Transkjønna sine rettar i Noreg – er kampen vunnen?

På dette seminaret vil vi diskutere prosessen fram mot avskaffinga av steriliseringskravet, samt kor transkjønna sine rettar står i dag.

Sted: Litteraturhuset i Bergen

Tid: 28. mai, kl. 18-20

For to år sidan gjekk norske styresmakter bort frå krav om sterilisering ved endring av juridisk kjønn. Dette var eit gjennombrot for aktivistar som arbeider for rettane til transkjønna i Noreg. Trass store verdispørsmål, gjekk den politiske prosessen overraskande stille føre seg. Til grunn låg i hovudsak Helsedirektoratet sin rapport, Rett til kjønn (Helsedirektoratet, 2015).

Har transpersonar fått dei rettane dei treng? Kva for lærdomar kan vi hente ut av denne lovendringsprosessen, og kor går vegen vidare i spørsmål om transrettar i Noreg?

Innlegg ved:

- Arild Johan Myrberg, sekretariatsleiar for rapporten «Rett til kjønn» 

- Stein Wolff Frydenlund, politisk aktivist

- Sigrid Sandal, historikar

- Randi Gressgård, professor

Skeivt arkiv vil gje ei kort framsyning av livsminneintervju frå arkivet.

Panelsamtale under leiing av Mari Lilleslåtten, forskingsjournalist, Kilden kjønnsforskning.no.

Finn Facebookevent.

Arrangører: Kilden Kjønnsforskning.no og Senter for Kvinne- og Kjønnsforsking ved Universitetet i Bergen

Kunne du ikke komme? Hør podkast fra arrangementet: Bonus! Transkjønnedes rettigheter - er kampen vunnet?

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.