Kva er kjønnsperspektiv i egyptologi?

Forskeren svarer

Kva er kjønnsperspektiv i egyptologi?

Vi spør Reinert Skumsnes, stipendiat ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, Universitetet i Oslo.
– Det gamle Egypt gir innsikt i korleis kjønn vert til og endrar seg over tid, meiner Reinert Skumsnes.

Reinert Skumsnes er stipendiat ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, UiO. Han er egyptolog og arbeider med ei doktorgradsavhandling om famile- og kjønnsstrukturar i det gamle Egypt.  

Kva assosierer du med kjønnsperspektiv i forsking?

– Forsking med kjønnsperspektiv er for meg meir enn berre å sjå på ulikskap mellom menn om kvinner. Det er meir enn biologi, og kan heller ikkje avgrensast til sosiale konstruksjonar aleine.

– For meg handlar forsking med kjønnsperspektiv om å ha ei djupare forståing av makt og normative strukturar, og ein nysgjerrigheit på korleis desse fungerer og formar oss som menneske. Det handlar om kritisk forsking og om korleis kjønn vert til i samhandling.

Korleis kan kjønnsperspektiv vere nyttig i fagfeltet ditt?

– Egyptologi er eit klassisk fag, som har djupe røter innan akademia. Dessutan har dei fleste museum kring i verda objekt frå det gamle Egypt. Som mange andre klassiske fag, vaks disiplinen fram som ein viktig del av imperie- og nasjonsbygging, særleg i Europa, og seinare også i USA. Det var til dømes ein av Napoleon sine vitskapsmenn som knekte den språklege koden for hieroglyfar, ein viktig milestein for egyptologien.

– Det er likevel det viktorianske England som har sett djupast spor etter seg. Dei viktorianske kjønnsnormene vart spegla i korleis egyptologane tolka kjønnsforholda i det gamle Egypt. Difor meiner eg eit kritisk kjønnsperspektiv er naudsynt.

– Det er heller ikkje til å leggje skjul på at gresk, romersk og ikkje minst kristen tradisjon har farga vesten si forståing av det gamle Egypt. Under etableringa av ein gresk og seinare kristen tradisjon vart det viktig å ta avstand frå andre og særleg eldre tradisjonar. Desse vart difor framstilte som annleis og barbariske. 

– Den greske historikaren Herodot hevda til dømes at egyptiske kvinner – i motsetnad til greske – gjekk på marknaden for å handle, medan menn satt heime og sydde. Den kristne tradisjonen har fokusert på etniske skiller, og særleg behandlinga av jødane. 

Korleis har du jobba med kjønnsperspektiv i forskinga di?

– Forskinga mi handlar om familie og kjønn i det gamle Egypt. Eg tar utgangspunkt i ikkje-kongelege kvinnetitlar, som til dømes «kvinne av huset», og revurderer tidlegare fortolkingar av kva desse titlane tyder.

– Eg utfordrar særleg to vedvarande påstandar innan egyptologien: Ei tradisjonell framstilling er at samfunnet var sterkt kjønnssegregert. Den mest velkjende kvinnetittelen «husfrue/kvinne av huset» skal ha vore ei konstant påminning om hennar sfære og ansvarsområde. Men i kjeldene er det mange døme på kvinner som opptrer i offentlegheita. Den tradisjonelle tolkinga held likevel fast ved at dette ikkje var norma. Kvinner i offentlegheita blir tolka som avvik, som at dei er der for å fylle plassen til indisponerte ektemenn.

– Slik eg ser det, passar ikkje eit skilje mellom privat og offentleg inn i det gamle Egypt.

– Ei anna førestelling eg utfordrar er den om at dei gamle egyptarane sto nærare opphavet og naturen enn notidsmenneska. Dette skiljet mellom moderne og førmoderne, eller primitive samfunn, og trua på at den historiske utviklinga er lineær, meiner eg er eit paradigme som har fått lov til å stå altfor lenge.

– Eg står fast ved at ei generell forklaring av familie og kjønn ikkje lar seg gjere. Snarare er det vesentleg å påpeike spenn og variasjon i kjeldene. Det er også viktig å vere medviten om korleis me som forskarar framstiller fortida. Røynda må framstillast som mangesidig og plassert i ein historisk samanheng med heilt andre føresetnadar.

– Slik eg ser det, kan det gamle Egypt gi innsikt i korleis kjønn vert til og endrar seg over tid. Fortida og dei lange linjene i historia er nøklar til å forstå endring.

Kva fag kunne i større grad hatt eit kjønnsperspektiv?

– Dei fleste fagfelt vil kunne nyte godt av eit kjønnsperspektiv. Særleg gjeld det å ha eit kritisk blikk på eigen forskingstradisjon. Kjønnsforsking kan også nyte godt av perspektiv frå andre fagfelt.