Likestilling er ikkje målet med fleire menn i omsorgsyrka

Likestilling er ikkje målet med fleire menn i omsorgsyrka

Korleis argumenterer kvinnedominerte sektorar for rekruttering av menn? Forskarane Birgitte Ljunggren og Tonje Lauritzen har vurdert argumentasjonen i stortingsmeldingar for å finne ut akkurat det.

Trass i at Noreg er eit av verdas mest likestilte land, har vi ein svært kjønnsdelt arbeidsmarknad. Dette er ofte omtala som «likestillingsparadokset» eller likestillings-Noregs «akilleshæl». Mange, inkludert politikarar og arbeidsgjevarar, ser difor på kjønnsbalanse som eit mål i seg sjølv, kanskje særleg med tanke på arbeidsmiljø og likeløn. Kjønnsdelte yrke kan i tillegg skape problem for brukargruppene, til dømes ved at mannlege pasientar ønskjer mannlege pleiarar til å vaske seg.

Typiske kvinnedominerte yrke er barnehagesektoren og pleie- og omsorgssektoren, der høvesvis 11 og 16 prosent menn var tilsette i 2016. Dette er ein auke på berre fire og to prosentpoeng frå 2008. Rekruttering av menn i desse to sektorane har difor vore eit mål lenge. Men korleis blir rekrutteringa av menn sett på frå eit politisk styringsperspektiv?

Likestilling på alle nivå

Samfunnsforskarane Tonje Lauritzen ved Østlandsforskning og Birgitte Ljunggren ved Dronning Mauds Minne Høgskole har undersøkt korleis styringssystemet bak slike kvinnedominerte sektorar ser på rekruttering av menn.


Tonje Lauritzen, sosiolog og direktør ved Østlandsforskning. Foto: Østlandsforskning

– Utfordringane i sektorane er forskjellige, og for å gjere det forståeleg at menn er relevante for desse, tar ein i bruk eit nytteorientert perspektiv. Kva kan dei bidra med for oss, i staden for kva rekruttering av menn kan gjere for samfunnet, seier Lauritzen.

Ljunggren forklarer at artikkelen kan bidra til ei betre forståing av kvifor gender mainstreaming, det rådande likestillingsverktøyet som pålegg sektorar og styringsnivå å fremje likestilling på alle nivå, møter motstand.

– Eit kommunalt skulesystem ser verda ut frå si systemforståing og sitt systemmål. Det trengst teoretiske argument for å inkludere likestilling på ein måte som er relevant for dette systemet, seier ho.

Menn som løysing

Dei to forskarane har gått gjennom 15 styringsdokument frå regjeringshald og analysert argumentasjonen for rekruttering av menn til barnehage- og helsesektoren. Dokumenta inkluderer handlingsplanar og stortingsmeldingar frå 2000 til 2015. Som utgangspunkt har Ljunggren og Lauritzen nytta sosiolog Niklas Luhmanns systemteori om at eit samfunnssystem berre forstår verda ut frå seg sjølv:

– Luhmann reknast som ein av dei store systemtenkjarane. Teorien går ut på at system er sjølvrefererande. Eit helsesystem forstår seg sjølv som eit helsesystem, og operer med kategoriar som frisk versus sjuk. Dette perspektivet hjelpte oss med å forstå argumenta til sektorane når det gjeld deira eigne system.

Lauritzen og Ljunggren finn at i staden for at likestilling og kjønnsbalanse er eit mål i seg sjølv, argumenterer sektorane altså for at menn kan bidra mot spesifikke utfordringar innanfor systemet.

Systemet sin behovspyramide

Styringsdokumenta som gjaldt barnehagesektoren trekte særleg fram utfordringar med kvalitet, mens pleie- og omsorgssektoren vil få framtidige utfordringar med kapasitet. I begge tilfelle vart rekruttering av menn sett på som ei potensiell løysing.

Ein kjønnsdelt arbeidsmarknad legg føringar for at menn og kvinner ikkje kan velje fritt.

– Kapasitet var eit større problem i barnehagane før, då det var eit spørsmål om full barnehagedekning. No er flesteparten av barn i barnehage, og då vektlegg ein heller innhaldet i tenestene. Ein kan seie at det er systemet sin eigen «Maslows behovspyramide». Når du får dekt eitt behov, går du over på neste, seier Lauritzen.

Med ei kommande eldrebølgje vil helsesektoren derimot ha eit større problem med kapasitet. I dei eldste styringsdokumenta blir menn sett på som ein stor, uutnytta ressurs for denne sektoren.

– Kvifor er den kjønnsdelte arbeidsmarknaden eit problem?

– Det er eit samfunnsproblem som gjeld for fleire sektorar. Eg meiner også at det er eit demokratisk problem. Ein kjønnsdelt arbeidsmarknad legg føringar for at menn og kvinner ikkje kan velje fritt. Det får konsekvensar for karrieremoglegheiter og deretter lønsforskjellar mellom kjønn, seier Ljunggren.

«Kvinneyrke» og «manneyrke»

Tal frå Institutt for samfunnsforskning syner at 85 prosent av den norske befolkninga jobbar i eit yrke med overvekt av eitt kjønn. Yngre arbeidstakarar vel mindre kjønnstradisjonelt enn eldre, og kvinner vel oftare mannsdominerte yrke enn motsett.


Kari Emilsen, dosent ved Dronning Mauds Minne Høgskole. Foto: Dronning Mauds Minnes Høgskole

– Sidan menn er ei marginal gruppe i barnehagesektoren, kan det innebere at dei kviar seg for å jobbe ein stad med få andre menn. Mange opplever at dei må forklare kvifor dei jobbar i barnehage. Jobbstatus og kjønnsstereotypiar kan også vere forklarande faktorar, fortel Kari Emilsen, dosent ved Dronning Mauds Minne Høgskole.

I fleire år har ho forska på rekruttering av menn til barnehage. Emilsen meiner at det er viktig både for mennene og for barna med mangfald i arbeidsgruppa. Dessutan må menn kunne føle at dei har høve for å søkje seg til sektoren utan å bli møtt med skepsis.

– Eg tenkjer at kvinner og menn på mange måtar kan utfylle kvarandre og gje rom for fruktbar refleksjon. Akkurat dette er viktig i ein lærande organisasjon. Kjønnsbalanse skapar meir variasjon i uttrykk, meiningar og interesser, seier Emilsen.

Tilbyr noko anna enn kvinner

Lauritzen og Ljunggren framhevar tre typar argument som nyttast i samanheng med rekruttering av menn. Eitt argument går ut på at det er rettferdig med fleire menn i kvinnedominerte sektorar. Det handlar om likskap og det handlar om eit inkluderande arbeidsliv.

Eit anna argumentet dreier seg om ressursar. Fordi menn og kvinner har ulike talent og ulik erfaring, er det fordelaktig med kjønnsbalanse. Forskarane ser at menn blir sett på som ein ressurs i kvinnedominerte sektorar nettopp i kraft av å vere annleis frå kvinner.

Eit tredje argument er interesseargumentet, som byggjer på at kvinner og menn sine interesser kan stå i konflikt, og at det difor er naudsynt at begge får sine interesser representert. Det kan til dømes gjelde lønsforskjellane i kvinnedominerte og mannsdominerte yrke. Ein meir balansert representasjon vil kunne endre systemet innanfrå, hevdar interesseargumentet.

Likestillingsintegrering prellar av på dei systema som er analyserte.

– I barnehagesektoren er argumentet ofte at menn kan vere rollemodellar for barna ved å vere omsorgspersonar. Helsesektoren har ikkje same vekt på argumentet om at menn kan tilby andre ressursar gjennom sitt kjønn, seier Ljunggren.

– Kva med menn som ønskjer å bli stelt av, og å snakke med sine helseproblem med menn?

– Såkalla forskjellsargument for rekruttering av menn er meir gjeldande for barnehagesektoren enn helsesektoren. Forskjellsargumenta framhevar at kvinner og menn er forskjellige og såleis komplementære. Likskapsvarianten vil derimot vektleggje at kjønnsbalanse bidrar til betre utnytting av samla ressursar i samfunnet. Vi finn slike likskapsargument for at menn er ein uutnytta ressurs i helsesektoren, mens forskjellsargumentasjonen berre er så vidt nemnd i samband med arbeidsmiljø.

– Det er heller ikkje argumentert stort for at kjønnsmangfald blant brukarar skal speglast av dei tilsette, legg Lauritzen til.

Forsvinn som løysing

Dei to forskarane ser tendensar til at rekruttering av menn som likestillingstiltak forsvinn frå dokumenta med tida. Problema er konstante, men løysingane blir «avkjønna». Likestillingstiltak skal i staden kome frå eksterne «likestillingssystem», som Bufdir, Likestillings- og diskrimineringsombodet og Barne- og likestillingsdepartementet – og ikkje frå barnehagesystema eller helsesystema sjølv.


Birgitte Ljunggren, førsteamanuensis ved Dronning Mauds Minnes Høgskole. Foto: Dronning Mauds Minnes Høgskole

Basert på analysen av dei innsamla dokumenta, meiner forskarane difor at rekruttering av menn til kvinnedominerte yrke blir usynleggjort som likestillingstiltak.

– Likestillingsintegrering prellar av på dei systema som er analyserte. Med likestillingsintegrering meiner vi at likestilling er del av alle avgjerder på alle nivå – at ein tenkjer likestilling i alt ein gjer. Målet med kjønnsbalanse i seg sjølv blir altså mindre framståande med tida, fortel Lauritzen.

– Veit ikkje sektorane sjølve kva løysingar dei treng til sine utfordringar?

– Likestillingssystema må snakke med dei andre systema. I sektorane blir likestilling flytta over til likestillingsdokumenta. Plutseleg sluttar dei å snakke om menn som løysing, og så finn vi dette att i ulike likestillingsdokument. Korleis får dei likestillinga ut til sektorane? Det fell då bort frå medvitet i systema rundt, seier Ljunggren.

– For låg kunnskap om likestilling

Likestillingssystema kan sanksjonere på manglande likestilling, til dømes ved å gje mindre økonomisk løyve, foreslår forskarane. Dei trur i alle fall at det trengst ein kompetanseheving i sektorane for å auke medvitet rundt ansvar for likestilling.

– Kvar sektor har eit ansvar for å løyse likestillingsproblemet. Ifølgje forskar Hege Skjeie er det for låg kunnskap om likestilling. Sjølv om det ikkje er automatikk i at fleire menn nødvendigvis vil betre kvaliteten i barnehagesektoren, ser ein på menn som instrumentelt viktig for barna og deira haldningar. Hovudsakeleg tar dokumenta altså i bruk nytteargumentet. Men vi meiner at likestilling også handlar om demokrati og rettferd, seier Lauritzen.

Gjennomsyrer ikkje systemet

Lauritzen har tidlegare forska på kvinner i Forsvaret. Der var heller ikkje likestilling noko som gjennomsyra systemet, men i staden eit ansvar plassert hjå ein likestillingskoordinator.

– Funna var at kvinner tilpassar seg menn sitt system. På eit vis prøver dei å rettferdiggjere at dei er der. Forventningar og haldningar til kjønn spelar ei rolle, og dette kjem også til uttrykk i styringsdokumenta, seier ho.

– Kva kan artikkelen dykkar bidra med, meiner de?

– Kvifor snakkar ikkje systema på ulike nivå? Tilsette i eit barnehagesystem kan då trekkje på skuldrene og seie «likestilling er ikkje vår oppgåve.» Det krev tilpasning i å forstå kvarandre. Artikkelen vår problematiserer styring på tvers av system, og kan vere nyttig også for forsking på folkehelse og miljø, seier Lauritzen, og avsluttar:

– Først og fremst viser vel studien at det er vanskeleg å arbeide med likestilling i praksis.

Hør vår podkast Kjønnsavdelingen, hvor forskere diksuterer hvorfor sykepleie er et kvinnedominert yrke, og leder av Sykepleierforbundet Eli By og komiker og sykepleier Lars Berrum diskuterer hva som kan gjøres med det: Kjønnsavdelingen episode 3: Velferd på spill