Kvinner vil ikkje lenger ta skittarbeidet

Avføring vert rangert som det desidert skitnaste av alle våre kroppsprodukt. Avskyen mot våre eigne kroppsvæsker kan vere årsaka til rekrutteringskrisa i omsorgsyrka.

- Me kan snakke om ein omsorgskultur i krise, slår sosiolog Lise Widding Isaksen fast. Saman med Rannveig Dahle ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) har ho leia forskingsprosjektet Lukt, fukt og skam. Dei har retta søkelyset mot det tabu- og skambelagte kroppsarbeidet i helse- og omsorgsarbeidet.

Forskarane har undersøkt kva slags førestellingar om og erfaringar studentar og tilsette i helse- og omsorgssektoren har med kroppsutsondringar. Brystmjølk kom opp som det reinaste og mest uproblematiske kroppsproduktet. Blod, oppkast og snørr er langt meir problematisk, men det eklaste og skitnaste kroppsproduktet var avføring. Desse kroppsutsondringane er helsearbeidarane sitt arbeidsområde.

Sjukdom ikkje vakkert

- Det er spesielt arbeid der ein må sjå og ta på kroppslege slaggprodukt som blir stigmatisert i den moderne kulturen. Sjukdoms- og aldringsprosessane til kroppen er ikkje alltid vakre. Og det har me vanskeleg for å forholde oss til, seier Isaksen.

Isaksen er interessert i dei sosiale konsekvensane av desse kulturelle førestillingane. Me opplever ei dramatisk rekrutteringskrise til omsorgsyrka. Folk flest vert meir individualistiske og mindre tolerante. Ein kropp som lekker, buler og lukter er ekkel og avskydd. Idealet er den politisk korrekte kroppen me stadig ser i treningsstudio og i reklame.

Isaksen understrekar eit alvorleg paradoks i denne samanheng. I dei situasjonane der du treng mest omsorg, når du lider og ikkje tek deg godt ut, då skyr folk deg. Me ventar å få empati, men denne forventinga er i utakt med ynskjet om å gje omsorg.

- Me har vorte mindre tolerante overfor lidinga til andre menneske. Særleg i forhold til kroppslege produkt som oppkast, avføring og urin, som nettopp uttrykker liding, seier Isaksen.

Vil ikkje kritiserer helsearbeidarar

Isaksen presiserer at forskingsprosjektet ikkje ynskjer å kritisere helsearbeidarar. Det er tale om ein sterk kulturkritikk som vil den reduserte toleransen til livs. Vårt kulturelle syn på kroppsprodukt skapar nemleg eit sosialt og kjønna hierarki. Kroppsnært omsorgsarbeid er lågast rangert, og arbeid med kroppens slagg, lukter og skitt er i ferd med å bli eit stigmatisert arbeidsfelt. I tillegg vert det meste av dette arbeidet utført av kvinner.

- Kvinner vil ikkje lenger arbeide med skittarbeid, trass gleda i å hjelpa pasientar med å halde på verdigheita si, seier Isaksen. Dei vil ha respekt og plagast av mangelen på positivt omdømme. Blikket frå sjefen og samfunnet er like viktige som det nøgde blikket frå pasienten. Dei dårlege løns- og arbeidsforholda gjer ikkje saken betre.

- Det er tale om eit kraftig statusfall når det gjeld kroppsleg nærleik, kjenslemessig intimitet og evna til toleranse for den naturlege kroppen, hevdar Isaksen.

Ho etterlyser meir refleksjon om den symbolmakta kroppen er berar av. Me bør også tenke over konsekvensane av avskyen for kroppsprodukt. Det er ein gjennomgåande tendens at me unngår å sjå oss sjølve i situasjonar der det er me som lekker og treng omsorg. Me klarar ikkje lenger å leve oss inn i den lidandes situasjon.

Modig Løkkeberg

Det finst kunstuttrykk som har utfordra våre kulturelle førestillingar, men det er ein vanskeleg kamp. Vibeke Løkkeberg er den modigaste filmskaparen på dette feltet, meiner Isaksen.

– Ho har vorte kjeppjaga fordi ho har insistert på at det kan vera noko vakkert i det vemmelege. Ho har kledd feite kvinner nakne og tillate dei å tisse, drite og menstruere, seier Isaksen. - Dette vart for sterkt for den norske kulturen. Då den engelske poeten Jonathan Swift oppdaga at hans elskede som andre menneske måtte tømme seg, utbraut han: ”No wonder how I lost my wits, Oh! Caelia, Caelia, Caelia shits!”

Isaksen og Løkkeberg møtest til dialog om temaet på ein konferanse i Oslo onsdag i neste veke. Konferansen vert halden i Filmens hus 19.-21. mars og markerar avslutninga for Norges forskningsråd sitt program Kjønn i endring.

 

Kontaktinformasjon:

Lise Widding Isaksen, førsteamanuensis ved Institutt for sosiologi ved Universitetet i Bergen. Lise.Isaksen@sos.uib.no Tlf. 55 58 91 57

Rannveig Dahle, forskar ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velderd og aldring (NOVA) rannveig.dahle@nova.no

Tlf. 22 54 12 49

 

 

 

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.