Utgave: 1/2021 Åpent nummer

Kjære lesar (nr. 1/2021)

Covid-19 situasjonen påverkar heile verda og forsterkar eksisterande ulikskapar og strukturelle vilkår. Den har forsterka smerte og urett, særleg for allereie utsette grupper. Alt som er med i dette nummeret har blitt skrive, heilt eller delvis, i det som vert kalla for «den nye normalen», men som jo framleis er ei unntakstilstand. Eller er det ei overgang til noko me ikkje enno veit kva er; noko som kan føre til endring og nye formar for likestilling og rettferd?

Også i akademia merker me konsekvensar av pandemien: vilkåra for å skrive, undervise, publisere og å vere fagfelle har endra seg. Heimekontor, digitale møter med forskarar i andre tidssoner og vedvarande krav om å levere undervisning og forsking som vanleg har rive ned mange av grensene i den, frå ein feministisk ståstad, viktige balansen mellom arbeidsliv og kvardagsliv. Det påverkar, heilt konkret, korleis me kan leva liva våre, og korleis me kan arbeide.

Som nummer, så redaktørskap: også me har kome til dette vervet i den pågåande pandemien. Som nye redaktørar av Tidsskrift for kjønnsforsking vil me først og fremst takka for tilliten frå fagmiljøa, og det store arbeidet gjort av dei tidlegare redaktørane Beret Bråten og Mari Teigen.

Som påtroppande redaktørar er me bevisste om at me tar over stafettpinnen i ei tid der kjønnsforskinga navigerer i turbulens, og kor spørsmål om kva kjønnsforsking skal eller kan vere blir løfta fram frå fleire hold. Inne i fagfeltet går det mange debatter om kjønnsforskinga sitt formål og avgrensing til kringliggjande fagfelt. Desse diskusjonane heng også saman med vendinga mot å inkludere kjønnsperspektiv i forsking, som til dømes Noregs forskingsråd har implementert i kjølvatnet av EU sine strategiar for forskingsfinansiering. I internasjonal regi er deler av kjønnsforskinga under hardt press, mellom anna frå anti-gender krefter, skulda for å drive med identitetsbasert aktivisme forkledt som forsking. Midt i alt dette er kjønnsforskinga samtidig gjenstand for stor interesse frå studentar så vel som frå mange yngre forskarar, som no bidrar til nytenking av feministiske forskingsfrontar og pedagogikkar.

Som redaktørar er det vår ambisjon at Tidsskrift for kjønnsforskning skal publisere forsking på høgt fagleg nivå, som i sin tur bidrar til å fremje nye forskingsspørsmål både til kjønnsforskinga sine eigne logikkar og til dei institusjonelle og politiske strukturane som set rammene for kjønnsforskinga i dag.

I beskrivinga av tidsskriftet heiter det at det er eit «tverrfaglig tidsskrift som viser bredden i kjønnsforskningen i Norge og presenterer ny kunnskap fra feltet». I tråd med denne viktige ambisjonen, spenner årets første nummer frå spørsmål om kjønnsdynamikkar i sportsjournalitsikken, til ny forsking om kjønna lønnsskilnader, og vidare til korleis spel som utfordrar kjønnsnormer kan tvinge fram etisk refleksjon om valden sine politikkar og normaliseringar.

Artikkelen «Den sakrale og den profane fotballen – om forskjeller i medias dekning av kvinne- og herrefotball på Sørlandet» er ein kultursosiologisk studie av korleis media reproduserer eit kjønna mønster når det er snakk om dekninga av fotball-lag og fotballkampar. Her argumenterer Maria Leonsen og Ove Skarpenes for at det skjer ei aktiv opphøying av herrefotball i media samstundes som kvinnefotballen vart trivialisert. På denne måten peikar dei på diskursive og mediale maktubalansar i vilkåra for å drive fotball, og som ei forlenging, idrett, under sterke normer for kjønn.

I artikkelen «Lønnsforskjeller mellom kvinner og menn – hvilken rolle spiller bedriften?» presenterer Kjersti Misje Østbakken og Marte Marie Frisell ny kunnskap om samanhengane mellom kjønnsforskjell i lønn og størrelse på bedrifter i privat sektor i Noreg. Dei finn at skilnadene er mest tydelege i dei aller minste og dei aller største bedriftene, og argumenterer for at det er naudsynt å rette meir merksemd mot prosessar som skapar ulike lønnsnivå inne i bedrifter i arbeidet med å redusere lønnsskilnadar framover.

Med artikkelen «Farsfigurer, skeive døtre og voldens egendynamikk i The Last of Us: Part II» utforskar Holger Pötzsch korleis spel og speledynamikkar kan utfordre kjønnsnormer og tvinge fram etiske refleksjonar kring bruk av vald og hemn. Pötzsch tar utgangspunkt i Judith Butlers omgrep om usørgbare liv, og argumenterer for at speleopplevingar der ein må skifte perspektiv på handlinga gjennom å ta på seg rolla som ulike, men likeverdige karakterar indikerer korleis inkluderande speldesign kan utfordre stereotypiske fortellingar om kvinner, skeive og transpersonar.

Mathias Danbolt og Cecilie Ullerup Schmidt har skrive nummerets kommentarartikkel. Dei tar utgangspunkt i aktuelle, offentlege debattar knytt til «identitetspolitikk», aktivisme og forskingsfridom. Kommentaren har form av ein statusrapport frå Danmark, men liknande prosessar gjer seg gjeldande i mange forskjellege kontekster, også i Noreg.

Me er også glade for å kunne publisere ei bokmelding av den rykande ferske boka Dialogues on Agential Realism: Engaging in Worldings through Research Practice (Juelskjær, Plauborg og Adrian 2021), signert Anne-Jorunn Berg.

Me vil rette ei stor takk til alle forfattarane som bidrar til årets første nummer av Tidsskrift for kjønnsforsking. Stor takk også til alle som har tatt på seg å vere fagfelle i ei krevjande tid. Det er ikkje mogleg å drive tidsskrift utan dyktige fagfellar og engasjerte forskarar.

God leselyst!

Ingvil Hellstrand og Lene Myong

Dette er en Open Access artikkel distribuert under vilkårene Creative Commons CC-BY-NC 4.0

DOI: https://doi.org/10.18261/issn.1891-1781-2021-01-01

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.