Prostitusjon liknar på anna kroppsarbeid

Prostitusjon bør ikkje kriminaliserast på nokon måte. Me tek betalt for anna kroppsarbeid og bør akseptere kroppen som salgbar vare også gjennom prostitusjon.

Det hevdar Martha C. Nussbaum, professor i Lov og etikk på universitetet i Chicago, i boka Sex & Social Justice. Nussbaum var ein av forfattarane som vart diskutert på seminar på Senter for kvinne- og kjønnsforsking i Bergen nyleg. Lov, rett og prostitusjon var tema på seminaret som tok opp ulike feministiske tilnærmingar til prostitusjon og korleis den skal lovregulerast.

Nussbaum meiner at det er mykje sams mellom den prostituerte og andre kroppsarbeidarar. Ho peikar blant anna på tenestepiker som har eit lite respektabelt yrke og som kan, som den prostituerte, oppleve dårleg oppførsel frå kunden. Massøren sin arbeidssituasjon liknar på den måten at ho tek imot ordrar frå kunden og har intim kroppskontakt. Sport og kunst vert også samanlikna med prostitusjon.

Den største forskjellen på prostitusjon i forhold til anna kroppsarbeid er derimot det sterke stigmaet som fylgjer prostitusjon. Nussbaum meinar me bør kvitta oss med gamle fordommar og irrasjonell tenking. Feministen Mary Joe Frug hevdar også i si bok frå 1992 at det er viktigare med ei haldningsendring enn ei lovendring.

- Stigmaet kring prostitusjon påverkar ikkje nødvendigvis berre dei prostituerte, men kvinner generelt, meiner Dag Stenvoll, stipendiat på Senter for samfunnsforsking (SEFOS).

- Det går ikkje på at menn trur at alle kvinner kan kjøpast, men på det at kvinner heile tida må prøve å ikkje framstille seg som horete. Dette er eit problem med store sosiale konsekvensar, seier Stenvoll.

Alle forfattarane som vart diskutert på seminaret er einige i at prostitusjon er eit uttrykk for mannsdominansen og dei patriarkalske trekka i samfunnet vårt. Dei meinar at stigmatiseringa av prostitusjon er knytt opp mot kjønnshierarkiet i samfunnet vårt der kvinneleg seksualitet vert kontrollert.

- Sidan dei orienterer seg innan feministisk tenking er dette deira utgangspunkt. Men dei er ueinige i korleis ein bør forhalde seg til lovgjeving kring prostitusjon, seier stipendiat Cathrine Holst som var ansvarleg for seminaret.

Catharine MacKinnon ynskjer å leggje ei skildring av kvinner sin virkelighet inn i lovverket. Ho ser for seg eit aktivistisk lovverk som tek utgangspunkt i kvinner sitt perspektiv, der den mannlege dominansen blant anna vert uttrykt.

Professor Drucilla Cornell er ueinig i denne strategien. Cornell meiner at eit lovverk kring prostitusjon bør ta utgangspunkt i den enkelte sin rett til fridom og sjølvrespekt. Ho meiner at kvinna vert eit offer også i loven om utgangspunktet er at kvinner blir dominert av menn.

- Cornell advarar mot å stereotypisere kva kvinner er. Dette er ein dårleg strategi som ho oppmodar feministar til å avvise, forklarar Holst. Ho meiner sjølv at Nussbaum har rett på eit sentralt felt. Det er viktigare å fokusere på andre tiltak enn kriminalisering av prostitusjon dersom målet er å betre dei prostituerte sin livssituasjon. Holst meiner at det burde vore tilbod om alternativt arbeid med anstendig løn og arbeidsvilkår. Utdanningshøve er også viktig for at dei prostituerte skal få reelle alternativ til sal av seksuelle tenester.

I Norge har me ein blanding av dei to nemnde perspektiva i vår lovpraksis, og prinsippet om frivillighet står her sterkt. Hallikverksemd er forbode i Norge, men kriminalisering av seksuelle tenester vart avvist i år 2000 av frykt for konsekvensane for kvinnene. I Sverige har dei derimot kriminalisert horekundane, men evalueringa av denne lovreguleringa er enno ikkje klar.

Seminaret på Senter for kvinne- og kjønnsforsking i Bergen gav ei påminning om at det er viktig å finne ein sams plattform i diskusjonen kring lovregulering av prostitusjon. Kjem menneska før ideala eller ideala før menneska?

Lov, rett og prostitusjon var det siste seminaret i ei rekkje på fem seminar om Feminisme, politikk og filosofi. Det har vore både god deltaking og fagleg breidd på møta. Flest stipendiatar og hovudfagsstudentar har vore med, men også nokre lågaregradsstudentar har synt stor interesse for seminarrekkja som var åpen for alle.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.