Forsking på energispørsmål er ikkje kjønnsnøytralt

Forsking på energispørsmål er ikkje kjønnsnøytralt

– Kjønnsperspektiv blir ofte redusert til å telje menn og kvinner. Det gjev eit veldig grunt inntrykk. For å skape eit betre klima må vi forstå menneska bak energipraksisane, meiner forskarar.
Kvinner tek ofte eit større ansvar for å endre energipraksis i heimen, til dømes ved å leggje klesvasken til solrike dagar, seier Cicero-forskar Karina Standal. Ho har intervjua familiar i ulike europeiske land om deira energipraksisar.

Dei seinare åra har EU blitt meir medvitne om å inkludere kjønnsperspektiv i forskinga dei støttar. I EU-rammeprogrammet Horisont 2020 vart kjønnsperspektiv eit eksplisitt krav i utlysingane, og dette vil halde fram i neste rammeprogram, Horisont Europa.

Men kva tyder det eigentleg? Det har forskarar ved NTNU sett på i samanheng med eit EU-finansiert energiforskingsprosjekt.

– Vi var fullverdige partnarar i prosjektet og følgte det frå innsida. Ein del av vår arbeidspakke var å studere kjønnsperspektiv i prosjektet, seier Roger A. Søraa, forskar ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar ved NTNU.

Kjønnsdynamikk i diskusjonar

Prosjektet Shape Energy hadde til føremål å gjere samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking betre integrert i EUs energipolitikk.

– Det har vore relativt lite merksemd på kjønnsperspektiv i energiforsking, og i tillegg er kjønnsfordelinga nokså skeiv – det store fleirtalet av artiklar i dei viktigaste tidsskrifta for energiforsking, er skrivne av menn, seier Søraa.


Roger A. Søraa er forskar ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar ved NTNU. Foto: NTNU

Han og kollegaene studerte korleis deltakarane i prosjektet gjekk fram for å inkludere kjønnsperspektiv, og kva fokus dette hadde i prosjektet som heilskap.

Ein viktig metode i Shape Energy var å invitere interessentar frå ulike samfunnssektorar til verkstader – «storytelling workshops». Der brukte dei eigne erfaringar til å diskutere energipolitiske utfordringar i sin kvardag.

Det var eit mål at desse verkstadene skulle ha minst 40 prosent deltaking av kvart kjønn. I tillegg skulle dei inkludere eit størst mogleg mangfald av relevante aktørar. Verkstadene hadde observatørar som såg på dynamikken i gruppa.

Verkstadene fann stad i ulike europeiske land, og det varierte i kor stor grad ein greidde å oppnå kjønnsbalanse. Mange gonger var menn både overrepresenterte og dessutan eldre enn kvinnene, og denne kombinasjonen førte ofte til at nokre av mennene dominerte diskusjonen.

Men dette gjaldt ikkje over alt. Både kvinner og menn tok roller som var påverka av både alder, fagbakgrunn, personlegdom og kultur. Og det var ikkje gitt at kvinner alltid vart overdøyva sjølv om dei var i mindretal.

Tilrår djupare inkludering

EU har gått langt i å nytte «gender mainstreaming» som strategi. Det vil seie at ein skal gå inn for kjønnsbalanse i forskargrupper, og at kjønnsperspektiv skal vere ein integrert del av forskinga.

– Vi ser ofte at kjønnsperspektiv blir redusert til å telje menn og kvinner. Det er sjølvsagt enklare å berre sikte mot ein viss prosentvis samansetting, men det gjev eit veldig grunt inntrykk, seier Søraa.

I den vitskaplege artikkelen dei har skrive på bakgrunn av prosjektet, kjem forskarane difor med nokre råd til korleis ein kan gå djupare enn berre å telje. 

Samfunnet er sett saman av mange ulike menneske, og vi kan ikkje berre telje oss til god representasjon, men må inkludere ulike bakgrunnar.

Dei tilrår at forskingsprosjekt heller skal implementere det dei kallar «inkluderande engasjement»:

– Vi vil oppfordre til at ein må ta høgde for at samfunnet er sett saman av mange ulike menneske, og vi kan ikkje berre telje oss til god representasjon, men må inkludere ulike bakgrunnar.

Det kan vere utfordrande når ein til dømes skal invitere til denne typen arbeidsverkstader. Søraa trur rekrutteringsprosessen dei gjennomførte i forkant av desse verkstadene, var ein god del meir omfattande enn i mange andre prosjekt. Likevel var det vanskeleg å oppnå ei god gruppesamansetting i mange av landa.

– Det blir lett slik at nokre omsyn overkøyrer andre, men dersom ein er litt proaktiv, kan ein unngå nokre klassiske feil. Ein slik feil kan vere at ved å fokusera så sterkt på at ein skal ha like mange kvinner og menn, så gløymer ein at ein kanskje berre har kvite menneske, seier Søraa.

– Eller ein gløymer å ta alder med i reknestykket, og så sit ein der og skal snakke om klimaomstilling med berre ei gruppe eldre personar.

Tenk på språk og interseksjonalitet

Forskarane identifiserte ei rekkje utfordringar som kan kome i vegen for inkluderande forskingsprosessar på energifeltet, og kjem med konkrete råd til korleis ein kan omgå dei. Til dømes er det viktig å passe på at kjønnsperspektiv ikkje berre blir sett som viktig på overordna nivå.

Ein må ha med seg dei som gjennomfører dei ulike aktivitetane lokalt, og som må handtere dei praktiske utfordringane. I eit internasjonalt forskingsprosjekt må ein dessutan vere merksam på korleis ord og omgrep kan vere kjønna på ulike måtar i ulike språk. Interseksjonalitet, som ser på korleis ulike former for marginalisering kan samverke og forsterke kvarandre, var ikkje i søkelyset i Shape Energy.

Søraa og kollegaene meiner likevel at liknande prosjekt vil produsere betre forsking dersom kjønnsperspektiv blir forstått i ein interseksjonell kontekst. Utan merksemd på dette, kan ein lett kome til å ekskludere viktige synspunkt, peikar dei på. Samstundes hadde dei gode erfaringar med «storytelling workshops» som arbeidsmetode.

Når ein skal planleggje transport i ein by, er det jo veldig viktig at innbyggjarane får sagt kva dei meiner.

– På verkstaden vi hadde i Trondheim, til dømes, snakka deltakarane om korleis dei førestilte seg ein god transportsektor i Trondheim i nær framtid. Vi hadde alt frå politikarar til besteforeldre og taxisjåførar, og dei kom fram med sine personlege erfaringar, seier Søraa.

– Når ein skal planleggje transport i ein by, er det jo veldig viktig at innbyggjarane får sagt kva dei meiner. Det tykkjer eg er eit viktig metodisk poeng.

Sjølv om «inkluderande engasjement» er godt kjent innanfor ei rekkje fagfelt, så er det førebels ikkje mykje brukt i energiforsking, ifølgje Søraa. Det er noko dei prøver å bøte på i dette prosjektet.

– Det vi prøvde å oppnå i dette prosjektet, er å nå ein litt større del av samfunnet, og få folk engasjerte i klima- og energispørsmål. Og korleis ein tenkjer om det, avheng mellom anna av kjønn, seier han.

– Tenk berre på den kjønna forståinga av bilisme. Eller husarbeid, og kva type energipraksisar ein har i husarbeidet. Slike praksisar er framleis veldig kjønna, særleg i Sør-Europa. Vi meiner at vi må forstå menneska som har desse praksisane, for å forstå korleis vi skal skape eit betre klima.

Vil forstå kjønna energipraksisar

Karina Standal, seniorforskar ved Cicero senter for klimaforsking, er heilt samd i at å berre telje menn og kvinner i eit forskingsprosjekt, ikkje gjev god nok forståing av kjønnsperspektiv.


Karina Standal er seniorforskar ved Cicero senter for klimaforsking. Foto: Cicero

– Så det er veldig bra at nokon gjer det arbeidet forskarane har gjort her, seier ho.

Ho har sjølv forska på energi og kjønn sidan 2007. Nyleg leia ho ein casestudie der ein såg på kjønn og fornybar energi, finansiert gjennom EUs Horisont 2020.

I dette tilfellet intervjua ho familiar i ulike europeiske land om deira energipraksisar og kva som eventuelt hindrar dei i å endre praksis i meir miljøvenleg retning.

Saman med kollegaer har ho mellom anna intervjua folk som har fått installert solcelleanlegg heime og kan selje overskotsstraum tilbake til straumnettet, såkalla plusskundar.

Denne forskinga illustrerer godt kvifor ei djupare forståing av kjønnsperspektiv er nødvendig, meiner ho. 

– Når vi ser på korleis avgjerda om å bli plusskunde blir gjort, så ser vi at det hovudsakeleg er mennene som tek initiativ og som gjer undersøkingar, sjekkar lovverk og tekniske spesifikasjonar og har kontakt med leverandørar, seier ho.

– Så får dei vurderingane sine godkjende av kvinnene, slik at det blir ei felles avgjerd, seier ho.

Det viste seg altså at kjønna hadde svært ulike handlingsmønster i prosessen fram mot å bli plusskunde.

Kvinnene kjende seg ukomfortable med å skulle tileigne seg den nødvendig tekniske kunnskapen, og dei få som gjorde det, hadde  arbeid i energisektoren.

Den «typiske plusskunden» vart oftast skildra, både av plusskundane sjølve og i media, som ein mann med god inntekt og interesse for miljø og teknologi.

– Må gjere plass til kvalitative metodar

– Samstundes tok kvinnene eit større ansvar for å endre energipraksis i heimen, til dømes ved å leggje klesvasken til solrike dagar, seier Standal.

– Vi såg at det typisk var kvinnene som hadde hovudansvaret for sjølve energibruken i form av husarbeid. Desse skilnadene handlar om kjønnsforskjellar i utdanning og normer.

Ho meiner at når EU legg så sterkt opp til «gender mainstreaming» som strategi for å inkludere kjønnsperspektiv, så kan det fort berre bli enno ein boks forskarane skal krysse av. Dette gjer at ein ikkje forstår dei djupare samanhengane – som kvifor kvinner vel å overlate dette med solceller til menn.

Kjønnsperspektiv er heller ikkje like populært i alle europeiske land.

Men det kan vere vanskeleg å få ei djupare forståing av kjønnsperspektiv til å passe inn i EU-søknadane, eller få forskingsbyråkratane til å forstå kvifor det er viktig. Det set krav til fagleg kompetanse om kjønnsstrukturar i samfunnet hos alle dei involverte partnarane.

I tillegg er det lagt opp til at Horisont 2020-prosjekt skal levere løysingar som er enkle å setje i verk. Då tek ofte tekniske og økonomiske perspektiv prioritet. I ein slik situasjon blir det lettare å telje kvinner og menn enn å prøve å forstå dei komplekse mekanismane som ligg bak.

– Kjønnsperspektiv er heller ikkje like populært i alle europeiske land, og i Ungarn er det ikkje eingong lov å drive kjønnsforsking lenger, peikar Standal på.

Ho trur noko av problemet er at EU enno har ein lang veg å gå når det gjeld å gjere plass til kvalitative metodar, og samfunnsvitskap- og humanioraforsking generelt.

– Eg opplever ofte at kvalitative perspektiv ikkje heilt passar inn i møte med EU sine søknadsskjema og forskingsbyråkratar. Men det er i det minste noko dei er klar over sjølve, og interesserte i å gjere noko med, seier ho.