Ein veltrena kropp gir menn fortrinn i karrieren

Ein veltrena kropp gir menn fortrinn i karrieren

Lisa M. B. Sølvberg intervjua ti norske overklassemenn om kropp, ernæring og fysisk aktivitet. Ho meiner leiarar sitt syn på trening kan påverke kven dei tilset.
Mer om Arbeidsliv
Mer om Ledelse
Mer om Klasse
Direktørar og toppleiarar i næringslivet knyter fleire positive eigenskapar til personar som driv med sport. Desse eigenskapane overførte dei til noko positivt i jobbsamanheng.

– Både denne og liknande studium peikar i retning av at symbolske skillelinjer mellom klassar ofte  tar subtile og skjulte former, seier Lisa M. B. Sølvberg.

Til masteroppgåva si gjorde Sølvberg ti kvalitative intervju med menn frå overklassen om deira forhold til kropp, ernæring og fysisk aktivitet – no har ho gått djupare inn i temaet saman med rettleiaren sin, Vegard Jarness.

Resultatet er ein artikkel om kropp, klasse og kultur, basert på klasseanalysen til den kjende sosiologen Pierre Bourdieu. I sin praksisteori skil han mellom økonomisk, kulturell og sosial kapital, der klassetilhøyrsla ikkje nødvendigvis er bevisst eller nokon skapar av ei «vi-kjensle». 

«Oss og dei»

Til saman er ti menn intervjua i studien, deriblant fem frå den såkalla økonomiske overklassen. Hovudsakeleg består dei av direktørar og toppleiarar i næringslivet med høg inntekt. Dei resterande fem kjem frå den kulturelle overklassen, i form av å vere humaniora-professorar, kjende kunstnarar eller leiarar for etablerte kulturinstitusjonar.


Lisa M. Sølvberg har sett på korleis kroppen vert tolka i tilsettingsprosessar. Foto: UiB

– Vi ønskte å finne ut korleis fysisk aktive menn, som er ein del av den kulturelle og økonomiske overklassen, forstår seg sjølve og samtidig ser på andre. Artikkelen tar spesifikt for seg kropp og fysisk aktivitet, fortel Lisa Sølvberg, som leverte mastergraden sin i sosiologi i fjor.

Sølvberg jobbar no som vitskapleg assistent ved Universitetet i Bergen. «Klasse, kropp og kultur» er hennar første vitskaplege publikasjon. For å finne informantane har ho mellom anna sett på skattelistene for Bergen kommune.

– Det eg var særleg interessert i, var dei symbolske grensene mennene trekte mellom «oss» og «dei andre.» Mennene eg intervjua har makt på sine felt i samfunnet. Dei definerer og gir råd, tilset og sparkar folk. Derfor var eg opptatt av om deira syn på kropp og fysisk aktivitet kunne påverke i konkrete tilsettingssituasjonar, seier ho.

Negative haldningar

Alle dei ti informantane er fysisk aktive, nokre i maratonløp og andre på sykkel og ski. I intervjua var mennene tydelege på at fysisk trening er noko kvar enkelt må styre sjølv. Likevel kom det etter kvart fram enkelte negative haldningar mot personar som ikkje trener.

– Særleg sunne, trente kroppar blir gjennomgåande tillagt positive eigenskapar.

– Informantane i den kulturelle overklassen sa at dei ikkje vektla trening og kropp, men snarare formelle krav. Dei meinte at det ikkje var eit like stort rom for å vurdere utsjånad og aktivitet i sine yrke. I næringslivet, i alle fall blant mine intervjuobjekt, viste det seg at det vert tillagt større rom for å vurdere kropp og trening.

Positive assosiasjonar

Mennene i studien knytte fleire positive eigenskapar til personar som driv med sport. Desse eigenskapane overførte dei til noko positivt i jobbsamanheng. Dei som trener vil altså kunne få ein fordel i tilsettingsprosessar.

– Mennene som er intervjua, tileignar personar med visse typar kroppar enkelte eigenskapar. Særleg sunne, trente kroppar blir gjennomgåande tillagt positive eigenskapar. Desse kan typisk vere ambisiøs, målretta, disiplinert og positiv, seier Sølvberg.

Det å «lese» andre personar sin moralske karakter ut frå trening og kropp, har, ifølge Sølvberg, noko moralsk ved seg. Når mennene oppvurderer nokre kroppar og nedvurderer andre, blir trening og kropp brukt som faktor for kva type person ein er.

Haldningar får konsekvensar

Ho legg til at desse haldningane ikkje hadde trengt å vere så farlege, så lenge dei ikkje fekk nokre konsekvensar. Studien impliserer likevel at slike konsekvensar kan oppstå.

– Kroppen blir ein byteverdi i tilsettingsprosessar. Ein av informantane knytte fysisk aktivitet til tillit. «Om du ikkje tar vare på din eigen kropp, kva for ein tillit inngir du då hos andre?»

– Kroppen blir ein byteverdi i tilsettingsprosessar.

Kan haldningsstudiar med berre ti informantar seie noko generelt?

– Ein kan ikkje generalisere funna frå ein kvalitativ studie på same måte som representative, kvantitative data. Samstundes er det ein del aspekt som kvantitative data er mindre eigna til å klargjere. I vår studie peikar vi på fleire interessante mønster som vi trur vil eksistere også utanfor vårt utval. Dette dannar grunnlag for vidare studium, seier Sølvberg.

Klasse og BMI

Innanfor den tradisjonelle kvantitative klasseforskinga studerer ein inntekt, utdanning og sosial mobilitet. I den kvalitative forskinga har dei estetiske aspekta vorte meir utforska, men kropp og ernæring har samstundes ikkje vore like aktuelt å sjå på, meiner Sølvberg:

– Kroppen, og korleis du beveger han, blir oppfatta som det mest individuelle vi har. Særleg derfor er det spennande å undersøke kropp i eit klasseperspektiv, noko som til no har fått lite merksemd.

Noko tidlegare forsking har slått fast, er at jo høgare klasse, jo meir fysisk aktiv er du. BMI-en minskar, og helsa blir betre jo høgare i klassehierarkiet du held til. Denne tendensen er endå sterkare hos kvinner, men Sølvberg ønskte likevel å intervjue menn:

– Eg kunne sjølvsagt ha intervjua kvinner også, men eg ville avgrense nokre faktorar i ein studie med så få informantar. I og med at menn er overrepresenterte i overklasseposisjonar, har dei definisjonsmakta over kva som gir status, og på den måten også makt i tilsettingsprosessar, seier ho.

Klasseforskjellar i Noreg

Sjølv om Noreg ikkje har det mest klassedelte samfunnet, meiner Sølvberg og Jarness at klassestrukturar er synlege også her. Forskjellane kjem til syne gjennom bustad, yrke, interesser og kulturelle uttrykk, men også gjennom helse og kropp, meiner dei:

– Når vi ser slike utslag i lille, relativt egalitære Noreg, så viser dette at klasse er viktig, meiner Sølvberg.

Forskarane får støtte frå andre studium, som finn at fysisk aktivitet og interesse for sport er viktig for ressurssterke menn, både privat og i jobbsamanheng. Mest populært er ski, sykling og løp. Det å drive med uthaldande og konkurrerande sport kan både gi status og samtidig skape mange fellesskap, fortel Sølvberg. 

Blant mennene i den kulturelle overklasse var ikkje konkurranseaspektet i sport like tydeleg.

– Ein informant hevda at trening alltid er positivt. Denne haldninga er gjennomgåande. Dei snakkar ikkje berre om trening som å ha ein byteverdi, men framstiller det som eit personleg behov. «Viss eg ikkje hadde trent som eg gjorde, så hadde eg møtt veggen,» seier ein. Trening framstår som noko dei får overskot av etter lange dagar på kontoret.

Blant mennene i den kulturelle overklasse var ikkje konkurranseaspektet i sport like tydeleg. Til forskjell frå informantane i den økonomiske overklasse, ser dei ikkje på tidene til dei andre, og dei er ikkje like opptekne av dyrt og flott utstyr.

– Ein av informantane, ein professor, meinte at det var ubehageleg å gå med sykkelsko til kontoret, fordi han syntest det braut med hans rolle som intellektuell aktør.

Normalvektig eller muskelbunt?

Sjølv om forskarane ikkje undersøkte konkrete tilsettingar, fann dei fram til informantane sine haldninger gjennom eit eksperiment: Under intervjua hadde dei med seg ein skala av mannskroppar i ulike former og storleikar – frå undervektig til normalvektig, muskuløs og overvektig. Mennene vart så spurt om kven dei helst ville tilsette, og kven dei ville vegra seg mot å tilsette.

– Mennene i den kulturelle overklasse sa at alle kunne vere gode kandidatar, fordi kroppen i seg sjølv ikkje seier noko om personen. Likevel var eit par av dei skeptiske til å tilsette ein mann med definerte musklar. Dette assosierte dei med å vere sjølvoppteken, kanskje også narsissist. Dei grunngav det med å tenke at ein muskuløs person bruker mykje tid på kropp framfor intellektuelle sysler.

– Informantane framstilte seg sjølve som opne og tolerante, men gav samtidig uttrykk for dømmande haldningar.

I den økonomiske overklasse helte informantane mot å velje dei såkalla normalvektige. Desse såg dei på som trygge å satse på, fordi dei, ifølge mennene, hadde kontroll over eigen kropp.

– Seier ikkje dette berre at dei vel kandidatar som liknar på seg sjølve?

– Jo, det finst fleire studium som stadfestar det. Folk tilset ofte personar som minner om dei sjølve, både i livsstil og i kultur. Det er viktig å understreke at funna i vår studie ikkje nødvendigvis er representativt for alle i overklassen, men vi set søkelyset på forskjellar som har med livsstil å gjere. Vi ser også at desse forskjellane får reelle konsekvensar i å produsere, reprodusere og legitimere sosial ulikskap.

Motstridande svar

Medforfattar Vegard Jarness har skrive doktorgrad om symbolske grenser og klasseforskjellar. Ifølge avhandlinga hans markerer vi avstand til menneske som set pris på andre kulturelle uttrykk enn oss sjølve.

Dei ti informantane i masteroppgåva til Sølvberg gav uttrykk for at dei ikkje ønskte å snakke nedlatande eller dømmande om andre, sjølv om haldningar om «oss og dei» kom fram etter kvart.

– Det å poengtere ulikskap og å trekkje fram at noko er betre enn noko anna, er ikkje lett i eit relativt egalitært og likestilt samfunn som Noreg. Det betyr likevel ikkje at desse haldningane ikkje finst, seier Sølvberg.

Ho legg til:

– Vi har fått mange motstridande svar, fordi informantane framstilte seg sjølve som opne og tolerante, men gav samtidig uttrykk for dømmande haldningar. Dette er ei utfordring når du studerer klassestrukturar, og ei årsak til at vi bør forske meir på temaet, seier Sølvberg.

Les mer: Sølvberg, Lisa M.B. og Vegard Jarness: «Klasse, kropp og kultur. Fysisk aktivitet og symbolske grenser i overklassen» i Tidsskrift for samfunnsforskning 01/2018


Les også: I kultureliten: Bare menn får lønnsgevinst av bachelor- eller mastergrad

Les også: Hjemmeværende elitemødre produserer samfunnets vinnere