Afrika kjønnsstudert frå Bergen

Kvinner vert nekta å bruke prevensjon av mennene sine på Zanzibar. I Uganda hamnar guteborna til AIDS-døde på gata.

 

Det syner to avhandlinger ved mastergradsstudiet Gender and Development ved Universitetet i Bergen. Studiet blei starta av Senter for kvinne- og kjønnsforsking hausten 2000.

Seks afrikanske og fem norske studentar er no inne i siste semesteret i det tverrfaglege studiet. Dei 11 studentane har bakgrunn frå fag som filosofi, psykologi, religionsvitskap og sosiologi og har hatt god tilgong på rettleiarar, med lærarar frå både Christian Michelsens Institutt (CMI) og ulike institutt ved Universitetet i Bergen. Det internasjonale aspektet ved studiet er også sterkt synleg. Dei afrikanske studentane kjem frå Zimbabwe, Tanzania, Zanzibar, Kenya, Uganda og Sudan, og i sist semester var dei på feltarbeid i heimlanda sine. Dei norske studentane var i same periode på Madagaskar og i Bangladesh.

- Med både studentar og tilsette frå ulike land har det vore eit svært interessant møte, fortel mastergradsstudent Halima Shamte frå Zanzibar. Ho har permisjon frå jobben sin ved barne- og familiedepartementet på Zanzibar, og dette studiet inspirerte ho til å lære meir om kjønn og utvikling i eit internasjonalt perspektiv. Heime ventar mann og dottera på 5 år på at Shamte skal levere mastergradsoppgåve si om familieplanlegging på Zanzibar, 1994-2000.

Færre kvinner brukar prevensjon

- Det er viktig å sjå kvinner sin utviklingsprosess i relasjon til menn og resten av samfunnet, poengterer Shamte. Ho legg til at ein bør lytte meir til dei erfaringane kvinnene har fordi det kan få stor tyding for samfunnet.

På Zanzibar har kvinner liten innverknad, også når det gjelder familieplanlegging. Dei vert stadig sett under press frå ulike kantar. Shamte har studert på det offentlege programmet for distribusjon av prevensjonsmidlar. Gjennom ei rekkje intervju med kvinner tilsett på helseklinikkar, frivillige distributørar av prevensjon, og kvinner som bruker og ikkje bruker prevensjon, har ho funne ut at færre kvinner på Zanzibar nytta prevensjon i perioden 1994-2000 enn i 1980-åra.

- Årsaka til den reduserte prevensjonsbruken synte seg å vere mangel på middelet Depoprovera som kvinner får injisert. Ein injeksjon varer i 3 månader, og dei fleste kvinner føretrekjer dette prevensjonsmiddelet sidan mennene deira då ikkje ser at kvinnene nyttar prevensjon, forklarar Shamte.

Pressa frå fleire hald

Det er eit problem på Zanzibar at svært mange menn ikkje godtek prevensjonsbehandling av kvinnene sine. Dei kjenner til familieplanleggingsmetodar og veit om kampanjane som går kontinuerlig, men ei rekkje faktorar spelar inn. Religion spelar ei rolle, men ikkje minst tradisjonen med å få mange born som blant anna er meint å sikre foreldra i deira alderdom. Det er ikkje gjort i ei vending å endre desse oppfatningane, og i mellomtida vert kvinnene pressa til å unngå prevensjon. Men det er ikkje berre mennene som pressar kvinnene.

- Kvinnene vert også pressa frå helsetenestene, påpeikar Shamte. Mange kvinner fortel at dei vert skulda for ikkje å nytte prevensjon, og at helseklinikkane pressar dei til å nytte det i smug.

Kvinnesak er eit meir politisk ope felt i Uganda enn på Zanzibar. Det fortel Hellen Apila, som også skal til å avslutte mastergraden sin i Bergen. I hennar heimland har ein sterke kvinneforbund og Uganda er også vertsland for den internasjonale Women`s World Conference i juli i år.

HIV/AIDS-barn med psykiske problem

Før ho kom til Bergen arbeidde Apila med HIV-smitta kvinner på eit sjukehus i Uganda. Mastergraden hennar handlar om barn sine psykiske problem i høve der foreldra er sjuke eller døde av HIV/AIDS. Ho har intervjua born, foreldrepar, enkemenn og enkekvinner som var knytt til The AIDS Widows Orphans Family Support Organisation.

- Eg fann at barna sleit med store emosjonelle problem under foreldrene sin sjukdom og desse problema fortsette etter mor og far sin død, seier Apila. Barna er konstant nervøse og uroar seg kring kva som skjer, kva dei skal gjere når foreldra dør, og kvar dei kan finne husrom og mat. Dei er prega av ei sterk frykt for framtida som vert forsterka ved at HIV-smitta foreldre sjeldan snakkar med borna sine om sjukdomen og fylgjene av den, noko som aukar byrda på barna.

- Dette er eit kulturelt aspekt. Det er rekna som uanstendig å snakke med barna eller nokon i det heile om seksuelt relaterte saker, noko HIV/AIDS absolutt er, forklarar mastergradsstudenten frå Uganda.

Ulikt for jenter og gutar

Apila meiner at jentene og gutane går ulike lagnader i møte etter foreldre sin død. Jentene vert raskare adoptert til ein annan familie enn gutane. Jentene arbeider tradisjonelt sett heime, og i fylgje Apila sine funn, ser den nye familien jentene som gratis hjelparar i hushaldet. Jentene vaskar, hentar vatn, lagar mat og serverer mennene. Guteborna er det knytt meir utgifter til. Det er gjengs oppfatning at dei treng skulegong. Slike utgifter er ikkje så attraktive for den nye familien og gutane vert difor ikkje like raskt tilboden husrom.

- Kanskje dette er årsaka til at det er flest guteborn på gatene i Uganda, spør Apila. Myndigheitene set kontinuerlig i verk tiltak for å redde borna med foreldre døde av AIDS, og kjønnsforskjellen vert då synleg.

- Gutane som er vorte gateborn vert ofte oppdaga av det offentlege, medan jentene sine lagnader som arbeidarar i ein ny familie er eit skjult problem for myndigheitene, seier Apila.

Heim i juli

I juli reiser både Hellen Apila og Halima Shamte tilbake til sine heimland med mykje ny kunnskap og røynsle i bagasjen. Deira håp er å få nytte den nye lærdomen kring kjønn og utvikling heime og få spreidd sine syn, til tross for at dei har ei annan tilnærming enn den tradisjonelle på deira respektive heimstader.

- Det har vore fantastisk å få høve til å sjå korleis kvinne- og kjønnsperspektivet er i andre land, og spesielt gjennom det spanande og attraktive programmet ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, roser Hellen Apila.

Benedicte Solheim, koordinator på studiet ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning i Bergen, nyttar samstundes høve til å oppmode norske studentar med cand. mag.-grad å søke om opptak til det nye kullet som startar til hausten. Søknadsfristen er 15. april. Programmet for kullet som startar til hausten vert finansiert av NORAD, noko som er nytt av i år.

 

 

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.