Menns vald mot kvinner: Ikkje berre eit spørsmål om kjønnsmakt

Fleirtalet av menn som er valdelege mot partnaren sin slit med alvorlege psykiske vanskar. For å forstå og hindre vald i nære relasjonar må ein sjå på langt meir enn maktforholdet mellom kjønna, hevdar forskar.
According to new research, the majority of men who use violence have themselves been exposed to violence or abuse during childhood. (Illustration: Colourbox)

Seks av ti menn som går til behandling for vald mot partnaren sin har sjølv opplevd vald i barndommen. Mange av dei har også omfattande problem med angst, depresjon og rus: Sju av ti kvalifiserer til minst ei psykiatrisk diagnose.

Det kjem fram i ein ny doktorgradsstudie frå Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS).

Studien er basert på eit omfattande kvantitativt og kvalitativt datamateriale på menn som har oppsøkt behandling hos Alternativ til Vald (ATV), eit behandlings- og kompetansesenter på vald i nære relasjonar.

Vald som går i arv

Førekomsten av psykiatriske diagnosar blant norske menn generelt er til samanlikning 15 prosent.

‒ Det er jo ikkje slik at alle menn som har ei psykiatrisk diagnose eller har blitt utsett for vald blir valdsutøvarar. Det finst mange som klarer seg heilt strålande. Men det å sjølv ha vore utsett for vald gjer at ein er meir sårbar for å utvikle eit valdsproblem, seier Ingunn Rangul Askeland, psykolog og forskaren bak studien.

‒ Fleirtalet av desse mennene har enten sjølv blitt utsett for vald eller overgrep, eller har fått for lite omsorg og kjærleik i oppveksten. Det gjer at dei slit meir med relasjonar og har vanskeleg for å regulere og kommunisere kjenslene sine i vaksenlivet.

Kartlegging og behandling av psykiatriske diagnosar må i større grad må inn i behandlingsprogramma for vald i nære relasjonar, meiner forskar Ingunn Rangul Askeland. (Foto: Einar Ryvarden)

Patriarkatet som årsak til partnarvald

Partnarvald har lenge vorte forstått som eit uttrykk for ein patriarkalsk kultur, der menn tek seg til rette overfor kvinner, fortel Askeland. Dei teoretiske tilnærmingane og behandlingstilboda til valdsutøvarar voks først og fremst fram i USA og Canada på 1970-talet, i tett allianse med i kvinne- og krisesenterørsla.

Tanken var at for å stoppe partnarvald, måtte ein endre samfunnsstrukturane, så vel som den enkelte mann. Behandlinga besto av gruppeterapi. Å hevde at menn som slår er psykisk sjuke eller sjølv har blitt utsett for vald i barndommen, vart sett på som ansvarsfråskriving. 

Dette var lenge den dominerande tilnærminga i feltet, basert på sosiologiske og kriminologiske teoriar og feministisk tankegods.

Les også: Menn som slår ennå

‒ Kjønnsperspektivet er ikkje nok

Psykologar har kritiserert det strukturelle fokuset på kjønnsmakt og kontroll i behandlingsprogramma for partnarvald. Dei argumenterer for at menn som utøver vald slit med livet sitt generelt og ofte har alvorlege psykiske problem.

Askeland er blant desse. Ho meiner at ei terapeutisk tilnærming til partnarvald må bygge på psykologien, med enkeltmennesket som utgangspunkt.

‒ Det betyr ikkje at psykologar flest meiner at eit kjønnsperspektiv på partnarvald er bortkasta. Poenget er at det ikkje er nok. For å hindre og forstå partnarvald må ein også sjå på kva for liv menn som utøvar vald har og har hatt.

‒ Samstundes går det jo an å bringe idear og førestillingar om det å vere mann eller kvinne inn i terapirommet og drøfte desse.

Fagleg polarisering

I USA er det ei sterk polarisering mellom sosio-kulturelle forståingar og individorienterte, psykologiske forståingar av partnarvald. Behandlingsprogramma er gruppebaserte, og i somme statar er bruk av meir psykologisk orientert behandling også forbode.

‒ Kva kjem dei steile frontane av?

‒ Eg trur at dei som jobbar innanfor dette feltet ofte kan bli veldig råka av opplevingane folk fortel om. Ein del av dei som har hatt veldig sterke stemmer i debatten, har også stått veldig tett på dei valdsutsette. Da er det lett å bli sint og fortvila.

Den faglege debatten i Noreg er likevel ikkje like polarisert som den amerikanske, ifølgje Askeland.

‒ ATV har til dømes eit nært forhold til krisesenterrørsla, og er i aller høgste grad opptatt av maktforholda mellom kjønna. Det er ei meir integrert heilskapstenking i Noreg. Men ein skal ikkje lenger enn til Sverige før det er hardare frontar.

Som regel far som slår

Askelands materiale viser at blant dei som opplevde vald som barn, var det nesten utan unntak far som var valdsutøvaren. Berre om lag tre prosent i denne gruppa hadde hatt ei valdeleg mor.

‒ Det betyr sjølvsagt ikkje at mødrer ikkje utøver vald mot barna sine, men at kjønnsfordelinga var svært skeiv i dette datamaterialet, seier Askeland.

Av dei som går til behandling for valdsbruk hos ATV, er berre 10 prosent kvinner.

Fleire studiar på foreldre si fysiske vald mot barn viser at fedrar er overrepresentert blant dei som utøver vald med høg risiko for fysisk skade. Mødrer står for meir av valden som handlar om slag med flat hand, dytting, lugging, klyping eller fasthalding.

Les også: Kvifor slår mamma?
Vold mot kvinner er tragedie – vold mot menn er komedie 

Valdeleg barndom som unnskyldning?

Mange av mennene som vart utsett for vald i barndommen fortel at andre vaksne har visst om valda, utan å gripe inn.

‒ Det sendar eit veldig sterkt signal til eit barn. Det blir som å seie til barnet at «dette må du leve med. Desse mennene skulle jo hatt hjelp som barn, og ikkje som vaksne, meiner forskaren.

‒ Men kan ikkje det å vise til at ein sjølv har opplevd vald i barndommen vere ein måte å unngå å ta ansvar for handlingane sine på?

‒ Det å snakke om barndom eller angstmestring er å hjelpe nokon til å ta ansvar for måten dei er på. Ein må sjå den psykiske helsa i samanheng med valdsbruken. Å hjelpe desse mennene til å forstå handlingane sine er ein måte for dei å ta ansvar for handlingane sine, kjenslene sine og livet sitt på. Ein valdeleg barndom er aldri ei unnskyldning.

‒ Korleis tenkjer dei valdelege mennene sjølv om dette med ansvar?

‒ Det har eg ikkje forska på direkte, men eg trur veldig mange forklarer handlingane sine ut frå det andre gjer mot dei. La oss seie at du blir kjefta på av ei dame i butikken, og du kastar ein hermetikkboks etter henne. Så forklarar du handlinga di med at dama på butikken gjorde deg rasande. Men sjølv om dama i butikken utløyste handlinga, er det jo du som må ta ansvar for at du valde å kaste hermetikkboksen etter ho. Du kunne valt å reagere annleis.

Ein balansegang

Likevel er det ein balansegang. Somme av mennene i behandling hos ATV tenderer til å ta ansvar for alt, også for andre sine handlingar, fortel Askeland.

‒ Nokon endar til med å ta ansvar for valda dei vart utsett frå foreldra, til dømes «det var ikkje rart at faren min låste meg nede i den kjellaren, for eg hadde jo knust ruta».

Som klinikar har ho også hatt mange kvinnelege valdsutøvarar i behandling.

‒ Mange av dei kvinnelege valdsutøvarane tek også frykteleg mykje ansvar. Ikkje berre for sin eigen vald, men også for valda dei opplevde frå partnaren sin.

Minoritetsmenn droppar ut av behandlinga

Eit anna funn i Askelands forsking er at menn med minoritetsbakgrunn, altså ikkje-etniske nordmenn, droppar ut av behandlinga i større grad.

‒ Kva kjem det av?

‒ Som gruppe har dei ofte hardare liv. Dei har det oftare tøft økonomisk og kan oppleve diskriminering og rasisme. Andre har krigstraumar i bagasjen. Jo tøffare liv ein har, jo meir vald blir det som regel. Det er alle desse ekstra tinga som vi veit at gjer det vanskelegare for dei å følgje behandling.

‒ Det handlar altså ikkje om at dei kjem frå kulturar der det å slå partnaren blir sett på som greitt, slik ein del hevdar?

‒ Det er langt meir samansett enn det. Grov vald er ikkje akseptabelt nokon stad i verda. Men korleis valden blir forstått og tolka, om ein skal skamme seg og kven som har ansvar og sånt, det varierer, seier Askeland.

Etterlyser ei utvida tilnærming

I mange av dagens behandlingsprogram for partnarvald rundt om i verda er ikkje behandling av psykiatriske diagnosar ein integrert del av tilbodet.

‒ Ein kan forstå menns vald mot kvinner som eit som eit reint haldnings- og åtferdsproblem. Men ein kan også forstå det som eit resultat av underliggande psykologiske vanskar. Vi veit at psykiske vanskar påverkar valdsbruken og omvendt, sjølv om samanhengen ikkje alltid er like klar, seier Askeland.

Ho meiner difor at kunnskap, kartlegging og behandling av psykiatriske diagnosar i større grad må inn i behandlingsprogramma for vald i nære relasjonar. Fokuset på kjønnsmakt og kontroll må utvidast.

‒ Når vi veit at majoriteten av menn som utøvar partnarvald har psykiatriske diagnosar, og at desse mennene kan ha nytte av terapeutisk behandling, vil det vere uetisk å ikkje tilby dette. Slik kan ein tilpasse partnarvaldsprogramma etter individuelle, terapeutiske behov og dimed betre effekten av behandlinga.

Menn som slår kvinner: Kven er dei?
  • Ny doktoravhandling viser at sju av ti menn som er til behandling for vald mot har ei eller fleire psykiatriske diagnosar.
  • Fleirtalet av mennene har også sjølv opplevd vald frå eller mellom foreldra i oppveksten.
  • Psykolog og forskar Ingunn Rangul Askeland tek til orde for å i større grad integrere psykologiske perspektiv og terapeutisk behandling  i forståinga av vald i nære relasjonar.
  • Askeland disputerte nyleg med avhandlinga Men voluntarily in treatment for violent behavior against a female partner: Who are they?, ved Universitetet i Oslo.

Aktuelle lenker

Alternativ til vald (ATV)
  • Alternativ til vald (ATV) er eit behandlings- og kompetansesenter på vald, med særleg vekt på vald i nære relasjonar.
  • ATV starta i 1987, da som det første behandlingstilbodet i Europa av sitt slag. ATV er ei privat stifting med støtte frå det offentlige og fond/legat.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.