Krenka av hjelpeapparatet

Forsking syner at mange brukarar føler seg krenka og umyndiggjort i møte med trygde- og sosialtenestene. Kvinner og menn meistrar dette på ulike måtar.

Temaet makt, kjønn og klientposisjonar stod på programmet på eit Maktutreiingsseminar ved Universitetet i Bergen nyleg. Her kom det fram at samhandlinga mellom hjelpeapparatet og brukaren er prega av fleire problem. Ulik røyndomsoppfatning framfor og bak skranken på trygde- og sosialkontora er eitt av dei. Det er ofte stor avstand mellom det saksbehandlar oppfattar og det brukaren opplever. Konsekvensane kan vere ein audmjukande velferdsstat.

- Brukaren opplever ofte dårleg kommunikasjon med hjelpeapparatet, og kjensla av krenking er tydeleg, seier fyrsteamanuensis i helse- og sosialfag ved Høgskolen i Lillehammer, Liv Johanne Solheim. Ho har drive velferds- og sosialpolitisk forsking dei seinaste åra med hovudvekt på samhandling, sjølvrespekt og meistring i helse- og sosialtenestene. Føredraget i Bergen var basert på analyse av fleire undersøkingar der ho har intervjua blant anna langtids sosialklientar, folk som har uførepensjon, bustadlause og psykiatriske pasientar. Alle intervjuobjekta hadde lang erfaring med hjelpeapparatet.

- For mange er møtet med hjelpeapparatet ei kritisk hending og sjølvrespekten til klienten vert sett på prøve, seier Solheim. Klientane ho har intervjua, fortel blant anna om ei kjensle av å verte overvaka og undervurdert. Mange opplever at dei må spørje direkte etter informasjon kring situasjonen sin og rettane ein har, elles får ein ikkje vite nok. I tillegg fortel brukarar at hjelpeapparatet kontrollerer og invaderer eins liv til dømes ved at arbeidskontoret ikkje berre bestemmer at brukaren må gå på kurs, men også kva slags kurs. Det er ikkje gitt at det kurset eller skulen brukaren ynskjer å delta på, står på lista over godkjente tiltak.

Solheim understrekar at det er særs belastande på klienten med eit hjelpeapparat som kan opplevast umyndiggjerande og belærande. Når hjelpeapparatet gjev uttrykk for at det er dei som veit kva som er best for brukarane, undergrev dei brukarens eigen vurderingsevne. Slike negative erfaringar i møte med sosial- og trygdeetaten påverkar sjølvrespekten til brukaren. I klientens sjølvrespekt ligg eit endringspotensiale og ikkje minst kjelda til respekt. Det er difor alvorleg når intervju med brukarar tyder på at hjelpeapparatet bryt ned folk.

- Det er ikkje meininga at hjelpeapparatet skal vere ettergjevande, men heller ta brukarane på alvor, forklarar Solheim.

Hennar forsking syner at når sjølvrespekten vert trua, finn brukaren ulike metodar for å takle møtet med hjelpeapparatet. Dette kallar ho meistringsstrategiar.

- Det er klare kjønnsforskjellar på meistringsstrategi, påpeikar Solheim. - Jentene har ein tendens til tilbaketrekking, medan menn ofte er meir pågåande og aggressive i sin strategi.

Problemet er at den typiske kvinnestrategien kan verte usynleg for trygde- og sosialkontora. Hjelpeapparatet legg vanskeleg merke til om ein berre trekkjer seg stille ut av systemet i protest. Den meir aggressive meistringsstrategien er derimot klårare. Argumentasjon, sinne og i nokre tilfelle truslar vert lagt merke til og gjev meir respons. Kjønnsforskjellane her er eit varsko, særleg fordi kvinner er i overvekt i sosiale ordningar.

Maktutreiingsseminaret der Solheim la fram desse forskingsresultata vart halde på Senter for kvinne- og kjønnsforsking i Bergen. Det var Liv Johanne Syltevik, fyrsteamanuensis ved Senter for samfunnsforskning (SEFOS), som tok initiativet til og arrangerte seminaret som drøfta korleis makt og kjønnsdimensjonar kan synleggjerast og problematiserast i forsking om det å vere klient i velferdsstaten. Ellers presenterte mellom anna Jorunn Theresia Jessen, forskar ved Norsk institutt for forsknings om oppvekst, velferd og aldring (NOVA), resultat ifrå brukarundersøkingar av trygd og attføring. Ragni Hege Kitterød frå Statistisk Sentralbyrå la fram si forsking kring tidsoppleving og tidsstruktur blant langtidsarbeidslause kvinner og menn.

- Det er svært lite forsking som er gjort på temaet makt og kjønn i velferdsstaten, og ynskje var å samle nokon av dei som arbeider med dette i håp om å synleggjere dette feltet, sa Syltevik.

Syltevik initierte i samband med seminaret eit arbeid med å kartleggje litteratur og forsking som finst på feltet og samle den i ein kunnskapsstatusrapport. Forsking på kjønn og makt i lover, forvaltning og i dei ulike prosessane i velferdssystemet har vore lite prioritert. I ei tid med fleire klientar og ein velferdsstat i endring med auka val, er det viktig å synleggjere den forskinga som finst samtidig som ein lyfter fram temaet for forskingsmiljøa.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.