Hurpe eller nikkedokke ‒ valet er ditt

Hurpe eller nikkedokke ‒ valet er ditt

Erna slit med vekta. Hadia har for kort skjørt. Siv er så singel. Avisene omtalar ofte kvinnelege toppolitikarar med fokus på kjønn, privatliv og personlege eigenskapar.

Mer om Media
Mer om Politikk

Omtala av kvinnelege politikarar er meir personfokusert enn omtala av mannlege politikarar, og blir i større grad knytt til tradisjonelle kjønnsstereotypiar. Det viser statsvitar Ingrid Dahlen Rogstads analyse av medieomtala av kvinnelege og mannlege politikarar i valkampinnspurten før stortingsvalet i 2009.

− Generelt sett sto dei mannlege politikarane fram som seriøse og beherska politikarar, skildra i nøytrale, diskré og deskriptive ordelag. Dei kvinnelege politikarane vart skildra som nettopp kvinnelege politikarar, og media la meir vekt på personlege forhold og det politiske spelet i omtalene. Mennene vart dobbelt så ofte som kvinnene omtala i samband med politiske saker, seier Rogstad.

Høgare personfokus

Rogstad har undersøkt alle 1119 politikaromtalene i VG, Aftenposten og Dagens Næringsliv veka før stortingsvalet i 2009 og gått i djupna på omtalar som handlar om personlege aspekt ved politikarane. Alt frå statsministaren og partileiarar til lokale kandidatar er inkludert.

− Kvinnelege politikarar er overrepresentert i omtaler med fokus på kjønn, privatliv og personlege eigenskapar, fortel Rogstad.

Heile to av tre av slike omtaler har kvinnelege politikarar i hovudrolla. Også dei kvinnelege partileiarane vart utsett for eit markant høgare personfokus enn dei mannlege partileiarane.

Jern-Jens

Statsvitaren fann òg at dei kvinnelege politikarane vart framstilt i langt meir dramatiske og fargerike vendingar enn sine mannlege kollegaer og slik sto fram som både meir ustabile og polariserte. 

− Dei kvinnelege politikarane vart omtala anten som kalde og beinharde «mannekvinner» eller mjuke og moderlege «kvinnekvinner». Dei vart skildra med ord som «knallhard» og «dirty». Orda i omtalene av dei mannlege politikarane var langt meir forsiktige, dei var «rett på sak» og «jobba hardt», fortel Rogstad.

− «Jern-Erna» Solberg er neppe hardare enn Jens Stoltenberg, men det er likevel ingen som kallar Stoltenberg for «jern-Jens».

− Kva kan vere årsakene til det?

− Det har å gjere med at media gjerne fokuserer på det uventa og sensasjonelle. Når ein kvinneleg politikar til dømes går til frontalangrep på ein debattmotstandar blir det gjerne gjort til eit stort poeng fordi dette bryt med forventingane om det tradisjonelt kvinnelege, seier Rogstad.


Ingrid Dahlen Rogstad (Foto: ISF)

Hissige kvinner

Tidlegare internasjonal forsking har vist at kvinnelege politikarar får meir negativ omtale i media, samanlikna med mannlege politikarar. Rogstad har funne noko av det same i sitt materiale. Kvinnene fekk fleire negative karakteristikkar enn mennene, og svært mange av desse var skuldingar om at dei mangla kompetanse og dugleik, tradisjonelt maskuline eigenskapar.

Men kvinnene fekk også meir positiv omtale enn mennene, og da gjerne i eit fargerikt språk. Den kvinnelege politikaren var «snill og omsorgsfull», rett og slett «eit medmenneske i særklasse.

Ei forklaring kan vere at kvinnelege politikarar sjølv spelar på det feminine for å unngå å verke for røffe, men det kan òg skuldast at media framhevar dei feminine trekka ved kvinnene fordi dei bryt med den tradisjonelt maskuline politikaren. Likevel:

− Dei kvinnelege politikarane fekk kritikk for å mangle både feminine og maskuline eigenskapar, medan mennene nesten aldri vart skulda for å mangle maskuline eigenskapar, fortel Rogstad.

På den andre sida vart politikarar av begge kjønn skulda for å mangle typisk feminine eigenskapar som varme og medkjensle, men kritikken ramma ulikt. Medan mennene vart kritiserte for å vere arrogante og nedlatande vart kvinnene skildra i meir aggressive ordelag, som «hissige», «harmdirrande» og «demonstrative».

Partileiarens nye «look»

Rogstads analyse viser òg at medan mannlege politikarar sin utsjånad vart omtala nøytralt eller positivt vart kvinnene sin utsjånad nemnd i samband med noko negativt. I 2009 var media opptekne av Høgre-leiar Erna Solbergs såkalla «transformasjon». VG kommenterer at «… det er en helt ny Erna vi har sett i denne valgkampen». Dagens næringsliv skriv at «FrP hadde ikke forutsett hennes ‘new look’ og den sterkt økte medieoppmerksomheten om Høyre helt på tampen».

− På papiret var Solbergs «transformasjon» positiv, men han vart ofte akkompagnert av kor håplaus og dårleg ho var før, seier Rogstad.

Den brummande ordføraren

Også menn er kropp i valkampens heite, men likevel ikkje på heilt på same måte. VG skildrar eit møte med ordføraren i Bykle kommune:

«På ordførerkontoret troner Høyres Kay Jeiskelid (63). En kjempe av en mann som har vært bygdas fremste representant i 22 år. Han har tenkt på saken, men kan ikke med sin beste vilje og kjennskap til innbyggerne begripe hvem som har stemt Kystpartiet i bygda. – Eg heve i grunn ikkje peiling på det, nei, brummer Jeiskelid med sin kraftige Setesdal-dialekt».

− Jeiskelid er en «kjempe av en mann» som «brummer». Desse maskuline eigenskapane blir sett i eit positivt lys når det kjem fram at mannen har vore ordførar i fleire tiår. Gjennom å vektlegge ordføraren si lange leiarerfaring  blir det streka under at han har maskuline eigenskapar som kompetanse og dugleik.

− Dei mannlege politikarane kjem rett og slett best ut av utsjånadsskildringar. Kvinnelege politikarar blir nesten utan unntak skildra negativt i samband med kropp og utsjånad, seier Rogstad.

Aktive menn, tidsklemte kvinner

Rogstad fann òg forskjellar mellom kjønna i omtaler av politikarane sitt kvardagsliv og fritid. Ifølgje Dagens Næringsliv jogga dåverande miljøvernminister Erik Solheim ein gong i veka og spelte fotball kvar fredag, og avisa framstiller han som ein aktiv og sosial politikar som, trass i ein travel statsrådskvardag, klarer å prioritere trening.

Når media omtalar kvinnelege politikarar sin kvardag, blir forholdet mellom ein travel statsrådjobb og kvardagen ofte problematisert, som når VG siterer ein butikkinnehavar i Kristin Halvorsens nabolag: «Kristin Halvorsen var innom her nesten hver dag før hun ble minister, men sjelden etter det. Det skyldes nok at hun blir kjørt».

Frøken Navarsete

Rogstad fann tydelege forskjellar også i måten politikarane sitt kjønn vart vektlagt. VG skriv til dømes at «Høyres Torbjørn Røe Isaksen ikke er spesielt bekymret for at klisjeen ‘høyremann’ ikke passer ham». Ein kommentator i Aftenposten streker under at kulturminister Hadia Tajik må vere medviten om sin posisjon som ung, kvinneleg minoritetspolitikar.

− Når ein mann sitt kjønn vart nemnt var det fordi han vart omtala som person, og dermed mann. Om ei kvinne sitt kjønn fekk eksplisitt omtale, vart ofte gjort til eit sjølvstendig poeng at ho var kvinne, hevdar Rogstad.

Ho fortel at i fleire av omtalene var kjønnet til dei kvinnelege politikarane brukt som metaforar. Høgres Erna Solberg vart kåra til «Twitter-dronning», FrPs Siv Jensen til «dronning-vil-ikkje», medan Sps Liv Signe Navarsete måtte nøye seg med titlane «frue» og «frøken». Berre éin gong blir mannlege politikarar omtala som kongar, og da i svært bokstaveleg forstand.

− I samband med valkampen delte Oslo Ap ut ein kortstokk kor Jens Stoltenberg, Jan Bøhler og Jonas Gahr Støre faktisk var kongar, fortel Rogstad.

− Det faktum at det berre er dei kvinnelege politikarane som er gjenstand for kjønnsrelaterte metaforar er med på å streke under at dei er kvinnelege politikarar, og dermed noko annleis.

Kvinner i skvis

− Kvifor er kvinnelege politikarar framleis «det andre kjønnet» i norsk politikk, når 40 prosent av representantane på Stortinget er kvinner?

− Fordi dei første politikarane var menn, er det ein mannleg politikarstil som er målestokken vi vurderer politikarar etter. Det fører til at kvinnelege politikarar risikerer å hamne i skvis mellom tradisjonelle politikar-ideal og tradisjonelle kvinneideal, seier Rogstad.

Medan ein god politikar er resolutt, ambisiøs og effektiv, skal ei kvinne, tradisjonelt sett, vere empatisk, varm og familiekjær.

− Desse ideala er i praksis umoglege å sameine. Dimed må kvinnelege politikarar ofte velje enten å tilfredsstille dei krava som blir stilt til ein «god politikar» eller dei forventningane som blir stilt til ei «god kvinne», ifølgje Rogstad.