Nye tankar om innovasjon og nyskaping gjev meir mangfald

Nye tankar om innovasjon og nyskaping gjev meir mangfald

Tidlegare tenkte ein gjerne på innovasjon som patent, lisensar og bedriftsetableringar. Dei som forskar på innovasjon i dag forstår omgrepet mykje breiare, meiner forskingsleiar Espen Solberg.
Dei som forskar på innovasjon i dag, forstår det som noko som mellom anna inkluderer offentleg sektor og ulike typar nyskaping som ikkje nødvendigvis resulterer i eit salbart produkt eller auka økonomisk vekst.

Innovasjon er eit mannsdominert område. Men skal innovasjon bidra til å løyse samfunnsutfordringar, trengst det at alle medverkar. Det er meldinga frå nokre av innleiarane på konferansen Kvinnovasjon: inkluderende nyskaping for fremtiden, som går av stabelen i Trondheim i mars.

I Noreg er det stort sett menn som tek ut patent og som etablerer føretak. Økonomisk støtte til næringsretta forsking og innovasjon går difor også i hovudsak til menn. Det er stor semje om at slik bør det ikkje vere, men korleis kan vi endre på det? Det er tema for konferansen.

Treng dei kvinnelege entreprenørane

– Eg trur vi vil få ut eit breiare resultat dersom vi oppnår betre kjønnsbalanse i innovasjon, seier seier Toril A. Nagelhus Hernes, prorektor for nyskaping ved NTNU. Ho leier også NTNU sitt arbeid for likestilling og mangfald.

– Det er ein del kunnskap, kompetanse og moglegheiter ein ikkje får med seg utan kvinnelege entreprenørar.


– Universiteta medverkar til innovasjon på fleire måtar, seier Toril A. Nagelhus Hernes, prorektor for nyskaping ved NTNU. Foto: Thor Nielsen/NTNU

Universiteta er ein viktig del av det norske økosystemet for innovasjon. I 2019 leverte NTNU to rapportar til Kunnskapsdepartementet om korleis NTNU sitt arbeid med innovasjon bidreg til norsk økonomi og verdiskaping. Rapportane var ei oppfølging av utviklingsavtalen NTNU, som dei andre universiteta og høgskulane, har med departementet. I avtalane forpliktar institusjonane seg til å oppfylle visse kvalitetsmål.

Dei to NTNU-rapportane skulle forbetre kunnskapsgrunnlaget for innovasjonsarbeidet, og å utarbeide indikatorar for måling og synleggjering.

– Konklusjonen i den andre rapporten, som er ei litteraturoppsummering av korleis universiteta medverkar til innovasjon, er at det skjer gjennom tre viktige kanalar, seier Hernes.

– Den første er direkte forskingssamarbeid med næringsliv og offentleg sektor. Den andre er innovasjon utført av studentar og tilsette som kommersialiserer ideane sine. Og den siste er indirekte gjennom måten vi utdannar studentane våre på.

– Målesystemet er ikkje kvinnevenleg

Noko av grunnen til den store kjønnsubalansen kan vere at vi ikkje har gode system for å fange opp heile spekteret av innovasjon. Forsking viser til dømes at innovasjon er så sterkt knytt til maskuline stereotypiar at sjølv når kvinner utfører innovasjon, blir det ofte ikkje rekna som innovasjon.

Det vil openbert ha ei korrigerande effekt når innovasjon også gjeld «mjukare» fag og offentleg sektor

Forskingsleiar ved NIFU (Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning), Espen Solberg, gjorde delar av grunnlagsarbeidet for NTNU-rapportane. Han seier at universiteta si rolle i innovasjonsprosessar har vore forstått og målt nokså smalt:

– Det ein vanlegvis har tenkt på, er om det kjem patent, lisensar og bedriftsetableringar ut av prosessen, eller om forskarar publiserer i samarbeid med partnerar frå næringslivet, seier han.

– I internasjonale rangeringar av innovative universitet er det slike mål ein legg vekt på. Det har ikkje vore eit kvinnevenleg målesystem. Det favoriserer teknologi og gründermiljø, der vi veit at kvinner er underrepresenterte.

Innovasjon omfattar meir enn før

Men dette er i grunnen ei gamaldags forståing av innovasjonsomgrepet. Dei som forskar på innovasjon, forstår i dag innovasjon mykje breiare, og noko som mellom anna inkluderer offentleg sektor og ulike typar nyskaping som ikkje nødvendigvis resulterer i eit salbart produkt eller auka økonomisk vekst.

– Ser ein slik på det, blir ein mykje større del av universiteta si verksemd aktuell som innovasjon, seier Solberg.

– Då blir også repertoaret av måleverktøy mykje større. Det kan handle om samarbeid med andre aktørar og om ulike typar kunnskapsflyt som kjem andre delar av samfunnet til gode.


– Noko som også er viktig å forstå, er at innovasjon tyder ulike ting innanfor ulike fagområde, seier Espen Solberg, forskingsleiar ved NIFU.Foto: Per Kristian Lie Løwe

Den siste utgåva av Oslomanualen, OECD sin guide til måling av innovasjon, har fanga opp mykje av den nyare forståinga av innovasjon. OECD definerer ein innovasjon som eit nytt eller forbetra produkt eller prosess (eller begge delar) som skil seg klart frå føregåande produkt eller prosessar, og som er blitt teken i bruk. Innovasjonsaktivitetar omfattar aktivitetar utført med mål om at dei skal resultere i ein innovasjon.

– Den nyare forståinga av innovasjon er breiare enn det folk flest oppfattar som innovasjon. Vi møter framleis mange som tenkjer på produkt, teknologi og bedrifter, seier Solberg.

– Filosofar er ikkje vande med å sjå på seg sjølve som nokon som driv med innovasjon, sidan dei sjeldan har patent eller startar bedrifter. Men så har dei kanskje medverka i diskusjonar om etiske sider ved teknologi, eller medverka til nye lovframlegg, og då er dei med på innovasjon.

Fører til betre kjønnsbalanse

Mykje av det universiteta gjer, er ikkje innovasjon i seg sjølv, men aktivitetar som kan medverke til innovasjon og skape kultur for innovasjon. Mange av desse aktivitetane kan målast, som ulike former for kunnskapsoverføring eller innovasjonsfremjande element i studieprogram.

– Og i nokre tilfelle kan ein måle at noko har ført til endringar for samfunnet, seier Solberg, og viser til eit døme der studentar frå Fakultet for arkitektur og design ved NTNU var med å på utvikle ein ny leikeplass i Trondheim, basert på vitskapleg kunnskap om barns leik, seier Solberg.

– I gamle dagar ville ein sagt at dette ikkje er innovasjon fordi det ikkje er eit produkt nokon tener pengar på, men i dag er det innovasjon. Og det kan fangast opp ved å måle slikt som deltaking i arkitektkonkurransar eller kunstnarisk nyskaping.

Ein indirekte konsekvens av eit «utvida innovasjonsomgrep» er Ifølge Solberg at kjønnsbalansen blir betre.

– Når kjønnsbalansen er så skeivfordelt mellom fag som i dag, vil det openbert ha ei korrigerande effekt når innovasjon også gjeld «mjukare» fag og offentleg sektor, seier han.

– Innanfor helsesektoren blir det til dømes no utvikla eit system for å fange opp gode idear  og sluse dei gjennom eit system fram til dei kan setjast ut i livet. Det vil bli ein slags systematisert snarveg til innovasjon. Det er ein så stor sektor at det kan få store verknader.

– Innovasjon er ikkje meritterande

Toril Nagelhus Hernes ved NTNU er samd i at det er viktig å synleggjere breidda i innovasjon.

– Noko som også er viktig å forstå, er at innovasjon tyder ulike ting innanfor ulike fagområde. Det gjer til dømes at entreprenørar frå samfunnsvitskaplege miljø har andre utfordringar og moglegheiter enn entreprenørar frå teknologiske fag. Kanskje legg samfunnsvitarar meir vekt på tenesteinnovasjon enn på produktinnovasjon.

Vi ønskjer også å få fleire kvinnelege gründerar frå dei humanistiske og samfunnsvitskaplege fagområda.

Hernes peikar også på at innovasjon ikkje nødvendigvis er det som står øvst på lista for ein akademikar.

– Hos oss er kring 25 prosent av professorane kvinner, og mange av våre førsteamanuensar ønskjer å kvalifisere til opprykk til professor, seier ho.

– Men kriteria for opprykk tek ikkje nødvendigvis omsyn til innovasjonsaktivitetar, og då kan ein oppleve det som eit sidespor å halde på med det. Difor er det viktig å sjå på ulike meriteringsløysingar.

Mange vil, få får det til

Ein rapport som vart laga våren 2019 på oppdrag frå Innovasjon Norge, viste at kvinner ikkje manglar tiltakslyst: 45 prosent av dei som ønskjer å starte eiga bedrift, er kvinner (basert på tal frå 2015). Men mange fell frå undervegs, og mellom dei som faktisk startar ei bedrift, er 30 prosent kvinner. Og av det fåtalet bedrifter som framleis lever etter fem år, har berre 19 prosent kvinnelege entreprenørar.

– Vi er opptekne av at dei kvinnene som byrjar å studere hos oss, kanskje har eit ønske om å bli entreprenør, og korleis kan vi hjelpe dei å få det til? seier Hernes.

– I dag utdannar NTNU kring 400 doktorandar i året, men ikkje alle skal bli verande i akademia. Dei fleste skal faktisk ut i arbeidslivet. Så her ligg det eit kjempepotensial i å setje dei i stand til å etablere eigne verksemder. Difor har vi eigne initiativ på doktorgradsnivå for å hjelpe dei til meir kompetanse og kunnskap om entreprenørskap. Helseinnovatørskulen, som er eit samarbeid med Universitetet i Oslo og Karolinska Institutet for studentar frå helsefag og teknologifag, er eitt døme. The Ocean School of Innovation, som skal stimulere til innovasjon innanfor havrommet, er eit anna.

Innovasjon frå alle fag

Som fersk prorektor tok Hernes initiativ til ein gjennomgang av heile økosystemet for innovasjon og kommersialisering ved NTNU. Eitt av resultata for å tette hol i systemet, vart det som har fått namnet «Strategisk program for kunnskapsbasert innovasjon»: Femten «innovasjonsleiarar» er engasjerte for å hjelpe tilsette med å omsetje forskingsresultat til innovasjon og å synleggjere innovasjonsaktivitetar. Det er innovasjonsleiarar ved alle fakultet, og ein tredel av dei er kvinner.

– Eit slikt tverrgåande program gjev nye moglegheiter for innovasjon, og kvinner får eit fellesskap der innovasjonsaktivitet er det viktige, og der ein kan dele erfaringar.

Kjønnsperspektiv er heilt sentralt for å forstå verknader av og potensiale i forsking og innovasjon.

Samstundes er det ikkje til å kome vekk frå at entreprenørane NTNU utdannar – også dei kvinnelege – i stor grad kjem frå teknologifaga. Difor er det viktig å halde fram med tiltak for betre kjønnsbalanse innanfor alle fag, meiner Hernes. NTNU har lenge hatt tiltak for å auke rekrutteringa av, og halde på, kvinnelege studentar innanfor teknologifag, og har no starta liknande tiltak for å auke mannsandelen på helsefag.

– Vi ønskjer også å få fleire kvinnelege gründerar frå dei humanistiske og samfunnsvitskaplege fagområda, der ein kanskje ikkje har tradisjon for å tenkje i retning av innovasjon og kommersialisering på same måte, seier ho.

– Ikkje berre har desse faga ei anna forståing av innovasjon, men mange av fagområda har også fleire kvinnelege tilsette og studentar. Det gjev eit stort potensiale for å auke kvinneentreprenørskap.

Demokratisering krev kjønnsperspektiv

I fjor bestilte Forskingsrådet ein rapport om korleis norsk innovasjonspolitikk kan bli betre i ei tid då store samfunnsutfordringar må få meir merksemd. I rapporten blir Noreg tilrådd å tenkje større og involvere flest mogleg samfunnsaktørar i innovasjonsarbeidet. Det er ikkje lenger nok å berre leggje til rette for forsking og innovasjon. Ein må våge å identifisere kva for utfordringar som treng å løysast, og så invitere eit samla samfunn til å løyse dei. Dette står i kontrast til tidlegare tiders innovasjonspolitikk, som helst har gått ut på å putte pengar på fagmiljø som verkar flinke, og vona at noko brukbart kjem ut i andre enden.


– Kjønnsperspektiv er heilt sentralt for å forstå verknader av og potensiale i forsking og innovasjon, seier områdedirektør i Forskingsrådet, Jesper Simonsen. Foto: Forskningsrådet

Områdedirektør i Forskingsrådet, Jesper W. Simonsen, peikar på at kjønnsperspektiv og kjønnsbalanse vil vere sentralt i ei slik reorientering av forskingspolitikken.

– Dei store samfunnsutfordringane vi møter, krev nye løysingar og at ny kunnskap blir teken i bruk. Dei siste åra har Forskingsrådet arbeidd systematisk og aktivt for å styrke innovasjon i offentleg sektor og styrke brukarmedverknaden i forsking, seier han.

– Då trengst det eit fokus på kven brukarane er, og korleis ein kan mobilisere dei som skal etterspørje dei nye løysingane. Det vil føre til ei demokratisering av forskinga. Forskinga må i større grad ta utgangspunkt i situasjonen til brukaren.

Det er viktig å få med seg næringslivet fordi nye idear ofte kjem derifrå, og fordi samfunnsutfordringane i stor grad vil forme marknaden, ifølgje Simonsen.

Forskingsrådet arbeider med ulike modellar for å kople næringsliv og offentlege verksemder, med innovasjon for auge. Samstundes må ein leggje meir vekt på samfunnsansvar. Ein må vurdere korleis forsking og innovasjon tek inn over seg verknaden på samfunnet.

– Vi er berre i startgropa på desse områda, men det vil vere viktig for kva Forskingsrådet legg vekt på når vi støttar forsking og innovasjon, seier Simonsen.

– Kjønnsperspektiv er heilt sentralt for å forstå verknader av og potensiale i forsking og innovasjon. Det er eit sentralt vurderingskriterium når vi vurderer søknader, og vi arbeider systematisk for å bli flinkare til å etterspørje kjønnsperspektiv. Dessutan er det avgjerande kven som deltek i forskinga. Vi må få fleire kvinner inn i næringslivsforskinga, og vi må sikre oss at kvinner er godt representerte i brukarmedverknad i forsking. Det trur eg det er gode føresetnader for.

Saken ble først publisert på Kifinfo.