Kvinnelege lokalpolitikarar er meir opptekne av ressurssvake grupper

Kvinnelege lokalpolitikarar er meir opptekne av ressurssvake grupper

Kvinnelege og mannlege lokalpolitikarar er delte i synet på kven dei har størst ansvar for å representere. Men begge kjønn har like stor kjensle av å påverke, viser ny studie.
Mer om Politikk
Mer om Valg
Langt fleire kvinnelege enn mannlege politikarar kjenner ansvar for å representere kvinner som gruppe. Berre fem prosent av mannlege representantar svarar at dei kjenner eit slikt ansvar. Partitilhøyrsle spelar også inn, fortel forskar Marte Slagsvold Winsvold. Illustrasjonsbilde: iStockphoto

I desse dagar blir norske kommunestyre stokka om og sett i hop på nytt. Nokre representantar er nye, nokre er gjengangarar, men felles for dei er at dei på best mogleg vis skal representere innbyggjarane i kommunen dei skal vere med å styre.

Ein studie publisert i det nyaste nummeret av Tidsskrift for kjønnsforskning, viser at kvinnelege og mannlege lokalpolitikarar har litt ulikt syn på kven dei har størst ansvar for å representere.

Resultata byggjer på ei spørreundersøking som vart sendt til alle norske kommunestyrerepresentantar i fjor. Der vart dei mellom anna spurd om dei kjente eit ansvar for å representere særskilte grupper i politikken eller ikkje. Studien er ein del av eit større norsk-dansk forskingsprosjekt der forskarane ser på kva som skal til for at politikarar skal kunne styre utviklinga i lokalsamfunnet.

Kven representerer du?

I svara kom det fram at kvinnelege lokalpolitikarar opplever eit større ansvar for å representere ungdom, eldre, innvandrarar og personar som fell utanfor samfunnet – kalla «grupper med få maktressursar» – enn mannlege lokalpolitikarar gjer.

– Dette er grupper som tradisjonelt er underrepresenterte i representative organ, og dei treng difor nokon som snakkar for dei, seier artikkelforfattar Marte Slagsvold Winsvold, som er forskar ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo.


Ansvar for å representere ressurssvake grupper, heng i hop med høgare opplevd påverknadskraft. Det gjeld både kvinner og menn, fortel forskar Marte Slagsvold Winsvold. Foto: Institutt for Samfunnsforskning

Slike «representasjonserklæringar» treng ikkje henge saman med at ein sjølv høyrer til den same gruppa ein hevdar å representere. Rett nok legg mange politiske parti stor vekt på å ha kandidatar med mange ulike sosiale bakgrunnar på vallistene sine for å sikre brei representasjon og legitimitet.

– Men det er ikkje noko i vegen for at kven som helst kan ta på seg ansvar for å representere ei bestemt gruppe, anten dei høyrer til gruppa eller ikkje, seier Winsvold.

Når det er sagt, så er det likevel langt fleire kvinnelege enn mannlege politikarar som kjenner ansvar for å representere kvinner som gruppe. Berre fem prosent av mannlege representantar svarar at dei kjenner eit slikt ansvar. Partitilhøyrsle spelar også inn: På ein skala der Arbeidarpartiet utgjer samanlikningsgrunnlaget, opplever representantar frå Raudt og SV større ansvar for å representere kvinner. Representantar frå KrF, Høgre og Frp kjenner eit mindre ansvar, viser undersøkinga.

Det kjem ikkje fram om det er politikarane som pålegg seg sjølve eit spesielt ansvar for visse grupper, eller om dei tilpassar seg andre sine forventingar. Meininga var at undersøkinga skulle gje svar på dette, men ved ein feil vart desse spørsmåla utelatne.

Særinteresser og allmenninteresser

Representantane vart også spurde om dei kjende ansvar for å representere spesielle næringar eller yrkesgrupper, eller eiga bygd eller bydel. Også her svarte fleire kvinner enn menn ja, men kjønnsskilnaden var liten. Derimot svarte fleire menn enn kvinner at dei ikkje kjente ansvar for å representere noka bestemt gruppe, men heller samfunnet som heilskap. I forskingslitteraturen blir slike politikarar kalla allmennrepresentantar, i motsetnad til grupperepresentantar.

I ein tidlegare studie frå Danmark kom det fram at dei politikarane som ser på seg sjølve som allmennrepresentantar, også rapporterte større opplevd påverknadskraft på politikken i kommunen sin enn dei som kjente ansvar for å representere spesielle grupper. Overført til Noreg skulle ein difor kanskje tru at kvinnelege lokalpolitikarar i gjennomsnitt ville kjenne på noko mindre påverknadskraft enn mannlege. Særleg fordi vi også veit at kvinner er i mindretal både i lokalpolitikken som heilskap, og i dei leiande politiske posisjonane.

Kanskje det å seie høgt at ein har ansvar for visse grupper, har meir status no enn før, i og med framveksten av såkalla identitetspolitikk.

Men slik var det ikkje. Både kvinner og menn rapporterte tilnærma like stor kjensle av å ha politisk påverknadskraft, forstått som evne til å setje dagsorden, evne til å påverke kva for politiske løysingar som blir valt, og evne til å mobilisere støtte.

Det viste seg også at det å kjenne ansvar for å representere ressurssvake grupper, heng i hop med høgare opplevd påverknadskraft. Det gjeld både kvinner og menn, sjølv om kvinner altså i litt større grad kjenner ansvar for å representere dei som fell utanfor samfunnet.

– Samanhengen mellom representasjonsorientering og påverknadskraft var altså motsett av i Danmark, der allmennpolitikarane opplever større påverknadskraft, seier Winsvold.

– Ein god politikar tek vare på dei svake

– Eg trur det viktigaste vi kan lese ut av dette, er at det seier noko om normen for å vere ein god politikar i Noreg – at normen er å ta vare på dei svake. For når vi såg på representasjon av interessegrupper, altså spesielle næringar eller bydelar og bygder, fann vi ingen effekt på påverknadskraft, fortel ho.

Resultata viste dessutan at det å vere ordførar også var assosiert med å kjenne ansvar for å representere ressurssvake grupper. Det kan også tolkast som å peike i same retning, at det å ta vare på dei som i mindre grad kan representere seg sjølve, er ei viktig norm for norske politikarar.

– Skal eg spekulere, vil eg tippe at dette er noko som har endra seg. Kanskje det å seie høgt at ein har ansvar for visse grupper, har meir status no enn før, i og med framveksten av såkalla identitetspolitikk, seier ho

– Men for å kunne seie noko sikkert om endringar, treng vi å måle dette på fleire tidspunkt.

Menn har meir innbyggjarkontakt

I analysen fann ho også ein annan stor skilnad mellom kjønna: Dei mannlege lokalpolitikarane oppgjev å ha mykje meir kontakt både med innbyggjarane i kommunen sin, med andre politikarar og med kommuneadministrasjonen enn dei kvinnelege gjer. Særleg når det gjaldt kontakt med innbyggjarar, var skilnaden stor. Og det å ha mykje kontakt med innbyggjarar, heng i hop med større kjensle av å ha påverknadskraft på politikken.

– Det er mogleg at menn systematisk overdriv aktivitetsnivået sitt, men sjølv om det skulle vere tilfelle, så er skilnadane så store at eg trur det må liggje noko reelt i dei, seier Winsvold.

Ei mogleg forklaring kan vere at menn i gjennomsnitt sit lenger i politiske verv enn kvinner gjer. Ei anna kan vere at fleire menn enn kvinner er ordførarar, og ordførarar har meir kontakt med ulike aktørar enn andre politikarar – som rimeleg er, sidan ordføraren er heiltidspolitikar.

– Men sjølv etter at vi kontrollerte for begge desse faktorane, var det framleis ein forskjell mellom kvinnelege og mannlege politikarar. Så her er det noko vi ikkje kan forklare, seier ho.

Det har mellom anna kome fram at i Danmark har dei eit heilt anna syn på dette med innbyggjarkontakt enn i Noreg.

– Eg tolkar det slik at kvinnelege politikarar blir påverka i ulike retningar: I retning av større opplevd påverknadskraft fordi dei representerer ressurssvake grupper, men i retning av mindre opplevd påverknadskraft fordi dei har lite innbyggjarkontakt.

Samtidig var det å vere orientert mot grupper med få maktressursar, assosiert med meir innbyggjarkontakt. Her er kvinner overrepresentert. Her skjuler det seg altså nokre komplekse årsaksforklaringar som ikkje kjem fram i den statistiske analysen.

– Dette kan vi ikkje forklare ut frå datagrunnlaget, men her er det jo snakk om statistiske samanhengar, det handlar ikkje om dei same individuelle politikarane. Men her er det meir å grave i for den som vil, seier Winsvold.

Politikarrolla annleis enn i Danmark

Prosjektet som denne studien er ein del av, er no i avsluttingsfasen. Winsvold tykkjer det er interessant korleis samanlikningane har vist skilnader mellom politikarrolla i Noreg og Danmark.

– Det har mellom anna kome fram at i Danmark har dei eit heilt anna syn på dette med innbyggjarkontakt enn i Noreg, seier ho.

Ho fortel at eit stort fleirtal av danske lokalpolitikarar meiner det er forventa av dei at dei skal vere i kontinuerleg kontakt med innbyggjarane i kommunen sin om utforminga av politikken. Slike forventingar opplever norske lokalpolitikarar i mindre grad.

– Så norma for å vere ein god politikar i Danmark har meir å gjere med samhandling med innbyggjarane, medan det i Noreg handlar meir om å sikre representasjon av alle grupper?

– Det kan vere ein mogleg måte å sjå det på, seier Winsvold.

Les forskingsartikkelen til Winsvold her.