Kunnskapsløyse skulle halde ugifte jenter unna sex

Kunnskapsløyse skulle halde ugifte jenter unna sex

«Sundhetslære for unge kvinder» var ei opplysningsbok som endeleg tok jenter på alvor. Øystein Skundberg ved OsloMet har analysert boka skrive av den kristne pedagogen Kristiane Skjerve i 1916. 
Før var seksualitet noko ein måtte halde i sjakk, eit problem, fram til ekteskapet. Kristiane Skundbergs bok om seksualopplysning var difor banebrytande. Portrettet av fire jenter i tenåra er teke mellom 1910 og 1935.

Strategien overfor barn og unge på slutten av 1800-talet var å halde tilbake informasjon om pubertet og seksualitet. Særleg skulle jenter bli «verna» mot denne kunnskapen, for å framstå som sømmelege og jomfruelege.

Det var derfor banebrytande då pedagogen Kristiane Skjerve i 1916 gav ut ei handbok for jenter om kropp og seksualitet. Boka var medisinsk objektiv, kunnskapsorientert og ho oppmoda til likeverd mellom kjønna. 

Nettopp fordi boka har blitt såpass lite hugsa av ettertida, ønskte Øystein Skundberg å skrive om forfattaren og om betydninga boka fekk for samtida. Forskaren fortel at sosialhygiene blei eit viktig tema mot slutten av 1800-talet. For mens kjønnssjukdommar, prostitusjon, overgrep og uønskt graviditet sette sine preg på samfunnet, blei det etter kvart større merksemd på folkehelse og hygiene. 

På ein måte erstatta sosialhygienen den kristne moralen.

– Ein hadde på denne tida gjort fleire viktige medisinske oppdagingar, som førte til at folk fekk tiltru til fagmedisinen. Derfor kan det hende at aksepten for objektiv kunnskap om kropp og seksuell helse auka. Sosialhygienen innebar å spreie mest mogleg kunnskap om seksualitet av omsyn til samfunnet. På ein måte erstatta sosialhygienen den kristne moralen, fortel Skundberg. 

Det var kanskje dette som gjorde at Sundhetslære for unge kvinder blei såpass akseptert, og til og med støtta av medisinarar og pedagogar. Boka blei trykt opp i fleire opplag, og omsett til alle nordiske språk. 

Starta skrivekonkurranse

Det starta med kvinnesakspioneren Katti Anker Møller. Ho meinte at jenter måtte få informasjon om prevensjon, sex og kropp, slik at dei ikkje blei tvungne inn i ekteskap eller ut i prostitusjon. Møller tok derfor initiativet til ein skrivekonkurranse i 1912, på vegne av Norske Kvinders Nationalraad (NKN).

Kristiane Skjerve, som på den tida hadde emigrert frå Gausdal til California, vann konkurransen med boka Sundhetslære for unge kvinder.

– Ei handbok i seksualitet for jenter var noko heilt nytt. Før denne hadde temaet vore tilslørt og innpakka, noko jenter ikkje trengde å vite om før på bryllaupsnatta. 


Øystein Skundberg har skrevet artikkel om Kristiane Skundberg i Tidsskrift for kjønnsforskning nr. 4/18. Foto: OsloMet

Møller måtte slåst internt i NKN for å få boka gitt ut, sidan mange medlemmar meinte at boka kunne skade kvinnekampen. Men ho visste at jenter hadde eit seksualliv, sjølv om dei ikkje visste noko om korleis bli mødrer, eller korleis forhindre å bli det. At Møller kritiserte dette synet, var svært kontroversielt.

– Kvinner hadde nettopp fått røysterett, og dei Castbergske barnelovane sikra arverett til barn fødde utanfor ekteskap. Men samfunnet var sterkt kjønnsdelt, med ulik seksualmoral for gutar og jenter.

Sjølv om onani også blei sett på som skammeleg hos gutar, var det ei utbreidd haldning at gutar sin seksualitet var aggressiv og ustyrleg av natur. Jenter sin seksualdrift var derimot styrt av sjelelivet og det psykologiske. 

– Seksualiteten måtte haldast i sjakk, og jentene måtte passe seg både for eigen og gutane sin seksualitet. Det å ikkje kunne styre seg blei sett på som skamfullt. Kjønnsrollene tilskreiv jenter ein større skam og ein sterkare pliktetikk enn gutar.

Utsette puberteten

Lenge var tanken at seksualopplysning var skadeleg for barn, fordi denne kunnskapen ville oppmode til seksuelle handlingar. Foreldre og lærarar skulle verne dei unge så lenge som mogleg frå dette. Puberteten kunne dei utsette. 

– Kva er dei største forskjellane på korleis folk såg på seksualitet i 1916, og korleis folk ser det i dag?

Boka hadde ein føresetnad om at unge kvinner faktisk hadde eit seksualliv.

– Det er tilsynelatande mange forskjellar. Det som er felles, er at ungdom har førestillingar om korleis seksualitet fungerer, utan alle fysiske, biologiske fakta framfor seg. I dag er det lettare å snakke om temaet, og seksualitet er rundt oss gjennom ulike mediekanalar. Det er ein heilt annan tilgang på kunnskap.

Men det har også skjedd ei ideologisk endring. Seksualitet er noko ein respekterer på ein annan måte, meiner Skundberg. 

– Før var det noko ein måtte halde i sjakk, eit problem, fram til ekteskapet. Det var mange konsekvensar av det å ha sex. I dag er seksualiteten og kroppen individets eigedom, noko ein sjølv har rett til å utfalde seg med. Dessutan har vi fått eit språk for å problematisere kjønn og seksuell orientering – det som før blei sett på som psykisk sjukdom, blir i dag sett på som retten til å vere eit individ. 

Minst opplyst, fekk største konsekvensane

For jenter kunne mangel på informasjon få store konsekvensar. Skundberg fortel at byrjinga på 1900-talet var ein periode der ungdommar flytta frå landet og inn til storbyane. Mange jenter tok arbeid som tenestejenter. Der risikerte dei å bli utsette for overgrep av arbeidsgivarane sine. 

– Familiane verna om jentene så lenge dei kunne. Jentene lærte at gutane berre var ute etter ein ting, og at dei ofte tapte om dei blei seksuelt aktive. Unge jenter kunne bli sitjande att med barn, eller dei risikerte å bli smitta av kjønnssjukdommar. Prevensjon var ein ny og tabubelagt ting. Derfor blei uskyld fram til ekteskapet idealet. 

Det nye med Sundhetslære for unge kvinder var at boka hadde ein føresetnad om at unge kvinner faktisk hadde eit seksualliv. Dessutan gav Skjerve råd om fødsel, mensen, barsel og barnestell. Men for den kristne fløy i kvinnerørsla blei dette sett på som ei oppmoding til å ha eit seksualliv. Møller og Skjerve meinte derimot at den seksuelle aktiviteten allereie skjedde, anten folk likte det eller ikkje. 

– Kristiane Skjerve var rasande intelligent. Ho forfatta ei anerkjent hovudoppgåve i pedagogikk 21 år før det blei mogleg å ta slik mastergrad i Noreg. I sin bydel i California blei ho vald til den første kvinnelege forliksdommaren. Utanom dette forfatta ho skulebøker. Folk trudde Skjerve var lege, fordi ho skildra kroppen så detaljert og medisinsk, fortel Skundberg. 

Skriven for arbeidarklassejenter

Sundhetslære for unge kvinder blei selt billeg for å nå breiast mogleg ut, og fleire strofer vitnar om at handboka er skriven for jenter med arbeidarklassebakgrunn. På denne tida var det nemleg ein utbreidd tanke at borgarskapet hadde den beste seksualmoralen. 

Arbeidarane blei snakka om som om dei blei fødde umoralske.

– Arbeidarane blei snakka om som om dei blei fødde umoralske. Dette var genetiske forklaringar på klasseforskjellane, som gav utslag i strenge formaningar om at arbeidarklassen måtte ha ein endå høgare seksualmoral enn alle andre. 

Trass i godt sal og godt omdømme, blei boka likevel ikkje nytta som skulebok – for det var ho for dryg. Den meir progressive delen av samfunnslivet var oppglødde. Endeleg kom det ei bok som tok unge jenter på alvor. 

Ekteskapet var byggverket

Sjølv om boka i si tid var dristig og nytenkande, var Skjerve også ein kristen pedagog som vurderte å bli prest. Inspirert av den svenske filosofen Ellen Key, la ho vekt på det åndelege fellesskapet i ekteskapet, innbyrdes respekt for forskjellane mellom kjønna, inkludert den erotiske. 

– For Skjerve var ekteskapet der seksualiteten skulle utfalde seg. Tradisjonelt har ikkje kristendommen vore støttande ovanfor ungdom, men prega av skyld, skam og formaningar. Først tilslørte dei fakta, for deretter å seie at «det var synd du blei gravid.»

Ekteskapet haldt familiane saman, så viss ekteskapet forsvann, rakna heile byggverket. Seksualiteten var ikkje ein rett den enkelte hadde, men ei plikt om å ta omsyn til folket, samfunnet og framtida. Fellesskapet sine behov stod i sentrum, og alle måtte underkaste seg desse.

– Både kristne forfattarar, pedagogar og representantar frå fagmedisinen hadde sine agendaar. Pedagogikken erkjente at barn hadde seksualitet som ei primitiv utvikling til det avanserte vaksne. Medisinen skulle forklare forplantninga. For kristendommen var det ofte snakk om arvesynda. Dette var ulike forklaringar på det same, men stort sett var dei samde i at det ikkje var noko eigenverdi i å leve ut seksualdrifta si utanfor ekteskapet. 

Tok ikkje opprør mot naturen

Sosialhygienen og seksualopplysninga sette i gong fleire debattar om seksuell drift og moral. Fleire tok til ordet mot at kvinner skulle «bli som menn», ved å få likestilte rettar seksuelt. Samstundes laga psykiatrien teoriar om seksualitet som sjukdom, deriblant «hysteria».  Dette var biologiske forklaringar på at fordi kvinna var konstruert meir komplisert, var ho skjørare både mentalt og fysisk.

– Kvifor godtok kvinnerørsla premissen om at kjønna ikkje hadde, eller kunne ha, lik seksualitet?

Samfunnet var organisert rundt to kjønnsroller, som alle rekna med var naturgitte.

– Det er interessant at kvinnerørsla antok at kjønna hadde ulik seksualitet. Tankane deira dreidde seg om korleis dei kunne handtere den naturgitte forskjellen. Katti Anker Møller skreiv til dømes: «Gjer ikkje opprør mot naturen, men gjer oss den underlegen». Naturen blei oppfatta som ein fast ting, seier han.

– Samfunnet var organisert rundt to kjønnsroller, som alle rekna med var naturgitte. Men som John Stuart Mill skreiv i 1860-åra: Vi veit jo ikkje kva som er naturgitt før vi isolerer kjønna ute på ei aude øy utan kontakt med kvarandre. 

Klisjear rundt seksualitet

Ifølgje Skundberg sit det framleis langt inne å vedgå at seksualitet blir kulturelt forma. Dette forankrar seg i essensialistisk tenking, at kjønnet styrer korleis eit menneske oppfører seg. 

– Eg får vondt av unge gutar som i dag blir definert ut frå ein klisjé om kva mannleg seksualitet er. At mannen instinktiv er polygam og kronisk utru. I 1962 skreiv faktisk departementet til lærarane i forplantingslæra: «Hugs at gutar er styrte av trong til utløysing, og jenter er styrte av trong til ømheit.» 

– Dei som ikkje identifiserer seg med klisjeane blir stempla som umandige eller lausaktige. Desse haldningane dukkar opp i dag også. I russetida blir til dømes jenter åtvara mot gutar. Akkurat det same blei sagt i 1880-åra. 

– Framleis skepsis

Skundberg disputerte i september med avhandlinga «Du skal have agtelse for dit eget lille legeme». Barn og unges seksualitet i tekster om oppdragelse 1792–1952. Avhandlinga tar for seg handbøker innan barneoppdraging og seksualitet, der litteraturen er retta mot foreldre, familiar og lærarar. 

Det gjennomgåande rådet i bøkene er at om du fortel barn om seksualitet for tidleg, vil dei utforske. Ventar du for lenge, vil dei lære om det av andre, på feil måte. Skundberg meiner at det også i dag eksisterer skepsis mot seksualopplysning for barn. 

Seksualitet er alltid sausa opp i kulturell fortolking.

– I barnehagen og i skulen er det alltid foreldre som vil meine at det er for tidleg å snakke med barna om seksualitet. Det har skjedd ei enorm utvikling sidan 1970-talet, men mange held endå på haldningar som minner om dei på 1800–1900-talet, der seksuell utforsking hos barn blir sett på med vaksenbriller. 

Endrar seg med tida

Som biologisk fenomen har seksualitet alltid eksistert, men Skundberg meiner at seksualiteten blir gitt ulik meining i ulike kontekstar og til ulike tider.

– Seksualitet er alltid sausa opp i kulturell fortolking. Vi seier i dag at ingenting lenger er tabu, men eg trur at jo meir eksplisitt mediekvardagen blir, jo meir konservative kan foreldre bli. Vi har til dømes ikkje same haldning til det å vere naken som i 1970-åra. For 20 år sidan eksisterte ikkje problema «dick pics» eller spreiing av nakenbilde. Kanskje er det slik at dersom ein opplever noko som farleg, så blir strengare seksualmoral ein naturleg reaksjon.

Sundhetslære for unge kvinder var banebrytande både ved å vere medisinsk objektiv, og ved å rette seg mot jenter. Boka skilte seg ut ved å ikkje inneha alle dei tradisjonelle dydane. 

– Kristiane Skjerve hadde tillit til jenter. Det var som om ho sa: Her er kunnskapen, vi stoler på dykk. Ho var ein fascinerande person, og det er også historia om korleis boka blei til, avsluttar Skundberg. 

Les artikkelen «Hva jenter må vite: Kristiane Skjerve, Sundhetslæren og jenters seksualitet», i Tidsskrift for kjønnsforskning nr. 4-2018.