Ex.phil. er respektlaus overfor kvinner

Det er allminneleg akseptert at kvinner og menn har krav på same moralske respekt. Men mange av filosofane som blir presentert på ex.phil. har et syn på kvinner som mindreverdige.

- Det er skandaløst at nye studentar sitt første møte med akademisk tenking, er prega av forelesningar og pensum som ikkje diskuterer korleis våre største filosofar har sett på kvinner som mindreverdige. Dette utgangspunktet set ofte eit sterkt preg på deira filosofiske resonnement, seier Cathrine Holst som er stipendiat ved Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen.

Holst var invitert av Kvinnefronten i Bergen nyleg, for å halde foredrag om Feminisme i Akademia på arrangementet Kvinnepolitisk salong på Bergen Internasjonale Kultursenter. Som feministisk forskar legg Holst stor vekt på det feministiske fundamentet som hevdar at kvinner har krav på å bli behandla likeverdig med menn i moralsk forstand. Også innan Akademia.

- Platon, Aristoteles, Kant og Freud var ekstremt opptatt av kjønn, sjølv om dette ikkje alltid kjem fram i tradisjonell filosofihistorieskriving, forklarar Holst.

Problemet er altså ikkje at kjønnsperspektivet er utelatt, men at kjønnsperspektivet til ex.phil. filosofane ofte er grunnleggjande anti-feministisk. Kvinner og menn vert ikkje anerkjent med same moralske respekt, og dette burde problematiserast i større grad enn det gjer i dag.

- Forelesarar og lærebokforfattarar bør få studentane til å reflektere over kva for relevans den filosofiske tenkinga presentert gjennom ex. phil har i vårt samfunn, oppmodar Holst.

Det patriarkalske tankegodset som filosofane si tenking er prega av burde vorte sett opp mot det mange meiner er riktig i dag: Å leggje likeverd mellom kjønna til grunn for vår tenking og handlemåte.

- Mangelen på feministiske perspektiv er i mange samanhenger framleis eit problem innan akademisk forsking. Det er særs viktig å legge til grunn eit feministisk moralsk standpunkt for intellektuell verksemd og vitskapleg praksis, hevda Holst i foredraget.

Feministar i Akademia burde arbeide for ei meir feministisk verdimessig forankring i forskinga, meiner Holst. For å belyse mangelen i så måte eksemplifiserer ho det med fag og pensum frå universitetet. Historiefaget har til dømes stort sett utelatt kvinner sin situasjon i grunnbøker om dansketida, mellom 1380 og 1814.

- Det er oppsiktsvekkjande at kvinner vert utelatt i store historiske verk, seier Holst. – Det er problemstillingane som er feil, med ei slagside om at kvinner ikkje er så interessante å sjå nærare på.

Ho tykkjer det er synd at det må eigne kvinnehistorikarar til for å belyse kvinneperspektivet, og legg til at historie ikkje er einaste eksempelet på universitetet. Det feministiske perspektivet er også mangelvare på fag som litteraturvitskap, filosofi, sosiologi og statsvitskap. Her kan dei feministiske kvinnerørslene vere med og setje krav til forskinga med blant anna ei konstant påminning om kor viktig det er å ha eit feministisk moralsk perspektiv innan Akademia. Det bør også vere eit krav om betre og meir forståeleg formidling av denne forskinga, men samstundes meiner Holst at kvinnerørslene ikkje kan forlange at alt som vert skrive skal vere like tilgjengeleg.

I foredraget peika Holst også på at det er mange ulike typar feminismer, og dermed stort rom for politisk usemje feminister imellom. Ho meiner at feminister bør omfamne den politiske usemja som eigentleg dreier seg om å anerkjenne at kvinner er like forskjellige som det menn er.

- Det er ein feministisk kampsak i seg sjølv, seier Holst og oppmodar feministar til å diskutere, debattere og bryne standpunkta mot kvarandre.

Cathrine Holst er stipendiat finansiert av Norges Forskningsråd sitt vitskapsteoriprosjekt og SV-fakultetet ved UiB. Hennar doktorgradsprosjekt er tredelt. Ho analyserer norsk feministisk forsking på 1990-talet i fyrste del, ved å sjå på bruken av moralske omgrep og argumentasjon. I andre del går ho vidare til å undersøkje forholdet mellom akademia, stat og sivilsamfunn i eit det norske statsfeministiske systemet, men hovudvekta ligg på siste delen. Her kjem ei filosofisk analyse av den feministiske kritikken sine normative forutsetninger. Avhandlinga skal vere ferdig til 2005. Holst er også redaktør av ei artikkelsamling om feminisme, politikk og rettferd. Denne boka vil bli publisert i løpet av 2002 som ein del av Makt- og demokratiutredningen sin bokserie.

Cathrine Holst sitt foredrag om feminisme i akademia var det nest siste innlegget på Kvinnepolitisk salong denne våren.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.