Fulltidspappa i fulltidsjobb

Fulltidspappa i fulltidsjobb

Etter 20 år med fedrekvote er det akseptert at menn er heime med barna – i tre månader. Fulltidsjobben gir dei ikkje slepp på. 

Mer om Arbeidsliv
Spørsmålet er ikkje lenger om fedrar skal ta pappaperm, men når og korleis. (Illustrasjons-foto: Colourbox.com)

Norske fedrar av i dag tek lengre pappapermisjonar og er meir involvert i barna sine enn nokon gong tidlegare, spesielt i barna sitt første leveår.

Intensjonen bak fedrekvota var å styrke likestillinga hos forelda gjennom ei likare arbeidsdeling i heimen og å styrke forholdet mellom far og barn. Frå første juli i år blir fedrekvoten, den delen av foreldrepermisjonen reservert for faren, utvida til 14 veker.

– Det er verdt å spørje seg om fedrekvoten har bidratt like mykje til eit skifte i mentalitet som i praksis. Sjølv om fedrane meiner at permisjonen har gjort at dei er meir tilstade for familien, er dei ute i full jobb igjen etter at permisjonen er over, seier sosiolog og forskar Berit Brandth.

Hos mødrene, derimot, går omsynet til barn og familie ut over arbeidstida, òg etter at foreldrepermisjonen er over. Statistikken viser at 50 prosent av kvinner med barn mellom 0 og 15 år jobbar deltid. Berre seks prosent av menn med barn i same aldersgruppe gjer det same.

– Å jobbe deltid blir gjerne sett på som noko kvinneleg, noko som ikkje er kulturelt akseptert for menn. Fleire av mennene eg snakka med sa dei kunne tenkt seg det, men meinte at det ikkje var mogleg av omsyn til arbeidsplassen, inntektsevna og andre faktorar, fortel Brandth.

Gir omsorgskompetanse

Korleis balanserer så norske fedrar ynsket om å vere meir til stade for barna sine opp mot ynsket om å jobbe fulltid? Forskar Brandth har undersøkt saka, gjennom intervju med 30 norske småbarnsfedrar.

– Fedrane er flinke på å trekkje grensene mellom jobb og familie, og ser ikkje på jobb og familie som sfærar som står i konflikt med kvarandre. Det å vere god på jobben står ikkje lenger i motsetnad til å det vere ein god far, seier ho.


Berit Brandt. (foto: Anita Haslie)

Brandth peikar på det har skjedd eit skifte i førestillinga om farsrolla dei seinaste åra. Fedrane ho intervjua fortalde om ei ny moralsk forplikting om å vere tilgjengelege for barnet sitt. Dei opplevde seg òg som meir medvitne sine eigne kjensler og framferd etter at barnet kom.

«Paul», økonom og leiar i eit privat selskap, meinte at det å bli far hadde påverka leiarstilen hans i ein meir inkluderande og mjukare retning:

«[…] å få eit barn og å takle nokon som ikkje held seg til fastsette systemet, dette har tvunge meg til å tenke på mange nye måtar, og eg møter menneske annleis no. […] det kan vere naudsynt å ha folk som gjer ting annleis fordi dei set systemet på prøve og denne typen ting, og å bli far har lært meg mykje om dette».

– Fedrane fortel at fedrekvoten gir dei ein gevinst i form av større omsorgskompetanse. Erfaringane med å vere heime med barn kjem òg arbeidslivet til gode, seier Brandth.

Tidsstrategane

Fedrane i Brandths prosjekt så ikkje på seg sjølv berre som arbeidstakarar lenger, og i tråd med dette nye synet på seg sjølv ynskte dei å teikne opp tydelegare grenser mellom jobb og familie. Det vart meir viktig for dei å tenkje over tidsbruken sin og korleis dei skulle kombinere dei to sfærane. I staden for «enten eller» valde dei «både og». 

«Magnar», som jobba på eit varehus, forhandla seg til fleksitid. Slik fekk han høve til å byrje klokka seks om morgonen i staden for klokka sju, for å kunne dra heim før og ha lengre ettermiddagar med barna sine.

«Håkon» ville tenkje mindre på jobben når han var heime og mindre på heimen når han var på jobb. Han slutta å jobbe overtid. Slik gjorde han grensene mellom jobb og heim klarare.

«Emil», trebarnsfar og bygningsingeniør i eit privat firma, valde til slutt å finne seg ein jobb som let seg kombinere med meir tid til barna:

«Eg har ikkje lyst til å gjere karriere på kostnad av barna mine. Eg vil gjere karriere, om du kan kalle det det, ved å gjere så god jobb som råd i det som svarar til normal arbeidstid. Eg vil ikkje bruke mykje meir tid på kostnad av barna og familien min, kona mi […].»

Arbeidsgivarar er positive

Ifølgje Brandth stikk ikkje arbeidsgivarar så mange kjeppar i hjula for fedrar som vil ut i permisjon.

– Spørsmålet no er ikkje om ein mann skal ta pappapermisjon, men korleis og når han skal gjere det. Dette har den nye fleksibiliteten i fedrekvoten bidratt til.

Brandth meiner at det først og fremst er lovfestinga av fedrekvoten som har fjerna motstanden mot han i arbeidslivet. Lovfestinga har òg gjeve fedrane ein kraftig dytt til å ta ut meir permisjon.

– For mange er det lovfestinga som gjer at dei tek permisjon i det heile tatt. Fedrane har heile vegen tatt ut den mengda permisjon som har vore øyremerkt far, og ikkje meir, seier Brandth.

Norske fedrar har hatt rett til permisjon sidan 1977, men i praksis har få brukt han. I 1993 innførte Noreg, som første land i verda, fire veker fedrekvote. Med andre ord vart fire veker av foreldrepermisjonen reservert for far. Om ikkje faren tek desse vekene, fell dei bort.

I dag tek dei fleste menn ut heile eller delar av kvota. Tal frå NAV syner at kvar gong fedrekvoten har blitt utvida, har fedrane tatt ut meir permisjon året etter.

Ei heit potet

– Kvifor skapar fedrekvoten framleis så mykje debatt?

– Det har gått politikk i han. Debatten har eskalert i takt med at fedrekvoten har vekse. Venstresida vil reservere meir av permisjonen til kvar part for å sikre likestilling, medan høgresida vil la foreldra sjølv bestemme korleis dei fordele permisjonen, fortel Brandth.

Det er no vedtatt at foreldrepermisjonen skal tredelast, og mor skal få like stor kvote som far. Den siste valfrie delen blir litt større enn mor og far sine kvoter.

– Om målet med fedrekvoten er å få fedrar meir inn i omsorga for barna, så har det jo fungert. Slik som fedrekvoten er organisert no, er han òg svært fleksibel. Det finst eit mangfald av måtar å ta han ut på. Det blir feil å kalle det for tvang, seiar forskaren.

For Brandth er fedrekvoten ein del av eit viktig politisk endringsprosjekt når det kjem til forståinga av menn som arbeidstakarar.

– Når arbeidslivet aksepterer at menn har omsorg for barn og skal ut i permisjon, så gjer det noko med forståinga av kva ein arbeidstakar er.