Kjernefamilien er blitt politisk dragkamp i Russland og Polen

Kjernefamilien er blitt politisk dragkamp i Russland og Polen

Vald i nære relasjonar er no eit stridsspørsmål mellom liberale og konservative krefter, og viser at sjølv autoritære styresmakter må ta omsyn til folkemeininga.
Forskar Jørn Holm-Hansen meiner det finst grenser for kva folk i Polen og Russland vil akseptere av den nasjonalkonservative forteljinga om familien som ein idyll og den grunnleggjande byggesteinen i ein harmonisk nasjonalstat.

– Dersom det er ein lærdom ein kan trekke ut av dette problemkomplekset, så må det vere at resultata kan brukast til å stille nasjonalkonservative høgrepopulistar til veggs, seier Jørn Holm-Hansen.

– For det viser seg at ein har ganske gode kort på handa når ein tek tak i folks kvardagsproblem: Høgrepopulistane sitt snakk om at vern av offera for vald i nære relasjonar trugar den harmoniske familieeininga, resonnerer ikkje med folks kvardagserfaringar.

Holm-Hansen er statsvitar og forskar på By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved Oslomet, og har Russland og Aust-Europa som spesialområde. I nyaste utgåve av Tidsskrift for kjønnsforskning, har han ein artikkel om korleis vald i nære relasjonar blir omtala i politisk debatt i Russland og Polen.

Les også: Høyrepopulisme i øst truer kjønnsforskning

Sårbare populistar

Både Russland og Polen har vore igjennom det som kan kallast ei «illiberal vending» det siste tiåret, som særleg kjem til uttrykk i ei avvising av såkalla vestlege verdiar. I begge land er familiens rettar eit viktig element i den nasjonalkonservative forteljinga. Det har medført at individuelle rettar, for kvinner, barn og seksuelle minoritetar, er blitt utfordra. Begge land har nyleg gjennomført endringar i lovverket som gjeld vald i nære relasjonar, og det har aktualisert debatten.


Jørn Holm-Hansen er statsvitar og forskar på By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved Oslomet. Foto: OsloMet

Holm-Hansen har lenge forska på barns rettar i desse landa. Då han i arbeidet med artikkelen til Tidsskrift for kjønnsforskning tok for seg argument som galdt vald i nære relasjonar, fann han raskt at debatten følgde same spor som debattar om barns rettar, om abort, og om seksuelle minoritetar.

– Same type argument og retorikk blir brukte i alle tilfella, og det var fruktbart å bruke same teoretiske innfallsvinkel, seier han.

Han peikar på at både Russland og Polen er prega av høgrepopulisme, spesifikt ein nasjonalkonservativ høgrepopulisme som kjem tydeleg til uttrykk når det gjeld tema som til dømes vald i nære relasjonar. Samtidig er dette eit tema som kan gjere nasjonalkonservative sårbare, fordi dei ikkje er på line med folket.

– Populistar hevdar gjerne at dei representerer det «sanne» folket. Også i Noreg har vi jo døme på parti som hevdar å representere folket sjølv om dei har relativt låg oppslutnad, seier Holm-Hansen.

– Samstundes er ikkje populistane i Russland og Polen fascistar på den måten at dei vil avskaffe val og innføre diktatur. Dei bruker heller val til å stadfeste at dei har støtte hos folket. Men då blir dei også sårbare for å miste støtta.

Trugsmål mot nasjonen

Den nasjonalkonservative høgrepopulismen i Russland og Polen kjem også til uttrykk langs ein annan akse, nemleg den tryggleikspolitiske. Her handlar debatten både om forsvar av grenser og landområde, og om forsvar av kulturen og idégrunnlaget nasjonen er bygd på.

– Og ifølgje dei nasjonalkonservative er idegrunnlaget basert på familien som ei eining, fortel Holm-Hansen.

Han viser mellom anna til den polske tenketanken Ordo Iuris, som har starta ein kampanje for ein konvensjon for familiens rettar. Kampanjen er ein motreaksjon på den såkalla Istanbul-konvensjonen, ein menneskerettskonvensjon mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar, som vart vedteken i 2011.

Det går ein raud tråd frå valdsofferet si utsikt til vern mot valdsutøvaren, til nasjonens suverenitet.

Istanbul-konvensjonen er blitt ei av fleire skyteskiver i den nasjonalkonservative retorikken fordi konvensjonen representerer prinsippet om universelle rettar for individet, inkludert kvinner og barn. Det blir framstilt som ein strategi for å undergrave det naturlege familiehierarkiet. Polen har ratifisert Istanbul-konvensjonen, men Ordo Iuris og andre aktørar arbeider for at landet skal trekke seg ut.

– Dei meiner at å tilkjenne sjølv kvinner og barn individuelle rettar er eit trugsmål mot grunnlaget nasjonen byggjer på. Dette blir kopla til ein ideologi om sjølvstyre, der kvar nasjon er seg sjølv nok og globale eller felleseuropeiske problem ikkje finst, seier han.

– Alt dette heng i hop. Det går ein raud tråd frå valdsofferet si utsikt til vern mot valdsutøvaren, til nasjonens suverenitet.

Lovendring skapar debatt

I 2018 kom den polske regjeringa, som består av Partiet for rett og rettferd (PiS) og to mindre koalisjonspartnarar, med eit endringsframlegg til lova om vald i nære relasjonar. Ei av endringane var at vald i nære relasjonar ikkje lenger skulle reknast som kriminalitet. Men då lova vart vedteken våren 2020, var det i ei langt meir moderat form enn det opphavlege forslaget.

Holm-Hansen peikar i artikkelen på at lova til dømes gjev høve til å gje ein overgripar besøksforbod. Noko som er i tråd med Istanbul-konvensjonen, men røyster som Ordo Iuris framstiller det som eit uønska inngrep i familien.

Meiningsmålingar viser då også at Ordo Iuris ikkje har folket med seg i ønsket om å forlate Istanbul-konvensjonen. Det same viste seg då regjeringa for nokre år sidan gjekk inn for å stramme inn abortlova slik at abort berre skulle vere lov dersom mors liv sto i fare. Det førte til store prostestar, ikkje berre frå kvinner, men også frå menn.

Samstundes har mange sider ved nasjonalkonservatismen sterk støtte i sivilsamfunnet, og styresmaktene vinn mykje oppslutting på å føre ein effektiv velferdspolitikk, fortel Holm-Hansen.

– Og spesielt i Polen har den katolske kyrkja stor påverknadskraft med si lære om samfunnsharmoni: Ein skal ta sosialt ansvar og unngå naud og fattigdom gjennom god sosial velferdspolitikk. Så ser vi i meiningsmålingar at folk flest ikkje er antityske eller antisemittar. Dei sluttar ikkje så sterkt opp om det kulturelle innhaldet i den nasjonalkonservative bodskapen, seier han.

– Men dei støttar velferdspolitikken. Dessutan slit venstresida med truverdet, for sosialdemokratane er i hovudsak velberga etterkomarar av kommunistane.

Han peikar på at frå ein norsk ståstad har ein lett for å tenkje på sivilsamfunnet som ei progressiv kraft, men slik er det ikkje nødvendigvis.

– I desse landa har dei progressive organisasjonane låg forankring i samfunnet, medan dei reaksjonære mobiliserer meir på grunnplanet og i kyrkja, der folk er. Dei største sivilsamfunnsrørslene i Polen dei seinare åra, er dei som er anti-gender og mot rettar for barn og liknande.

Les også: Europeiske kjønnsforskere kjemper mot høyrepopulistiske angrep

Trigger-ordet «gender»

I artikkelen i Tidsskrift for kjønnsforsking viser Holm-Hansen korleis «gender» er blitt ein språkleg markør som dei høgreorienterte dreg fram for å signalisere alt som gjev assosiasjonar til noko framandt, vestleg, liberalt, elitistisk og trugande. Når ein dei siste åra har sett store konflikter knytt til det norske barnevernet, i både Polen og andre land, så er det dette landskapet som dannar bakgrunnen.

«Antigender»-språkbruken er kraftig styrkt, særleg i kjølvatnet av FNs kvinnekonferanse i Beijing i 2005.

– Så er det gjerne i samband med lovendringar at debatten blir tilspissa. Det som er nytt no samanlikna med tidlegare, er at «antigender»-språkbruken er kraftig styrkt, særleg i kjølvatnet av FNs kvinnekonferanse i Beijing i 2005. Dei reaksjonære kreftene har organisert seg internasjonalt og lukkast i å skape ein motreaksjon mot «gender-ideologien».

Situasjonane i Russland og Polen er ikkje heilt like, meiner Holm-Hansen. I Russland er Putin sjølv ingen ideologisk overtydd nasjonalkonservativ, sjølv om han gjerne spelar på slike assosiasjonar når han kan tene på det. Han har alliert seg nærare med kyrkja og andre reaksjonære og patriotiske aktørar dei seinare åra.

– Det var Putin sjølv som for nokre år sidan tok initiativ til å stramme inn lova om vald i nære relasjonar fordi han meinte lova gav for lite vern til valdsoffera. Så fekk han høgrekreftene og kyrkja mot seg og måtte trekke det tilbake, men no prøver dei på nytt å skjerpe lovgjevinga.

Ulike syn

I fleire år har det pågått ein drakamp mellom ulike krefter i det russiske statsapparatet om lovgjevinga kring vald i nære relasjonar. Lova vart endra i 2017 etter framlegg frå ein leiande konservativ politikar. Det medførte at vald i nære relasjonar som ikkje fører til sjukehusinnlegging, vart avkriminalisert og i staden rekna som eit administrativ lovbrot i det russiske rettssystemet.

Men etter fleire saker der familievald har endt med drap, kom det i 2019 eit nytt lovframlegg som igjen gjorde vald i nære relasjonar til kriminalitet. Sidan er framlegget blitt moderert, mellom anna slik at målet no skal vere å verne familien, ikkje valdsofferet slik det opphavleg sto. Framlegget er framleis til behandling, men debatten omkring desse prosessane har synleggjort dragkampen mellom dei konservative og liberale røystene i russisk politikk.

– Dei må gjere ei avveging mellom ulike omsyn, og omsynet til folkedjupet er viktig her. Vi veit at Putin følgjer nøye med på meiningsmålingar for å sjekke stemninga i folket, seier Holm-Hansen.

Russland skil seg frå Polen ved at regjeringspartiet Sameint Russland ikkje har nokon tydeleg ideologi. Men partiet liknar det gamle kommunistpartiet i den forstand at ein må vere medlem dersom ein vil opp og fram i systemet. Dermed er mange ulike syn representert i partiet, og oppsluttinga ved val kan ikkje takast til inntekt for noko spesielt retningsval.

– Vala gjev ikkje eigentleg nokon peikepinn på folkemeininga, og dermed blir Putin ekstra oppteken av meiningsmålingar, seier han.

Han meiner altså at det finst grenser for kva folk i både Polen og Russland vil akseptere av den nasjonalkonservative forteljinga om familien som ein idyll og den grunnleggjande byggesteinen i ein harmonisk nasjonalstat. Alt for mange har eigne erfaringar med vald i nære relasjonar, og dei kjøper ikkje høgresida sin argumentasjon om at familievald er ein del av ein trugande «gender-ideologi».

– Difor kan dette vere eit svakt punkt for dei nasjonalkonservative. Generelt likar folk å høyre at det blir snakka om familieharmoni. Men når dei nasjonalkonservative prøver seg med forslag som går ut over eins eigen fridom, helse og verdigheit, då reagerer dei.

– Alvorleg utvikling

Dette biletet blir stadfesta av Rachel Eapen Paul, som kjenner godt til det europeiske arbeidet mot vold mot kvinner og vold i nære relasjoner.

– Det er sterke krefter i Polen som vil trekke landet ut av konvensjonen, Samstundes har ikkje Polen som stat teke offisiell stilling til dette, seier ho.


Rachel Eapen Paul fortel at sivilsamfunnsorganisasjonar og kvinneorganisasjonar er i hardt vêr i Polen. Foto: Norges Kvinnelobby

Solidarna Polska, partiet til justisministeren i Polen har foreslått at Polen skal trekke seg frå Istanbul-konvensjonen. Statsministeren har sendt framlegget til den polske grunnlovsdomstolen, der det no ligg til behandling.

– Ein spekulerer i kva det vil seie. Det kan vere ein måte å trenere saka på, og kan tyde på at det også er sterke krefter som ikkje vil trekke Polen ut av konvensjonen eller vekk frå fellesskapen med Europa.

Ein ting som derimot er tydeleg, er at internasjonalt orienterte sivilsamfunnsorganisasjonar og kvinneorganisasjonar er i hardt vêr i Polen.

– Dei får lite økonomisk støtte frå staten, og mye av den støtte dei eingong fekk, er trekt tilbake. Fleire kvinneorganisasjonar er blitt ransaka av politiet og fått datamaskiner konfiskert, særleg etter at det var store demonstrasjonar på årets kvinnedag, seier ho.

Samstundes arbeider tenketanken Ordo Iuris med å samle internasjonal støtte til sin «motkonvensjon» til støtte for den «tradisjonelle familien».

– Det er ei veldig alvorleg utvikling. Det er vanskeleg å seie kor lenge denne utviklinga har pågått, men ho har vore veldig tydeleg etter at Ordo Iuris vart etablert, som ikkje er så mange år sidan, seier Paul.

Tidlegare kunne ein sjå tilsvarande idear på bloggar og nettstader, men no blir dei promoterte av ei konsolidert rørsle med mange høgt utdanna medlemmar, og som dannar internasjonale nettverk. Men dei veldig høgreekstreme kreftene møter også motstand, meiner ho.

Les også: Høyreekstremisme på frammarsj

Artikkelen ble oppdatert 11/12-2020, kl. 16.40.