Likestilte haldningar til sjukefråvær

Debatt

Likestilte haldningar til sjukefråvær

Norske kvinner har høgare sjukefråvær enn menn. Men det er ikkje haldningane det er noko i vegen med, skriv forskarane Gøril Kvamme Løset og Tale Hellevik.
Mer om Arbeidsliv
Myten om at menn biter tennene sammen og blir på jobb selv om de burde sykemelde seg, mens kvinner har lav terskel for å be om sykemelding, stemmer ikke, mener forskerne Gøril Kvamme Løset og Tale Hellevik.

Debatten går med jamne mellomrom i det offentlege ordskiftet, gjerne i forlenging av den meir generelle debatten om det høge sjukefråværet her til lands: Kva er årsakene til kjønnsgapet i sjukefråværet? Noreg har nemleg ein stor kjønnsforskjell når ein ser på fråværet. Meir presist: I det legemelde sjukefråværet. Kvinner har i overkant av 70 prosent høgare legemeldt sjukefråvær enn det menn har, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Kjønnsforskjellen i sjukefråværet blir verande i stor grad ei gåte.

Trass i at kjønnsforskjellen har blitt forska på i fleire tiår, så veit vi overraskande lite om kva faktorar som bidreg til fenomenet. Ein ny norsk studie konkluderer med at haldningar og normer for sjukefråvær ikkje kan vere forklaringa.

Ei uløyst gåte

Tidlegare forsking har fokusert på forklaringar som kan føre til at kvinner har fleire helseproblem eller er meir utsette for sjukdom og belastning enn menn. Forsking har vist at svangerskapsrelaterte plager og sjukdom ser ut til å kunne forklare om lag halvparten av kjønnsgapet i sjukefråværet for aldersgruppa 20–39 år.


Tale Hellevik er forsker ved Nova. Foto: OsloMet

Det er derimot lite forskingsmessig hald i at kvinner er meir sjukmelde fordi dei har fleire forpliktingar på heimebane kombinert med jobb enn menn, eller at kvinner jamt over har meir helsebelastande yrke enn menn. Kjønnsforskjellen i sjukefråværet blir dermed verande – så langt – i stor grad ei gåte.

At kvinner har meir tolerante haldningar til sjukefråvær, eller at det er meir sosialt akseptabelt for kvinner å vere sjukmelde, har dei siste åra vore populære hypotesar om kva som driv kjønnsforskjellen i sjukefråværet. Desse hypotesane er nyleg undersøkt i ei større eksperimentell spørjeundersøking gjennomført ved NOVA.

Vi presenterte seks sjukefråværsscenario for 900 kvinnelege og 900 mannlege arbeidstakarar (til saman 10800), som så fekk i oppgåve å svare på kor akseptabelt dei syntest det var med legemeldt sjukefråvær gitt kvart scenario. Kjønn, yrke og helsesituasjon blei tilfeldig variert. Studien var utforma på ein slik måte at vi både kunne finne svar på om menn og kvinner generelt vurderer sjukefråvær ulikt, og om deira vurderingar heng saman med kjønnet til personen som blei skildra.

Felles haldningar

At menn og kvinner har ulik toleranse for sjukefråvær, baserer seg på ei antaking om at kjønnsroller og kjønnsstereotypiar kan skape ulike forventningar for når sjukefråvær er akseptabelt.

Ei oppfatning om at kvinner generelt tek ei større byrde av plikter relatert til heim og barn enn menn samtidig som dei er yrkesaktive, kan til dømes utgjere ein lågare terskel for sjukefråvær i samfunnet for kvinner enn for menn. At kvinner er rekna for å vere mindre konkurransedrivne enn menn, kan også bety at kvinner, i større grad enn menn, vektlegg helsegevinsten ved sjukefråvær framfor den potensielle negative konsekvensen for framtidig karriere.

Vi veit overraskande lite om kva faktorar som bidreg til fenomenet.

Desse antakingane til trass, resultata frå vår studie tyder på at menn og kvinner generelt bedømmer sjukefråvær likt - kvinner og menn har altså ikkje ulike haldningar til sjukefråvær. Vi finn heller ingenting som tyder på at sjukefråvær blant kvinner vert vurdert annleis enn sjukefråvær blant menn, norma for kva som er akseptabelt sjukefråvær er med andre ord lik for kvinner og menn.

Utfordrar likestillinga i arbeidslivet


Gøril Kvamme Løset er stipendiat ved Nova. Foto: OsloMet

Det er eit paradoks at vi har så stor kjønnsforskjell i sjukefråværet i eit likestilt land som Noreg der deltaking av kvinner i arbeidslivet og utdanning, samt likestilling i omsorga for barn og husarbeid står i høgsetet.

Samtidig så er ikkje eit kjønnsgap i sjukefråværet eit unikt, norsk fenomen, men noko vi ser i ei rekkje land i Europa som har ein høg andel yrkesaktive kvinner. Det er heller ikkje sikkert at kjønnsforskjellen er for stor eller at kvinner har for høgt sjukefråvær samanlikna med menn.

Sjukefråvær er eit tema som råker og engasjerer mange. Når ein i tillegg dreg kjønn inn i debatten, bør ein trå varsamt. Det er likevel viktig å diskutere og forske på kva som ligg bak kjønnsforskjellen. Den er i seg sjølv ei utfordring for likestilling i arbeidslivet.

Kvinner og menn har ikkje ulike haldningar til sjukefråvær.

Mytar og førestillingar om kva som er årsaka – for eksempel at kjønna haldningar og normer har betydning – kan vere ein ytterlegare trussel for eit likestilt arbeidsliv. Skiljet mellom eigenmeldt og legemeldt sjukefråvær er viktig å ha i mente i diskusjonen.

Samanlikna med det legemelde sjukefråværet, så er kjønnsforskjellen i det eigenmelde sjukefråværet mykje mindre, noko som i seg sjølv langt på veg avkreftar at kvinner har svakare arbeidsmoral eller er mindre orienterte mot arbeid enn det menn er. Vi ser på funna frå vår studie som eit viktig bidrag inn i sjukefråværsdebatten:

Resultata tyder på at kvinner ikkje har ei meir tolerant haldning til legemeldt sjukefråvær enn menn, eller at det er større sosial aksept for at kvinner er sjukmelde.

Kronikken ble først publisert på NRK Ytring 21. august 2018.

Les også: Høye emosjonelle krav gir økt sykefravær