Utgave: 2/2022 Natur

Kjære lesar (nr. 2/2022)

Dette temanummeret om NATUR er redigert frå Stavanger, oljehovudstaden i Noreg. Her lever me tett på vakre fjell, fjorder og strender som er ynda stader for turar og rekreasjon. Samstundes har Stavanger vorte rik på olje, gass, vasskraft og matproduksjon: natur som er utnytt til det maksimale på vegne av stat og kapitalforvaltning. Det kan høyrast ut som eit paradoks, men kanskje er det snarare to sider av same type (ut)vinning? Dette nummeret handlar om det naudsynte i å tenke med, tenke om eller heilt avtenke det me kallar natur.

Ulike, og ofte paradoksale, måtar å ta naturen i bruk vert tematisert i diktet PARK av den samiske poeten og performancekunstnaren Siri Broch Johansen/Juho-Sire: «Menneskets vis e å ta naturen, sluke». Me har vore så heldige å få trykke diktet som ein del av dette temanummeret, og let dét setje tonen frå start. Diktet vart framført på den norske kjønnsforskingskonferansen Kjønnsforsking Nå! i 2021, og er ei påminning om korleis forståingar av og tilgang til natur og naturressursar er forma av kolonialisme, kapitalisme og forskjellege former for politisk populisme.

Spørsmål om natur har alltid vore viktige i feministisk teori og kjønnsforsking, og natur som eit vitskapeleg, politisk, kulturelt og etisk omgrep har fått meir merksemd dei siste åra. I artikkelen «En naturlig død: Den dødspositive bevegelsen som posthumanistisk feministisk praksis» utforskar Alexandra Løvås Kristinnsdottir korleis såkalla dødspositivitet kan lesast som ein posthumanistisk, feministisk bevegelse som står i sterk kontrast til ideen om det rasjonelle, universelle og distanserte mennesket som noko utanfor naturen. I si analyse viser forfattaren korleis ritual knytt til død og gravferd heng saman med både antroposentrisme og kapitalistiske marknadskrefter og at det kan finnast eit økologisk, feministisk alternativ i nye måtar å tenke og leve med død på.

I artikkelen «ʼNaturʼ er også et ord: Om å ta natur på alvor i feministisk teori», tek Claus Halberg eit oppgjer med det han ser som ulne omgrep om natur i feministisk teori, og argumenterer for at det er meir fruktbart å avtenke natur, enn å nytenke den. Forfattaren ser til fleire, feministiske klassikarar i kjønnsforskingsfeltet, blant anna Simone de Beauvoir si Det annet kjønn og Judith Butler si Bodies that Matter, og viser korleis feministiske diskusjonar om natur er meir heterogene og mangslungne enn det som får komme til syne når omgrepet natur vert forsøkt analysert som ei motsetning til noko anna, til dømes «kultur».

Korleis ein skal forstå og tenke med natur er sentralt også i artikkelen «Anne Conway og revitaliseringen av naturen: Conways miljøetikk som et alternativ til Aristoteles og Spinoza». Her løfter Fredrik Nilsen og Trine Antonsen fram filosofen Anne Conway (1631-1679), som har bidratt til utviklinga av økofeminismen. I det som forfattarane skriv fram som Conways miljøetikk, finnest ei bru mellom tilsynelatande motstridande posisjonar mellom mennesket og andre skapningar og einingar på jorda som kan gje ny innsikt i korleis me forstår natur, og bidra inn i pågåande diskusjonar om korleis leve i, og med, naturen på berekraftige måtar.

Samanhengane mellom dei pårekna skillelinjene mellom menneske og natur er også Mehdi Torkaman oppteken av i sin artikkel «Fuel and Feminism: Oil, women, and the urbanization of nature in State of Happiness». Gjennom ei nærlesing av NRK TV-serien Lykkeland (State of Happiness) analyserer forfattaren korleis framsteg, frigjering og urbanisering vert representert som ei feministisk moglegheit for likestilling. Sjølv om Lykkeland presenterer ei soge om korleis oljeindustrien tek med seg rikdom og endring, så står både menneskelege og meir-enn-menneskelege aktørar fram i komplekse relasjonar til «natur».

Natur og det naturleggjorde har ei problematisk historie som ein del av vestleg vitskap som kjønna, koloniserande og kategoriserande regime. I dette nummeret si kommentarartikkel, «Naturliggør forandring! Queer-feministisk naturpolitik i det Antropocæne», argumenterer Mathias Klitgård for at me framleis har bruk for alternativ til å forstå «det naturlege» på måtar som kan lage plass til skeive, trans og queer-feministiske kroppar, vitskapar og aktivismar. I kommentaren oppmodar forfattaren oss til å forstå natur som noko foranderleg og forandrande, og at denne krafta kan vere grunnlag for ei naturforståing der ulikskap er omdreiningspunktet.

God lesing!

Ingvil Hellstrand og Lene Myong

Dette er en Open Access artikkel distribuert under vilkårene Creative Commons CC-BY-NC 4.0

DOI: https://doi.org/10.18261/tfk.46.2.1

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.