Både jenter og gutar slåst mindre enn før

Men jenter er ofte valdelege på andre måtar enn gutar. Det kjem fram i Lars Roar Frøyland og Tilmann von Soest si nye kartlegging av ungdomsvald i Noreg.
Studien til Lars Roar Frøyland og Tilmann von Soest viser at jenter utøver mildare former for vald enn gutar. Slag og spark vart mest utført av gutar, medan jentene oftare klorte, reiv i håret eller fika til nokon i fjeset. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

– Vald blant ungdom er nesten halvert mellom 2007 og 2015, ifølgje den nye studien til Lars Roar Frøyland ved OsloMet og Tilmann von Soest ved Universitetet i Oslo. Både lugging, slag, spark og fik i andletet er drastisk redusert på berre åtte år, og det blant begge kjønn.

Det finst fleire undersøkingar i Europa som viser at vald blant ungdom er gått ned. Men ingen har forklart kvifor. Vi ønskte å sjå på trenden på to ulike tidspunkt, og eventuelt forklare endringa som kom fram, fortel Frøyland.

Tradisjonell vald handlar ofte om slag og spark.

Den totale mengda fysisk vald gjekk ned frå 23 prosent i 2007 til 12 prosent i 2015 for begge kjønn. Valden er i studien kategorisert som lugging eller riving, kloring eller fik og slag eller spark. Som dei forventa, fann forskarane at jenter utfører mildare former for vald enn gutar. Slag og spark vart mest utført av gutar, medan jentene oftare klorte, reiv i håret eller fika til nokon i fjeset.

– Tradisjonell vald handlar ofte om slag og spark. Difor har vald blant jenter blitt litt usynleg i kartlegginga av ungdomsvald, som ofte tar for seg alvorleg vald. Vi mistenkte at det kunne skjule seg ein kjønna forskjell. Lugging og slåing med flat hand finn ein ikkje dersom studien berre tar for seg såkalla tradisjonell fysisk valdsbruk, seier forskaren.

Vald frå foreldre

I 2007 gjorde Frøyland og von Soest undersøkingar blant elevane på siste året i 67 vidaregåande skular. Årsaka til at forskarane valde elevar på akkurat dette alderstrinnet, var at dei ønskte ungdommar over 18 år.

– Eit av spørsmåla dreier seg om vald frå foreldre. Då ville vi rett og slett ikkje be elevane om å måtte få samtykke av foreldra til å kunne svare på eit slikt spørsmål.

Lars Roar Frøyland er stipendiat på Voldsprogrammet ved NOVA, OsloMet. Foto: OsloMet

Sidan 1960-åra har rapportert vald frå foreldre mot barn gått kraftig ned. Dette trur Frøyland kan påverke ungdommane sin eigen valdsbruk.

– Det å bli utsett for vald i familien har i tidlegare forsking blitt identifisert som ein risikofaktor for eigen valdsbruk. Det at færre rapporterer om slike erfaringar kan altså bidra til at færre også nyttar vald sjølv, seier han.

I tillegg har det i perioden vore ein kraftig nedgang i alkoholkonsum blant unge. Frøyland fortel at mengda alkohol og vald frå foreldre, i tillegg til enkelte sosiale aspekt, var dei einaste variablane som gav utslag på nedgangen i vald. 

– Blant dei sosiale aspekta er det relevant at både gutar og jenter er mindre sosiale og har færre kjæresteforhold enn før, fortel Frøyland.

Ungdom «heng» mindre

Faktorar som fråværande foreldre eller føresatte utan arbeid har tidlegare forklart problemåtferd blant unge, men det hadde altså ingen effekt på forklaringa i denne studien.

Ein faktor forskarane mistenkjer at spelar inn, men som ikkje er tatt med i denne undersøkinga, er endra fritidsmønster blant dei unge. Smarttelefonar og sosiale medium gjer ikkje ungdom berre mindre sosiale, men også at dei «heng» mindre ute saman.

– Vi antar at valdsbruk heng saman med anna problemåtferd. Ungdomskriminaliteten er jo også gått ned mellom 2007 og 2015, men vi såg eit oppsving i 2017, seier Frøyland.  

Dette kunne ein også sjå i undersøkinga Ung i Oslo 2018, som vart publisert nyleg. Tala frå ungdomsbefolkninga i Oslo kan tyde på at bildet av «generasjon lydig» er meir samansett no enn før. I tillegg bruker ungdom, og særleg gutar, stadig meir hasj.

Både jenter og gutar utøvde mestesparten av valden mot andre ungdommar som dei kjenner til.

– UngData 2017 viser ein svak tendens til aukande valdsbruk blant gutar i fjor, etter ein nedgang på mange år. Endringa er likevel såpass svak at det er vanskeleg å tolke så mykje. Statistikk frå politiet viser likevel at valdsbruken har auka i andre delar av landet også. Det blir difor interessant å sjå om dette endrar seg dei kommande åra.

Om auka i hasjbruk seier Frøyland:

– Dette er knytta til illegal økonomi, og kan såleis medføre at vald blir ein del av problembildet. Men om det eksisterer nokon direkte samanheng mellom hasjbruk og vald, er det usemje i forskinga om.

Relasjonell vald

Studien til Frøyland og von Soest, som er ein del av ei større kartlegging av vald blant unge, viste store forskjellar når det gjeld kven gutar og jenter utøver valden mot. For mens 40 prosent av gutane oppgir å ha brukt vald mot framande, gjeld dette berre for 9 prosent av jentene.

– Både jenter og gutar utøvde mestesparten av valden mot andre ungdommar som dei kjenner til. Men det typiske andre mest vanlege offeret hos jenter var personar dei stod i relasjon til. Det har tidlegare vorte spekulert i at kvinneleg aggresjon generelt er meir relasjonell. Valden handlar om å handtere relasjonar, til dømes til partnarar eller søsken, seier Frøyland, og legg til:

– Det kan sjølvsagt hende at gutane underrapporterer vald mot partnar, då vald mot partnarar ikkje er så stovereint blant gutar.

– Valden har ein funksjon

Stiftinga Alternativ til vold jobbar preventivt mot vald og tilbyr mellom anna terapi. Hanne Eriksen fortel at ungdom som kjem til dei, har ulike årsaker for kvifor dei var valdelege.

Hanne Eriksen er leder og psykolog i Stiftelsen Alterativ til Vold. Foto: Alternativ til vold

– Nokre fortel at det handlar om å ikkje miste andlet, om å hemne ei opplevd krenking. For andre handlar det om å setje grenser for kva åtferd dei aksepterer frå andre. Vald er effektivt i å stoppe uønska åtferd. I eit langtidsperspektiv mistar ungdommar mykje; vener, kjærastar, skuleplass, og så vidare. Slik finn mange tilhøyrsle i valdelege miljø i staden. Her blir valden knytta opp til identitet, fortel Eriksen.

I slike miljø blir vald eit middel for pengar og makt, fordi valden er meir instrumentell. Ein del ungdom har også traumeerfaringar som gjer at dei blir fysiske dersom dei blir redde. Andre igjen slit med rastløyse og indre uro.

– Felles for alle er at valden hjelper dei med eit eller anna. Han har ein funksjon, og kva denne funksjonen er, vil variere.

Kjønnsforskjellar

Fysisk aggresjon har ofte blitt sett på som eit maskulint fenomen. Mange forskarar ser på valdsbruk blant gutar som meir instrumentell enn den frå jenter, der gutar nyttar vald for å skaffe seg noko, eller for å tileigne seg maktposisjonar. Både valden frå gutar og jenter handlar om makt, meiner Lars Roar Frøyland, men gutane tyr oftare til vald for å hevde seg.

– Men dette er som sagt spekulasjon – vi har ikkje spurt respondentane om kvifor dei utøvde valden. Studien viser at jenter også kan utøve fysisk vald, men kanskje på andre måtar enn gutar. Vi ser jo at vald også kan vere stereotypisk «feminin», med kloring, fik og lugging av hår. I tillegg utøvde jenter lite vald mot foreldre eller andre vaksne.

– Kvifor trur du det er forskjell på valdsbruken mellom jenter og gutar?

– Vi har ikkje undersøkt årsaker, berre trendar i valdsbruken. Ein tanke er normene for kva som er akseptabel åtferd frå gutar og kva som er akseptabelt for jenter. Vald er kanskje ikkje akseptert uansett, men visse konkrete handlingar kan likevel bli sett på som meir maskuline eller feminine. Vi ser også at gutar har meir problematisk alkoholforbruk enn jenter, sjølv om konsumet er gått kraftig ned for begge kjønn.

– Vi høyrer heile tida om kor alarmerande den mentale helsa er blitt blant unge i dag. Jenter er jo overrepresenterte når det gjeld psykiske problem. Så kvifor er dei likevel mindre valdelege?

– Den mentale helsa har forverra seg for begge kjønn sidan 2007. Det er frå tidlegare kjent at det eksisterer ein samanheng mellom psykiske problem og valdsbruk, men dette kan altså ikkje forklare nedgangen i valdsbruk blant unge i denne studien. Det kan vere grunn til å anta at fleire vender problema innover og ikkje utover, og særleg jenter.

Psykisk helse

Funna til Frøyland og von Soest stemmer overens med resultata i den pågåande studien som valdsforskar og førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet, Ann-Cathrin Faldet, no leiar. Der intervjuer forskarane kvinner i 20-åra som alle nytta vald ti år tilbake i tid.

Ann-Cathrin Faldet er valdsforskar og førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet. Foto: HINN

– Internasjonal forsking syner at jenter bruker vald annleis, og at gutevald er mykje grovare. Det er ikkje bagatellisering av problemet. Jenter slåst på ein annan måte, men det har også med fysisk styrke å gjere, seier Faldet.

Kvinnene i studien hennar nytta som regel vald mot nokon dei kjente, men også for å stille opp for ei venninne. Enkelte gongar kunne valden gå ut over lærarar og miljøarbeidarar på skulen.

– Alle jentene fortalde at dei hadde eit høgt temperament. Nokre blir trigga, eller føler at dei blir utfordra. Andre igjen fortel at dei kjedar seg og at det må skje noko. Felles er at dette er jenter som lever i ein vanskeleg livssituasjon, der dei har konfliktar i heimen og på skulen. Valden ser eg på som eit symptom på at dei ikkje har det bra, seier Faldet.

Same trend globalt

Dei to tverrsnittundersøkingane som Frøyland gjorde i 2007 og 2015 gir eit bilde av at all type valdsbruk er halvert, for begge kjønn. Funna frå studien viser også at valdsbruk blant unge følgjer same tendensar i Noreg som i andre land.

– Ein skulle tru at det er same bakgrunn til nedgangen i valdsbruk internasjonalt. Alkoholkonsumet har også gått ned på verdsbasis, og den hypotetiske forklaringa om endra fritidsmønster gjeld jo også for andre land, seier Frøyland.

– Korleis kan de vite at det er ein faktisk samanheng mellom desse tendensane, og ikkje berre tilfeldig?

– Til det har vi nytta ein såkalla mediasjonsanalyse, som er ei statistisk undersøking av om to samtidige endringar heng saman. Vi kan sjølvsagt ikkje garantere at det er ein årsakssamanheng. Nokre ting mistenkjer vi at spelar inn, og då særleg vald og alkohol. Det at unge rett og slett er ute mindre enn før, kan òg vere ei sentral forklaring.

Ungdom som utøver vald er sårbare, men må samstundes kunne stå for sine handlingar.

Frøyland håpar at studien kan bidra til å forklare endringane i valdsbildet, og at det i sin tur kan føre til preventive tiltak. Han meiner at vi treng meir kunnskap om problemet, men understrekar samtidig at dei aller fleste ungdom rapporterer om «problemfrie» liv.

– I 2014 lanserte regjeringa ein handlingsplan om vald i nære relasjonar, som handlar om tiltak og om korleis handtere valden. Vi veit at det ikkje alltid går bra for offeret og for utøvaren. Vi bør difor setje av pengar til tiltak som kan forhindre utøvarane frå å gjere det dei gjer.

– Sinne er ufarleg

Både Hanne Eriksen i Alternativ til vold og forskar Ann-Cathrin Faldet meiner at vald hos ungdom kan førebyggast.

– Ungdom som utøver vald er sårbare, men må samstundes kunne stå for sine handlingar. Det vi veit frå tidlegare studium er at dersom jentene ikkje får hjelp til det dei strever med, går det ikkje bra med dei. Jentene får seinare vanskelege kjæresteforhold, endar opp med rus, prostitusjon, droppar ut av skulen eller blir tidleg gravide. Vi må ikkje stemple dei som umoglege, for alle kan kome seg ut av det.  

Ho får støtte frå Hanne Eriksen i Alternativ til vold.

– Å forstå ungdommen ut frå den livssituasjonen dei har levd under er avgjerande for godt samarbeid og for mogleg endring. Traumevald krev ei anna tilnærming enn relasjonell vald eller vald i det offentlege rom. Sinne i seg sjølv er ikkje farleg, men vi må finne andre måtar dei kan uttrykkje sinnet sitt på, avsluttar Eriksen.

Fakta om ungdomsvald:

67 vidaregåande skular deltok i undersøkinga i 2007, og 49 i 2015.

Nedgang i foreldrevald og alkoholforbruk er blant dei viktigaste forklaringane på redusert vald.

Blant jenter gjekk valden ned frå 23,8 prosent i 2007 til 12,4 prosent i 2015.

I 2015 oppgav 3,6 prosent å ha lugga nokon, 9,6 prosent å ha fika til nokon og 5,1 prosent å ha slått eller sparka.

Til samanlikning oppgav 1,8 prosent av gutane å ha lugga, 6,5 prosent å ha fika til nokon, og 9,9 prosent å ha slått eller sparka.

Kjelde: Trends in the Perpetration of Physical Agression among Norwegian Adolescents 2007-2015 (2017) av Lars Roar Frøyland, stipendiat og ungdomsforskar ved NOVA, OsloMet, og professor i psykologi ved Universitetet i Oslo, Tilmann von Soest.  

Latest news

Calendar

News Magazine

Our news magazine is an independent online newspaper and a member of the Norwegian Specialised Press Association Fagpressen.