Menn blir oftare lurt av placebo enn kvinner

Menn blir oftare lurt av placebo enn kvinner

Først på 1990-talet begynte forskarar for fullt å inkludere begge kjønn i helseforsking. Likevel har eit mindretal sett direkte på kjønnsforskjellane. Sara Magelssen Vambheim har funne kjønnsforskjellar i si avhandling om smerte.
– Våre funn tyder på at det er lettare å utløyse placeboeffektar i menn, mens det er lettare å utløyse noceboeffektar i kvinner, seier Vambheim.

Sara Magelssen Vambheim leverte nyleg doktorgradsavhandlinga si i kjønnforskjellar i smerte, smertefrykt og placebo ved UiT — Norges Arktiske Universitet. Prosjektet blei planlagt på bakgrunn av funn av placeboeffektar i laboratoriet ved universitetet.

Vambheim ønskte å undersøke dette nærmare. Var det biologiske eller psykologiske mekanismar? Var forskjellane systematiske? Ho begynte å gjere eksperiment.

Testa med varmesmerte

Unge, friske respondentar i alderen 18 til 40 fekk underarmen sin kopla opp til eit instrument som gav forsøkspersonane varmesmerte.

– Alle forsøkspersonar deltok på same vilkår, der vi undersøkte underliggande effektar av placebo. Smerta blei målt med verbal rapport og gjennom respons frå hjernen ved at deltakarane hadde 32 elektrodar på hovudet. Datafila registrerte ein markør for når smerta blei gitt, fortel Vambheim.

Våre funn tyder på at det er lettare å utløyse placeboeffektar i menn.

Med maksimalt fem dagars intervall var alle med i to ulike grupper: Ei kontrollgruppe og ei placebogruppe. I kvar gruppe blei smerte gitt i tre testar. I placebogruppa fekk deltakarane to kapslar utan aktive virkestoff, som dei svelgde med eit glas vatn. Dei fekk beskjed om at kapslane effektivt ville redusere smerta.

– Vi spurde såleis deltakarane om å rapportere om nivået på smerta og stress på ein skala frå null til ti. Resultatet viste at placebobehandlinga reduserte verbalt rapportert smerte og stress, og dette gav også utslag på hjerneresponsen – men berre hos menn. Hos kvinner gav det ingen slik respons, seier Vambheim.

Lurt på ulike måtar

Funnet stemmer med tidlegare forsking. Når Vambheim og teamet samanfatta litteraturen på området, fann dei også kjønnsforskjellar i noceboeffekten: Kvinner responderte meir på nocebobehandling enn menn.


Sara Magelssen Vambheim er smerteforskar ved UiT og har funne fleire kjønnsforskjellar i placebo- og nocebo-effekten. Foto: UiT

– Noceboeffekten vil seie at vi ser ei auke i symptom etter at vi gir informasjon om at stoffet vil gjere smerta verre. Det er altså lettare å utløyse noceboeffektar i kvinner enn i menn.

– Mange vil nok spørje: Er menn meir lettlurte enn kvinner?

– Akkurat det veit vi ikkje, men våre funn tyder på at det er lettare å utløyse placeboeffektar i menn, mens det er lettare å utløyse noceboeffektar i kvinner. Det er altså enklare å aktivere positive forventningar i menn enn i kvinner, med ein påfølgande reduksjon i negative symptom. Hos kvinner er det enklare å aktivere negative forventningar, med ein påfølgande auke i negative symptom motsett.

Forskaren ønsker no å finne ut av korleis placeboeffekten kan utnyttast i klinisk samanheng.

– Det kan i framtida bli aktuelt å skreddarsy ulike behandlingstilbod til kvinner og menn, basert på kunnskap om at menn og kvinner responderer forskjellig.

– Få undersøker kjønnsforskjellar

– Dersom desse studiane stadfestar tidlegare funn, kva er nytt her?

– Det som er nytt med studiane er at vi måler smerte både subjektivt og objektivt, måler emosjonar og undersøker kjønnsforskjellar. Vi er dei første som lagar ein kunnskapsoppsummering om kjønnsforskjellar i placebo- og noceboeffekten, basert på den eksisterande litteraturen på feltet, seier Vambheim, og held fram:

– Litt av problemet med studiar fram til no, er at mange ikkje rapporterer om kjønnsforskjellar. Først på 1990-talet kom det i USA eit krav om å inkludere begge kjønn i forsking som var finansiert av det nasjonale helseinstituttet. Ti år seinare såg ein at mange hadde med begge kjønn i studiane, men dei skreiv lite om kjønnsforskjellar.

Vambheim meiner at å undersøke kjønnsforskjellar i helseforsking bør bli rutine, ettersom vi no veit at det finst store forskjellar.

– Det vil betre kvaliteten på helseforskinga, auke nytteverdien, men også ha verdi for integriteten til forskinga.

Angst og frykt for smerte

– Vi veit at smertefrykt er sentralt i placebo- og noceboeffektar i smerte. Når frykta for smerte er høg, så er placeboeffekten låg, seier Vambheim.

I ein annan del av studien undersøkte ho derfor kjønnsforskjellar i frykt for smerte. Ho skilte mellom frykt for låg smerte; papirkutt og liknande, medisinsk smerte; kirurgi, nålestikk og liknande, og sterke smerter; bilulykke, brekke nakken og liknande. På låg smertefrykt var det ingen kjønnsforskjellar, men på dei sterke smertane hadde kvinner meir frykt enn menn.

Ei mogleg forklaring er at det er forskjell på korleis kvinner og menn reflekterer rundt ulike typar smerte.

– Ei mogleg forklaring er at det er forskjell på korleis kvinner og menn reflekterer rundt ulike typar smerte, og at dette utløyser ulike psykologiske reaksjonar i kvinner og menn. Vi skil mellom frykt og angst. Angst er sterkt relatert til lågare smerteterskel og smertetålegrense. Frykt kan anten auke eller redusere smerte. Vi veit at angst utløyser stoff i hjernen som påverkar smertetålegrensa, seier Vambheim.

Ho held fram: 

– Det er viktig at ein sikrar at dei måleinstrumenta som nyttast i forsking, målar det ein har til hensikt å måle. Ønsker du å måle smertefrykt, må du sikre at det er frykt du måler hos begge kjønn, og at du ikkje måler angst i kvinner og frykt i menn.

Maskulint ideal å skjule smerte

Kjønnsroller påverkar korleis smerte blir rapportert. Til dømes har det blitt funne at kvinner rapporterer like nivå av smerte til både mannlege og kvinnelege forsøksleiarar, medan menn rapporterte lågare smerte til kvinnelege forsøksleiarar enn til mannlege forsøksleiarar.

– At menn rapporterer forskjellig til mannlege og kvinnelege eksperimentatorar kan komplisere det å forske på smerte.

Eit interessant funn frå smerteforskinga er at kjønnsforskjellane opptrer rundt pubertetsalderen og aukar inn i voksen alder. Før pubertetsalderen finst det ingen signifikant forskjell på jenter og gutar si smerteoppleving.

– Dette reiser nokre interessante forskingsspørsmål. Eitt av desse er i kva grad kjønnsrolleforventningar påverkar smerteoppleving og uttrykk av smerte hos jenter og gutar, og kvinner og menn. Eitt anna er betydninga av biologiske forskjellar som hormonelle ulikheiter.

– Det er også kjønnsforskjellar i meistringsstrategiar. Kvinner nyttar sosial støtte, emosjonsfokuserte teknikkar, merksemd og refortolking når dei får vondt, mens menn i større grad distraherer seg bort frå det.

Mange pasientar med kroniske smerter oppsøker jamnleg medisinsk hjelp, tapar inntekt og mottar ineffektive behandlingar. Kroniske smertelidingar kan redusere livskvaliteten og kan gi høgare risiko for psykiatriske lidingar som depresjon og angst. For eksempel veit vi at dobbelt så mange kvinner som menn med kroniske smertelidingar har depresjon i tillegg.

Sosialkulturelle variasjonar

 Du skriv at opplevinga av smerte kan variere sterkt frå person til person, men også i ulike land. Er smerte også kulturelt?

– Globalt sett har kvinner høgare frekvens av ei rekke med kroniske smertelidingar, og er meir sensitive for dei fleste typar indusert smerte, samanlikna med menn. I ein studie har forskarar sett på den kulturelle variasjonen mellom austlege og vestlege forsøkspersonar.

Det er mogleg at menn underrapporterer smerte.

Funna viste at det var høgare smertetoleranse og lågare aksept for smerte i austlege kulturar. Som gruppe har menn både i aust og vest lågare aksept for at andre menn uttrykker smerte, enn at kvinner gjer det.

Fordi det er meir sosialt akseptert at kvinner uttrykker smerte, fryktar forskarar bias i smerterapportane – at det er mogleg at menn underrapporterer smerte. Dette kan igjen ha betydning for forståinga av funna frå forskinga, men også for behandling av smerter.

Placebo i praksis

Om kjønnsforskjellane kan forklarast med ulike forventningar og med ulik tillit til behandlar, blir derfor interessant å undersøke vidare.

– Den aller nyaste forskinga ser på om genetiske forskjellar kan forklare individuelle forskjellar i placeboeffekten. Vi ønsker å vidareføre genforskinga ved å inkludere kjønnsforskjellar. Kunnskapen om det biologiske grunnlaget for placeboeffekten har kome langt. No er det viktig å finne ut korleis mekanismane bak kan nyttast i klinisk praksis, slik at ulike behandlingsformer kan bli betre.

Forskarteamet ved UiT er i gong med dette arbeidet, og har nyleg produsert ein artikkel om legar og sjukepleiarar, og korleis desse nyttar placebo-mekanismar i klinisk praksis.

– Vi har sett at dei aktivt utnyttar mekanismar som stressreduksjon, håp og positive forventningar for å betre behandlingsresultata, og at dei erfarer at dette er nyttig. Framover blir det viktig å finne ut korleis dette kan nyttast systematisk og effektivt, avsluttar Vambheim.