Kvinneliv i Noreg og Tyrkia

Både i Tyrkia og Noreg taklar kvinner ein kjønnsdelt arbeidsmarknad og har hovudansvaret heime. Men medan norske kvinner kan støtte seg på partnerne sine og staten, får tyrkiske kvinner i større grad hjelp frå storfamilien og særskilt mor.

Dette kom fram då Sevil Sümer ved Universitetet i Bergen nyleg forsvara sin doktorgrad i sosiologi. Ho har studert dynamikken i familie- og kjønnspraksis i norsk og tyrkisk kultur, nærare bestemt storbyliv.

11 norske og 16 tyrkiske par vart blant anna spurt om familie- og kjønnsspørsmål, deling av husarbeid og barnepass, arbeid utanfor heimen, og deira forhold til staten. Sümer fann likskap mellom Noreg og Tyrkia når det gjaldt omsorgs- og husarbeid.

- Det er framleis kvinner som både føler meir ansvar for og som faktisk utfører meir omsorgs- og husarbeid, seier Sümer.

Eit anna likskapstrekk mellom landa er at det er stort sett kvinner som kutter ned på jobben utanfor heimen når arbeids- og familiekrava kolliderer. Sümer meiner at det ikkje nødvendigvis er noko galt i dette så lenge det er eit reelt val. Ho peikar på at det kun er eit reelt val når kvinna har eit støttande nettverk rundt seg der partneren hjelper til med born og heim, vener og slektningar som bur i nærleiken, og ikkje minst offentlege institusjonar som tilbyr barnehagar til fornuftige prisar.

- Min visjon om eit godt samfunn er der småbarnsforeldre sine problem vert omtala som ’offentleg sak’ og ikkje ’private problem’, seier Sümer.

Den norske velferdsstaten, og såleis økonomi, er den viktigaste faktoren som skil norske og tyrkiske familieliv frå kvarandre i praksis. Tyrkiske liv er dominert av den frie marknad, og den tyrkiske staten har ikkje ein økonomisk base som kan finansiere likskap mellom kjønna. I staden har den siste økonomiske krisa ført til at endå fleire kvinner sluttar i arbeid.

Men Sevil Sümer understreka i si doktoravhandling at skiljet mellom løna og uløna arbeid framleis er sterkt kjønna i Noreg. Noreg var fram til 1990-talet mindre utvikla enn andre skandinaviske land når det gjaldt kvinner sine høve til å kombinere morsrolla med ein annan jobb.

- I Noreg vert staten oppfatta som venleg av dei spurte, og det er viktig at staten har endra innhaldet i farsrolla, blant anna ved å innvilge farskapspermisjon. Dei tyrkiske para såg på staten som meir ei hindring for likestilling og hadde ingen forventningar til den, svara Sümer under disputasen.

Dette er, ikkje uventa, berre ein av fleire ulikskapar mellom landa. Men det som faktisk var overraskande var norske og tyrkiske par sine definisjonar av omgrepet ’familie’. Dei norske para la ei meir avslappa tyding til omgrepet enn dei tyrkiske para. Storfamilien er inkludert hjå nordmennene som definerte ’familie’ ut i frå kven dei inviterer til høgtidsselskap. Tyrkarane synte ei meir snever forståing av ’familie’ der personane ein tener pengar for å forsørgje er inkludert.

Sümer trakk sjølv fram tidsaspektet som eit av dei viktige funna i undersøkinga. Norske par føler i langt større grad enn tyrkiske at tida til familien, til seg sjølv og i somme tilfelle til jobben er for knapp. Individualisme er difor ofte noko ein trur står sterkt i Noreg, medan det i praksis vert brukt så mykje tid på born og partner at det individualistiske kjem noko i bakgrunnen.

Opponentane professor David Morgan og professor Zehra F. Arat la vekt på at det var eit svært interessant og stimulerande arbeid som var gjort, og spesielt spanande med samanlikning av to kulturar. Sümer si avhandling Global Issues / Local Troubles: A Comparative Study of Turkish and Norwegian Urban Dual-Earner Families vart sagt å røre ved hjarta i sosiologien, sidan doktorgraden kopla det globale med det lokale og i tillegg tek ein med inn til folket.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.