Kvifor Eidsvollsmennene stengde kvinnene ute

Kvifor Eidsvollsmennene stengde kvinnene ute

Var det sjølvsagt at kvinner ikkje fekk røysterett i 1814? Ikkje utan vidare, svarar historikar.

Tanken om at kvinner kunne ha politiske rettar var ikkje ukjend for mennene på EIdsvoll. Likevel valde dei å stenge kvinnene ute i 1814. (Ill. WIkipedia/offentlig eiendom)

– Tanken om at kvinner kunne ha røysterett var uttrykkeleg tenkt i 1814. Det var difor ikkje umogleg for mennene på Eidsvoll å gi kvinner røysterett på same grunnlag som menn: Altså for kvinner med ei viss inntekt eller eigedom, seier professor og historikar Anne-Hilde Nagel.

Røysterett fekk dei altså ikkje. Men den viktigaste grunnen var verken at kvinner blei rekna som avhengige av menn, eller at dei ikkje tok plass i offentligheita, meiner forskaren. Det var rett og slett fordi menn ikkje ville ha dei med i den nye, rett så liberale grunnlova si.

Ho er ei av redaktørane for boka “Folkestyre? Kritisk lys på 1814-demokratiet”. Boka set spørjeteikn ved om grunnlova av 1814 var så demokratisk som ho er hylla for å vere.

– Kva er svaret?

– I si tid var dette ei grunnlov med ganske demokratiske trekk. At alle gardbrukarar fekk stemmerett var radikalt. Men store grupper blei likevel haldne utanfor, grupper som hadde hatt stemmerett i korte periodar i lovgivinga i andre land.

Den norske grunnlova av 1814 kan seiast å vere den siste revolusjonsgrunnlova, i kjølvatnet av den franske og den amerikanske revolusjonen. Men ho kan òg seiast å vere den første restaurasjonsgrunnlova: Som ein reaksjon på alt som skjedde under og etter den franske revolusjonen gjekk ein tilbake til mykje av det gamle.

– Det er til dømes typisk at vår grunnlov behaldt kongedømet, seier Nagel.

Kven skulle få røysterett?

Det var stor semje blant eidsvollsmennene at nokre grupper ikkje skulle få røysterett. Dette gjaldt arbeidarar, husmenn og sjøfolk. Den rådande tanken var at berre folk med eigedom blei rekna som uavhengige nok til at ein kunne tiltru dei politisk påverking.

For andre grupper var røysteretten sjølvsagt. Først og fremst gjaldt dette bøndene.

– Det var noko diskusjon om det skulle settast ei nedre grense for storleiken på gardsbruket, men det blei ikkje gjort, seier Nagel.

Fleire forfattarar argumenterte for røysterett for kvinner, blant dei Mary Wollstonecraft.

Nokre grupper var i ei mellomstilling og blei diskuterte, anten på Eidsvoll eller i tida føre. Røysterett for kvinner blei ikkje diskutert på Eidsvoll, etter det ein kjenner til. Men det blei diskutert i samtida.

– Det finst døme i Nord-Amerika kor kvinner hadde fått røysteret, fortel forskaren.

Det blei sett fram krav om at også kvinner skulle ha røysterett fleire stader, slik representanten Condorcet gjorde det i den franske grunnlovgjevande forsamlinga.

Fleire forfattarar argumenterte for røysterett for kvinner, blant dei Mary Wollstonecraft. Boka hennar A Vindication of the Rights of Woman frå 1792 vart utgjeven i København i 1801 med tittelen Qvindekjønnets Rettigheder forsvarede.

– Det var difor ikkje ein heilt framand tanke at kvinner skulle få politiske rettar. Mange kvinner hadde dessutan personleg eigedom nok til å oppfylle kravet for røysterett som var sett for menn.

Les også: - Et mirakel at kvinner fikk stemmerett

For avhengige?

I kapitlet ho har skrive i boka, «Men Fruentimmer?» Om den store avkortinga i røysteretten i 1814 spør Nagel om det var fordi kvinner blei rekna som avhengige at dei ikkje kunne få politiske rettar.

– Spørsmålet om avhengighet blei diskutert for andre grupper, som embetsmenn, fortel Nagel.

I mange land hadde ikkje embetsmenn røysterett. Sidan dei var i staten si teneste blei dei rekna som avhengige av kongen. Det same kan ein seia om soldatane. Dei militære måtte sverje truskapseid til kongen. Men dei hadde eigne representantar på Eidsvoll, valde i kvar sine avdelingar, noko som var uvanleg i samtida.


Anne-Hilde Nagel. (Foto: Universitetet i Bergen)

Men i tida fram til 17. mai 1814 trekte danske prins Kristian Fredrik i trådane. Han var fetter av kong Frederik 6., arving til trona, og statthaldar i Norge frå 1813. Han valde å stille seg i spissen for norsk sjølvstende, i håp om å bli konge – noko han fikk vere i nokre få månader, fram til unionen med Sverige hausten same år.

Han ønskte at embetsmenn og soldatar skulle vere involvert i arbeidet med grunnlova, noko han lykkast med.

– Det gjorde han nok fordi han rekna med at dei ville vere lojale til hans linje. Han bestemte òg at folk over heile landet måtte sverje ein eid i kyrka, på at dei skulle kjempe for Noregs sjølvstende, fortel Nagel.

På Eidsvoll blei det diskutert om embetsmenn skulle få røysterett, nettopp fordi dei kunne reknast som avhengige. Men dei fekk sin røysterett, vel å merke gjeven av ei Riksforsamling der over halvparten var embetsmenn.

– Derfor held det ikkje som forklaring å seie at kvinner var avhengige, og difor ikkje kunne få politiske rettar. Det måtte vere noko meir som stengde dei ute , seier Nagel.

Privat versus offentleg

Det er vanleg å hevde at kvinner i tidlegare tider høyrde til det private området, medan menn også deltok i det offentlege. Men Nagel viser til at mange kvinner deltok i næringslivet. Gjennom næringslivet verka også mange av dei i det politiske livet.

– Det fanst ei ganske stor gruppe kvinner som var gardbrukarar, og nokre dreiv store bedrifter, som til dømes jarnverk. Når eg nemner dette seier folk gjerne ”men dei hadde jo berre arva det frå faren eller ektemannen”. Då gløymer dei at dei fleste menn også berre arva frå far sin, eller hadde teke over for andre, til dømes kona si.

Desse kvinnene deltok politisk for å verne rettane sine på lik linje med menn. Til dømes var det heile fem kvinner blant dei elleve jarnverkseigarane som skreiv under på en supplikk, ein søknad, til kongen om redusert jarnskatt i 1735.

Det kvinner ikkje kunne, var å få embete – sjølv om det til og med her fantes enkelte unntak, som ei enke som dreiv som lensmann i 17 år etter at mannen døydde.

Stengde for kvinneleg monark

Både bøndene og andre næringsdrivande var altså vane med at kvinner kunne delta. Likevel ser det ikkje ut til at kvinneleg røysterett blei diskutert, verken i riksforsamlinga eller i konstitusjonskomiteen.

Eit av grunnlovsframlegga, av Frederik Adolph Holstein-Holsteinborg, sa rett nok at det var eigedomsretten som skulle avgjere kven som hadde røysterett, og om kvinner fekk ha eigedom, måtte dei også få retten til å påverke forvaltninga i staten. Men det ser ikkje ut til at denne tråden blei plukka opp av andre.

Først i 1818 blei kvinner eksplisitt utestengde ved at stortingsrepresentantane gjorde ei tolking av grunnlova.

Det som blei diskutert om kvinner i politikken, var spørsmålet om kongemakta kunne arvast av kvinner, eller gjennom kvinneleg ledd. Her gikk riksforsamlinga mot tidlegare norsk lov, og mot det som elles var vanleg i Europa.

Etter 1814 kunne berre menn bli regjerande monark, og arv måtte gå gjennom mannleg ledd, og til dømes ikkje gå frå ein konge til dotterson. Først i 1971 blei det igjen mogleg for kvinner å arve trona, men berre viss dei ikkje hadde brødrar. Frå 1990 blei kvinnelege og mannlege arvingar likestilde.

Ba ikkje om stemmerett

Rett nok sa ikkje grunnlova av 1814 at kvinner ikkje kan røyste. Ho ga røysterett til visse grupper borgarar, og spesifiserte ikkje kjønn.

Først i 1818 blei kvinner eksplisitt utestengde ved at stortingsrepresentantane gjorde ei tolking av grunnlova. Det blei spesifisert at berre menn kunne reknast som borgarar, og med det ha røysterett. Dei legg til grunn «at vore Fruentimmer ikke endnu have gjort fordring paa at deeltage i Statsbestyrelsen».

– Dei fekk altså ikkje stemmerett av di dei ikkje hadde bede om det. Det er eit pussig argument – det var mange som ikkje hadde bedt om røysterett i 1814, til dømes bøndene, seier Nagel.

No var nok dette ikkje den eigentlige forklaringa på manglande kvinnerøysterett.

– Forklaringa synast å vere mannlig dominans – dei valde å stenge kvinner ute, sjølv om mange av dei kjende til kvinner som hevda seg i offentligheita. Denne avgjerda må fyrst og fremst sjåast i samband med den sterke posisjonen til embetsmennene.

Les også: Kvinner fikk stemme, men ikke bestemme