Elsyklar til folket gir meir sykling

Elsyklar gjer at folk syklar meir og lenger, ifølgje ny studie. Effekten er størst for kvinner.
Ei ny eksperimentell studie viser at dei med tilgang på elsykkel syklar oftare og lenger enn dei som berre har ein ordinær sykkel. Menn syklar lenger turar, medan kvinner syklar oftare. (Foto: Karoline Møller/Transportsykkel)

Nordmenn er blant dei mest ivrige sykkelkjøparane i verda. Likevel syklar vi ikkje så mykje til kvardags. Når vi skal til og frå jobb, eller følgje ungane på fotballtrening, er bilen som regel førstevalet. Berre fem prosent av alle reisene nordmenn gjer skjer på sykkel.

Sykling skal vere bra, både for helsa og miljøet. I Noreg, som i mange andre land, er det difor ei politisk målsetting å auke sykkelbruken.

No kan styresmaktene ha fått ein viktig alliert: elsykkelen.

Ny forsking viser nemleg at elsykkelen fører til dramatiske endringar i folks transportvaner.

‒ Elsykkelen gjer at folk syklar dobbelt så mykje som på ein vanleg sykkel – både målt i kilometer, turar, og som del av den totale transporten, seier forskar Aslak Fyhri ved Transportøkonomisk institutt.

Han har forska på korleis folk brukar elsykkelen og kva for potensial elsykkelen har for å redusere talet på bilreiser.

‒ Effekten av å ha ein elsykkel var spesielt sterk for kvinner. Dei tok langt fleire turar på elsykkelen samanlikna med mennene. Mennene på si side, sykla gjerne lengre turar enn kvinnene når dei først var i gang.

Elsykkel-eksprimentet

Elsykkelstudien til Transportøkonomisk institutt er den første kontrollerte eksperimentstudien av folks faktiske elsykkelbruk, ifølgje Fyhri.

Eksperimentet skjedde på følgjande vis: Først delte forskarane eit tilfeldig utval av innbyggjarar i Oslo- og Akershus-området i to grupper. Dei 66 personane i eine gruppa – forsøksgruppa – fekk låne og fritt bruke ein elsykkel i to til fire veker, medan 160 personar i den andre gruppa – kontrollgruppa – måtte ta til takke med den muskeldrive sykkelen dei hadde frå før.

Begge gruppene førte reisedagbok. Kilometerane til elsyklistane vart i tillegg registerert digitalt på elsykkelen.

Med elsykkel rekk ein over større avstandar på kortare tid, utan å bli svett, fortel forskar Aslak Fyhri. (Foto: Forskingsparken)

Sykla over dobbelt så langt

Funna frå studien viser at elsyklistane i forsøksgruppa brukte sykkelen mykje meir enn dei i kontrollgruppa. Dei daglege turane auka frå 0,9 til 1,4 turar i gjennomsnitt. Den gjennomsnittlege lengda på sykkelturane vart over dobla, frå 4,8 kilometer til 10,3 kilometer.

Elsykkelen gjorde med andre ord eit markant innhogg i transportvanene til dei i forsøksgruppa. Før dei fekk elsykkel tok deltakarane i forsøksgruppa 28 prosent av alle reisene sine på sykkel.

‒ Etter at dei tok i bruk elsykkel var nær halvparten av transporten deira på sykkel. Det er ei svært stor auke, meiner Fyhri, sjølv om deltakarane allereie før eksperimentet sykla noko meir enn gjennomsnittet i befolkninga.

Hos kontrollgruppa fann forskarane ingen auke i syklinga i perioden.

Kan sykle i vanlege klede

I Oslo kommunes sykkelundersøking frå 2013 svarer mange, både kvinner og menn, at dårlege sykkelvegar og trafikksikkerheit er viktige grunnar til at dei let sykkelen stå.

I tillegg kjem dei meir praktiske hindra.

‒ For å sykle til og frå jobb kvar dag må ein førebu seg, ha logistikken i orden, og eventuelt kunne skifte og dusje når ein kjem fram. Det blir for mange eit litt for stort prosjekt, seier Fyhri.

Han meiner elsykkelen er løysinga for mange av desse utfordringane.

‒ Med ein elsykkel rekk ein over større avstandar på kortare tid, og fordi ein ikkje blir sveitt kan ein sykle i vanlege klede, eller i dressjakke om ein vil. Elsykkelen har potensial til å erstatte mykje av dei kortare turane som mange i dag tek med bil.

Kjønnskampen i sykkelfeltet

Og noko er i emning i den norske sykkelmarkanden. Dei siste åra har salet av elsyklar i Noreg omtrent dobla seg frå år til år. I 2014 vart det truleg selt nærmare 10 000 elsyklar, ifølgje NRK. Det er likevel ein forsvinnande liten del av det totalet sykkelsalet, som ligg på  400 000 syklar i året.

Den norske syklisten er typisk ein mann på 35 pluss, godt trena, på mountain bike eller landevegssykkel – i gul jakke og lycra. På engelsk blir denne figuren kalla for MAMIL- «middle aged man in lycra». Han syklar fort og aggressivt og tek ikkje omsyn til nokon.

For somme er den mannlege treningssyklisten symbolet på alt som er feil med den norske sykkelkulturen. Dei tek i staden til orde for kvardagssyklisten, der idealet typisk er ei kvinne i skjørt og med korg på styret– slik dei finst i kjende sykkelland som Danmark og Nederland.

Fyhri meiner hetsen av lycra-mennene er eit sidespor i diskusjonen om sykkelpolitikk.

«I Norge er det flere menn enn kvinner som velger sykkelen. Dette er et valg disse mennene tar «i motbakke». Det å sykle i Norge er ikke som å sykle i Danmark. Verken topografien eller tilretteleggingen innbyr til Brelett-sykling, med kurv foran og pene klær på kroppen», skreiv han i ein kronikk i Dagbladet  i 2013.

‒ Eg trur ikkje det er nokon som let vere å sykle fordi det finst treningssyklistar med mykje dyrt sportsutstyr der ute. Derimot trur eg at den gule jakka og lycrabuksa er symptom på at noko ikkje er bra med sykkelvegnettet vårt.

Les også: Maskulin bilisme gjør veien utrygg for syklister

Menn tek meir risiko

Det er likevel ikkje heilt tilfeldig at den stereotypiske treningssyklisten er ein mann og kvardagssyklisten er ei dame.

Forskinga viser at kvinner og menn brukar sykkelen på ulike måtar. Kvinner syklar kortare distansar og brukar sykkelen til andre ting enn menn. Menn er i overvekt blant transport- og treningssyklistane. Generelt sett syklar menn noko meir enn kvinner, fortel Fyhri.

Det er ikkje noko enkelt svar på kva kjønnsforskjellane i sykling kjem av.

Ein teori er at topografi, til dømes bratte bakkar, utgjer eit større hinder for kvinner, fordi dei har mindre muskelmasse enn menn. Ein annan handlar om kjønnsforskjellar i oppfatning av risiko. Menn tek ofte større risiko i trafikken enn kvinner. Dårlege sykkelvegar gjer det dimed mindre fristande for kvinner enn for menn å ta pedalane fatt.

Mange kvinner - eit teikn på gode sykkelvegar?

Den australske sykkelforskaren Jan Garrard hevdar at på stader der sykkelinfrastrukturen er dårleg og sykkelen står for ein liten del av folks totale transport, er det som regel flest menn som syklar. På stadar der folk brukar sykkelen i større grad, utgjer kvinner gjerne ein større del av syklistane.

Somme forskarar har difor hevda at kvinner kan fungere som ein indikator på kor sykkelvennleg infrastrukturen er. Jo betre tilrettelegging for sykkel, jo fleire kvinnelege syklistar.

Fyhri er likevel ikkje heilt sikker på om det er eit godt mål:

‒ Det er eit veldig enkelt mål. Totalt er fordelinga mellom mannlege og kvinnelege syklistar i Noreg om lag 55 - 45. Slik sett skulle vi hatt ein veldig bra sykkelinfrastruktur her til lands, men det er jo ikkje tilfelle.

Elsykkel og betalingsvilje

Fyhri og kollegane har også spurt folk om dei er interesserte i å kjøpe ein elsykkel og kor mykje dei eventuelt ville vere villige til å betale.

Tala viser at kvinner er mest positivt innstilt. Medan ein av tre kvinner (33 prosent) absolutt eller kanskje vil vurdere å kjøpe ein elsykkel, er det same tilfellet for ein av fire menn (25 prosent).

‒ Dei som syklar mykje frå før, har ein gjerne høg betalingsvilje for sykkel. Men mange av desse er menn som syklar for å trene. Da er jo elsykkelen eit dårleg alternativ, fordi treningseffekten er mindre, seier Fyhri.

Likevel: Blant forsøkspersonane som fekk prøve elsykkel steig betalingsviljen for den motoriserte varianten med over 1500 kroner.

Sportsbutikkmølla

Forskarane fann at menn er interessert i å betale meir for ein ordinær sykkel samanlikna med kvinner, samstundes som dei vil betale mindre for ein elsykkel.

Fyhri trur dette har samanheng med ein veldig treningsprega norsk sykkelkultur.

‒ Kan det òg ha samanheng med om kva slags syklar som er tilgjengeleg for folk flest?

‒ Ja, absolutt. Syklar i Noreg blir selde i sportsbutikkar, av sportsinteresserte ekspeditørar. Når dei spør kva for behov folk har, svarar mange «eg skal først og fremst sykle til jobben, men det hender eg tek ein tur i Marka». Da tilrår ekspeditøren ein mountain bike framfor ein hybrid, fordi ein da får meir sykkel for pengane. Det er liksom ei mølle ein kjem inni. Det gjer at mange kjøpar ein mountain bike sjølv om dei stort sett berre syklar på asfalt, seier Fyhri.

Han trur at det er vanskeleg å selje inn elsyklar i norske sportsbutikkar, fordi dei ikkje handlar om trening. I land kor syklar blir selde i eigne sykkelbutikkar er situasjonen ein annan.

Juks med elsykkel?

Forskarane spurte også om folks verdiar og haldningar og kopla desse opp mot synet på sykling, til dømes om ein må yte for å nyte og om ein kan tillate seg å ligge ein heil dag på sofaen.

‒ Vi hadde ein idé om at folks syn på sykling også har noko å gjere med visse puritanske trekk i den norske folkesjela, seier Fyhri.

Han fortel at mange, menn som kvinner, oppfattar elsykling som ei form for juks eller latskap. Skal ein sykle så skal ein bli sveitt.

Og ganske rett fann dei ein klar samanheng: Dei som var strengast mot seg sjølv, var minst interesserte i å kjøpe elsykkel.

‒ Vi har ikkje testa det enno, men eg vil tippe at akkurat den effekten er uavhengig av om syklisten er mann eller kvinne.

Forskaren
  • Aslak Fyhri er forskar ved Transportøkonomisk institutt.
  • Aktuell med artikkelen «Effects of e-bikes on bicycle use and mode share», saman med medforfattar Nils Fearley, publisert i Transportation Research Part D, nr. 36 2015.
  • I artikkelen viser dei at tilgang på ein elsykkel gjer at folk syklar både oftare og lenger enn dei gjer på sin ordinære sykkel.

Aktuelle lenker

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.