Kjønnsforskarar svarer på Mois kritikk av feministisk teori

Kjønnsforskarar svarer på Mois kritikk av feministisk teori

Ei komplisert språkdrakt fråkjenner ikkje ein teori all verdi, seier Cathrine Egeland. For mykje teoretisering støyter vekk empirisk orienterte forskarar, hevdar Julia Orupabo.

Kjønnsforskarane Cathrine Egeland (t.v.), Berit Gullikstad og Julia Orupabo er delte i synet på Toril Mois kritikk av feministisk teori. (Foto: AFI/Kristin Engh Førde/ISF)

Ein av dei leiande teoretikarane i kjønnsforskinga, Toril Moi, hevdar i eit intervju med KILDEN 2. desember at dagens feministiske teori har blitt for abstrakt og overgeneraliserande. Teorien klarer ikkje lenger klarer å seie noko om vanlege kvinner sine liv.

Moi kritiserte spesielt teoriutviklinga i samband med omgrepet interseksjonalitet, som brukast for å forstå erfaringa av å bli utsett for fleire formar for diskriminering og undertrykking på same tid.

Ifølgje Moi har dette feltet produsert enorme mengder abstrakte analysar i eit nærmast uleseleg språk.

Les intervjuet: Toril Moi: Feministisk teori trenger en revolusjon

KILDEN har utfordra tre norske kjønnsforskarar som bruker omgrepet i forskinga si til å kommentere Mois kritikk.

Gammal kritikk i ny drakt

Forskingssjef ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI), Cathrine Egeland, meiner at Mois etterlysing av eit klarare språk og mindre tåke i feminismen og kjønnsforskinga kjem til rett tid, men at det ikkje er noko nytt med Mois kritikk.

– Mois kritikk av teoriutviklinga rundt omgrepet interseksjonalitet liknar kritikken ho kom med av Judith Butler og poststrukturalismen på slutten av 1990-talet, i samband med boka si Hva er en kvinne?. Da som no var kritikken at feministisk teori er blitt for abstrakt og vanskeleg tilgjengeleg, seier Egeland.

Ho har sjølv vore opptatt av teoretiske problemstillingar knytt til omgrepet, og opplever ikkje språket i interseksjonalitetslitteraturen som spesielt vanskeleg.

– Dessutan, om ein likevel opplever at ein teori har ei komplisert språkdrakt bør ikkje dette vere noko som fråkjenner teorien all verdi, seier ho.

– Å ta høgd for interseksjonalitet inneber å ta høgd for at kvinner ikkje kan reknast som ei gruppe med felles interesser. Dette representerer interessante utfordringar som både har teoretiske og politiske konsekvensar – også for feminismen. Å diskutere og tenke over desse tinga er ikkje det same som teoretisisme, hevdar Egeland.

– For generaliserande

Ho oppfattar også Mois kritikk som litt for generaliserande.
Egeland fortel at litteraturen kan delast i ein empirisk orientert og ein meir teoretisk orientert forskingslitteratur. Ho lurer på om det er den teoretisk innretta interseksjonalitetslitteraturen Moi først og fremst kritiserer.

– I Norden finst det ein god del empirisk forsking på interseksjonalitet. Vi har hatt teoretiske diskusjonar her også, mest i Sverige og Danmark, men dei har ikkje vore så dominerande som i USA, seier Egeland.

– Eg vil snarare seie at vi treng fleire teoretiske diskusjonar om både dette og andre omgrep som har vunne terreng i delar av kjønnsforskinga i Noreg.

Ein god hugseregel

Berit Gullikstad, førsteamanuensis ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar ved NTNU, undrar over kva forsking Moi legg til grunn for sin kritikk.

– Kva for forsking har ho lese? Er det primært den amerikanske forskinga eller den nordiske, er det dei teoretiske eller dei empiriske artiklane, spør Gullikstad.

Gullikstad har nytta omgrepet interseksjonalitet i fleire av sine publikasjonar, til dømes i boka Likestilte norskheter. Om kjønn og etnisitet, som ho var medredaktør for.

Sjølv kjenner ho seg ikkje treft av Mois kritikk. For Gullikstad er interseksjonalitet eit omgrep ein kan bruke for å utforske konkrete, empiriske spørsmål. Ho støttar difor noko av det Moi seier.

– I Likestilte norskheter tenkte vi oss interseksjonalitet som ein metodologisk hugseregel, som verken heilt teori eller heilt metode. Vi brukar det i staden som eit såkalla sensitiverande omgrep, som inspirasjon som hjelper oss å rette blikket og få auge på ting vi elles kanskje ikkje ville sett, som ambivalens, fleirfold, forandringsarbeid og ordna praksisar, seier Gullikstad.

– Kan du gi eit døme?

– Da eg studerte arbeidsorganiseringa i sjukeheimsavdelingar kor det jobba både menn og kvinner frå mange nasjonaliteter, vart det tydeleg at kjønn, etnisitet og seksualitet var kopla saman til bestemde posisjonar gjennom praksisar på avdelingane. Utan at det nokon gong vart sagt eksplisitt fungerte det slik at somme arbeidstakarar, dei kvite, norsktalande kvinnene, vart dei føretrekte arbeidstakarane, fortel forskaren.

Må ikkje be om orsaking

Litteraturprofessor Toril Moi hevda også at det har utvikla seg eit snevert syn på omgrep og eit språkleg moralpoliti innanfor kjønnsforskinga, som gjer at forskarar og feministar må be om orsak før dei nyttar bestemde ord, for å unngå å trakke andre på tærne.

– Eg kjenner meg ikkje att i at ein som forskar må orsake seg. Eg ser det som et større problem at forskarar som bruker interseksjonalitet som omgrep ikkje gjer det klart kva dei legg i det, seier Gullikstad.

Blautkake og gardindraperi

Sosiolog og forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Julia Orupabo, kjenner seg derimot att i Mois kritikk av teoretiseringa knytt til omgrepet interseksjonalitet.

I starten av arbeidet med doktorgraden leste Orupabo mykje interseksjonell litteratur, men kjende seg framandgjort.

– Eg vart heilt matt av å lese om interseksjonalitet og det enda med at eg la det vekk. Refleksjonane om korleis kategoriane treffer våre liv vart berre gjort frå kontorstolen, seier Orupabo.

– I litteraturen har det vore en kappestrid om å finne den mest treffande metaforen, med forslag som gardindraperi, karbonpapir og blautkake. Det er på høg tid å forlate dei teoretiske diskusjonane om kva for metaforar vi skal bruke. Diskusjonen omkring omgrepet er lite produktiv fordi han ikkje er forankra i empiriske data.

Ulikskapforskarar skuggar bana

Orupabo trur interseksjonalitetslitteraturen støyter enkelte forskarar vekk.

– Mange sosiologar som er opptatt av ulikskap skuggar bana fordi dei tenkjer at dette er sosialfilosofi og lite egna for empirisk samfunnsforsking.

Sjølv om ho langt på veg støttar Mois kritikk, meiner ho likevel at omgrepet interseksjonalitet har noko føre seg i empiriske analysar.

I ein artikkel i Sosiologisk tidsskrift diskuterer ho dei praktiske utfordringane knytt til å bruke dette perspektivet i den empiriske samfunnsforskinga, og kjem med forslag til korleis ein kan gå fram.

– Grunntanken bak omgrepet er for viktig til å berre vere ein metafordiskusjon. Innsikta om at vi er posisjonert innanfor ulike maktstrukturar og at vi har ulike identitetar avhengig av kontekst er veldig viktig for sosiologiske analyser, seier Orupabo.