Desse kvinnene, dei nye kvinnene rundt førre hundreårsskifte som utfordra tradisjonelt mannsdominerte roller både offentleg og privat, var tema på eit seminar ved Universitetet i Bergen nyleg.
- Drøftinga rundt den nye kvinna var sterk i samtida, og det var eit mangfald av kvinner som levde ut sine lengsler og behov i perioden, seier seminararrangør og historieforskar ved Universitetet i Bergen, Inger Marie Okkenhaug.
Det særskilt nye med kvinnene i perioden 1870-1940 var at dei tok opp ein livsstil, eit yrke eller aktivitetar som tidlegare var forbeholdt menn. Samfunna i Europa var midt oppi store omveltingar som den industrielle revolusjon førde med seg. Menn opplevde stadig at nye aktivitetar kom på banen som til dømes fjellklatring og sykling. Det interessante var at den nye kvinna torde og klarte det same som mannen, og det i hopetal. Dette skilde ho frå den gamle kvinna. Ideen og håpet om ein likearta status mellom kjønna breidde seg i Noreg og Europa, og ein ser i perioden ein langt høgare del enn før av kvinner som valde å leve som peparmøy, som forsørgja seg sjølv, reiste langt anten i religiøse kall eller av eventyrlyst, vart profesjonelle kunstnarar eller som søkte likeverd i ekteskapet. Sams for desse grensesprengjande kvinnene var at dei vart lagt merke til.
- Dette har noko å seie for oss i dag, presiserer medarrangør og etnolog Tone Hellesund. Vi kvinner i dagens Noreg og Europa bør verte meir bevisst på våre behov, lengslar og ikkje minst våre val. Det handlar om livshøve, korleis me har og vil ha det, vår utvikling og forståing. Hellesund oppfordrar dagens kvinner til å tenke over dette. - Det gjeld å kome forbi dei kunstige rammene samfunnet set for kvinner, kome forbi jantelova og tore å gå sine eigne vegar, seier ho. Seminaret i Bergen ser ho som ei synleggjering av at mange kvinner for hundre år sidan ikkje var redd for å fylgje sine lengslar og ikkje lot seg stanse av den maskuline autoritet, noko som kan vere til inspirasjon for dagens kvinner.
- Kvinnene frå århundreskiftet kan lære oss noko. Mangfald var sentralt i denne perioden og viser at ulike typar kvinner og ulike drøftingar av kvinna kan leve parallelt, hevdar Hellesund.
- Lengsel er ein del av konvensjonen, men det å leve ut lengsel og draumar er å utfordre og erobre sitt eige liv, påpeikar Okkenhaug vidare. - Perioden 1870-1940 syner at folk testa ut ulike måtar å leve på. Seinare vart det dessverre færre typar handlingsrom, spesielt etter den andre verdskrigen, då idealet atter vart ekteskap, born og heim, summerer dei to unge forskarane.
Den russiske religionsstiftaren Madame Blavatsky testa ut livet. Blavatsky bøygde seg ikkje for undertrykkande konvensjonar, krevde sjølvstendig utfalding og var iherdig i sin kamp for frihet og utvikling. Dette kom fram i førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø Siv Ellen Kraft sitt føredrag på seminaret. Kropp er kun materie, hevda Blavatsky og levde ut si teosofiske lære med ein kropp som skildrast som uformeleg og grotesk. Augo derimot sjelas speil skildrast som skarpe og klare. Målet var ei kjønnslaus framtid, noko dei teosofiske feministane tok til seg. Om enn ekstrem var Blavatsky eit levande eksempel på at kvinner kunne nå høge posisjoner innanfor strengt patriarkalske område som religion.
Blavatsky var tema i eitt av 16 føredrag på Bergens-seminaret som hadde tittelen Erobring og overskridelse de nye kvinnene inntar verden 1870-1940. Kvinneforskarar frå heile Norden deltok. Eva Helen Ulvros frå Lunds universitet i Sverige diskuterte synet på kvinner og seksualitet rundt hundreårsskiftet, og kom blant anna fram til at sambuar- og kjærleiksforhold mellom kvinner var ganske vanleg og ikkje noko som skapte reaksjon før psykoanalysen kom på banen og kategoriserte menneske i kunstige former som hetero/homo. Inger Elisabeth Haavet, Universitetet i Bergen, presenterte bergenske pianotanter i sitt føredrag, medan ein avdeling av seminaret vart via til kvinnelege misjonærar ifrå Noreg og andre land. Det tverrfaglege aspektet ved seminaret var særmerkt og auka høvet til innsyn i felt og historier ein kvinneforskar vanlegvis ikkje får sjansen til å grave i. Historie, kunsthistorie, etnologi, film og religionshistorie var representert i føredragsrekkja.
- Veldig inspirerande seminar, spesielt i forhold til det tverrfaglege, rosa Anka Ryall, førsteamanuensis ved Engelsk institutt, Universitetet i Tromsø. Det har vore sjeldne høve for kvinne- og kjønnsforskarar å møtast slik, og det er tydeleg at det er mange i Noreg og Norden som sit på svært interessant og viktig forsking kring kvinner og kjønn.
KILDENs nye frilansskribent i Bergen, Renate Lunde, er cand.philol. fra Universitetet i Bergen. Hun leverte sin hovedoppgave i historie i vår.