– Må ha konstant merksemd på seksuell trakassering

– Må ha konstant merksemd på seksuell trakassering

Hausten 2017 var store delar av mediebiletet dominert av emneknaggen #metoo. Men korleis blir seksuell trakassering handtert på innsida av medieredaksjonane?
Mer om Media
Mer om Arbeidsliv
Den største risikofaktoren for å oppleve seksuell trakassering i mediejobbar er, ikkje uventa, kjønn. Unge kvinner er spesielt utsett.

– Det overraska meg at omfanget av seksuell trakasseering var såpass stort, seier Trond Idås.

Han er rådgjevar i Norsk journalistlag og doktorgradskandidat ved Åbo Akademi i Finland. Der forskar han på journalistar i utrygge og traumatiske arbeidssituasjonar, som krig, ulukker – og altså seksuell trakassering på arbeidsplassen.

Høgt omfang i mediebransjen

Då #metoo og seksuell trakassering vart eit stort tema i 2017, fekk medieorganisasjonane utført ei spørjeundersøking mellom medarbeidarar i media, for å kartleggje kort stort omfanget var i mediebransjen. Medarbeidarane vart spurde om dei hadde opplevd seksuell trakassering eller uønskt seksuell merksemd på jobb eller i jobbrelaterte situasjonar det siste halve året, frå uønskte kommentarar om utsjånad til valdtekt.

Mange svarar at dei ikkje varsla fordi dei ikkje tykte det var noko å varsle om.

Meir enn 20 prosent av respondentane oppga at dei hadde blitt utsett for uønskt seksuell merksemd i jobbrelatert samanheng. Nær 4 prosent var blitt seksuelt trakasserte. Forskarane dreg parallellar frå mediebransjen til andre kreative yrke der omfanget av seksuell trakassering også har synt seg å vere høgt.

– Det kom fram at ukulturen er omfattande i mediebransjen, seier Idås.

– Truleg er risikoen høg i kreative bransjar med mange unge medarbeidarar som gjerne vil få til ting, og som går i mellombelse kontraktar. Du får eit samspel av fleire faktorar som gjer risikoen høgare enn i mange andre samanhengar.

Les også: Giske-saken viser at #metoo endret normer i politikk og presse

Let vere å varsle

Den største risikofaktoren for å oppleve seksuell trakassering i mediejobbar er, ikkje uventa, kjønn. Unge kvinner er spesielt utsett, slik det også har kome fram i andre undersøkingar. Risikoen auka ytterlegare når dei var mellombels tilsette. Resultata har støtte i tidlegare undersøkingar som peikar i retning av at kvinner er særleg utsette på arbeidsplassar prega av asymmetriske maktforhold, konkurranse og uformelle nettverk.


– Sjølv dei som opplever sterk grad av seksuell trakassering, let ofte vere å varsle, seier Trond Idås. Foto: Anette Selmer-Andresen.

I ein ny artikkel har Idås og kollegaene grave djupare i talmaterialet frå 2017 og mellom anna sett på kva strategiar respondentane tek i bruk for å verne seg mot seksuell trakassering. Den eine strategien er å varsle om hendingane. Det viser seg at få gjer dette.

– Sjølv dei som opplever sterk grad av seksuell trakassering, let ofte vere å varsle – trass i at det altså dreier seg om åtferd som både er etisk og moralsk uakseptabel og dessutan ulovleg, seier han.

– Mange svarar at dei ikkje varsla fordi dei ikkje tykte det var noko å varsle om. Det er ei innforstått haldning i bransjen at slik er kulturen.

Sjølv var han ein periode klubbleiar då han arbeidde som journalist i Aftenposten i 90-åra.

– Eg hadde ingen saker av denne typen den gongen. Det er tankevekkande.

Det er først no vi tek til å få eit oppgjer med denne kulturen, opplever han.

Frykt og skuldkjensle

– Den andre hovudgrunnen til å ikkje varsle, var frykt for represaliar. Mellombels tilsette fryktar å ikkje få fast jobb eller forlenga kontrakt. I tillegg kjem ubehaget som ligg i å vere i denne typen konflikt med ein kollega.

Noko av dette bunnar i at seksuell trakassering og uønskt merksemd, ikkje har vore noko tema i redaksjonslokala før nyleg, meiner han. Ingen set pris på å bli utpeikt som ein som trakasserer, og skuldingar vil ofte bli møtt med avvising og latterleggjering frå den det gjeld. Ofte har vedkomande slett ikkje tenkt over at det dei driv med, kan kallast seksuell trakassering, fordi det aldri er blitt påtalt.

Mellombels tilsette fryktar å ikkje få fast jobb eller forlenga kontrakt.

– Eg trur ein god del av trakasseringa som vart rapportert i undersøkinga frå 2017, har skjedd utan at gjerningspersonen nødvendigvis var klar over at det vart oppfatta slik, seier Idås.

– Det kunne avskrivast som vitsing og humor. Slikt kjem ein nok ikkje unna med i dag.

Ein tredje grunn til manglande varsling, er at offeret kjenner skam over å ha vore del av ein situasjon som kanskje starta uskuldig, men enda med å utvikle seg til trakassering. Dei legg skulda på seg sjølve, fordi dei ikkje varsla tidlegare.

– Det å klandre seg sjølv som offer er ein djupt menneskeleg reaksjon vi kjenner frå andre samanhengar. Og når det gjeld trakassering, har det gjerne vore eit forlaup som har gått over ei viss tid og blitt gradvis meir alvorleg. Det gjer det vanskeleg å varsle.

Unngår gjerningspersonen

Ein annan strategi er å vike unna. 14 prosent av dei som hadde opplevd seksuell trakassering, rapporterte at dei reagerte med å til dømes søke seg til ein annan arbeidsplass eller avdeling, eller byte stoffområde.


Seniorforskar Mona Bråten ved Forskingsstiftinga Fafo kjenner igjen at mange ikkje tykkjer hendingane er verd å varsle om. Foto: Fafo

Undersøkinga vart utført på nytt i 2019. Medan det ikkje var store endringar i svara, så inkluderte 2019-undersøkinga eit spørsmål som ikkje var med i 2017.

– I 2019 spurde vi om dei som er blitt utsett for uønskt seksuell merksemd, har konfrontert gjerningspersonen med at dette er uønskt, fortel Idås.

– I den komande analysen vil vi finne ut i kva grad det er ein sentral meistringsfaktor.

Seniorforskar Mona Bråten ved Forskingsstiftinga Fafo er ikkje overraska over resultata.

– Det same går att i alle undersøkingar: At unge kvinner og folk med laus tilknyting til arbeidsplassen opplever høgare risiko for å bli utsett for seksuell trakassering, seier ho.

Bråten har tidlegare kartlagt omfanget av seksuell trakassering i ulike bransjar, mellom anna scenekunstnarar og hotell- og restaurantbransjen. 

Les også: Vi tier om seksuell traksassering

Mange risikofaktorar

– Mellom scenekunstnarar og beslekta yrke fann vi at dei heile tida er avhengige av å få nye oppdrag, som igjen avheng av personlege relasjonar i bransjen, fortel Bråten.

– Vi fann også at alkohol og rusmiddel ofte er inne i biletet, fordi det blir forventa av deg at du deltek i sosiale samanhengar utanfor normalarbeidstida. Det er nødvendig både for å fange opp kva som skjer og for å bygge nettverk. Eg vil tru at mange av dei same risikofaktorane finst i mediebransjen.

Frå eigne undersøkingar kjenner Bråten også att dette at mange ikkje tykkjer hendingane er verd å varsle om.

– Dei som går på mellombelse kontrakter blir gjerne heller ikkje fanga opp i medarbeidarsamtalar eller undersøkingar. Og å setje seg inn i regelverket kring dette, er ikkje det første ein gjer når ein kjem inn som ung på mellombels kontrakt.

Mediebransjen er heller ikkje åleine om å plutseleg oppdage kor lite kjennskap dei hadde til omfanget av seksuell trakassering i eigne rekkjer.

– 2017 var nok eit vendepunkt på mange vis. Brått var det mange som fekk kalde føter då det gjekk opp for dei kor lite kunnskap ein hadde, og kor store mørketala var. Vi fekk mange førespurnader om å gjere kartleggingar i kjølvatnet av #metoo, fortel ho.

Samstundes er ikkje eit skippertak tilstrekkeleg for å få bukt med problemet, meiner ho.

– Det trengst nok eit konstant trykk. Fleire verksemder sette i gang kampanjar i samband med #metoo, og dette er nok lurt å gjenta med jamne mellomrom. I tillegg bør det gjerast meir for å fange opp dei som går på mellombelse kontrakter.

– Må haldast på agendaen

Det er Trond Idås samd i.

– Vi fekk mange spørsmål til Journalistlaget i samband med #metoo, for då var det i nyhendebilete og det var sterkt trykk på dette. Ein ser det same i andre samanhengar, til dømes var det stor interesse for tryggleikskursa våre i etterkant av terroraksjonen ved Hotel Serena i Kabul i 2008, der ein norsk journalist vart drepen, seier han.

– Så dabbar interessa litt av når temaet ikkje lenger er på dagsorden. Men vi ser av undersøkingane at det ikkje er store endringar i omfanget av seksuell trakassering etter to år. Mykje tyder derfor på at dette er eit haldningsskapande arbeid som vi konstant må ha på agendaen.

Samstundes har vi dei siste 10–20 åra sett ei stor endring i kjønnsfordelinga hos norske journalistar og ikkje minst redaktørar. Det kan gjere den nødvendige kulturendringa lettare, trur Idås.

Det kan sjå ut som at det er enno vanskelegare å ta tak i dette for menn enn for kvinner.

– Neste steg for Journalistlaget er å bruke dette talmaterialet i kurs og andre samanhengar, for å auke medvitet om at dette faktisk er eit problem. Sidan det ofte skjer i løynd, så kan det vere vanskeleg å sjå problemet om du ikkje er blitt utsett for det sjølv.

Og sjølv om det først og fremst er kvinner som blir råka, skal ein ikkje underslå at også menn er offer for seksuell trakassering.

– Og det kan sjå ut som at det er enno vanskelegare å ta tak i dette for menn enn for kvinner, seier Idås.

Også Mona Bråten fryktar at menn som blir utsett for seksuell trakassering, har det med å bli usynlege eller til og med latterleggjorde.

– Tala er små, men i intervju med tilsette i scenekunstbransjen og hotell- og restaurantbransjen kom det fram at dei mennene som var utsett for det, kjende at det var vanskeleg å varsle og bli tekne på alvor, seier ho.

Lytt også til vår podkastepisode i Kjønnsavdelingen om likestilling i mediabransjen.