Kvinner fryktar seksualisert vald

Mange kvinner føler at offentlege rom er truande etter det er blitt mørkt. Korleis skal me forstå at kvinner fryktar å gå heim aleine om natta?

- Me har ei forestilling om at me er i fare, seier Anne Britt Flemmen. Ho er førsteamanuensis på Sosiologisk institutt ved Universitetet i Tromsø, og har forska på korleis frykt for vald i det offentlege rom vert skapa og oppretthaldt.

Kvinner si kjensle av å vere utrygg i byens gater og smau vart allereie aktualisert i 1886 av Ragna Nielsen som var leder av Kvinnesaksforeininga i Kristiania. På den tida vart kvinner som gjekk ute aleine om kvelden rekna som ”dårlege” kvinner. Kvinnesaksforeininga arbeida med å fjerne skiljet mellom ”gode” og ”dårlege” kvinner då denne forestillinga reduserte kvinner sin offentlege fridom.

I dag er det langt fleire relasjonar mellom kvinner og menn enn det var for nokre år tilbake, men tankegangen endrar seg ikkje i same tempo. Flemmen meiner at dei motstridande signala som kvinner møter skapar frustrasjonar og gjer det vanskeleg for unge jenter.

- Paradokset i dag er at på papiret er me likestilte, men i praksis er me det ikkje likevel. Me tenkjer at det er trygt å gå heim aleine om natta, men samstundes skal me vere redde fordi me har lært at det kan skje eit overgrep kor som helst, seier Flemmen. Slik får våre symbolske forestillingar om offentlege rom på nattetid konkrete konsekvensar for kvinner.

- Noko av problemet er korleis menn generelt tenkjer omkring maskulinitet. Dette er eit stort problem fordi dei fleste menn er ikkje overgriparar, men fleire menn oppfører seg ”dårleg” overfor kvinner. Det kan vere små ting som skapar frykt, understrekar Flemmen.

Det vert rekna som små ting, men det er klare kjønna signal som vert sendt ut når ein mann utan blygsel vurderer ei kvinne sin kropp frå topp til tå, eller når kvinner må tåle fleip, merknader og kanskje hender som klår, ein vanleg kveld på byen. Dette krenker kvinner sine fysiske grenser, men det er allereie i oppveksten at den kulturelle forståinga kring femininitet og maskulinitet får grobotn.

- Mykje av vår forståing kring rom og kjønn vert konstruert i frå barndomen. Som forelder ynskjer ein å gje borna sunt folkevett og advarer såleis jentungen mot farene som lurer. Jenter har fått mange ”gode” råd frå barndomen av, meir enn gutane. Tankekorset er at ein samstundes reproduserer frykta og avgrenser jentene, påpeikar Flemmen.

Flemmen legg til at det ikkje berre er foreldrene som bidreg til å konstruere frykt for seksualisert vald, men også skule, vener, media, politi og rettssystemet. Ho har blant anna fått brev frå kvinner som fortel at hadde dei ikkje fått høyre frå andre at dei ikkje burde gå der og der, så hadde det ikkje vore noko problem. Men problemet er der, og problemet i dag er ikkje lenger retten til å gå ute i byens gater, som i 1886, men retten til å gå fritt i gatene som skal vere vårt felles rom.

- Gode tiltak har med bevissthet og refleksjon å gjere. Det viktigaste er at kvar kvinne sjølv prøver å utvide sitt rom i sitt liv. Det er viktig å ikkje bli lamma, men heller meir bevisst, seier Flemmen.

I siste nummeret av Kvinneforskning, som denne gongen tematiserar nettopp kjønn og rom, bidreg Flemmen med ein artikkel om dei motsetningsfylte signala som kvinner møter i romlige prosessar. Som gjesteredaktør for dette nummeret har Flemmen valt ut fleire interessante forskarar som har bidrege med spanande vinklingar på korleis ein kan forstå, erfare og tematisere kring kjønn og rom.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.