Mor ser ikkje på sæddonor som far til barnet

Mor ser ikkje på sæddonor som far til barnet

Ingen av mødrene i studien til Monica Bjerklund ønskte å kalle donorane for far til sine barn. Dette må barnehagane vere oppmerksame på, seier Monica Bjerklund ved Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning.
Mødrene uttrykker takksemd til donorane, men ønsker ikkje å tenke på han som ein far etter at barnet er fødd, seier forsker Monica Bjerklund.

I Noreg får berre kvinner som har ein partnar tilbod om assistert befruktning, medan single kvinner må reise utanlands. Fleirtalet på Stortinget gjekk inn for å endre dette, men det blei stoppa av KrF då den nye regjeringa tok form tidlegare i år. 

Mange norske kvinner reiser derfor til Danmark eller andre land. Over 1800 har fått hjelp ved Stork-klinikken i Danmark dei siste åra. Monica Bjerklund er førstelektor ved seksjon for pedagogikk hos Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning. Ho har intervjua 33 mødrer som er åleine med ansvar for barn dei har fått ved hjelp av donor.

Mødrene ønsker ikkje å tenke på donoren som ein person.

Bjerklund har funne respondentane i eit norsk forum for mødrer som har fått barn ved hjelp av sædgivar og assistert befruktning. Forumet har 470 medlemmar. 

– Det er forska lite i Noreg på einslege mødrer som har fått barn ved hjelp av donor. Barnehagen skal synleggjere eit mangfald i familieformer og sørge for at alle barn får sin familie spegla i barnehagen. Dette ifølge rammeplanen for barnehagen frå 2017. Dette krev at barnehagen har større merksemd på denne gruppa, fortel Bjerklund. 

Meir enn biologi

I siste nummer av Tidsskrift for kjønnsforskning, har Bjerklund undersøkt korleis mødrene ser på sæddonor. Ingen av dei 33 kvinnene ønskte å kalle donoren for far til sine barn. 

– Dei fleste brukte «donor» om mennene som har donert til klinikkane. Dette grunngav dei med at donor ikkje har nokon sosial funksjon overfor barnet. Mødrene uttrykker takksemd til donorane, men ønsker ikkje å tenke på han som ein far etter at barnet er fødd, seier Bjerklund.

Det å vere far er altså forstått som noko meir enn biologi, det inneber først og fremst ei sosial rolle. Men Bjerklund trur også at mødrene nyttar slike omgrep fordi dei er vanlege både i litteraturen, i medisinen og i lovverket. 

– Det kan hende at dei adopterer terminologien som er offentleg innarbeidd. Internasjonale studiar seier det same: Mødrene ønsker ikkje å tenke på donoren som ein person. Nokre ser på slik donasjon utelukkande som ei overlevering av biologisk materiale.

– Barn kan bli pådytta eit sakn 

– Kvifor trur du at nokre av mødrene har eit så instrumentelt syn på donorane?

– Eg er ikkje samd i at dei har eit instrumentelt syn. Det at mange ikkje tenker på donoren som ein person, blir forklart som omsyn til barnet. At dersom dei definerer donoren som ein mann eller ein far, så vil det bli ein person barnet kan finne på å leite etter, og stille forventningar til. Det skapar ei rolle som ikkje er der, seier Bjerklund.


Monica Bjerklund har intervjua einslege mødrer som har fått barn ved donorbehandling. Foto: Universitetet i Presov

– Omgjevnadane seier at det normale er å ha ei mor og ein far, så det blir forventa at fråværet av ein far vil skape eit sakn hos barnet. Såleis blir barnet pådytta eit sakn, seier førstelektoren.

Ho peiker på at også surrogatar og eggdonorar lett blir avpersonifiserte.

– Mødrene i utvalet ditt forklarte at donor ikkje er far fordi han ikkje har ei sosial rolle. Men det finst jo menn der ute som ikkje har kontakt med barna sine, men som likevel er fedrar?

– Ein del norske menn har ikkje samvær med barna sine. Det er likevel mogleg for barna å få eit bilde, få informasjon og ein identitet. Er faren derimot ukjent, så blir det meir likt det å vere donor. Mødrene meiner at det biologiske ikkje er tilstrekkeleg nok til å vere far. Dette støttast også av lovverket, og eg tenker at det ikkje er noko vi kan stille spørsmål ved. 

Aukande aksept i folket

– Kva er den aksepterte familieforma i 2019?

– Det er aukande aksept for assistert befruktning i folket, men det blir hindra av politiske prosessar. Familiar som har fått barn gjennom donor er ikkje lenger noko kontroversielt. Men det kravde, og krev framleis, politisk vilje for å bli realisert. 

Ei undersøking frå 2017, gjort av Respons Analyse, viste at fleirtalet av norske kvinner og menn ønsker å tillate surrogati og eggdonasjon. Berre 22 prosent er negative til utradisjonelle familieformer. 

Det er viktig at dette blir snakka om tidleg.

Mange land vi samanliknar oss med, tilbyr single kvinner assistert befruktning. I Noreg er det berre ti år sidan lesbiske par fekk rett til slik fertilitetsbehandling. Men for eitt år sidan sa Bioteknologirådet nei til assistert befruktning for einslege kvinner. 

– Dåverande leiar Kristin Halvorsen tvilte seg fram til at einslege kvinner ikkje bør få tilbod om assistert befruktning. Argumentet hennar var å ikkje skape familiar med berre ein forelder, fordi dette opnar opp for sårbare situasjonar ved sjukdom eller dødsfall. På grunn av aukande aksept i befolkninga, trur eg at politikken etter kvart vil følge etter, seier Bjerklund. 

Det du tar for gitt

I artikkelen viser Bjerklund til den franske sosiologen Pierre Bourdieu og omgrepet doxa. Bourdieu forklarer doxa som dei sidene ved kultur og samfunn som folk flest tar for gitt. Ein av dei tinga folk tar for gitt, er at alle har ei mor og ein far. 

– Det har skjedd at barnehagetilsette har fortalt barna at alle har ei mor og ein far. Ikkje mange mødrer hadde opplevd dette, men dei det gjaldt opplevde det som uheldig. Dei var igjen uroa over at det ville skape eit sakn hos barnet, ei forestilling om ein far der ute. 

Bjerklund fortel at eit stort fleirtal av hennar respondentar informerte barnehagen og spurde om dei kunne vere opne med barnet om donasjonen. Dei informerte også andre foreldre. Ifølge Bjerklund gjorde dei dette både for å normalisere donorbruk og for å framheve mangfaldet på familieformer. 

– Det er viktig at dette blir snakka om tidleg. I Noreg kjem det no ei lovendring der barn får rett til å vite om donasjonen. Å bruke retten til informasjon krev likevel at foreldra har fortald om donasjonen.

– At sæddonasjon ikkje er anonymt i Noreg, er eit argument for at einslege kvinner bør ha tilgang på det. Etter ein viss alder kan barna altså finne informasjon om sine donorar, det kan dei ikkje alltid dersom behandlinga har skjedd i utlandet.

Retten til å vite

Sæddonasjon har vore tillat for par i Noreg sidan 1930-talet. I 2005 blei det bestemt at donorane ikkje lenger skulle vere anonyme. Dette baserte seg mellom anna på Barnekonvensjonen, som seier at barn har rett til å kjenne sitt biologiske opphav. Likevel har ikkje norske barn rett til å vite kven donoren er, dersom mor har fått sæddonasjon frå lukka donor i utlandet. 

– Barnekonvensjonen tar sikte på det biologiske prinsipp, mens det tilknytningsfremmande utviklingsprinsipp har kome sterkare til dei seinare åra. Det viktigaste for barnet er ein trygg tilknytning i oppveksten, og ikkje nødvendigvis kontakt med sitt biologiske opphav. 

Internasjonale studiar viser at barn som får vite om donasjonen tidleg, har god psykisk utvikling.

– Trassar lukka sæddonasjon denne retten?

– Det biologiske prinsippet er ikkje einerådande når det gjeld kva som er det beste for barnet. Vi legg stor vekt på biologi, og kjenner at det er riktig når vi ser familiegjenforeiningar i media. Somme søker opp sine biologiske foreldre, men mange har ikkje behov for det.

Bjerklund kjenner ikkje til norske undersøkingar som viser at det å vakse opp med ein ukjent donor har fått negative følger for barnet.   

– Det har kome fram enkelthistorier frå personar som er sinte fordi dei ikkje har blitt fortald om donasjonen før dei blei vaksne. Internasjonale studiar viser at barn som får vite om donasjonen tidleg, har god psykisk utvikling. Barn treng openheit, meiner Bjerklund. 

Usynlege i lovverket

Det er ikkje ulovleg å motta behandling med sæddonasjon i utlandet. Men det at det ikkje er tillatt i Noreg, får konsekvensar for dei kvinnene det gjeld. Ifølge Monica Bjerklund er einslege kvinner som har fått barn gjennom sæddonasjon usynlege i lovverket om foreldreskap, fordi det ikkje er tillatt. Mange offentlege dokument krev namn på far eller medmor, og gir inga moglegheit for å krysse av for donor. 

– Det er symbolsk viktig kven som er synleg og usynleg i lovverket. Alle barn bør vere synlege i lovverket, uavhengig av korleis dei blei til. 

Ny teknologi og nye familieformer krev gode omgrep i tida som kjem. Ifølge førstelektoren trengst det også meir kunnskap om assistert befruktning i Noreg. Barnehagen må ha kompetanse på mangfaldet av familieformer.

– Barnehagen bør tilpasse kommunikasjonen til ulike barn og familiar. Det er viktig å lytte til familiane som ønsker dialog om dette. Korleis skal dei bli møtt av barnehagane? Det er ikkje sikkert at omgrepa vi nyttar passar til dette feltet, så her bør barnehagane følge med på kva familiane opplever som er gode eller krenkande omgrep.  

– Framover trengst det meir forsking på korleis barna sjølve ser på donor, og korleis dei opplever oppveksten sin. Korleis har barna det i oppveksten? Saknar dei ein far? Og kva slags kompetanse skal det offentlege ha på dette? Undervisning og offentlege skjema må spegle dei nye familieformene, avsluttar Bjerklund. 

Artikkelen «’Fordi han som donerte aldri vil bli en pappa’ Definisjoner av egen familieform hos enslige kvinner som har fått barn ved hjelp av sædgiver» er publisert i Tidsskrift for kjønnsforskning 01/2019.