruda Skard og Dr. Spock for å få husmødrene til å vere meir med borna sine.

- Kvinnene jobba hardt og følte at heimen og samfunnet vart knytt saman av det arbeidet dei gjorde. Arbeidet var verdien i livet, og det gav sjølvrespekt, seier Danielsen og siterer ei av kvinnene: ’Eg har ikkje lagt på roser, men eg har hatt eit godt liv likevel, eg har arbeidd mykje’.

Ikkje offer

- Tanken om husmora i offerrrollen var ikkje særleg utbredt blant dei intervjua kvinnene, påpeikar Danielsen. Likevel – det var ein offentleg debatt om korleis dei skulle unngå å kome i offerrolla. Psykiateren Borghild Krane meinte kvinner burde oppvurdere husmorarbeidet sitt og ikkje la nokon undervurdere det. ’Husmorbladet’ retta søkjelys på morsdagen og ba kvinner bli flinkare til å ta i mot hjelp og gåver. Andre fagfolk oppmoda kvinner til å sjå annleis på offerrolla, og ikkje tenkje på å oppdra born som eit offer.

Husmora etterlyste fokus på det gode ho gjorde. Ho kjende det svært verdifullt å få gje av seg sjølv til andre utan å støtt krevje noko tilbake. Denne delen av kvinneidentiteten på 1950-talet er nærast borte i dag, saman med husmora som rolle og institusjon.

Endringane var i full gang utover 1950-talet. Fleire kvinner sette spørsmålsteikn ved arbeidsdelinga mellom kjønna i familien, og hevda at det arbeidet kvinnene gjorde i heimen var like krevjande som det mannen gjorde ute. I tillegg hadde ikkje kvinna fri om ettermiddagen. Slike problemstillingar gjorde at fleire kvinner opplevde arbeidet heime som todelt. På den eine sida vart husmødrene heidra som berebjelkar i samfunnet, men på den andre sida kjende dei seg ikkje verdsett av familien. Dei la ofte ikkje merke til arbeidet hennar før det ikkje vart gjort. Kimen til kvinneopprøret på 1960- og 1970-talet starta med ein uro allereie på 1950-talet.

Mange av dagens familieideal kjem frå denne epoken i norsk historie, samstundes som mange tek avstand frå kvinnerolla som gir utan å krevje noko tilbake. Danielsen meiner at fokuseringa på 1950-talets husmødrer gir perspektiv til dagens debattar om familieliv.

- I dag tek mange avstand frå den offerrolla som husmora vert tillagt, men likevel er husmora ein sentral premissleverandør i dagens samfunn, hevdar Danielsen. Samstundes med at mange avviser husmorlivet vert ideal frå den tida framheva i vårt samfunn, der kvinner oftast har hovudansvaret for hushaldning og born.

- Det interessante med 1950-talet i forhold til foreldreskap er at denne tida er eit bakteppe me i dag kontrasterer familieliv mot, avsluttar Danielsen.

Boka ’Husmorhistorier’ knyter kvinners eigne historier opp mot tidas ekspertråd om alt frå mat og barneoppseding til kjøkkeninnreiing. Med den historiefaglege bakgrunnen som fundament fungerer boka godt på fleire plan og er både morosam og kunnskapsgjevande å lese.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.