Kjære lesar (nr. 2-3/2021)

Issue:
2-3
2021

Kjære lesar (nr. 2-3/2021)

I skrivande stund er det enno lenge til du sit med denne utgåva av Tidsskrift for kjønnsforsking framføre deg. Dette er eit temanummer som handlar om «Framtider», så sjølv om det er eit lite poeng, så seier det likevel noko om kor ofte me må tenka oss fram i tid, eller korleis me forskotterer framtida.

Spørsmål om framtider – for kven, med kven og av kven –  er feministiske spørsmål. Dei siste åra har det vore meir merksemd kring spørsmål om kven som har tilgang til ei leveleg framtid, og på kva slags premisser. Dette temanummeret løfter fram korleis førestillingar, forteljingar, idear, ideal og politikkar om kjønn, kropp, identitet og tilhøyrsle alle er innvevde i spørsmål om fortid, framtid og notid.

For nokon er tanken på framtid løfterikt og full av moglegheiter, mens for andre er framtid uføreseieleg og utilgjengeleg. I vår tid har spørsmål om ei leveleg framtid fått ny aktualitet i kjølvatnet av auka medvit om at forståingar om framtid inneheld både materielle, sosiale, økologiske, teknologiske, politiske og etiske aspekt. I dette nummeret vil me stilla spørsmål om korleis idear om framtid både kan opne for, men også avspore, nytenking, endring og kritiske intervensjonar i etablerte strukturer, normer og institusjonar.

Først ut i vårt temanummer Framtider er rundebordssamtalen «Interseksjonelle framtidsfortellinger: hvem får drømme om framtiden?» Her diskuterer Sonia Muñoz Llort, Maria Puenchir og Inga Márjá Utsi, og Sara E. S. Orning korleis framtidstenking, både som forteljingar og som drøymar, er knytt til epistemologiske, strukturelle og institusjonelle rammer. I deira tekstleggjorde samtale rettar dei søkjelyset mot spørsmål om strukturell ulikheit og interseksjonelle livsvilkår, og korleis det levde kvardagslivet er og vert «merka» av både fortid og framtid.

Artikkelen «Populærkulturelle forestillinger av utvidet virkelighet: Makt og (u)leselige identiteter når verden blir en skjerm» går science fiction sjangerens «kva viss» – spørsmål i møte. Gjennom ei nærlesing av tre utvalde science fiction tekstar viser Marianne Gunderson korleis populærkulturen tar i bruk visuelle markørar som fungerer som digitale koder, sosial sortering og normative skript for kva som vert leselege og uleselege kroppar og identitetar, både i ei tenkt framtid og som uttrykk for kulturelle førestillingar i dag.

Helene Maria Fiane Teigen og Kamilla Knutsen Steinnes har skrive artikkelen «ʼ– Det er lett å se hvilke kjønn reklamer er ment for. Det er ikke noe mellomtingʼ: En studie av ungdoms fortolkning av kjønn i reklame på sosiale medier». Deira analyse viser at ungdom har ei refleksiv haldning til kjønnsnormer og kjønnsperformativitet i møte med reklame i sosiale media. Snarare enn å vere passive mottakarar av reklamens stereotypiar, går dei inn i ei forhandling om kjønn, normativitet og normalitet på vegne av seg sjølv i både notid og for framtida.

Spørsmål om framtid blir ofte knytt saman med spørsmål om reproduksjon. I  dette nummeret har me fleire ulike tekstar som utforskar relasjonane mellom framtid og reproduksjon i konteksten av høgst aktuelle spenningsfelt mellom individ og stat.

Ingvill Stuvøy, Maria Kirpichenko, Guro Korsnes Kristensen, Merete Lie og Sofia Moratti har skrive ein kommentarartikkel til dette nummeret, med tittelen «Bioteknologiske framtider. Refleksjoner over endringene i Bioteknologiloven fra et kjønnsforskningsperspektiv». Kommentaren gir eit oppdatert innblikk i korleis Noreg synest å flytte seg vekk frå å ha ei av de strengaste reguleringane av bioteknologi i verda, og fram mot ein liberal og offensiv fødepolitikk.

Frå eit litt anna perspektiv, har Hande Eslen-Ziya skrive om korleis en pro-natalistisk befolkningspolitikk har tatt form gjennom populistisk retorikk og parlamentariske debatter i Tyrkia i perioden mellom 2008-2016. I artikkelen «Discursive Construction of Population Politics: Parliamentary Debates on Declining Fertility Rates in Turkey» belyser forfattaren eit utsnitt av dei politiske og diskursive kampane om befolkningspolitikken til det regjerande Rettferds- og Utviklingspartiet (AKP).

Den siste artikkelen tar utgangspunkt i levde erfaringar. I «Donorunnfangede menneskers fortider, nåtider og framtider: En feltstudie fra California» diskuterer Martin Eggen Mogseth korleis kunnskap om eins eigen donorunnfanging er avgjerande for å forstå identitetar og relasjonar i både fortid, notid og framtid. Analysen løfter fram at deltakarene i studien er kritiske til donorpraksis basert på anonymitet og løyndom.

Me avsluttar nummeret med Wencke Mühleisen si bokmelding av boka Et Åbent Øjeblik, der den danske historikaren Pernille Ipsens fortel om sine syv rødstrømpemødre. På 1970-tallet deltok desse mødrene i ei feministisk kraftanstrenging for å endre rammevilkåra for samfunnet gjennom å bygge sin eigen familiestruktur. Sjølv om den opne augneblinken som dei feministiske mødrene skapte vart stengd, står inspirasjonen og det naudsynte i å førestille seg radikalt andre og annleise framtider att.

God lesing!

Ingvil Hellstrand og Lene Myong

Dette er en Open Access artikkel distribuert under vilkårene Creative Commons CC-BY-NC 4.0

DOI: https://doi.org/10.18261/issn.1891-1781-2021-02-03-01

Årets andre nummer er et dobbeltnummer om "Framtider". Artiklene løfter fram hvordan forestillinger, ideer, ideal og politikker om kjønn, kropp, identitet og tilhørighet er innvevd i spørsmål om fortid, framtid og nåtid. Les om interseksjonelle framtidsfortellinger, science fiction i lys av feministisk teori, kjønnsnormer i reklame, bioteknologi, reproduksjon og donorunnfangelse, samt befolkningspolitikk i Tyrkia.