Utgave: 1/2022 Åpent nummer

Kjære lesar (nr. 1/2022)

Me startar årets fyrste nummer med barnedrap. Det er ikkje vilkårleg, då spørsmål om uønskt graviditet, abort og uoverkommeleg eller uhøveleg morskap framleis er viktige og aktuelle spørsmål i samfunnet generelt. Det er likevel eit samantreff at alle artiklane i dette nummeret av Tidskrift for kjønnsforsking på ulikt vis diskuterer foreldreskap, og særleg morskap og vilkår for morsrolla, inn mot spørsmål om livsvilkår og handlingsrom. Dei tre bidraga vart innsendt uavhengig av kvarandre, og utan at me som redaktørar hadde planlagt eit temanummer. Likevel fortel dette oss noko om at foreldreskap framleis er eit gjennomgåande tema i kjønnsforskinga. Me er difor nøgde over å kunne presentere eit høgst relevant, om enn uventa, nummer om morskap og morskapets utfordringar.

Fyrst ut er Maria Antonie Sæthers artikkel «’den feberagtige, halvt utilregnelige Forfatning, hvori fødselen hensætter’ – barnedrap, tilregnelighet og ugifte mødre i straffeloven av 1902». I denne artikkelen kastar Sæther lys over korleis kulturelle førestillingar om ugifte kvinner og fødsel kom til uttrykk i norsk straffelov og dommar på 1900-talet. Sæther diskuterer korleis medisinsk tenking og sosiale normer verker inn på både juridiske diskusjonar om barnedrap, og på straffeutmålinga.

Frå 1900-talet skal me til skvisen mellom arbeidsliv og familieliv for yrkesaktive mødrer med barn i barnehagealder i notidas Noreg. I artikkelen «Den sensitiverte kroppen: En fenomenologisk studie av småbarnsmødres omsorgserfaringer og helse» bidrar Sunniva Rivedal, Hilde Bondevik, Lisbeth Thoresen og Gunvor Aasbø med ny empiri på dei kroppslege erfaringane og opplevingane til yrkesaktive mødrer med små barn som står i krysspress mellom arbeidsliv og familieliv. Gjennom ei kroppsfenomenologisk tilnærming, diskuterer dei mødrer sine kroppslege erfaringar som sensitivert kroppslegheit, der den slitne og alltid budde kroppen står fram som særleg sårbar.

Sårbarheit – og korleis denne kan vere både synleg og usynleg – er også tema i Cecilia Pettersons artikkel «Mödrar i kris. Moderskap och psykisk ohälsa i dramakomediserien Amningsrummet ». Med utgangspunkt i ein svensk TV-serie, diskuterer Petterson korleis det å få barn verker inn på handlingsrom og spørsmål om likestilling i lys av feministisk forsking. Artikkelen undersøker korleis TV serien både tar i bruk og forhandlar kulturelle og sosiale førestillingar om morskap i Skandinavia i dag. Petterson er særleg oppteken av korleis psykisk uhelse og fødselsdepresjon får ein plass i TV-serien, og i det offentlege ordskiftet.

Det er interessant å lese desse artiklane i samanheng, då det sjølv i spennet frå haldningar og normer på 1900-talet og notidas forhandlingar om ansvar og fridom for mor finns fellestrekk knytt til både etikk, biopolitikk og feminisme. Men artiklane har også fokus på forskjellige former for morskap, og korleis ulike måtar å gjere morskap på heng saman med spørsmål om klasse og økonomisk sjølvstende. Dei ulike vilkåra er viktige, og vitnar om ei kompleks utforming av morskap i skjeringane mellom kjønn og klasse. Likevel er det for det meste den kvite, heteroseksuelle, cis-kjønna mor som artiklane i dette nummeret løfter fram. Kompleksiteten i korleis gjere morskap, og kven som kan bli anerkjent som mor, seier difor også noko om behovet for meir forsking på eit mangfald av morskroppar og morskapspraksisar som me håpar vil finne fram til Tidsskrift for kjønnsforsking i framtida.

Me avsluttar nummeret med ei bokmelding av Anne Bitschs bok Brorskapet – en historie om drapet på Benjamin Hermansen, skrive av Ronald Mayora Synnes. Boka tar føre seg ulike innfallvinkler til det rasistiske drapet på 15 år gamle Benjamin i 2001 og høgreekstremismens røter og vekst i Noreg sidan 1970-tallet. I så måte avsluttar me også, dessverre, med eit drap på eit barn. Sjølv om boka i stor grad handlar om den rasistiske valden som tok livet av Benjamin, handlar ho også om Benjamins mor, Marit Hermansen, og hennar sorg og smerte over å miste ein son. På den måten bidrar også denne bokmeldinga til nummerets fokus på morskap og morsrolla.

God lesing!

Ingvil Hellstrand og Lene Myong

 

Dette er en Open Access artikkel distribuert under vilkårene Creative Commons CC-BY-NC 4.0

DOI: https://doi.org/10.18261/tfk.46.1.1

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.