Framleis ikkje greit å vere feminin mann

Framleis ikkje greit å vere feminin mann

– SKAM betydde mykje for identitetsbygginga til skeive ungdommar, men eit homotolerant samfunn aksepterer ikkje nødvendigvis økt kjønnsmangfald, seier Stine H. Bang Svendsen. 
Isak (t.v.) i NRK-serien SKAM, blir fleire gonger arrestert for at han har homofobe tankar. Han ønskjer ikkje å vere den stereotype, feminine homofile mannen.

NRK-serien SKAM tok Noreg med storm hausten 2016. Sesong tre handlar om skuleeleven Isak som blir forelska i den to år eldre Even. SKAM fekk mykje å seie for identitetsbygginga til skeive ungdommar verda over, og auka merksemda både rundt homofil kjærleik og utfordringar med det å kome ut som homofil.

Språket rundt kjønn og seksualitet har også endra seg.

Tre forskarar ved NTNU har nyleg publisert ein artikkel om skeiv identitetsbygging med utgangspunkt i serien. I studien har Stine Bang Svendsen, Elisabeth Stubberud og Elise Farstad Djupedal intervjua 12 ungdommar om skeiv identitet, og analysert sesong tre av TV-serien.

– Eg har lenge vore interessert i identitetsarbeidet til skeive ungdommar, og kva homotoleransen har å seie for dette arbeidet, fortel Stine Bang Svendsen, som er førsteamanuensis i pedagogikk.

– For eksempel har eg sett at mine erfaringar som tenåring er mindre og mindre overførbare for korleis skeive ungdommar har det i dag. Språket rundt kjønn og seksualitet har også endra seg. Det ønskte vi å utforske,

Homotolerant samfunn

Studien skal finne ut om homotoleransen har skapt endringar for skeive ungdommar sin identitet. Ifølgje forskarane er homotoleranse ei felles semje i at det er akseptabelt å vere lesbisk og homofil. Etter at ekteskapslova blei innført i 2009 har aksepten vore på sitt høgste, historisk sett. 

– Mange ungdommar som kjem ut som homofile i dag opplever i stor grad å bli akseptert, forklarer Svendsen.

– Vi har likevel vore interesserte i å finne ut kor djupt den aksepten stikk, og om han også fører til at forståinga for utfordringar ved å ha skeiv identitet er borte.

I skammekroken

Fokusgruppeintervjua viser at ungdommane framleis har utfordringar. Eit døme på det er at tradisjonelle kjønnsutrykk- og kjønnsidentitetar står robust i folk sine haldningar, sjølv om aksepten for homofili er til stades.


Stine H. Bang Svendsen er førsteamanuensis i pedagogikk ved NTNU. Foto: Ida Irene Bergstrøm

Forskarane eksemplifiserer med Eve Kosofsky Sedgwick sitt uttrykk om «den feminine mannen i skammekroken.» Argumentet til Sedgwick er at frigjeringsrørsla har forsøkt å skilje kjønn frå seksualitet for å reinvaske homoseksualiteten. 

– Strategien til homorørsla var å kjempe for likestilling mellom heterofile og homofile samliv, utan å ha med forbindingar til kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet. «Vi er normale, vi er berre tilfeldigvis forelska i nokon av same kjønn», var litt av ideen, fortel postdoktor Elisabeth Stubberud. 

– Problemet med det, er jo at det er noko rart med oss. I kulturen er det ei forbinding mellom kjønn og seksualitet. Når vi prøver å fornekte denne, får vi det resultatet vi har i Noreg i dag: høg toleranse for homofile samliv, men liten grad av aksept for kjønnsmangfald, seier Svendsen.

Stereotypisk homofil

Mens heteronormativitet skildrar ei forståing av at «alle» er heterofile, og at det finst eit naturleg samsvar mellom bestemte kjønnsidentitetar, kjønnsuttrykk og seksuelle orienteringar, skildrar homonormativiteten ein politisk strategi:

– Homonormativitet er eit dårleg omgrep, men heilt konkret skildrar det ein politikk for å akseptere lesbiske og homofile parforhold utan å adressere kjønnsnormene i samfunnet. Isak har homofobe tankar som han blir arrestert for fleire gongar i SKAM. Han ønskjer ikkje å vere den stereotype, feminine homofile mannen.

I ei av scenene ungdommane diskuterte, blir Isak konfrontert med haldningane han har ovanfor Gay Pride av Eskild. Eskild, som også er homofil, minner Isak på at folk har dødd for å vere den dei er, og at han må ha respekt for kva slags identitet og uttrykk skeive personar har. 

Poenget er ikkje å pugge omgrepa, men å halde definisjonen open.

SKAM var ein tydeleg referanse i fokusgruppene, både for å illustrere kjønnsidentitet og seksuell identitet. Ofte kan det å nytte kulturprodukt ha stort gjennomslag for ungdommar sine fortolkingar av problemstillingane.  

– Korleis kan TV-seriar vere gode utgangspunkt for forsking?

SKAM er eit interessant kulturprodukt i seg sjølv, og serien har vore svært viktig for unge skeive og eit viktig referansepunkt for informantane våre. Karakterane og språket deira gav oss noko å jobbe med. For å finne svar kan ein TV-serie vere eit like opplagt val som fokusgruppeintervju, seier Stubberud. 

Forventningar i stå

Mange land, inkludert Noreg, frontar seg sjølve som homotolerante. I SKAM ser vi at Mahdi forsøker å forklare kompisane forskjellen mellom panfil og bifil, mens Mahdi sjølv blir tatt for å vere homofob på grunn av sin hudfarge.


Elisabeth Stubberud er postdoktor og seniorrådgjever i KUN. Foto: Karoline O.A. Pettersen

I artikkelen ser forskarane samanheng mellom skeiv identitet og ikkje-vestleg opphav gjennom omgrepet homonasjonalisme. 

– Homonasjonalisme er ein form for seksualitetsnasjonalisme, der ein differansierer mellom homotolerante og ikkje-homotolerante nasjonar. Seksuelle identitetar blir ofte kopla saman med kategoriar som kvit eller ikkje-kvit. Det ser vi til dømes på kva slags type seksuelle, kjønnsmessige ståstadar som er tilgjengelege for ungdommar med ulik bakgrunn, fortel Stubberud.

– Ein kvit, norsk ungdom har andre høve for å identifisere seg som homofil enn ein muslimsk ungdom, for eksempel. Effekten av homonasjonalisme er at din identitet ikkje kan eksistere, at delar av deg ikkje går i hop.

Open og nysgjerrig

Mykje av språkarbeidet rundt «nye» identitetar og seksuelle orienteringar starta for ti år sidan. I dag er dette språkarbeidet transnasjonalt gjennom internett. Lista over typar seksuell orientering og kjønnsidentitet har blitt stadig lenger, med omgrep som «panseksuell», «agender» og «bi-curious».

– Poenget er ikkje å pugge omgrepa, men å halde definisjonen open. Det er dette som er den etiske forpliktinga, å spørje med openheit og forvitenskap. For mange unge skeive er ord som lesbisk og homofil fastlagte og lukka omgrep som gir lite rom for forhandling.

Fri frå stigma

Postdoktoren poengterer at homofili framleis ber stigma ved seg på grunn av den historiske konteksten til omgrepet. Homofili blei definert som ein sjukdom heilt fram til nyare tid. 

– Når du ikkje lenger er nøydd å ha den merkelappen, så vel du heller andre, mindre tydelege merkelappar. For å seie det enkelt: Dei fleste omgrep som nyttast om marginaliserte grupper, vil bli oppfatta som vanskelege, eller tvingande, for dei nemnte gruppene, seier Stubberud. 

– Men kan vi ikkje endre innhaldet i omgrepa?

– Jo, omgrep kan få nytt innhald. Men det står ikkje i motsetning til det å skape nye omgrep. Vi ser at ungdom opplever dei eksisterande omgrepa som belastande. I artikkelen skriv vi altså om stigmaet ved mannleg femininitet, seier Svendsen. 

– Kva med lesbiske og maskulinitet?

– Mens homofili blir sett på som mannleg femininitet er det å vere lesbisk forbunde med kvinneleg maskulinitet. Det kan virke som om mange likevel ser på dette ulikt. I artikkelen ser vi på homofili fordi vi har meir grunnlag for å seie noko om dette omgrepet, og fordi vi tar utgangspunkt i SKAM. Men det hadde vore interessant å sjå vidare på kjønnsidentitet og det å vere lesbisk. 

Å kjenne seg annleis

Dei 12 ungdommane i fokusgruppa held kjønn og seksualitet meir ifrå kvarandre enn det som var vanleg 15 år tilbake i tid. Dei bruker meir nyanserte omgrep om seksuell orientering og om kjønnsidentitet, og mange jobbar aktivt med å få fram skiljet mellom desse – trass i at dei møter ei samanblanding i kulturen. 

– Vi må takle kjønnsuttrykk alle saman. Har eg vore nok kvinne i dag? Det vil seie, nok kvinne til at kjønnsuttrykket mitt ikkje skapar reaksjonar? I vestleg kultur har kjønnsuttrykk og seksuell orientering hengt nøye saman lenge. Sedgwick sin bodskap handlar nettopp om at den feminine mannen ikkje får aksept for sitt kjønnsuttrykk, seier Svendsen. 

Folk blir provoserte når nokon rotar i tokjønnssystemet.

Ungdommane nyttar dei nye omgrepa for å gjere seg forståelege for seg sjølve og for andre. Mange opplever at dei eksisterande omgrepa ikkje fangar kjensla dei har av å vere annleis, noko som gjer at dei ønskjer nye termar. Så snart omgrepa får meir innhald, beveger dei seg vidare. 

– Det heng saman med homotoleransen: Når du kjenner deg annleis og har andre erfaringar enn dei som ikkje bryt med normer for kjønn og seksualitet, men folk likevel seier at homofili ikkje er ei stor greie, så må du kanskje finne på noko anna. Noko som tydelegare viser fram den opplevde kjensla av å vere annleis, seier Svendsen.

– Det er noko med det å bli sett og forstått, anerkjent utan å bli låst fast. Her feilar det homotolerante samfunnet. 

Møter på motstand

Levekårsundersøkingar viser at fleire unge synest det er enklare å kome ut som skeiv, men forskarane trur ikkje nødvendigvis at det er lett å vere skeiv likevel. 

– Empirisk forsking, mellom anna basert på intervju med skeive personar, tilseier at det er ulike gradar av stress rundt det å uttrykke sin identitet. Det heng òg saman med andre identitetar og tilhøyrsler, utover kjønn og seksuelle orienteringar. I løpet av hausten blir det lansert fleire rapportar om dette, i tillegg til at det kjem ei ny levekårsundersøking neste år, fortel Stubberud. 

– Kvifor trur de kjønnsmangfald møter motstand?

– Folk blir provoserte når nokon rotar i tokjønnssystemet. Ungdommane i fokusgruppa opplevde motstand, og kjønnsidentitet var spesielt vanskeleg for foreldregenerasjonen deira å forstå, fortel Svendsen. 

Stubberud støttar Svendsen: 

– Tokjønnssystemet er ein seigliva bastion. Det er komfortabelt å snakke om mann og kvinne, for då veit folk kva dei har å forhalde seg til. Men det er ein illusjon, vi veit ikkje meir om personen av den grunn. Dei forventningane folk har til kategorien kvinne, for eksempel, vil aktivistane derfor opponere mot, seier ho.