Barn av innvandrarar støtter norske ideal om likestilling

Barn av innvandrarar støtter norske ideal om likestilling

Etterkomarar etter innvandrarar sluttar i overveldande grad opp om norske likestillingsideal når det gjeld arbeid og økonomi, viser ei ny undersøking.
Undersøkinga til Nadim og Kitterød inkluderte spørsmål om haldningar til lønsarbeid for kvinner, kven som bør ha ansvar for familieinntektene, og kven som bør ha ansvar for barn og husarbeid.

– Det vi fann, var ei nesten overraskande stor tilslutning til likestillingsideal mellom born av innvandrarar. Det var eigentleg påfallande få forskjellar mellom denne gruppa og majoriteten, seier Marjan Nadim. 

Nadim er sosiolog og forskar ved Institutt for samfunnsforsking (ISF). Ho står bak analysen saman med ISF-kollega Ragni Hege Kitterød.

Resultata kan tyde på at det ikkje er på dette området at slaga står, meiner ho.

Fryktar kulturforskjellar

I offentleg debatt om innvandring er haldningar til likestilling eitt av fleire moment som mange uttrykkjer uro for. Ein fryktar at norske likestillingsverdiar kan bli truga av ein aukande innvandrarpopulasjon som kjem frå kjønnsdelte samfunn og tek dei kulturelle verdiane derifrå, med seg til Noreg. Haldningar til kjønnsroller kan henge tett i hop med identitet, og dermed vere vanskelege å endre.


– Basert på tidlegare forsking hadde vi nok venta at respondentane ville vere meir forskjellige fra majoritetsnordmenn, seier Marjan Nadim. Foto: ISF.

Nadim og Kitterød har brukt data frå SSB si undersøking av levekår mellom innvandrarar, utført i 2016. Undersøkinga inkluderte nokre spørsmål om haldningar til lønsarbeid for kvinner, kven som bør ha ansvar for familieinntektene, og kven som bør ha ansvar for barn og husarbeid.

Forskarane har analysert svara frå born av innvandrarar, i alderen 16 til 39 år, frå fire land: Sri Lanka, Vietnam, Tyrkia og Pakistan. Alle gruppene var samde i at kvinner fint kan vere gode mødre sjølv om dei arbeider utanfor heimen, at mor og far bør dele på ansvaret for å tene pengar til familien, og at far bør ha like stort ansvar for heim og born som mor.

Sjølv om det fanst små variasjonar i svara, var det ingen store systematiske skilnader knytt til opphavsland, religion eller kor mange personar med innvandringsbakgrunn respondentane hadde i omgangskrinsen sin.

– Basert på tidlegare forsking hadde vi nok kanskje venta litt større variasjon, og at respondentane ville vere meir forskjellige fra majoritetsnordmenn. Men det fann vi altså ikkje, seier Nadim.

Les også: Barn av innvandrere velger likestilling

Overordna semje

Forskarane tolkar dette som at spørsmåla i SSB-undersøkinga er for generelle til å fange opp dei skilnadene som truleg finst. Det i seg sjølv seier oss noko, meiner Nadim, og kjem med eit døme frå då ho sjølv arbeidde med doktorgraden sin:

– Eg var oppteken av korleis kvinner som er etterkomarar av innvandrarar, tenkte om det å arbeide medan dei hadde små barn. Men når eg spurde dei, oppdaga eg at spørsmålet om å jobbe eller ikkje jobbe, ikkje var relevant for dei, seier ho.

Dersom ein skal finne det store mangfaldet i ulike verdiar mellom majoriteten og minoritetar, må ein heller sjå på spørsmål om seksualmoral og familieorganisering.

– Det viktige spørsmålet var korleis og kor mykje dei skulle jobbe. Eg hadde stilt feil spørsmål. Når SSB-undersøkinga viser ei så sterk oppslutning om likestilling, så tyder det på at desse overordna spørsmåla er heilt ukontroversielle no, og det er eit funn i seg sjølv.

Truleg ville meir detaljerte spørsmål ha fanga opp ein større variasjon av haldningar, meiner Nadim.

– Vi veit jo frå anna forsking på haldningar at det er stor skilnad på å vere samd i noko på eit generelt plan, og å vere samd i konkrete detaljar. Hadde ein spurt om kvinner bør vere i full jobb når barnet er eitt år gamalt, kan det godt hende svara ville sett annleis ut, seier ho.

– Men den generelle ideen om likestilling har støtte. I ein norsk kontekst er dette dessutan normativt. Alle veit kva som er det rette svaret.

Sysselsetting er ukontroversielt

Denne tolkinga får støtte frå Jon Horgen Friberg, forskar ved Fafo med migrasjon, arbeidsmarknad og minoritetar som arbeidsområde. Han har mellom anna nyleg publisert ein studie av familieorganisering og sosial kontroll i innvandrarfamiliar, saman med Mathilde Bjørnset.


– Når det gjeld sysselsetting og økonomi, ser ein stor oppslutning om likestilling, også hos innvandrargrupper som kjem frå strengt konservative land, seier Jon Friberg. Foto: FAFO.

– Studiane eg har gjort, er baserte på ungdommar, og viser også stor oppslutning om likestillingsideal knytt til sysselsetting og arbeidsdeling i heimen, seier han.

– Eg trur at dersom ein skal finne det store mangfaldet i ulike verdiar mellom majoriteten og minoritetar, må ein heller sjå på spørsmål om seksualmoral og familieorganisering.

I sitt eige arbeid finn han store skilnader når det gjeld haldningar til kjærestar, kven ein kan gifte seg med, sex før ekteskapet og liknande spørsmål. Skiljelinene er både religiøse og geografiske, og haldningane til slike spørsmål får direkte konsekvensar for ungdommane sin autonomi og handlingsrommet deira i oppveksten.

– Men når det gjeld sysselsetting og økonomi, ser ein i staden ei påfallande oppslutning om likestillingsideal, også hos innvandrargrupper som kjem frå strengt konservative land med veldig lite likestilt familieorganisering, seier han.

Les også: – Vi trenger mer spisset forskning på innvandrerkvinner i arbeidslivet

Når ideal møter verkelegheit

Men både Friberg og Nadim minner om at berre fordi likestillingsideala har sterkt støtte, så treng ikkje det bety at familiane er heilt likestilte i praksis.

– På den eine sida kan ein seie at den sterke oppslutninga om likestillingsideala vitnar om ei endring vekk frå den kulturelle konteksten i landa innvandrarane kjem frå. Men igjen er det viktig å bore i kva dette vil seie heilt konkret. Kor langt meiner ein at mannens ansvar for hus og heim strekker seg, til dømes? seier Nadim.

Ho peikar på at heller ikkje hos majoritetsnordmenn er det eit nøyaktig samsvar mellom haldningar og praksis. Kvinner tek framleis  ein større del av det faktiske omsorgsansvaret heime.

Når ein ser på kvinneleg sysselsetting, så ligg denne gruppa framleis hakket under majoritetsnorske kvinner.

– Det SSB-undersøkinga er eigna til å vise, er at andre generasjons innvandrarar omfamnar ideen om at menn skal bidra heime. Det «doble likestillingsprosjektet» som står spesielt sterkt i dei nordiske landa – altså at kvinner skal ut, men også at menn skal heim – har veldig sterk støtte, seier ho.

– Samstundes er ikkje undersøkinga eigna til å vise kva dette konkret vil seie for folk. Det opnar i staden mange nye spørsmål.

Når ideala møter dei økonomiske rammevilkåra, kan det slå ulikt ut avhengig av ståstad, fortel Friberg, og viser mellom anna til tidlegare forsking av Hanne Kavli, forskingssjef ved Fafo.

– Ho fann at majoritetsnordmenn har klare ideal om likestilling, men gjerne hadde problem med å gjennomføre dei i praksis, seier han.

– Medan det var omvendt hos ein del familiar i somme minoritetsgrupper: Dei kunne gjerne ønskt seg å vere ein tradisjonell familie, men det er såpass mange ordningar i Noreg som er rigga for at det skal løne seg for mor å jobbe, at det blir for dyrt å ha henne gåande heime. Dermed blir ein tvinga til meir likestilling enn ein i utgangspunktet kanskje hadde tenkt.

Vanskeleg forskingsområde

Det viser seg då også at for innvandrargrupper som kjem frå land med sterk kjønnsdeling i heimen, som til dømes Pakistan, så er både den kvinnelege sysselsettinga, og den generelle støtten til likestillingsideal, mykje større hos neste generasjon, som er fødd i Noreg.

– Det er lett for at debatten handlar om kvar innvandrarar kjem frå, og den kulturen dei har med seg, men kva dei kjem til, er også viktig. Desse innvandrarane kjem til Noreg, som er unikt i verda når det gjeld kor sterkt likestilling står, kulturelt og politisk, seier Nadim.

– Og vi har veldig sterke institusjonelle rammer for å støtte kvinners arbeid og menns involvering i familien. Idealet er sterkt, og politikken legg til rette. Dermed skal vi kanskje ikkje vere overraska over at oppslutninga om likestillingsideala er høg.

Men bakom denne hovudkonklusjonen er det altså mykje vi ikkje veit, og desse spørsmåla kan vere vanskelege å få svar på.

Både Nadim og Friberg peikar på at spørjeundersøkingar hos innvandrargrupper slit med metodeproblem. Svarprosenten er som regel låg, og ein endar gjerne med eit skeivt utval beståande av respondentar med høg utdanning, lang butid i Noreg, og tilsvarande gode språkkunnskapar og høg tillit til det norske samfunnet generelt.

– Det som var overraskande, og som vi er usikre på korleis vi skal tolke, er at det ser ut som støtten til likestillingsideal hos andre generasjons innvandrarar er heilt på høgde med majoritetsnordmenn, seier Nadim.

– For når ein ser på kvinneleg sysselsetting, så ligg denne gruppa framleis hakket under majoritetsnorske kvinner.

Ho peikar på at det har vore lite kvantitativ forsking om haldningar og praksisar knytta til likestilling hos innvandrarar og etterkomarar av innvandrarar.

– Så her er det ein stor jobb å gjere om ein er interessert i meir kunnskap, seier ho.

Les også: Eldre somaliere strever med mannsrollen